Bilde
Enrique Crespo Søvik med ny hattrick
Rollon - Bergsøy 0-3 (0-2)
Enrique Crespo Søvik (10, 40, 82)
19.05.2023, Fjordlaks Stadion
Nils Erik Engen(bergsøy)
Inge Godø, Marius Waagan, Trond Østrem (Rollon)
Martin Solheim
Marius Waagan (92)
257 tilskodarar
Crespo sin andre hattrick denne sesongen
Fredag skal Bergsøy A-lag spele borte mot Rollon.
Ifjor opplevde Bergsøy noko så sjeldant som ein Bergsøysiger borte mot Rollon, etter mål av Pijus Marcinkevicius og Franjo Teuric. Rollon spelte i over 70 minutt med en mann mindre den gangen, og Bergsøy måtte kjempe til langt ut i overtida før dei sikra ein 2-1 siger.
Bergsøy må denne kampen klare seg uten fjorårets målscorarar, og kan vite at før fjorårets siger så hadde Rollon fem strake sigerar mot Bergsøy på heimebane.
Totalt sett har Bergsøy spelt 21 gangar borte mot Rollon, vunnet 8, spelt uavgjort 2 og tapt 11 gangar. Bergsøy brukar å score 2,45 mål i snitt heime mot Rollon, men borte mot Rollon er snitten på 1,48 mål pr kamp.
Bergsøy går til denne kampen med to strake tap i ryggen, og ønsker å kome tilbake i rute med et godt resultat. Bergsøy har 6 poeng på 4 kampar, mens Ørsta har full pott på toppen av tabellen med 12 poeng, og Rollon står med 4 poeng hittil.
Poengmessig altså en viktig kamp, der siger vil kunne gjere at laget heng seg med i toppen på øvre halvdel, mens et tap vil kunne føre laget godt ned på nedre halvdel av tabellen.
Statistikk og historikk etter kampen:
Enrique Crespo Søvik spelte sin fjerde seriekamp for sesongen (spelte ikkje første serierunde) idag borte mot Rollon, og scora sitt sjette, sjuande og åttande mål for sesongen. Han har scora mål i alle fire kampane, og prestert å score hattrick i to av dei.
Totalt sett har han spelt 12 kampar for Bergsøy og scora 13 mål, og står med tre hattrick. Av den statistikken vi har så er det berre fire spelarar som har scora fleire hattrick enn Enrique, og det er
Franjo Tepuric (4 hattrick på 141 kampar),
Asbjørn Myklebust (5 hattrick på 159 kampar),
Fred Frantzen (12 hattrick på 375 kampar) og
Frank Skorpen (16 hattrick på 489 kampar).
Vi har på vår liste to andre spelarar som også står med 3 hattrick: Kjartan Fagerlund (2 hattrick i 1969 og en i 1968) samt Sverre Botn (1957, 1964, 1966).
PS: Bergsøy vann idag 3-0 borte mot Rollon.
Div fakta:
- Seriekamp nummer 1342 for Bergsøy
- Totalt seriesiger nr 623, målforskjell 2845-2430
- Med cup/kvalik/KM/Serie (obligatoriske kampar) har Bergsøy no målforskjellen 2991 - 2606.
Vi nærmar oss obligatorisk mål nummer 3000.
Bergsøy er med denne sigeren på 4.plass i 4.divisjon.
Om Kampen:
Ifølge trener Lars Petter Rønnestad spelar Enrique Crespo sin beste kamp for sesongen, og når det endar i 3 mål utan å sleppe inn så blir det ein fin siger for Bergsøy.
Til denne kampen var Bergsøy tilbake i ein 4-3-3 formasjon som laget brukte mykje sist sesong, og det var også litt roteringar i laget.
Bendik Frøysa (strekk), Kjetil paulsen (handledd) og Markus Ihle var også ute, og da kom Daniel Sandvik inn på backen og Roald Runde på kanten med suksess. Roald Runde spelte ein ganske god kamp.
Bilde
Enrique Crespo Søvik med ny hattrick
KAMPREFERAT