Kampreferat
1958-08-03 • Serie – runde 1 • Kampnr 71
Ørsta
Bergsøy
2-1
Ingen registrerte mål/kort.
Referat
Spelesmessig var det ein lite god kamp mellom Ørsta og bergsøy i 3.divisjon på Ørsta stadion. Det beste spelet vart vist det første kvarteret, men så dabba begge laga sterkt av.

Det vart mykje upresist spel som vart vist. Det var sjeldan ein såg godt oppbygde angrep. Ørsta låg en tanke over i spel i den første omgangen og leia 2-1 ved pause. Heimelaget scora først, så utlikna Bergsøy til 1-1 på eit godt skot. 2-1 vart det ved senterløpar Rolf Leira.

I den andre omgangen hadde Bergsøy mest av spelet, men ineffektivt løparspel gjorde at det ikkje vart scoringar. Det var elles tydelig at det klikka med kondisjonen hos begge lag på slutten.

Hos Bergsøy var halfrekka beste lagdelen. Særlig spelte vinghalfane Sigmund Paulsen og Homlong godt. Keeper Vik hadde fleire gode redningar. Ørsta hadde sine beste spelarar i senterhalf Leif Øie og høgre back Ose-Welle. Kjell Berentzen frå ÅFK var dommar.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
1
Uavgjort
0
Tap
2
Mål
4–7
Informasjon
Form (siste 5 totalt)
5–2 (W)
Sæbø
1958-05-15
4–0 (W)
Hundeidvik
1958-05-25
0–2 (L)
Stranda
1958-06-08
2–1 (W)
Stranda
1958-06-15
1–2 (L)
Ørsta
1958-08-03
Form (siste 5 vs Ørsta)
0–3 (L)
Ørsta
1956-08-05
3–2 (W)
Ørsta
1956-08-26
1–2 (L)
Ørsta
1958-08-03
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11 · Innbyttarar: 1
Innbyttarar
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
2.0
1 stemmer
👨‍⚖️
Kjell Berentzen
👥
🔗
Debutantar
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar