Bilde
Bilde frå kampen
Rollon - Bergsøy 1-2 (0-0)
1-0 Emil Finsrud Henriksen (61), 1-1 Pijus Marcinkevicius (83), 1-2 Franjo Tepuric (94)
Fjordlaks Arena Kunstgras, 26.08.2022
Andreas Vartdal og Emil Solnørdal (Rollon)
Kristoffer Nevstad (Aksla IL)
Andreas Pettersen Vartdal (19 minutt, To gule)
Bergsøy har ein kamp mindre spelt enn Rollon og Herd, og kan med siger gå opp til 30 poeng på tabellen, foran Rollon med 29 og bak Herd med 32. Med andre ord: Bergsøy kan med siger borte mot Rollon på fredag virkelig melde seg på i kampen om opprykk.
Skal dette skje, så må Bergsøy snu ein dårlig trend. Bergsøy har nemlig tapt dei 5 siste bortekampane mot Rollon. Dette er stikk i strid til korleis resultata brukar å være på heimebane mot Rollon, der Bergsøy har vunnet siste 7 kampane på rad.
Sist Bergsøy vann borte mot Rollon var i 2010. Den gang blei det ein overbevisande 3-0 siger etter seine mål av Kestitus Deveika (70 minutt), Aleksander Dahle (87) og Peter Daniel Baade (90). Dette var også den sigeren med klarast margin Bergsøy har hatt borte mot Rollon.
Det største tapet Bergsøy har hatt borte mot Rollon var også den aller første kampen laga møtte kvarandre, 10.august i 1958. Den gang vann Rollon 6-3.
Statistikken borte mot Rollon viser:
20 kampar - 7 sigrar - 2 uavgjort - 11 tap.
Målforskjell 29-42
Kampen
Bergsøy fekk ein god start på kampen, og Roald var tidlig frampå og fekk corner etter eit raid. Bergsøy presser på med både ein og to cornerar som keeper må bokse til ny corner.
Magnus Myklebust er også frampå med eit skuddforsøk, og Bergsøy hadde eit tidlig godt trøkk mot Rollon. Idet Daniel Jøsok Kvalsvik var på eit godt løp, måtte han også ulovig stoppast - og dermed gult kort til heimelaget.
Etter 14 minutter får heimelagets spelar Andreas Vartdal sitt andre gule kort, og dermed må heimelaget spele med ein mann mindre i snart 80 minutter.
Vedlegg til kampen
Bilde
Bilde frå kampen
KAMPREFERAT