Tilbake

Stjerneprofil Olaf Brathaug

Olaf Brathaug flytta til Bergsøya etter krigen og kan med rette kallast ein Bergsøy superpatriot. Han var også i mange år oppmann for Bergsøy A-lag, og i 1995 fekk han utdelt æra Æresmedlem i Bergsøy.

Profil: Olaf Brathaug



Brathaug (01.10.1916–05.11.1997) var opphavleg frå Langevåg. På 50-talet flytta han til Herøy og starta å arbeide på sildoljefabrikken i Moltustranda der han også spelte keeper på fotballaget. Brathaug nemnte ein gong at han minnast det var vanskeleg å stable lag til kampane, for det var fleire av spelarane som var sjømenn. Det var ikkje like lett å kome fram til kampane heller.

Æresmedlem i Bergsøy


Olaf Brathaug

«Alle snakker om engangsberøringer av ballen, men ingen gjør noe med det. Minner meg om en flokk politikere. De snakker og snakker om saker og ting, men ingen gjør noe med sakene».

Dette er eit tilfeldig utdrag frå ei Pravda-utgåve. Pravda er russisk og står for «Sanning», og tekstane denne personen skreiv var sanninga om det som skjedde på fotballbana. Vi snakkar om ein mann kjent for sitt gode humør, sine kjappe replikkar og sin smittande optimisme:

«Det er forkastelig å ta imot ballen uten på forhånd å ha klart for seg hvor den skal leveres» (utdrag frå Pravda).

I Moltustranda var han med på å bygge opp klubben. Allereie i 1951 blei Brathaug og Moltustranda IL takka for premiane dei hadde gitt til eit skuleskirenn på Moltu. Han var med i det første styret som kasserar, og var formann i klubben i tida 1955–1960, kanskje også meir, og kan kallast ein av pionerane for Moltustranda IL. Brathaug var keeper på Moltustranda sitt fotballag til etter han var passert 40 år.

«For meg ser det ut som foten skyter før tanken er kommet ned til foten. Men det er tanken som skal bestemme retning og høyde. Spillerne burde gjerne ta et lynkurs i trigonomitri» (utdrag frå Pravda).

Olaf Brathaug i Fosnavåg

Så kom han til Fosnavåg og starta å arbeide hos Gerhard Voldnes AS, og det fotballmiljøet som var der. Etter han kom inn i Bergsøy tok han på seg mange oppgåver.

Han var i mange år oppmann for Bergsøy A-lag, men hadde også fleire andre roller. Vi kan prøve å summere opp nokre av dei vi har klart å snappe tak i:

Varamann i styret 1969
Kasserar 1971
Formann i fotballgruppa 1972, 1973, 1974
Nestformann i fotballgruppa 1974/75 og 1976
Oppmann i 1977, 1978, 1979, 1986, 1988, 1989, 1990, 1991
Nestformann i styret 1979, 1981

Då Bergsøy fekk laga klubbvimpel overrekte Brathaug den aller første vimpelen til Moltustranda IL i 1975.

Olaf Brathaug mottok også Sunnmøre Fotballkrets sin fotballstatuett i 1989.

«Dette var en kamp hvor vi vant mer enn ventet selv med tap» (utdrag frå Pravda).

I 1992 var den spreke pensjonisten passert 75 år, og var fortsatt med laget i både oppturar og nedturar. Klubbavisa «Pravda» hadde no blitt godt kjent for dei som var med på A-laget, der kampane blei skildra ned til den minste detalj. Det var statistikk på tal sjansar, corner, ballinnehav og til og med ei kvalitetskurve på spelet. Etter kvar kamp delte han ut eit A4-ark til spelarar, leiarar og fotballvener – si Pravda-sanning om kampen som hadde blitt spelt.

– «Eg ser dei etter kvart har teke etter meg i Italia og andre europeiske land», seier Brathaug.

Han presterte ikkje berre å skrive humoristisk og godt, men også sakleg og fagleg. Det var av og til vurdering på kvar enkelt spelar, og rett og slett var Pravda frå kamp til kamp noko dei fleste spelarane såg fram til å lese – i alle fall så lenge dei ikkje hadde spelt veldig dårleg.

Han blei æresmedlem i Bergsøy i 1995 for sitt mangeårige engasjement innan fotballgruppa. Det var leiaren i hovedstyret Bodil Notøy som overrekte prisen til Brathaug.

«Klart det er kjekt å verte æresmedlem, men eg synes nesten det er ein for lettvint heider. Alt eg har gjort for Bergsøy har eg nemlig gjort av glede. Det har såleis ikkje kosta meg noko ting.»

Pravda

Historikk.com har scanna om lag 100 Pravda-utgåver frå perioden 1991 til 1997 som Olaf Brathaug skreiv. Dei kan ein sjå på denne sida: Trykk her.

Vi kan runde av med nokre fleire tilfeldige sitat frå diverse Pravda-utgåver:

«Det er ikke så tungt å tape når man blir vant med det.»

«Erlend. Stø som en bjørn. Rask som en panter. Rydder opp som en gentlemann.»

«En stund lurte jeg på om Tom hadde vært innom London og hentet Ravanelli. Jeg tok feil.»

«Vi satt på pinebenken i over en halv time. Da reiste Asbjørn Almestad seg opp fra stolen. Dette blir det ingenting av. Han gikk til kaffe. Han kom tilbake etter 5 minutter. Da var stillingen 3–1 til oss.»

«Han ropte så det hørtes. Ej kjøme Are. Og han kom. Ja, som en vind.»

«Henning og Lars liker å løpe og de løper fort. Det er en kjent sak. Denne gang svevet de over vannet, men det brast. Jeg har bare hørt om en herfører som gikk over vannet, men det er lenge, lenge siden.»

«Vår lille store Vegar ble fulgt med argusøyne. Det var dårlig debyvær for han, men han besto prøven med glans. Ble puffet i lange kast av sin store motstander, men faller lett og behersket. Jeg tror ikke han tok skade av det – var like blid. Vegar er spretten og dette var ingen sprettbane.»

«Dette var kampen mellom gresshopper og skjellpadder. Vi virket som sinker i forhold.»

«Tre sjanser og fire mål. At det går an.»

«Ballen var ikke til å se før den stoppet i nota. Trafikken på Borgundveien stoppet også opp, de trodde det var kanonade og krig.»

«Paul Bøe sier: Det er oppe i hodet det er noe galt. Normalt skal det gå fra hodet og utføres med beina. Hos våre gutter synes det å gå fra beina så opp til hodet. Da først ser man om det er galt, og det er det som oftest.»