Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Ny siger mot Hareid

Seriekamp 7 - 2023 Nr 1344

Hareid - Bergsøy 0-2



Daniel Jøsok Kvalsvik (10, 21)


02.06.2023 18.30, Hareid Stadion


Daniel Jøsok Kvalsvik


Kristoffer Nevstad






Kampreferat


Forhåndsomtale

Hareid inviterer til "Hareid i skotet" frå kl 17:30, med lotteri og konkurranser for barn. Tare kjem med overraskelser og Ronald Øvrelid syng både før kampstart og i pausen. Tverrleggerkonkurranse, premiar og trekning av signert Fredrik Aursnes-drakt i lotteriet. Elles får ALLE under 19 år med Bergsøy eller Hareidgenser/jakke gratis inngang til kampen. Det kan være fordi at Bergsøy har 15 strake kampar mot Hareid uten tap, at Hareid mobiliserar såpass sterkt denne gangen. Det er ikkje mange i dagens Bergsøytropp som har opplevd å tape i Bergsøydrakt for Hareid, vi kan nemne nokre av Bergsøyspelarane som opplevde sist gang Hareid vann (i 2005):

* Toni Sandanger, har sidan den gang vår trenar for både Bergsøy, Gjerdsvika og Sande.
* Steffen Moltu, har sidan den gang vunnet NM for Hødd.
* Kjetil Paulsen, einaste fra den troppa som fortsatt er aktiv som spelar i klubben, om en ser bort ifra
* Frank Sverre Skorpen som er med i A-lagets trenarteam
* Anders Hoff, som for tida er trenar for Bergsøy2.
* Lars Conradi Andersen som er styreleiar i Bergsøy Fotball.

Og historikk.com spelte også den gang i 2005, sist gang Hareid slo Bergsøy. Desverre.

Ifjor vann Bergsøy 3-2 mot Hareid på bortebanen. Magnus Myklebust scora 2 og Nils Erik Engen scora 1. Den gang fekk Andreas Nesset Jr brudd i kjeven og kampen blei stoppa i lengre tid. Vi satsar på ein fin kamp uten skader fredag.

Kampen



Dagens mann for Bergsøy A-lag: Daniel Jøsok Kvalsvik.

Bergsøy sin mestscorande midtbanespelar gjennom tidene fortsetter å score mål. 2 mål ordna 2-0 siger mot Hareid på bortebane, den 5 strake bortesigeren i serien mot Hareid, den 16.seriekampen på rad mot Hareid uten tap.

Daniel scora sesongens mål nummer 3 og 4, og er då oppe i 76 mål totalt for Bergsøy - og tangerer då Asbjørn Myklebust på ein 5.plass på Bergsøy si toppscorerliste. Cup+serie:
1. Frank Sverre Skorpen (235 mål)
2. Fred Frantzen (199 mål)
3. Franjo Tepuric 109 mål
4. Knut Teige (82 mål)
5. Daniel Kvalsvik / Asbjørn Myklebust 76 mål.

Om vi ser på kun seriemål:
1. Frank Skorpen (229)
2. Fred Frantzen (186)
3. Franjo Tepuric (96)
4. Daniel Kvalsvik / Knut Teige (72)
5. Arild Kvalsund (71)

Daniel Kvalsvik klatrar ikkje berre på toppscorarlista etter denne kampen, han går også opp i likt antall kampar som Kjartan Fagerlund med 183 kampar, på 11.plass på lista. Om ikkje det var nok så fekk Daniel også eit gult kort i dagens kamp, og passerer Rune Frantsen på vår gule-kort liste med sitt 23 gule kort. Ein tredjeplass på gule-kort-lista bak Fredrik Muren og Frank Sverre Skorpen.



Bergsøy sitt lag:

12 Pedro Luis Moreno Gonzalez
4 Trym Rekkedal
17 Markus Kjelsli Ihle
22 Sondre Nygård Olsen
8 Nils-Erik Engen
14 Junior Alexander Roman Tombini
18 Bendik Frøysa
23 Fredrik Muren
25 Roald Andreas Knoph Runde
7 Enrique Crespo Søvik
16 Daniel Jøsok Kvalsvik KAPTEIN


Innbytterbenken:

9 Magnus Waade Myklebust
10 Kjetil Steinsvik Paulsen
20 Kristoffer Cadua Dalstrøm
21 Sander Mäkiperä Vike
1 Daniel Pettersen Jøsok (strøket)
24 Linus Nygård Olsen (strøket)



Vedlegg til kampen




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER