Bergsøy - Aksla 2-1 (1-0)
1-0 Enrique Crespo (38), 2-0 Magnus Myklebust (61), 2-1 Erik Halkjelsvik (89)
Havila Stadion Fosnavåg - 09.08.2024
Trym rekkedal (Bergsøy)
Tor Ove Myrseth (Sykkylven Idrottslag)
Aksla har på 10 kampar hittil tatt 7 poeng med to sigerar og 1 uavgjort, men tapt dei 7 andre kampane. Bergsøy står med 16 poeng etter 11 kampar med sine 5 sigerar, 1 uavgjort og 5 tap.
Bergsøy vann 4-1 på bortebane mot Aksla i serieåpninga, og stiller dermed som favoritt på heimebane. Men historisk har Bergsøy gått på fleire smellar mot Aksla, og Aksla har både flest sigerar og målforskjellen til sin fordel når ein ser på dei totale 25 serieoppgjera klubbane har hatt (heime/borte).
Seks gangar har Aksla vunnet i Fosnavåg, og nokre av desse har vore sjokktap for Bergsøy.
Sist Aksla vann i Fosnavåg var i 1993, og den gang vann Aksla med heile 6-0. Oddvar Sandnes scora fire av måla, og Aksla kjørte over Bergsøy i jakt på opprykk mens Bergsøy etter kampen låg i nedrykksposisjon til 5.divisjon.
Det svei faktisk verre i 1975 da Bergsøy jakta opprykk til datidens 2.divisjon (nest høgste nivå). Bergsøy hadde ikkje tapt på heimebane i serien på tre år før Aksla møtte opp, og Aksla var desidert bunnlag. Aksla vann 2 av 18 kampar for heile sesongen og ett av desse sigrane kom sjokkerande i Fosnavåg, til stor frustrasjon for heimelaget Bergsøy som tilslutt tapte opprykket på målforskjell.
Både Bergsøy og Clausenenga endte den gang på 26 poeng, men Clausenenga sin målforskjell på 38-18 var marginalt bedre enn Bergsøy sin 36-17. Det skulle dermed gå 5 nye år før Bergsøy klarte det historiske opprykket til 2.divisjon i 1980.
Bergsøy totalt mot Aksla:
25 seriekampar. 8 Sigerar, 7 uavgjort, 10 tap. Målforskjell 51-53
Bergsøy på heimebane:
13 kampar: 4 sigerar, 5 uavgjort, 4 tap. 20-25 i målforskjell.
Kampen
Vedlegg til kampen
KAMPREFERAT