Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Nok eit tap mot slutten

Seriekamp 4 - 2023 Nr 1341

Bergsøy - SIF/Hessa 2-3 (1-1)



1-0 Daniel Kvalsvik (12), 1-1 Gaute Sætre Kvalsvik (26 straffe), 2-1 Enrique Søvik (51), 2-2 Mathias Sandø (72), 2-3 Gaute Kvalsvik (90)


12.05.2023, Havila Stadion


Pedro Moreno, Fredrik Muren, Enrique Søvik (bergsøy)
Ole Røsand og Gaute Kvalsvik (SIF/Hessa)


Haakon Tronstad



257 tilskodarar




Kampreferat


Forhåndsomtale

Bergsøy har spelt 9 kampar mot SIF/Hessa sidan samanslåinga i 2017.

Heimebane: 3 sigerar og 2 tap med målforskjell 12-7,

Bortebane: 2 sigerar, 1 uavgjort og 1 tap, med målforskjell 10-6.

Ifølge statistikken hørest det jamt ut og med ein fordel til Bergsøy, men fakta er også at SIF/Hessa sine tre sigerar mot Bergsøy har kome i dei tre siste oppgjøra imellom laga. Det betyr at Bergsøy har ei oppgåve med å snu ein dårlig trend, etter at SIF/Hessa har vunnet 1-0 og 5-3 på Havila Stadion dei to siste åra. Fjorårets 5-3 tap skjedde etter mange omrokkeringar på laget, og Bergsøy låg under med 4-0 allereie til pause.

Før samanslåinga av SIF/Hessa hadde Bergsøy møtt SIF 54 gangar og Hessa 12 gangar i seriesamanheng. Det er kun Ørsta (72 kampar) som Bergsøy har møtt fleire gangar.

Det har vore mange spennande kampar, men en omdiskutert hendelse mellom Bergsøy og Skarbøvik skjedde i Bergsøy sin 2-1 bortesiger mot SIF i 1970. Bergsøy får frispark og vippar ballen opp til Jack Pettersen som dunkar ballen i mål til 1-0. På Skarbøvik sitt lag spiller Helge Skuseth som nokre år seinare blir Start-spelar og der dette trekket blir kjent som "start-vippen".

Kampen

Bergsøy tapte nok ein gang viktige poeng heilt i sluttminutta, og har starta å kome på etterskudd i opprykkskampen.

Bergsøy tok ledelsen etter 12 minutt etter at Daniel Kvalsvik møtte fint eit lavt innlegg fra venstrekanten, men dette skulle bli dagen der Bergsøy ikkje klarte å halde på ledelsane sine. Bortelaget fekk straffespark etter at keeper Pedro felte ein spelar på vei igjennom. Spelaren blei skada og måtte fraktast ut med båre, så straffesparket skulle såleis ikkje være noko å seie noko på. Straffesparket blei satt inn til 1-1, og det blei også pauseresultatet.

Bergsøyspelar Junior Tombini var ein av lagets beste spelarar, mens Nils Erik Engen som også var ganske god i årets første heimekamp blei kåra til dagens Bergsøyspelar. Men ingen av dei klarte å hindre at det var bortelaget som snudde kampen mot slutten. Det var imidlertid Enrique Crespo Søvik som skulle sette Bergsøy opp i 2-1 ledelsen, denne gang etter eit innlegg fra Markus Ihle på venstrekanten. Bergsøy såg også ut til å ha kontroll, men klarte ikkje å drepe kampen - og dermed var det duka for 2-2 og ei anna kamputvikling.

Bergsøy stressa meir etter utlikninga, og det blei for mange upresise pasningar. Da SIF/Hessa avgjorde kampen med 3-2 målet på overtid var skuffelsen et faktum.

-"Eg synest vi får ein god start, og tek også leiinga tidleg. Så dabbar det litt av utover i første omgang. Andre omgang startar bra igjen, men så får dei ei utlikning når det står att om lag eit kvarter. Eitt poeng hadde nok vore greitt for begge slik som kampen vart, og det er kjedeleg å tape nokre sekund før slutt"

(Trenar Lars Petter Rønnestad til Vestlandsnytt)




Bergsøy sitt lag:

12 Pedro Luis Moreno Gonzalez
4 Trym Rekkedal
17 Markus Kjelsli Ihle
22 Sondre Nygård Olsen
25 Roald Andreas Knoph Runde
14 Junior Alexander Roman Tombini
16 Daniel Jøsok Kvalsvik KAPTEIN
23 Fredrik Muren
7 Enrique Crespo Søvik
8 Nils-Erik Engen
18 Bendik Frøysa

Innbytterar:

11 Glenn Are Nerland Elveseter
15 Daniel Christian Sandvik
20 Kristoffer Cadua Dalstrøm
21 Niklas Nerland Elveseter



Vedlegg til kampen




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER