Kampreferat
1998-06-19 • Serie – runde 9 • Kampnr 846
Bergsøy
Spjelkavik
0-4
21'
0-1 Kristian Klausen (21)
42'
0-2 Vebjørn Solevåg (42)
66'
0-3 Vebjørn Solevåg (66)
77'
0-4 Sigve Spjelkavik (77)
🟨 Rolf Marius Wiik
Referat
Eit godt og fysisk sterkt Spjelkavik spelte ein god kamp mot Bergsøy som denne gangen mangla Tommy Ingebrigtsen, samt at ein småsjuk toppscårar i Oddmund Vågsholm satt på benken. Trenar Per Rune Tødenes hadde kalla inn veteranen Lars Ove Almestad til å spele kamp, og i ei forsiktig lagoppstilling starta Bergsøy med Arild Kvalsund på topp som enslig spiss.

Det blei tydelig at Spjelkavik var eit sterkare lag, og bortelaget kom også raskt best igang. Det var uvant å sjå kaptein Rune Frantsen tape så mange duellar på midtbanen. Ein susar i tverrleggaren var eit varsko på kva som skulle komme seinare.

Arild Kvalsund og Lennart garnes hadde muligheter til å score etter innlegg fra Lars Ove Almestad, men det var bortelagets Kristian Klausen som gav bortelaget ledelsen. Ein av sidebackane øydela offsiden og Klausen satte ballen imål frå 16 meter. Deretter blei det meir problem for Bergsøy idet Erlend Vike skada ankelen og måtte erstattast med Karl Bjarte Vike etter 30 minutter. Og idet kampens beste spelar Vebjørn Solevåg auka til 2-0 virka det meste avgjort, for då hadde også bortelaget fått eit annulert mål litt tidligare og såg ut til å ha god kontroll på kampen.

Etter pausen blei remi helleseth satt fram som spiss og Oddmund Vågsholm erstatta Lennart garnes på midtbanen, og Bergsøy fekk ei god periode. Bortelaget øydela imidlertid spenninga idet Solevåg headda inn sitt andre mål for dagen. Det nærmaste Bergsøy kom var eit frispark frå Lasse Myrhol og eit skot like over fra Arild Kvalsund. 13 minutt før full tid blei den siste spikeren satt i kista da Sigve Spjelkavik satte inn 4-0 målet. Remi Helleseth burde fått eit trøstemål tilslutt aleine med bortelagets keeper, men keeper Helge Kolseth avverga.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
7
25%
Uavgjort
3
10,7%
Tap
18
64,3%
Mål
41–77
scoret–sluppe inn
Informasjon
  • 📅
    Dette er 28. kampen mot Spjelkavik.
  • Mestscorande i desse oppgjera:
    Bergsøy: Lasse Myrhol (4 mål)
    Spjelkavik: Kristian Klausen (5 mål).
Form siste 5 totalt
1–1
U
Langevåg
1998-05-22
4–2
S
Valder
1998-05-29
2–0
S
Stranda
1998-06-05
0–4
T
Brattvåg
1998-06-12
0–4
T
Spjelkavik
1998-06-19
Form siste 5 vs Spjelkavik
4–1
S
Spjelkavik
1996-05-11
4–0
S
Spjelkavik
1996-08-10
5–1
S
Spjelkavik
1997-05-09
2–1
S
Spjelkavik
1997-08-08
0–4
T
Spjelkavik
1998-06-19
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11 · Innbyttarar: 3
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
0 stemmer
📍
Bergsøy Stadion
👨‍⚖️
Kjell Alme
👥
🔗
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar