Kampreferat
2001-06-29 • Serie – runde 13 • Kampnr 920
VRF
Bergsøy
3-0
3-0 Morten Bueide (79)
79'
📸 Bilde frå kampen (1)
Referat
Spelarpoeng: 3 Endrè Grøvik, 2 Njål Tyssing, 1 Morten Bueide, alle VRF

Bergsøy spelte sin svakaste kamp av året då dei fredag tapte 3-0 for Vrf. Dermed avslutta Bergsøy vårsesongen med to bortetap på tre dager. Men trass i dei to tapa kan Bergsøy sjå tilbake på en overraskanda god vårsesong. I første omgang var derimot Bergsøy fullt på høgde med VRf, og hadde periodevis god fotball å vise fram. Roy Igesund ropte på straffe ein gong, men fekk det ikkje. Men andre omgangen vart veldig skuffende. 3 mål imot, og berre flaks gjorde at tapet ikkje blei større etterkvart.

-"Eg fekk god trening som stoppar på andrelaget ifjor. Idag fungerte det meste, særleg i andre omgang"

(Yngst og best på bana, VRF-stoppar Endrè Grøvik (17))



Bergsøy plar tape i Velledalen, ein statistikk laget med glans held oppe etter kampen i går. Kanskje litt overraskande denne gongen, ettersom heimelaget spela utan Robert Sogge (karantene) frå start, og fekk krumtapp Eivind Fet boren ut på båre etter 20 minutt av kampen. Før pause var kampen relativt jamn både i spel og sjansar, men gjestane dominerte i ein periode etter Fet sin skade. Etter halvtimen vart raske Roy Igesund teken i VRF sitt målfelt. Anten var det straffespark, eller så gult kort for filming. Dommar Aam dømde ingen av delane, men gjorde eit særs solid inntrykk i resten av kampen.

-"Vi gjorde ein bra 1. omgang, då eg heilt klart skulle hatt straffespark etter felling, men vi datt heilt ihop etter pause."

(Roy Igesund)
2. omgang opna rotete med mange feilpaningar på den glatte bana av begge lag. Ti minutt ut i omgangen slo Morten Bueide eit innlegg som traff oversida av tverrliggaren til keeper Håheim. Dette var innleiinga til ein sterk heimeperiode. Minuttet etter scora junioren Njål Tyssing vakkert frå langt hald, etter å ha fått ei sleivete klarering frå Bergsøy-målmannen rett i beina. Same Tyssing gjorde 2-0 på heading etter innlegg frå Frode Linga halvtimen ut i omgangen. Morten Bueide sette puktum med eit lavt velplassert skot frå 16 meter fire minutt seinare. I tillegg hadde Tyssing og Linga vidopne sjansar som Håheim redda.

VRF jobba godt, og som eit lag i siste del av kampen. Bergsøy derimot, leverte ein håplaust svak andreomgang. Uvisst kvifor, ettersom karar som Geir Sandnes, Roy Igesund og Frank Sverre Skorpen viste fine detaljar før pause.

Bergsøy spelarar som var med kampen:
Knut Erik Håheim, Geir Sandnes, Roy Igesund, Frank Sverre SKorpen, Tommy Ingebrigtsen, Karl Bjarte Vike.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
14
45,2%
Uavgjort
4
12,9%
Tap
13
41,9%
Mål
67–58
scoret–sluppe inn
Informasjon
  • 📅
    Dette er 31. kampen mot VRF.
  • Mestscorande i desse oppgjera:
    Bergsøy: Fred Frantzen (12 mål)
    VRF: Ole Andre Fet (6 mål).
Form siste 5 totalt
2–1
S
Ålesund2
2001-06-15
0–4
T
Ørsta
2001-06-19
3–1
S
Vigra
2001-06-22
3–4
T
Brattvåg
2001-06-26
0–3
T
VRF
2001-06-29
Form siste 5 vs VRF
1–2
T
VRF
1999-08-08
1–6
T
VRF
2000-06-03
1–2
T
VRF
2000-08-29
2–0
S
VRF
2001-04-27
0–3
T
VRF
2001-06-29
Laget
Registrerte spelarar. Start: 7 · Innbyttarar: 0
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
🖼️ Alle bilde frå kampen (1)
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
2.0
1 stemmer
👨‍⚖️
Oddbjørn Aam
👥
🔗
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar