Menneska
Spelarane, trenarane, leiarane og eldsjelene som har forma Bergsøy – samla på éin stad.
Olaf Brathaug
Biografi
Olaf BrathaugOlaf Brathaug
«Alle snakker om engangsberøringer av ballen, men ingen gjør noe med det. Minner meg om en flokk politikere. De snakker og snakker om saker og ting, men ingen gjør noe med sakene.»
Dette er eit tilfeldig utdrag frå ei Pravda-utgåve. Pravda er russisk og står for «sanning», og tekstane Olaf Brathaug skreiv var hans sanning om det som skjedde på fotballbana.
Vi snakkar om ein mann kjent for sitt gode humør, sine kjappe replikkar og sin smittande optimisme:
Æresmedlem Olaf Brathaug.
Olaf Brathaug (01.10.1916–05.11.1997) var opphavleg frå Langevåg. På 1950-talet flytta han til Herøy og starta å arbeide på sildoljefabrikken i Moltustranda, der han også spelte keeper på fotballaget.
Brathaug fortalde ein gong at det kunne vere vanskeleg å stable lag til kampane fordi fleire av spelarane var sjømenn. Det var heller ikkje alltid like enkelt å kome seg fram til sjølve kampane.
«Det er forkastelig å ta imot ballen uten på forhånd å ha klart for seg hvor den skal leveres.»
– Utdrag frå Pravda
Pioner i Moltustranda
I Moltustranda var Brathaug med på å bygge opp idrettslaget.
Allereie i 1951 blei Brathaug og Moltustranda IL takka for premiane dei hadde gitt til eit skuleskirenn på Moltu.
Han var med i det første styret som kasserar og var formann i klubben i perioden 1955–1960, kanskje også lenger. Han kan med god grunn kallast ein av pionerane for Moltustranda IL.
Brathaug stod i mål for Moltustranda sitt fotballag til han var godt over 40 år.
«For meg ser det ut som foten skyter før tanken er kommet ned til foten. Men det er tanken som skal bestemme retning og høyde. Spillerne burde gjerne ta et lynkurs i trigonomitri.»
– Utdrag frå Pravda
Til Bergsøy
Seinare kom Brathaug til Fosnavåg og starta å arbeide hos Gerhard Voldnes AS. Der kom han inn i eit nytt fotballmiljø, og etter kvart fekk han mange oppgåver i Bergsøy.
Han var i mange år oppmann for A-laget, men hadde også ei lang rekke andre verv.
- Varamann i styret i 1969
- Kasserar i 1971
- Formann i fotballgruppa i 1972, 1973 og 1974
- Nestformann i fotballgruppa i 1974/75 og 1976
- Oppmann i 1977, 1978, 1979, 1986, 1988, 1989, 1990 og 1991
- Nestformann i styret i 1979 og 1981
Då Bergsøy fekk laga sin eigen klubbvimpel, var det Brathaug som i 1975 overrekte den aller første vimpelen til Moltustranda IL.
I 1989 mottok han Sunnmøre Fotballkrets sin fotballstatuett.
«Dette var en kamp hvor vi vant mer enn ventet selv med tap.»
– Utdrag frå Pravda
Pravda
I 1992 var den spreke pensjonisten passert 75 år, men han var framleis med laget gjennom både oppturar og nedturar.
Klubbavisa Pravda hadde no blitt godt kjent blant spelarane på A-laget. Etter kampane skildra Brathaug det som hadde skjedd ned til minste detalj.
Han førte statistikk over talet på sjansar, cornerar og ballinnehav, og laga til og med ei eiga kvalitetskurve for spelet.
Etter kvar kamp delte han ut eit A4-ark til spelarar, leiarar og fotballvener – si eiga Pravda-sanning om kampen.
«Eg ser dei etter kvart har teke etter meg i Italia og andre europeiske land.»
– Olaf Brathaug
Pravda var ikkje berre humor. Brathaug kunne vere både sakleg og fagleg, og av og til vurderte han kvar enkelt spelar.
Avisene blei noko spelarane såg fram til etter kvar kamp – i alle fall så lenge dei ikkje hadde spelt altfor dårleg.
Æresmedlem
I 1995 blei Olaf Brathaug utnemnd til æresmedlem i Bergsøy for det mangeårige engasjementet sitt i fotballgruppa.
Det var leiaren i hovudstyret, Bodil Notøy, som overrekte utmerkinga.
«Klart det er kjekt å verte æresmedlem, men eg synes nesten det er ein for lettvint heider. Alt eg har gjort for Bergsøy har eg nemlig gjort av glede. Det har såleis ikkje kosta meg noko ting.»
Om lag 100 Pravda-utgåver
Historikk.com har scanna om lag 100 Pravda-utgåver frå perioden 1991 til 1997 som Olaf Brathaug skreiv.
Brathaug med eigne ord
Noko av det som gjorde Pravda så populær var formuleringane hans. Her er eit utval:
«Det er ikke så tungt å tape når man blir vant med det.»
«Erlend. Stø som en bjørn. Rask som en panter. Rydder opp som en gentlemann.»
«En stund lurte jeg på om Tom hadde vært innom London og hentet Ravanelli. Jeg tok feil.»
«Vi satt på pinebenken i over en halv time. Da reiste Asbjørn Almestad seg opp fra stolen. Dette blir det ingenting av. Han gikk til kaffe. Han kom tilbake etter 5 minutter. Da var stillingen 3–1 til oss.»
«Han ropte så det hørtes. Ej kjøme Are. Og han kom. Ja, som en vind.»
«Henning og Lars liker å løpe og de løper fort. Det er en kjent sak. Denne gang svevet de over vannet, men det brast. Jeg har bare hørt om en herfører som gikk over vannet, men det er lenge, lenge siden.»
«Vår lille store Vegar ble fulgt med argusøyne. Det var dårlig debyvær for han, men han besto prøven med glans. Ble puffet i lange kast av sin store motstander, men faller lett og behersket. Jeg tror ikke han tok skade av det – var like blid. Vegar er spretten og dette var ingen sprettbane.»
«Dette var kampen mellom gresshopper og skjellpadder. Vi virket som sinker i forhold.»
«Tre sjanser og fire mål. At det går an.»
«Ballen var ikke til å se før den stoppet i nota. Trafikken på Borgundveien stoppet også opp, de trodde det var kanonade og krig.»
«Paul Bøe sier: Det er oppe i hodet det er noe galt. Normalt skal det gå fra hodet og utføres med beina. Hos våre gutter synes det å gå fra beina så opp til hodet. Da først ser man om det er galt, og det er det som oftest.»
Olaf Brathaug var mykje meir enn ein oppmann og tillitsvald. Gjennom fleire tiår var han ein del av miljøet rundt Bergsøy-fotballen, og med Pravda etterlet han seg også eit heilt spesielt skriftleg arkiv frå livet rundt A-laget.
Humoren, formuleringane og engasjementet hans gjer at stemma til Olaf Brathaug framleis lever vidare i Bergsøy-historia.