Kampreferat
2000-04-26 • Cup – runde 42 • Kampnr 885
Bergsøy
Skarbøvik
1-3
1-0 Jarl Åge Vågsholm (35) Assist: Frank Sverre Skorpen Dempa på brøstet og plasserte på volley i hjørnet frå 18 meter
35'
40'
1-1 Kai Borger Myrold (40)
67'
1-2 Svein Arve Alnes (67)
76'
1-3 Stian Bjørdal (76)
Tommy Ingebrigtsen 🟨
Referat
SIF går vidare i cupen etter ein fortent 3-1 siger borte mot Bergsøy onsdagskvelden. Og det var ein sterk 2. omgang som sikra favoritten vidare cup-billett. Sigeren var fortent nok, gjestane var gjennomgåande betre enn Bergsøy i denne kampen. Men det unge heimelaget ga favoritten frå 2. divisjon overraskande god motstand før kvilen.

-"Vi sprang ikkje nok, men det hjalp då vi bytte inn nokre spelarar. Det var ikkje 2. divisjonstakter over oss i dag, og då tenker eg mest på viljen til å prestere. Den mangla hos litt for mange spelarar"
(SIF-trenar Svein Slinning var nøgd med sigeren, men ikke med spelet)

1. omgang var kjedelig og nesten sjansefri den fyrste halvtimen. Men så kom det brått ei scoring som varma tilskodarane, og det var populært nok heimelaget som tok leiinga. Frå nærmare 25 meter klemte Jarl Åge «Flis» Vågsholm til på beste Beckham-maner, og ballen suste inn i hjørnet bak ein sjanselaus John Arne Storøy i SIF-buret. SIF-gutane kom raskt til hektane att etter baklengsmålet. Berre fem minutt seinare vart det utlikning, då Kai Birger Myrold kontant styrte ballen i hjørnet. Det vart med desse to scoringane i ein omgang der det var vanskeleg å sjå divisjonsskilnad på laga.

-"Forsvaret klarte seg godt. Men vi skapar altfor få sjansar framover. "
(Ronny Pål Kvalsvik)

Men skilnaden kom klart til syne etter pause. SIF opna friskt og offensivt, og var aktive i luftromet framfor Bergsøy-målet. Fleire headinger var nær scoring, og eit mål låg i lufta. Det kom, men det måtte eit frispark til for å knekke Bergsøy. Svein Arve Alnes fann eit hol i Bergsøy-muren, og ballen smaug seg gjennom og inn i målet. Kvarteret før slutt auka Stian Bjørdal til 3-1 etter eit praktangrep der Bergsøy vart heilt utspelt, og der ballen gjekk i mange trekk før Per Øyvind Iversen slo inn til Bjørdal som sette spikeren i Bergsøy-kista. Etter kvilen var Bergsøy ikkje med i det heile teke, og hadde ikkje ein einaste målsjanse.

Bergsøy-forsvarar Ronny Pål Kvalsvik spelte i 1998 for nettopp SIF, og han hadde ingen problem med å godta at det beste laget vann denne kampen. På sitt eige lag syntes han at forsvaret klarte seg godt.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
16
Uavgjort
9
Tap
20
Mål
62–99
Informasjon
  • Dette er 45. kampen mot Skarbøvik.
  • 1. tapet denne sesongen.
  • Mestscorande mot Skarbøvik: (20 mål).
  • Debutantar: Børge Remøy, Frank Haraldsvik.
Form (siste 5 totalt)
1–1 (D)
Ålesund2
1999-09-11
0–3 (L)
Langevåg
1999-09-18
0–4 (L)
Åram/Vankam
1999-09-24
2–1 (W)
Hasundgot
1999-09-25
1–3 (L)
Skarbøvik
2000-04-26
Form (siste 5 vs Skarbøvik)
1–0 (W)
Skarbøvik
1989-07-07
0–1 (L)
Skarbøvik
1990-04-24
2–1 (W)
Skarbøvik
1990-06-22
2–2 (D)
Skarbøvik
1990-09-22
1–3 (L)
Skarbøvik
2000-04-26
Laget
Registrerte spelarar. Start: 7 · Innbyttarar: 0
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
0 stemmer
📍
Huldalen
👨‍⚖️
Sindre Eikrem
👥
🔗
Debutantar
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar