Kampreferat
1975-09-14 • Serie – runde 16 • Kampnr 339
Ørsta
Bergsøy
2-2
1-0 Stein Aam (40)
40'
45'
1-1 Fred Frantzen (45)
70'
1-2 Knut Teige (70)
2-2 Roger Molludal (87)
87'
Referat
Kampen sett under eitt var det greit med poengdeling mellom Ørsta og Bergsøy i en spennande og velspelt kamp der 2000 tillskuere hadde møtt opp. Av desse var nok omtrent 3-400 tilreisende fra Herøy.

Bergsøy hadde initiativet i kampen i starten, og kom seg til nokre forsøk som Ørstakeeper Dag Mork måtte hindre. Mellom anna blei det notert eit skummelt skot fra Jack Pettersen som Mork måtte slå til corner. Fred Frantzen var også nærme, mens faktisk Ørsta ein gong også holdt på å score sjølvmål. Men det skulle bli mållaust heilt fram til 40 spelte minutt, og det var Ørsta som skulle få mål først. Frå 16 meteren skrudde Stein Aam ballen rundt muren på eit frispark og i motsatt vinkel til glede for heimelaget. Bergsøy gav imidlertid ikkje opp, og like før sidebytte førte jack Pettersen ballen oppover venstresida, og på enden av innlegget var Fred Frantzen som pluttselig var aleine med keeper etter at nokre forsvarar hadde bomma på å klarere. Fred Frantzen fekk god tid til å plassere ballen imål til 1-1.

Etter pausen hadde Bergsøy fortsatt initiativet dei første minutta, men Ørsta kom meir og meir med. Ved nokre høve var Ørsta virkelig nære på å gå tilbake i ledelsen i kampen, og Knut Igesund redda også ballen på streken ein gong. Men Bergsøy er eit godt kontringslag, og midtveis i omgangen blei Knut Teige frispelt av Fred Fratnzen som spurta forbi heile forsvaret og satte ballen imål.

Det kunne sjå ut til at Bergsøy skulle gå mot ein siger, men 3 minutt før full tid sende Roger Molludal avgårde eit skot som Jon Kåre Storås endra retning på, og dermed var Bergsøy sin keeper utspelt. Det endte 2-2.

På Bergsøy var keeper Johs Nørvåg, forsvarere Knut Igesund og Ronald Moen, midtbanespiller Kjartan Fagerlund og angrepsspillerne gode.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
7
29,2%
Uavgjort
5
20,8%
Tap
12
50%
Mål
36–51
scoret–sluppe inn
Informasjon
  • 📅
    Dette er 24. kampen mot Ørsta.
  • Mestscorande i desse oppgjera:
    Bergsøy: Fred Frantzen (8 mål)
    Ørsta: Jarle Walseth (5 mål).
Form siste 5 totalt
1–1
U
Træff
1975-08-17
3–0
S
Kristiansund
1975-08-24
3–1
S
Åndalsnes
1975-08-31
1–2
T
Aksla
1975-09-07
2–2
U
Ørsta
1975-09-14
Form siste 5 vs Ørsta
2–3
T
Ørsta
1973-08-25
0–4
T
Ørsta
1974-06-23
5–0
S
Ørsta
1974-09-21
4–2
S
Ørsta
1975-06-15
2–2
U
Ørsta
1975-09-14
Laget
Registrerte spelarar. Start: 12 · Innbyttarar: 0
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
0 stemmer
📍
Ørsta Stadion
👨‍⚖️
Storm Andresen
👥
2000
🔗
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar