Bergsøy - Ørsta 0-2 (0-1)
0-1 Olai Vinjevoll (7), 0-2 Borgar Ose (59)
Havila Stadion Fosnavåg - 28.06.2024
Bergsøy: Sander Bøe, Ben Rossiter og Lukas Fjørtoft
Ørsta: Robin Skuseth
Daniel Refsnes (Sportsklubben Herd)
Bergsøy ligg på 4.plass med 16 poeng mens Ørsta ligg på 7.plass med 11 poeng foran denne siste kampen før sommerferien. Mens Bergsøy tok et sterkt poeng borte mot Herd sist, så har Ørsta slått både Langevåg og Sif/Hessa siste kampane.
Bergsøy og Ørsta har møttast 74 gangar i seriespel sidan dei først møttest i 1957, og Ørsta er dermed laget Bergsøy har møtt desidert flest ganger. Ørsta har i årevis vår ein tøff motstander, og har scora meir enn Bergsøy både på heime og bortebane i desse oppgjera. I dei to siste kampane mellom laga har det også blitt utdelt røde kort.
Ørsta har tidvis også vår så vanskelig å møte at dei tilogmed har vunnet sjølv om kampen har endt uavgjort. I 1961 vart det 2-2 i Huldalen etter 2 mål av Gunnar Kjelstadli, men etter protest på at Bergsøy hadde benytta ein for ung spelar (Kjetil Reite), fekk Ørsta tildelt poenga. Reite var 16 år og 6 månadar da kampen blei spelt, men "etter forbundstyrets mening for ung til å delta på seniorlag".
Etter dette starta Bergsøy å søke om dispensasjon for å benytte fleire spelarar under 17 år ettersom mange spelarar var ute i fiskeri.
I 2023 vann Bergsøy denne kampen 3-2 etter hattrick av Enrique Crespo Søvik, og han gikk dermed inn på ei god liste med spissar som har scåra bra med mål i desse nabooppgjera. Fred Frantzen har scora mest med sine 19 mål mot Ørsta, Knut Teige scora 8 mål, og Frank Sverre Skorpen 6.
Fred Frantzen scora 4 mål mot Ørsta i 1974 , men mest imponerande var det nok då Ørsta sin Frode Tømmerbakk scora 6 mål på Bergsøy Stadion i 1992, den gang Ørsta vann heile 8-0 i Fosnavåg.
Heime mot Ørsta:
14 sigerar, 10 uavgjort, 13 tap, 70-75 i målforskjell
Borte mot Ørsta:
8 sigerar, 6 uavgjort, 23 tap, 46-87 i målforskjell
Totalt:
22 sigerar, 16 uavgjort, 36 tap, 116-162 i målforskjell.
Kampen
Vedlegg til kampen
KAMPREFERAT