Kampreferat
2006-09-15 • Serie – runde 18 • Kampnr 1043
Bergsøy
Hødd2
3-2
Gustav Pettersen
Preben Hestad
Preben Hestad
Bjørnar Gundersen 🟨
Referat
Det var en ting som gjaldt denne kampen, og det var å kjempe inn 3 poeng. Noko anna ville bety nedrykk slik situasjonen var for Bergsøy foran kampstart. Hødd2 stillte med et ungt mannskap, men hadde med seg ringreven Andre Skotheim samt Mads Andre Værnes og Joachim Magnussen. Bergsøy på si side hadde fullt mannskap, og gjorde få forandringar foran kampstart. Terje Teige var klar til å spele midtstoppar, mens Steffen Moltu gjekk opp på venstrekanten. Vinn eller forsvinn Bergsøy.

Den første omgangen.

Det var Hødd2 som kom best igang, og spelet var mest på Bergsøy sin halvdel i starten av kampen. Daniel Hatløy fekk seg en mulighet i starten etter pasning frå Steffen Moltu, men Daniel blei for overivrig i skuddøyeblikket - og ballen fauk til sides for mål. Publikum skulle få sjå ei bedre avsluttning då Andre "Skotty" Skotheim pluttselig fekk drage seg fri og denge til med venstreslegga. Ballen fauk i lengste hjørnet over Toni Sandanger, og det hadde berre gått 7 minutt av kampen.

Kampen går litt fram og tilbake, og Steffen Moltu var frisk i startfasa av kampen. Andre Skotheim fekk prøve seg på et nytt skudd med venstrefoten, men dette endar utanfor. Så kom nok en kjempesjanse til Daniel Hatløy, og denne gangen fekk han meir tid til å sikte inn skuddfoten frå sin høgrekantposisjon. Ballen stryk imidlertid den bortre stolpen før den går ut til utspel. Bergsøy var på vei tilbake i kampen sjølvom Hødd nok fortsatt klarte å halde det meste av spelet på Bergsøy sin halvdel. Toni måtte ut i feltet nokre gongar, og Bergsøyforsvaret måtte også ty til endel klareringar i farlige område. Martin Molnberg viste seg fram ved enkelte situasjonar, og både Skotheim og Magnussen skulle få kjenne "Panzer-Martin" på kroppen.


Det hadde vore ei lita periode med endel midtbanekjemping, men så kom Steffen Moltu på ett nytt friskt løp på venstrekanten. Moltu sprang frå to Høddarar før han løfta blikket og sentra tilbake ut i feltet til en ledig Gustav Pettersen. Gustav gjorde ingen feil, og sendte ballen imål til 2-1.

To gode prestasjonar hadde ført Bergsøy tilbake i kampen. Bergsøy har fått seg en notorisk målscorar i friske Pettersen, og toppscoraren er no oppe i 8 mål totalt iår. Bergsøy tok over meir og meir, og etterkvart kan vi seie at den første omgangen blei en av dei bedre Bergsøy har prestert iår.


Det var nokre sjansar begge veiar i den 1.omgangen, og vi fekk også sjå Gustav Pettersen prøve seg på et brassespark. Martin Molnberg gav laga ei pause etter en hodeklinsj, men elles var omgangen prega av bra tempo. Så kom det forløysande 2-1 målet til Bergsøy etter 32 minutter. Gustav Pettersen jobba til seg ballen og la et fint innlegg tilbake inn i feltet. Der var Preben Hestad på rett plass foran både keeper og forsvarar, og headdinga endte i nota til Bergsøyjubel.

Hødd gav imidlertid ikkje opp og det var ganske nerme 2-2 idet Toni Sandanger gav en retur på et skudd. Toni retta opp sin eigen feil og slapp med skrekken i den situasjonen. Resten av omgangen var jamn, men Bergsøy sin ledelse var ikkje trua dei siste ti minutta.

Den andre omgangen.

Det skulle bli en kanonstart på den andre omgangen, og berre 2-3 minutt hadde gått idet Preben Hestad kom aleine gjennom. Preben runda keeper og blei felt, og straffesparket satte han sjølv i nota til 3-1. No såg det lyst ut for Bergsøy, med to måls ledelse og god kontroll på kampen.

Preben Hestad kom nesten heilt igjennom igjen kort tid seinare, men blei pressa vekk ifrå avsluttning. Etpar minutter seinare var det nærme igjen da Steffen Moltu snappar ballen i duell med Hødd sin keeper, men Preben Hestad rakk heller ikkje denne gangen å fyre av mot mål før Høddspelarane flokka seg rundt situasjonen.


Det var mindre "action" etter pausen, og Bergsøy såg ut til å ha god kontroll. Daniel Hatløy fekk vist seg fram litt for publikum og fekk applaus for en frekk tunell ute på høgrekanten. Mest applaus for dagen var det nok Martin Molnberg som fekk i 1.omgang etter en situasjon der Martin gav 100% i en duell. Det var lite som skulle tyde på at Hødd2 ville skape trøbbel, men trøbbel blei det likevel idet dei pressa på det siste kvarteret. Andreas Rekdal viste seg fram litt også i 1.omgang med godt rykk, og det unge talentet skulle gi bortelaget nytt håp om poeng med si gode avsluttning til 3-2. Ballen blei klistra oppe i det høgre krysset etter godt angrepsspel av Hødd2.

Det var 2-3 frispark som skapte trøbbel for Bergsøy mot slutten, der Hødd sine spelarar vann duellane i feltet, men ballen endte ut til utspel kvar gong. Bergsøy skapte ingenting siste 15 minutta idet laget konsentrerte seg om å få med seg dei tre viktige poenga.

Ei slags oppsummering.


Bergsøy gjorde jobben og skaffa dermed et fornya håp om ståplas i årets 3.divisjon. Valder spelte 2-2 mot Aafk2, noko som betyr at det no er 2poeng opp til Rollon og 4 poeng opp til Valder. Neste helg møtast nettopp Rollon og Valder, mens Bergsøy skal gjere sitt beste for å få poeng inne i Sykkylven. Med like god innsats i den kampen så er det godt mulig å klare det. Bergsøy gjorde alle sine bytter denne kampen, og slitne sjeler fekk kvile mot slutten. Denne gangen rakna ikkje Bergsøy (heilt fullstendig).

Neste kamp for Bergsøy er borte mot Sykkylven. Deretter er det heime mot Aafk2, borte mot Rollon, og heime mot Hareid i siste kampen.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
6
37,5%
Uavgjort
4
25%
Tap
6
37,5%
Mål
34–34
scoret–sluppe inn
Informasjon
  • 📅
    Dette er 16. kampen mot Hødd2.
  • Mestscorande i desse oppgjera:
    Bergsøy: Anders Vaagen (6 mål)
    Hødd2: Stig Haugland (6 mål).
  • 🏅
    Banens beste: Martin Molnberg.
  • ©️
    Kaptein: Preben Hestad.
Form siste 5 totalt
1–2
T
Valder
2006-08-25
1–4
T
Ørsta
2006-09-01
2–3
T
Volda
2006-09-08
7–2
S
Hareid
2006-09-14
3–2
S
Hødd2
2006-09-15
Form siste 5 vs Hødd2
1–3
T
Hødd2
2003-09-06
8–1
S
Hødd2
2004-06-11
4–3
S
Hødd2
2004-09-10
2–5
T
Hødd2
2006-06-02
3–2
S
Hødd2
2006-09-15
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11 · Innbyttarar: 5
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
0 stemmer
📍
Bergsøy Stadion
👨‍⚖️
Øyvind Kringstad
👥
🔗
Banens beste
Kaptein
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar