Bergsøy

Menneska

Spelarane, trenarane, leiarane og eldsjelene som har forma Bergsøy – samla på éin stad.

Tilbake til Menneska
Sigvald Hoggen
Bergsøyprofil

Sigvald Hoggen

Grunnlegger Turn
Fotball Vinteridrett Leiar Eldsjel Dommar
★ Stjerneprofil

Biografi

Sigvald Hoggen

    Sigvald Hoggen (1888–1960) var ein dyktig idrettsmann og instruktør som var med på å grunnleggje Volda Idrettslag i 1916, samt Bergsøy Turnforening rundt 1927.

    Aktiviteten dabba noko av mot slutten av 1930-talet, og krigen gjorde sitt til at det stoppa opp. Bergsøy Turn og Atletklubb – dagens Bergsøy – blei så danna 4. oktober 1944.

    Allereie to dagar etter danninga sende klubben eit brev der det stod:

    «Som det vil vere Dem kjent, blev Bergsøy Turnforening etter å ha ligget nede i flere år på ny satt i gang av ungdommen på Bergsøy. Denne gang med nytt navn, nemlig Bergsøy Turn og Atletklubb».

    Med andre ord: Klubben som blei danna i 1944 var ein restart av Bergsøy Turnforening som Sigvald Hoggen hadde vore med på å etablere. Med litt andre marginar – og mindre krig – kunne det vore Hoggen sitt namn Bergsøy IL i dag hadde sett tilbake på som sin grunnleggjar.

    Om ikkje anna, så skal vi hjelpe til med å få namnet hans meir fram i lyset slik det fortener.

Sigvald Hoggen

    Mannen som skapte noko av den første organiserte idrettsaktiviteten i Herøy, og som hadde lagt ein god del av grunnmuren Bergsøy kunne byggje vidare på etter krigen.

    Bergsøy sin start gjekk i Hoggen sine fotspor. Klubben nytta Høgtun og turnapparata, slik Sigvald hadde gjort tidlegare.

    Sigvald Hoggen gjekk under namnet Hogga-Siggen, ettersom han kom frå Hoggja, Pedergarden, i Volda.

    Han starta som bakar i Volda hos Emanuelsen og seinare hos P.M. Olsen, litt etter konfirmasjonsalderen. Seinare kom han til Herøy og baka hos Knut Waage i Straumen.

    Til slutt kom han til Jens Hansen og overtok bakinga der, etter kvart som Hansen sjølv fekk mykje tidkrevjande arbeid i kommunestyre, skulestyre, nemnder og anna.

    Sigvald var eit stort idrettstalent.

Turnar og fotballspelar

    I 1911 var han forturnar og materialforvaltar i Volda Turnforening, og han var i ei årrekkje ein av dei berande kreftene i foreininga med mange roller.

    Han deltok i mange stemne, var flink i alle turnapparat og blei omtalt som ein fest å sjå på.

    I tillegg var han ein av dei flinkaste i fotball.

    I 1916 er Hoggen avbilda på lagbildet til fotballaget «Brodd» i Volda, og seinare same året var han med på å skipe Volda Idrettslag.

    Hoggen utmerka seg også i skiidrett og var jamt å finne på premielistene. Han blei eit førebilete for mange då han gjorde det godt i det første hopprennet som blei arrangert i Volda, og i 1919 var han med på å vinne det første langrennet.

    Etter eit hopp i Grøndalsbakken i 1922 hamna han i ein stein og skada seg stygt. Det måtte lagast ein slede av tre par ski, samanbundne med skistavar, slik at han kunne fraktast til doktoren.

    Skaden viste seg heldigvis å ikkje vere så alvorleg som frykta, men han sette likevel punktum for hopparkarrieren.

    I 1928 var Sigvald rundt 40 år og deltok i oldboysgruppa til Volda i eit krinsstemne for einmannsturn i Ålesund.

    Rundt same tid, truleg i 1927 etter at Høgtun blei bygd, skipa han ei turngruppe i Herøy som han også instruerte.

    Namnet var Bergsøy Turnforening, og her samla han ei gruppe ungdommar som utførte gymnastikkøvingar på Høgtun ein gong i veka.

    «Turnforeninga avholdt sin første og meget vellykkede aftenunderholdning på Høgtun. Der var stappfullt (...). Under ledelse av baker Hoggen marsjerte så taktfast ein turntropp på 10 medlemmer inn i salen til tonene av en feiende marsj, og så bar det opp på scenen hvor de viste fremragende gymnastikk.»

    Ifølgje årsmeldingane til Bergsøy Frilynde Ungdomslag var det ikkje drive turngruppe etter 1935, men Hoggen hadde framleis nok å gjere.

    Han blei vald som nestformann i Bergsøy skytterlag og hadde lenge vore aktiv i skyttarmiljøet. Han hadde vore styremedlem i både Volda Skytterlag og Volda Skyttersamlag, og deltok i landsstemne i Molde i 1919 og Bergen i 1921.

Mange medaljar

    Til saman blei det mange idrettar og mykje medaljedryss, både som skyttar og turnar. Det er nemnt at han kanskje var ein av dei mest dekorerte personane frå Volda.

    I 1937 fekk Sigvald ei kjede som utmerking for å ha deltatt i 12 krinsstemne i turn. Han tok idrettsmerket i gull og fekk også fortenestemedalje frå Søre Sunnmøre Skytterlag.

    Men han var ikkje mannen som skrytte av bragdene sine.

    «Skal jeg fortelle hvilken premie som betyr mest for meg, så må det nok bli en pengepremie som jeg kjøpte meg et gevær for, og prisen var den gang 28 kroner. Jeg trur det var i 1911 eller 1912. Jeg har fått ødelagt øyet mitt, og fikk mest trening da jeg gikk over til å skyte links.»

Brannmann

    I 1939 var det brann i sjøpakkhuset til Sunnmøre Fiskeri og Handelsbank, den såkalla «Bomba».

    Huset blei nytta som lagerplass av mange, og tre motorbåtar strauk blant anna med.

    Ein av dei som stod mellom dei brennande husa og Tollåshuset med slange i håp om å sløkke og hindre spreiing, var bakar Hoggen.

    Han stod med våte sekkar over seg og styrte brannsprøyta. Brannen var så sterk at malinga på hus eit godt stykke unna flakna av.

    Hoggen hadde ein våt sekk rundt nakken, men blei likevel nokså «steikt» i andletet og på hendene.

    Då den andre verdskrigen braut ut, var det møte i Fosnavåg byggjekommune for å lage ein plan for kva ein skulle gjere dersom det oppstod brann som følgje av krigstilstanden.

    Sigvald Hoggen blei då med i gruppa som måtte vere klar på vakt dersom det skulle oppstå brann.

    I nokre av krigsåra var han tilbake hos P.M. Olsen i Volda, men det meste av den aktive tida som bakar hadde han hos Jens Hansen.

    Sjølv etter at han slutta, var han å finne i bakeriet om vinteren.

    I 1957 var Sigvald med på kronerulling til inntekt for Bergsøy Idrettslag, og bydde ut Harald Botn, Eystein Botn og Sverre Botn.

    I 1958 flytta han tilbake til Volda.

    Det same året starta Peter Sperre bakeri i Jens Hansen sitt bygg. Idet den eine drog, etablerte den andre seg meir.

    Hoggen levde i to år i Volda etter at han reiste frå Fosnavåg.

    Bildet av Hoggen med alle medaljane sine har vi fått tilsendt med tillatelse til å vise fram.

    Fotograf var A. Berge. Fotograf Andreas Berge (1886–1960) tok fleire bilde av Hoggen og turn. Nokre av desse finst også hos Galleri Berge.

    Sigvald Hoggen med medaljane sine

   

Sigvald Hoggen med medaljane sine. Fotograf: A. Berge.