Kampreferat
Herd

Bergsøy
2-1
1-0 Arnfinn Espeseth (15)
⚽
15'
25'
⚽
1-1 Asbjørn Myklebust (25)
Skudd
Velplassert skudd ved stanga
2-1 Nils Ellingsvåg (60)
⚽
60'
📸 Bilde frå kampen (2)
1 / 2
Referat
Ærefull retrett for B.I.L. frå cuprunden
Herd – B.I.L. 2–1
Herd — som toppar tabellen i 3. divisjon, måtte i går kveld kjempe hardt for å slå Bergsøy på Langevåg stadion. Dermed er BIL ute av cup-dansen for denne gongen, men det var ein ærefull retrett. Under heile kampen vart det kjempa om kvar ball, og våre spelarar leverte ein innsats det står stor respekt av. Til tider var det nesten slik at BIL spelte fotball og dominerte midtbanen, medan Herds taktikk og spelestil tydelig er å levere høge og lange ballar til løparrekka. Men der møtte dei av eit kontant BIL-forsvar.
Det kunne blitt sjokkåpning, då Asbjørn Myklebust var i ferd med å nette etter eit par minutt spel i første omgang. Og dei første minutta av kampen var det frisk og slett BIL som hadde føringa av kampen. Og i det 10. minutt av kampen hadde Asbjørn Myklebust eit nytt skot som streifa stanga på utsida. Få minutt seinare scora Herd frå 20 meters hald og det gjekk kontant og knallhardt i nettmaskane. 1–0 til Herd. BIL kjempa innbitt for utlikning, og det lukkast. Asbjørn Myklebust kom fri og skotet var velplassert og gjekk så vidt på rette sida av stanga. Laga gjekk til garderobene etter 1–1 resultat ved pause.
I ANDRE OMGANG
hadde Herd tydelegvis sett seg at dette sanneleg ikkje gjekk an, og laget prøvde gong på gong å kome i scoringsposisjon. Men Bergsøy-forsvaret heldt stand, og Jan Karsten Myrhol i mål hadde eit par kjemperedningar. Spelet veksla heile denne omgangen og begge laga hadde for så vidt sjansar til scoring. Det var Herd som lukkast, og tok leiinga midt i omgangen til 2–1, som vart sluttresultatet. Fleire gonger var BIL’s løparrekke i scoringsposisjon, men det lukkast liksom ikkje. Sigmund Paulsen måtte gå ut rett før første omgang var omme, og Kjellstadli måtte ut i slutten av andre omgang. Reservane som vart innsette var Andreas Kvalsund og Geir Grimstad.
BIL’s laginnsats denne gongen var så stor at det vil vere urett å nemne namn. Men Jan Karsten Myrhol i mål rette fullt og heilt opp dei tabbane han meinte han gjorde sjølv under siste seriekampen mot Vigra. Knut Igesund nemndes ofte, men det var fleire enn oss som meinte at han utan tvil var banens beste spelar. Vi har nemnt forsvaret. Også midtbanespelarane Waage og Moen rydda godt opp og kjempa innbitt. Det var ei innsats som verkeleg sette sitt preg i løparrekka. I det heile ein innsats som minner stort. Men — det er eit men — Bergsøy har eit godt lag, eit lag å bygge vidare på, eit lag som kan risikere å klatre ein divisjon opp. Kva med heimebana? Bergsøy er vel det einaste laget i 4. divisjon som ikkje har gras å spele på.
Herd skuffa i grunnen ikkje så lite, eller kanskje hadde ein på førehand litt for stor respekt for laget som toppar 3. divisjon. Best på laget likte vi venstrevingen og indre venstre. Rutgeirson var god dommar, men Herds andre luktar off-side lang veg.

Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
0
0%
Uavgjort
0
0%
Tap
7
100%
Mål
4–25
scoret–sluppe inn
Informasjon
-
Dette er 7. kampen mot Herd.
-
Mestscorande i desse oppgjera:
Bergsøy: Asbjørn Myklebust (1 mål)
Herd: Nordheim (3 mål). -
Banens beste: Knut Igesund.
-
Debutantar: Geir Grimstad.
Form siste 5 totalt
0–3
T
Spjelkavik
1969-05-15
3–1
S
Tornado
1969-05-18
3–0
S
Sykkylven
1969-05-25
3–2
S
Vigra
1969-06-01
1–2
T
Herd
1969-06-04
Form siste 5 vs Herd
1–4
T
Herd
1958-08-30
0–3
T
Herd
1959-05-07
1–3
T
Herd
1961-08-13
1–5
T
Herd
1962-06-03
1–2
T
Herd
1969-06-04
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11
· Innbyttarar: 2
Innbyttarar
Info
Banens beste
Debutantar
Bergsøy – lagoppstilling
-
Jan Karsten Myrhol
-
Knut Igesund
-
Gunnar Kjellstadli
-
John Johansen
-
Andreas Kvalsund
-
Ronald Moen
-
Oskar Waage
-
Eldar Eilertsen
-
Fred Frantzen
-
Kjartan Fagerlund
-
Asbjørn Myklebust
Bergsøy – innbyttarar
Herd – lagoppstilling
Dagfinn Ostnes, Arnfinn Espeseth, Leidulf Dahle, Nils Ellingsvåg