Tilbake

Stjerneprofil Sigvald Hoggen

Dagens Bergsøy som blei danna i 1944 var ein restart av Bergsøy Turnforening som Sigvald Hoggen hadde danna.

Profil: Sigvald Hoggen

Sigvald Hoggen (1888–1960) var ein dyktig idrettsmann og instruktør som var med å grunnleggje Volda Idrettslag i 1916, samt Bergsøy Turnforening ca. 1927. Litt mindre aktivitet seint på 30-talet, samt ein viss krig, gjorde at det stoppa opp – før Bergsøy Turn og Atletklubb (dagens Bergsøy) blei danna 04.10.1944. Allereie to dagar etter danninga sender klubben eit brev som seier:

– «Som det vil vere Dem kjent, blev Bergsøy Turnforening etter å ha ligget nede i flere år på ny satt i gang av ungdommen på Bergsøy. Denne gang med nytt navn, nemlig Bergsøy Turn og Atletklubb».

Med andre ord: At klubben (dagens Bergsøy) som blei danna i 1944, var ein restart av Bergsøy Turnforening som Sigvald Hoggen hadde danna. Med litt andre marginar (og mindre krig) på si side kunne det vore Hoggen sitt namn Bergsøy IL i dag hadde sett tilbake på som sin grunnleggjar. Men om ikkje anna så skal vi hjelpe til å få namnet hans litt meir fram i lyset slik det kanskje fortener.

Sigvald Hoggen

Mannen som skapte den første aktiviteten/idrettslaget i Herøy – og som hadde lagt ein god del av grunnmuren som Bergsøy kunne ta vidare og byggje på etter krigen. Bergsøy sin start gjekk i Hoggen sine fotspor, der starten som klubb var å nytte Høgtun og turnapparata slik Sigvald hadde gjort tidlegare.

Sigvald Hoggen gjekk under namnet Hogga-Siggen ettersom han kom frå Hoggja (Pedergarden) i Volda. Han starta som bakar i Volda hos Emanuelsen og seinare hos P.M. Olsen litt etter konfirmasjonsalderen, før han kom til Herøy og baka hos Knut Waage i Straumen. Til slutt kom han til Jens Hansen og overtok bakinga der idet Hansen sjølv starta å få bra med tidkrevjande oppgåver i både kommunestyre, skulestyre, nemnder og anna.

Sigvald var eit stort idrettstalent.

Turnar og fotballspelar

I 1911 var han forturnar og materialforvaltar i Volda Turnforening, og han var i ei årrekkje ein av dei berande kreftene i foreininga med mange roller. Han deltok i mange stemne, var flink i alle turnapparat, og var ein fest å sjå på.

I tillegg var han ein av dei flinkaste i fotball.

I 1916 er Hoggen avbilda på lagbildet til fotballaget «Brodd» i Volda, og seinare på året er Hoggen med på å skipe Volda Idrettslag.

Hoggen utmerka seg også i skiidrett, og var jamt på premielistene. Han blei eit førebilete for mange då han var dyktig i det første hopprennet som blei arrangert i Volda, og i 1919 er han med å vinne det første langrennet. Etter eit hopp i Grøndalsbakken i 1922 hamna han i ein stein og skada seg stygt, og det måtte lagast ein slede av tre par ski, samanbundne av skistavar, slik at han kunne fraktast til doktoren. Det viste seg heldigvis ikkje å vere så gale som frykta, men skaden enda likevel hoppar-karrieren hans.

I 1928 er Sigvald rundt 40 år, og blir med som deltakar i Oldboys-gruppa til Volda i eit krinsstemne for einmannsturn i Ålesund. Rundt same tid, kanskje i 1927 etter at Høgtun blei bygd, skipar han i Herøy ei turngruppe som han også instruerer i.

Namnet var Bergsøy Turnforening, og her samla han ei gruppe med ungdommar som utførte gymnastikkøvingar på Høgtun ein gong i veka.

– «Turnforeninga avholdt sin første og meget vellykkede aftenunderholdning på Høgtun. Der var stappfullt (..). Under ledelse av baker Hoggen marsjerte så taktfast ein turntropp på 10 medlemmer inn i salen til tonene av en feiende marsj, og så bar det opp på scenen hvor de viste fremragende gymnastikk», sto det i ei avis frå Ålesund.

Ifølgje årsmeldingane til Bergsøy Frilynde Ungdomslag var det ikkje dreve turngruppe etter 1935, men Hoggen hadde nok å drive på med og blei vald som nestformann i Bergsøy skytterlag. Han hadde alltid vore skytterlagsmedlem; han hadde vore styremedlem i Volda Skytterlag og Volda Skyttersamlag – og deltok i landsstemne i Molde i 1919 og i Bergen i 1921.

Mange medaljar

Til saman blir det mange idrettar og mykje medaljedryss både som skyttar og turnar, og det er nemnt at han kanskje er ein av dei mest dekorerte personane frå Volda. I 1937 får Sigvald ei kjede som utmerking for å ha deltatt i 12 krinsstemne i turn. Han tok idrettsmerket i gull, og fekk også fortenestemedalje frå Søre Sunnmøre Skytterlag – men han var ikkje mannen som skrytte av sine bragder.

– «Skal jeg fortelle hvilken premie som betyr mest for meg, så må det nok bli en pengepremie som jeg kjøpte meg et gevær for, og prisen var den gang 28 kroner. Jeg trur det var i 1911 eller 1912. Jeg har fått ødelagt øyet mitt, og fikk mest trening da jeg gikk over til å skyte links.»


Brannmann



I 1939 var det brann i sjøpakkhuset til Sunnmøre Fiskeri og Handelsbank, såkalla «Bomba». Huset blei nytta til lagerplass for mange, og tre motorbåtar strauk blant anna med. Ein av dei som sto mellom dei brennande husa og Tollåshuset med slange i håp om å sløkke samt hindre spreiing – var bakar Hoggen.

Han sto med våte sekkar over seg og styrte brannsprøyta. Brannen var så sterk at malinga på hus eit godt stykke unna flakna av. Hoggen hadde då ein våt sekk rundt nakken, men vart likevel nokså «steikt» i andletet og på hendene.

Idet den andre verdskrigen braut ut, var det møte i Fosnavåg byggjekommune for å ha ein plan på tiltak om det skulle bli brann som følgje av krigstilstanden. Sigvald Hoggen blei då med i gruppa som måtte vere klar på vakt om det skulle oppstå brann. I nokre av krigsåra var han tilbake hos P.M. Olsen i Volda, men aller mest av si aktive tid som bakar var han hos Jens Hansen. Sjølv etter at han slutta var han å finne i bakeriet om vinteren.

I 1957 er Sigvald med på kronerulling til inntekt for Bergsøy idrettslag, og byd ut Harald Botn, Eystein Botn og Sverre Botn, før han i 1958 flyttar tilbake til Volda.

1958 er også året Peter Sperre (gårsdagens bakerhistorie) startar sitt bakeri i Jens Hansen sitt bygg. Idet den eine dreg, så etablerer den andre seg meir.

Hoggen levde to år i Volda etter at han reiste frå Fosnavåg.

Bildet av Hoggen med alle medaljane sine er vi så heldige å ha fått tilsendt med tillatelse til å vise fram. (Fotograf: A. Berge). Fotografen Andreas Berge (1886–1960) tok fleire bilde av Hoggen og turn. Du finn nokre bilde på Galleri Berge si side.
Sigvald Hoggen med medaljar