Handball herrer – kampreferat
1981-02-08 • 1980/81 • serie • Runde 9
Kamp-ID 529
Bergsøy
Ringen
15–16
⚽ Målscorarar
Kampinformasjon
• Dette var 3. tapet i sesongen.
• Dette er 2. kampen mot Ringen.
Statistikk mot Ringen til og med denne kampen: 1 sigrar, 0 uavgjort, 1 tap, 36–36.
Sesong totalt (til og med denne kampen): 6–0–3 (S-U-T), 188–152.
📝 Kampreferat
Bergsøy tapte toppkampen

Det starta svært godt for Bergsøy-herrane i serieoppgjeret mot Ringen B i helga. Laget fungerte godt heile første omgang, og kunne gå til pause med leiing på 10–6. Ringen kom imidlertid langt sterkare etter pause, samstundes som Bergsøy ikkje lenger fekk utteljing på sjansane. Forspranget skrumpa gradvis inn, og då fløyta gjekk for full tid stod det 16–15 til Ringen på tavla. Bergsøy misbrukte 4 gode sjansar, ved 2 brende straffekast og to annullerte scoringar for overtramp.

Trass i tapet vart det på mange måtar positiv og lærerik kamp for Bergsøy-laget. Heile 8 mann teikna seg på scoringslista: Nils Djupvik og Per Frøystad 4, Ove Vinge 3, Raymond Leine, Adolf Petter Espeseth, Torstein Dahl, Jonny Pettersen og Dag Harald Igesund eitt kvar.

Neste kamp går mot IVL i Herøyhallen.
Info