Kampreferat
Herd

Bergsøy
2-1
1-0 Jan Krogen (66)
⚽
66'
81'
⚽
1-1 Fred Frantzen (81)
Straffespark
2-1 Roger Holand (86)
⚽
86'
Ingolf Gillesdal
🟨
Roger Holand
🟨
📸 Bilde frå kampen (1)
Referat
Det vart ingen god start for Bergsøy da laget tapte seriepermieren 2-1 mot Herd på ei gjørmete og vanskelig grusbane på Moa fredag kveld. Baneforholda innbaud ikkje til festfotball, og det var tidlig klart at det laget som kjempa hardast i gjørma ville sikre seg opningspoenga. Bergsøylaget var tydelig merka av nervar, og kom liksom aldri i gang med sjanseskapande spel. Særlig vingspelarane vart neglisjert, og flankespelaren Frode Wilhelmsen var i store delar av kampen arbeidsledig.
Kampen: Første omgang.
Bergsøy kom best igang, og pressa heimelaget tilbake på bana. Etter kvart jamna det seg til, og by-laget tok over initiativet. Etter omlag ein halvtime spelt såg vi ballen imål da den kraftige spissen Jan Krogen fekk servert eit presist innlegg frå Harald Thorsen, men utrulig nok styrte Krogen ballen på utsida av stolpen.
Kampen: Andre omgang.
Også etter pausen var det Ålesundlaget som kjempa best. Dei vann dei fleste duallar på midtfeltet, og i det 66.minuttet var det klart for 1-0. Jan Krogen kom brått fri, og hadde små problem med å overliste BIL-keeper Kurt-Ove Longva. Eit kvarter før tid kom så veteranen Fred Frantzen inn for skadde Børge Hansen, og like etter blei Frantzen felt. Straffesparket satte han sjølv i mål. Dei fleste trudde nok at det ville gå mot poengdeling, men berre tre minutt før full tid avgjorde Roger Holand kampen for Herd da han tverrvende og sette ballen i mål etter en corner. Eit surt tap for Bergsøy, men slik kampen utvikla seg så var det lite å seie på at heimelaget fekk tre poeng.
Oppsummering.
Bergsøy sin klart beste spelar denne kampen var junioren Sindre Reite som slo til med ein praktkamp som høgre back. I motsetning til mange av sine lagkameratar så gjekk Sindre til i tacklingane samtidig som han imponerte med sikkert hovudspel. Her har Bergsøy fått fram eit stortalent som en vil få mykje glede av. Også stopparduoen Vidar Eikrem og Appa Prytz spelte sikkert og godt. Også keeper Longva virka solid, og kunne ikkje gjere noko med måla. Frammover på bana var det imidlertid for planlaust. Midtbanespelarane kom aldri godt inn i kampen, og makta ikkje å gi løparane den nødvendige støtta. Særlig hadde Bergsøy problemer med å kome rundt på sidene, slik at det blei enkelt for Herd-forsvaret å knyte igjen "sekken".
I neste serierunde skal Bergsøy møte Skodje heime, et lag som overraska ved å slå Haddal 3-1 i seriedebuten. Bergsøy er skadeskutt, og må trulig unnvære både Nils Roger Paulsen og Børge Hansen. En håpar at midtbanestrategen Endre Tjervåg vil være tilbake på plass, men verre er det at Appa Prytz og Arve Leine har fått skarlagensfeber - og trulig må stå over kamp også dei. Børge Hansen starta bra på midtbanen denne kampen, men blei hemmet av skade

Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
9
34,6%
Uavgjort
4
15,4%
Tap
13
50%
Mål
41–48
scoret–sluppe inn
Informasjon
-
Dette er 26. kampen mot Herd.
-
Mestscorande i desse oppgjera:
Bergsøy: Fred Frantzen (10 mål)
Herd: Nordheim (3 mål). -
Banens beste: Sindre Reite.
-
Debutantar: Arve Helsem Leine, Sindre Reite.
Form siste 5 totalt
0–6
T
Valder
1989-09-22
0–1
T
Haddal
1989-09-30
2–1
S
Guard
1989-10-07
0–1
T
Skarbøvik
1990-04-24
1–2
T
Herd
1990-04-27
Form siste 5 vs Herd
4–1
S
Herd
1978-08-26
2–0
S
Herd
1983-05-09
3–1
S
Herd
1989-06-09
1–2
T
Herd
1989-09-15
1–2
T
Herd
1990-04-27
Laget
Registrerte spelarar. Start: 12
· Innbyttarar: 0
🖼️ Alle bilde frå kampen (1)
Info
Banens beste
Debutantar
Bergsøy – lagoppstilling
-
Kurt Ove Longva
-
Sindre Reite
-
Arve Helsem Leine
-
Asbjørn Prytz
-
Vidar Eikrem
-
Kurt Magne Berge
-
Børge Hansen
-
Frode Wilhelmsen
-
Lars Ove Almestad
-
Trond Paulsen
-
Fred Frantzen
-
Per Arne Aarvik
Bergsøy – innbyttarar
—