Kampreferat
2026-05-14 • Serie – runde 5 • Kampnr 1489
Hødd2
Bergsøy
0-3
9'
0-1 Sander Makipera Vike (9) Assist: Elias Skogen Hauge Skudd Breisida imål lavt innlegg frå høgrekant
32'
🟨 Enrique Crespo Søvik
Felix Mork 🟨
33'
Martin Aarsand Vik 🟨
39'
Carlos Kopperstad Nilsen 🟨
45'
52'
🟨 Sander Makipera Vike
66'
0-2 Enrique Crespo Søvik (66) Assist: Tomas Matuszczyk Straffespark
87'
0-3 Franjo Tepuric (87) Assist: Elias Holstad Walaunet Heading
Christer Johansen 🟨
95'
Referat
3–0 og strålande innsats
– Dette er nok topp tre av Bergsøy-kampar eg har vore med på å spele for denne klubben, med tanke på laginnsats og prestasjon. Ein kjempegod kamp av oss, sa Franjo Tepuric etter at Bergsøy hadde slått Hødd 2 med 3–0 på Høddvoll. Trenaren Anders Hoff var einig og svært fornøgd:

– Guttane leverte veldig bra!

Før kampen sa Hødd-trenar Christer Johansen at han såg fram til å møte eit godt Bergsøy-lag, og at han hadde høyrt at Franjo Tepuric var i toppform. Og Franjo blei ein av dei avgjerande spelarane, ikkje minst då han sette spikaren i kista med ei flott heading til 3–0 etter 87 minutt.

Ein frisk førsteomgang

Kampen starta med høgt Bergsøy-tempo, og allereie etter to minutt var Enrique Crespo nær ved å putte ballen i mål. Like etterpå måtte Hødd-keeper Hansen i aksjon igjen då Sander Vike var igjennom, og på den påfølgjande corneren heada Franjo i stolpen frå kort hald.
Det var derfor ikkje ufortent då kanskje banens beste spelar i første omgang, Elias Skogen Hauge, la inn framfor mål og Sander Vike sette inn 1–0 til Bergsøy etter ni minutt.
Resten av omgangen blei prega av taklingar og gule kort til begge lag, og Kjetil Paulsen måtte mellom anna få hjelp av bana. Det lukta tidvis svidd, og det blei delt ut både blåkul og gule kort. Heldigast var kanskje Enrique Crespo, som unngjekk sitt andre gule kort like før pause, men dommaren valde å ikkje høyre på buinga frå heimepublikummet.
Det blei ei fullt fortent 1–0-leiing til Bergsøy til pause, der vingane Sander Vike og Elias Hauge skapte mykje uro hos Hødd-forsvaret.

Godt gjennomført av Bergsøy
Hødd har scora mange mål i 4. divisjon hittil i sesongen, men mot Bergsøy klarte dei ikkje å finne vegen gjennom i denne kampen. Nærast kom Carlos Kopperstad, som før sesongen meldte overgang frå Bergsøy til Hødd, men keeper Pedro stod ein feilfri kamp og heldt nullen for bortelaget.
– Carlos har vore fantastisk for oss sidan han kom. Han har kome inn og blomstra frå dag éin, sa Hødd-trenar Christer Johansen før avspark.

Men det var Bergsøy som skulle juble denne kvelden, og den største jubelen kom då 2–0 blei sett inn etter 66 minutt. Franjo slo ein flott stikkball til Tomas Matuszcyzyk på veg gjennom, og Hødd-forsvaret måtte stoppe han på ulovleg vis. Enrique Crespo Søvik var sikker frå straffemerket og sette inn sitt Bergsøy-mål nummer 62 på 68 kampar.
Og så var det Franjo Tepuric som med ei flott heading avgjorde kampen då han stanga ballen i krysset etter 87 minutt.

– "Der kom den. Seriemål nummer 100!" sa Franjo til journalisten.
I fjor blei det nemleg feilaktig rapportert at milepålen var nådd, men no er det ikkje tvil: 100 seriemål på 170 kampar for Franjo.

Det var ein skikkeleg krigekamp der Bergsøy heldt tett bakover og hadde fine angrep framover. Laget trøkka til i duellane, og sjølv Kjetil Paulsen, som måtte ut etter 20 minutt, kom tilbake og spelte heile andre omgang. Ein laginnsats der fleire sprang til krampa kom sigande.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
14
Uavgjort
9
Tap
15
Mål
78–82
Informasjon
Form (siste 5 totalt)
0–1 (L)
Stordal
2026-04-10
2–1 (W)
Ravn
2026-04-17
3–1 (W)
Spjelkavik2
2026-05-01
1–3 (L)
Hovdebygda
2026-05-08
3–0 (W)
Hødd2
2026-05-14
Form (siste 5 vs Hødd2)
3–0 (W)
Hødd2
2019-10-25
2–4 (L)
Hødd2
2021-10-08
1–5 (L)
Hødd2
2025-05-09
3–3 (D)
Hødd2
2025-09-01
3–0 (W)
Hødd2
2026-05-14
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11 · Innbyttarar: 6
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
0 stemmer
📍
Høddvoll
👨‍⚖️
Sjur Engelsen Lange
👥
200
Banens beste
Kaptein
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar
Hødd2 – lagoppstilling
Christian Benedict Bantilan Hansen, Hans-Peter Tjervaag, Sivert Frantsen-Skeide, Elias Overå Skeide, Jonas Melø, Martin Aarsand Vik, Felix Mork, Markus Teige Moltubakk, Erlend Walseth Lid, Carlos Kopperstad Nilsen, Karsten Lennon Vasstrand Hodge