Kampreferat
1952-08-24 • Serie – runde 4 • Kampnr 4
Bergsøy
Tennfjord
3-1
1-0 Ola Goksøyr (25)
25'
2-0 Erik Løfoll (60)
60'
3-0 Ola Goksøyr
Referat
3–1 til BIL vart resultatet av 3. div. kampen med Tennfjord i Huldalen i går. Tennfjord stod for denne kampen høgst på poenglista, og dette var første kampen laget har tapt i år.

Det var ein interessant og for såvidt velspelt kamp, der begge laga utan tvil ga det dei hadde. BIL opna som vanleg litt famlande og nervøst spel, men det gjekk ikkje mange min. før spelarane fann kvarandre, og i 1. omgang noterte vi mange farlege sjangsar ved Tennfjord-buret som burde resultert i mål. Men først i det 25. min. lukkast det for Ola Goksøyr å legge kontant i nettet.

I andre omgang vart spelet hardare, begge laga pressa sterkt, serleg BIL viste av og til perioder med verkeleg god fotball, men avslutningane vanta. I det 15. min i andre omgang la Erik Løfoll inn eit flott mål på indirekte frispark, og nokre minuttar etterpå var Ola Goksøyr fram på att og scora BIL sitt tredje mål.

Nokre minuttar før slutt la Tennfjord inn sitt mål på straffespark ved den gode senteren utan sjangse for Finn Voldnes i mål.

Resultatet av kampen var fortent, – og vel så det – etter spel og sjangsar burde BIL ha fleire mål. Domaren, Sig. Flatmark frå Ålesund var litt for «lettsindig» når han dømde straffespark.

Elles var det ein god og fair kamp.

PIT.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
1
100%
Uavgjort
0
0%
Tap
0
0%
Mål
3–1
scoret–sluppe inn
Informasjon
  • 📅
    Dette er 1. kampen mot Tennfjord.
  • 📈
    3. sigeren denne sesongen.
  • Mestscorande i desse oppgjera:
    Bergsøy: Ola Goksøyr (2 mål).
  • 📈
    Dette var 3. sigeren på rad denne sesongen.
  • 🌱
    Debutantar: Finn Voldnes.
Form siste 5 totalt
1–2
T
Brattvåg
1952-08-03
5–4
S
Heid
1952-08-10
3–1
S
Vartdal
1952-08-17
3–1
S
Tennfjord
1952-08-24
Form siste 5 vs Tennfjord
3–1
S
Tennfjord
1952-08-24
Laget
Registrerte spelarar. Start: 3 · Innbyttarar: 0
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
3.0
1 stemmer
📍
Huldalen
👨‍⚖️
Sigmund Flatmark
👥
🔗
Debutantar
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar