Kampreferat
Bergsøy

Stordal
5-0
1-0 Sigmund Paulsen (9)
⚽
9'
2-0 Knut Teige (11)
⚽
11'
3-0 Sigmund Paulsen (43)
⚽
43'
4-0 Knut Teige (66)
⚽
66'
5-0 Andreas Kvalsund (90)
⚽
90'
📸 Bilde frå kampen (1)
Referat
Det som Bergsøy vann lett 5-0 over Stordal Alt frå avspark såg det ut som Bergsøy ville ta igjen for nederlaget mot Skarbøvik. Det var bra samanheng mellom rekkene, og etter eit fint framspel, gjekk Sigmund Paulsen igjennom og skaut. Ballen small i stanga, men den same Paulsen tok mot returen og scora utan sjanse for keeper. Kampen var då ikkje meir enn 9. min. gamal.
To min seinare fekk vi sjå ein fin kombinasjon mellom halfrekka og løparrekka. Avslutninga var og av beste merke etter eit overlegg frå høgre til y.v. Knut Teige som netta sikkert og stillinga var 2 — 0.
Bergsøy hadde fleire gode sjansar, men Stordal sin keeper arbeidde godt og heldt buret reint. 43 min. ut 1 omgangen oppfatta Sigmund Paulsen smart elt gjenomspel, og han hadde berre å sette ballen roleg i mål. Resultatet til pause vart då 3-0.
Etter Pausen såg det ut for at Bergsøy skulle fortsette scoringane same stil som i 1. omgang. Etter 51 minutt hadde Asbjørn Myklebust eit godt plassert skot som keeper såvidt fekk redda med ei beinparade. Etter dette dabba spelet litt av og det var ikkje stor fotball ein fekk sjå. Bergsøy pressa omlag helle tida.
Etter 66 speleminuttet fekk vi derimot ei praktscoring av Knut Teige som på ny var frampå. Han sette ein skruball inn i nettet heilt frå dølinja. Tett etter hadde keeper igjen ei god redning i det han fista eit knallhardt skot til corner. Dei gode redningane til keeper Nyhus såg ut til å ildne opp heile laget, for i ein ti- minutts periode hadde Stordal ein del angrep.
Det indre forsvaret, leia av s.b. Kjellstadli, tetta imidlertid godt til slik at det ikkje vart særleg farleg framfor mål. Svein Stavseng stod for det einaste gode skotet mot Bergsøymålet. Dei fleste rekna med Stordalsredusering, men i staden var det Bergsøy som auka til 5—0 ved y.h. Andreas Kvalsund 10 sek. før slutt.
Kampen vart aldri velspela. Til det var det altfor einsidig. Vi talde til dømes 14 cornarar til Bergsøy, medan Stordal hadde 0. På Bergsøy kjempa heile laget godt, men Knut Teige og Sigmund Paulsen i angrepet kom eit hakk framfor dei andre. På Stordal spela keeper svært godt, medan dei andre vart heller anonyme.
Dommar var Reidar Nilsen, Herd

Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
5
62,5%
Uavgjort
1
12,5%
Tap
2
25%
Mål
18–8
scoret–sluppe inn
Informasjon
-
Dette er 8. kampen mot Stordal.
-
Mestscorande i desse oppgjera:
Bergsøy: Sigmund Paulsen (6 mål)
Stordal: Kjell Hove (1 mål).
Form siste 5 totalt
2–4
T
Spjelkavik
1966-06-20
2–1
S
Sykkylven
1966-06-27
0–3
T
Ørsta
1966-06-30
0–9
T
Skarbøvik
1966-08-13
5–0
S
Stordal
1966-08-21
Form siste 5 vs Stordal
1–1
U
Stordal
1963-08-25
1–3
T
Stordal
1964-05-31
2–0
S
Stordal
1964-08-30
3–0
S
Stordal
1966-05-21
5–0
S
Stordal
1966-08-21
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11
· Innbyttarar: 0
🖼️ Alle bilde frå kampen (1)
Info
Bergsøy – lagoppstilling
-
Håkon Harsvik
-
Knut Igesund
-
Olav Harsvik
-
Gunnar Kjellstadli
-
Asbjørn Røsås
-
Asmund Myklebust
-
Sverre Botn
-
Sigmund Paulsen
-
Knut Teige
-
Asbjørn Myklebust
-
Andreas Kvalsund
Bergsøy – innbyttarar
—