Kampreferat
1987-08-04 • Serie – runde 13 • Kampnr 600
Bergsøy
Valder
0-4
Are Hessen
Bjørn Jønsson
Bjørn Jønsson
Bjørn Jønsson
Referat
Sjølv om Bergsøy tapte så klart som 4-0 på si eiga heimebane så kunne Bergsøy ha teke poeng med normal uttelling på sjansane sine denne kampen. gang på gang pussla Bergsøyspelarane vekk gode måltilbud, mens Valder gikk rett på sak og satte inn 4 mål.

Bergsøy starta best i medvind, og laget pressa Valder høgt oppe i bana og spelte seg til gode tilbud. Presset var så høgt at det blei trangt oppe i valder sitt målområde, og Bergsøyangriparane såg ut til å ønske seg inn på 5 meteren før dei skulle avslutte angrepa. Valder fekk fire kontringssjansar før pause og scora på tre av dei. Det første målet etter ein corner som tilslutt havna hos Are Hessen som fra 18 meter dunka ballen i krysset. Ei kanonscåring.

Henning Solem var like etter 0-1 heilt igjennom etter flott veggspel, men keeper Rønning klarerte og Valderforsvarer avverga returen i siste øyeblikk. Børge Hansen hadde mange brukbare tilbud før pause, og var berre millimeter unna coring på ei headding som keeper slo bakover og på oppsida av tverrleggaren. Den største sjansen hadde imidlertid Nils Roger Paulsen etter halvtimen da han fekk servert ballen på 5-meteren, men skaut ukontrollert utanfor.

Kampens store spelar Bjørn Jønsson skaut imidlertid ikkje utanfor. Han fanga opp ein ball på eigen banehalvdel, spelte veggspel, og sende ballen i hjørnet med eit hardt skot til 0-2. 0-3 kom som nesten en kopi av dette målet av samme mann etter 38 minutter. Ein så stor ledelse til bortelaget var flatterande, men det er måla som teller. Kjartan Paulsen skaut så ei kanon fra 20 meter, men den traff tverrleggaren.

Også første 15 minutt etter pausen var det Bergsøy som var best, og Børge Hansen, Henning Solem og Are Blindheim hadde gode tilbud, men skota gikk alle utanfor. Dermed gikk ballongen ut av Bergsøy, og valder kunne ha auka ledelsen fleire gongar. Det var tilslutt Bjørn Jønsson som etter 25 minutter ut i omgangen signerte sin hattrick. Han skaut under Bergsøykeeper Martin Pettersen og i mål, den einaste scoringa som Pettersen i realiteten hadde sjanse til å avverge.

På Bergsøy likte vi best Børge Hansen i angrep, Kjartan paulsen på midtbana og Paul Kurt Nerland i forsvar.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
7
43,8%
Uavgjort
4
25%
Tap
5
31,3%
Mål
40–33
scoret–sluppe inn
Informasjon
  • 📅
    Dette er 16. kampen mot Valder.
  • Mestscorande i desse oppgjera:
    Bergsøy: Asbjørn Myklebust (9 mål)
    Valder: Bjørn Jønsson (3 mål).
Form siste 5 totalt
1–1
U
Haddal
1987-06-16
1–2
T
Hessa
1987-06-19
1–1
U
Aksla
1987-06-24
2–0
S
Ørsta
1987-07-03
0–4
T
Valder
1987-08-04
Form siste 5 vs Valder
1–1
U
Valder
1978-09-17
3–4
T
Valder
1979-06-23
5–1
S
Valder
1979-09-15
0–1
T
Valder
1987-05-01
0–4
T
Valder
1987-08-04
Laget
Registrerte spelarar. Start: 6 · Innbyttarar: 0
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
2.0
1 stemmer
📍
Bergsøy Stadion
👨‍⚖️
Einar Hellevik
👥
🔗
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar