Kampreferat
2018-05-25 • Serie – runde 6 • Kampnr 1337
Bergsøy
Emblem
2-0
1-0 Stian Zahl (31) Skudd
31'
2-0 Franjo Tepuric (81)
81'
Fredrik Muren 🟨
Referat
Bergsøy tok over tabelltoppen i 4. divisjon etter ein fortent 2–0-siger heime mot Emblem.

Heimelaget tok initiativet frå start og pressa Emblem bakover på bana. I løpet av dei første fem minutta fekk Bergsøy seks cornerar, men utan å skape dei heilt store sjansane mot eit godt organisert bortelag.

Etter kvart roa kampen seg noko ned, men Bergsøy heldt fram med å skape halvsjansar gjennom første halvtime. I det 30. minuttet kom leiarmålet. Stian Toft Zahl fekk ballen etter ein duell i feltet og klemte til frå rundt 20 meter. Skotet sneik seg inn ved den venstre stolpen til stor jubel frå heimelaget.

Bergsøy kunne ha auka leiinga både ein og to gonger før pause etter gode angrep, men verken Stian Toft Zahl eller Marius Sporntøl fekk utteljing. Emblem skapte på si side ikkje ei einaste målsjanse i første omgang. Bergsøy låg kompakt defensivt, vann dei fleste duellane og såg solide ut bakover.

Andre omgang vart meir jamspelt, utan at nokon av laga kom til mange store sjansar. Bergsøy burde likevel fått straffespark då Martin Søvik Røren vart felt i feltet, men dommar Jan Erik Bratteberg vinkte spelet vidare. Like etter var Søvik Røren nær ved å doble leiinga, men avslutninga gjekk like over mål.

Emblem sin største sjanse i kampen kom etter 66 minutt då dei fekk ei avslutning frå kort hald, men Petter Meland Aasen redda meisterleg i Bergsøy-målet.

Avgjerda fall i det 81. minuttet. Franjo Tepuric vende opp i feltet og sende ballen via stanga og i mål til 2–0. Scoringa vart feira av supportarklubben Mannskapet og resten av publikum på tribuna.

Avisutklippet trekkjer fram Espen Langlo Driveklepp som Bergsøys beste spelar. Trenar Toni Sandanger meinte Bergsøy spelte ein middels kamp, men vann fortent. Midtstoppar Frank Sverre Kopperstad Skorpen sa etter kampen at Bergsøy møtte eit lag som låg djupt og var godt organisert, og meinte heimelaget burde ha vunne med tre-fire mål dersom dei hadde vore meir presise på siste tredel av bana.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
7
77,8%
Uavgjort
1
11,1%
Tap
1
11,1%
Mål
29–14
scoret–sluppe inn
Informasjon
  • 📅
    Dette er 9. kampen mot Emblem.
  • Mestscorande i desse oppgjera:
    Bergsøy: Sverre Botn (4 mål)
    Emblem: Fredrik Emblem (2 mål).
  • 🏅
  • ©️
    Kaptein: Franjo Tepuric.
Form siste 5 totalt
4–2
S
Ørsta
2018-04-27
0–6
T
Kristiansund BK
2018-05-02
4–0
S
Sif/Hessa
2018-05-09
2–0
S
Larsnes/Gursken
2018-05-18
2–0
S
Emblem
2018-05-25
Form siste 5 vs Emblem
5–1
S
Emblem
1964-06-21
2–2
U
Emblem
1964-09-13
2–1
S
Emblem
2017-06-16
4–2
S
Emblem
2017-10-06
2–0
S
Emblem
2018-05-25
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11 · Innbyttarar: 3
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
3.0
1 stemmer
📍
Havila Stadion
👨‍⚖️
Jan Erik Bratteberg
👥
🔗
Banens beste
Kaptein
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar