Kampreferat
1966-09-04 • Serie – runde 12 • Kampnr 186
Bergsøy
Rollon
4-4
1-0 Asbjørn Myklebust (15)
15'
25'
1-1 Totto Holen (25)
2-1 Sverre Botn (40)
40'
47'
2-2 Magne Holen (47)
50'
2-3 Sjølvmål til Rollon (50)
57'
2-4 Magne Holen (57)
3-4 Knut Teige (60)
60'
4-4 Asbjørn Røsås (70)
70'
Referat
Det blei en målrik og spennande kamp, og målsjansane starta allereie i det første minuttet. Det var då ytre venstre Knut Teige som kom fri, men på den litt lause bana sklei han idet han skulle skyte og ballen gikk like utanfor stolpen.

Den samme Teige var minuttet etterpå frampå med et skudd som keeper halvklarerte. Men Bergsøy skulle få sitt ledermål etter 15 minutter idet det lykkast for senterløpar Asbjørn Myklebust som satte inn 1-0.

Bergsøy fortsatte å halde oppe presset og skapte fleire farlige sjansar før Rollon skulle ta litt meir over. Etter 25 minutt plassserte "Totto" Holen ballen oppe i vinkelen til 1-1 utagbart for keeper Karlsen.

Resten av omgangen varierte spelet mellom begge lag uten at nokon av dei scora fleire mål før Asbjørn Myklebust igjen var på ferde 5 minutt før pause. Asbjørn sitt knallharde skudd frå venstre var slik at keeper ikkje klarte å halde den i fast grep, og Sverre Botn vann ein spurteduell med ein Rollonspelar for å få ballen over streken.

Etter pause stilte Rollon opp uten Løvold, og eit heilt nytt lag møtte opp. Det tok berre to minutt før Magne Holen stakk igjennom forsvaret og netta sikkert til 2-2. Deretter blei det litt klabb og babb i Bergsøyforsvaret som enda med at ein Bergsøyspelar klarte å få ballen i sitt eige nett til 2-3.

12 minutter ut i den andre omgangen var det klart for 2-4 då M.Holen igjen netta sikkert. Bergsøy mista no litt av humøret, men kom sterkare mot slutten. Knut Teige var frampå med 3-4 etter eit godt skot etter møljespel mens Asbjørn Røsås stakk igjennom heile forsvaret og satte inn 4-4.

Bergsøy prøvde å avgjere kampen mot slutten men klarte det ikkje. På Rollon sitt lag var det Magne Holen som var best sammen med s.h i forsvaret. Hos Bergsøy spelte veteranane Sverre Hoff og Sigmund Paulsen ein god kamp, mens Ronald Moen på h.h spelte også godt.

Noko som var litt negativt denne gangen var den usportslige måten publikum oppførte seg på. Det er greit å være patriotar, men når det utartar seg til konstant piping og roping mot dommaren virkar det usmakelig. Dommaren Ola Lillebø frå Volda dømte godt.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
2
33,3%
Uavgjort
1
16,7%
Tap
3
50%
Mål
14–19
scoret–sluppe inn
Informasjon
  • 📅
    Dette er 6. kampen mot Rollon.
  • Mestscorande i desse oppgjera:
    Bergsøy: Knut Teige (2 mål)
    Rollon: Magne Holen (2 mål).
Form siste 5 totalt
0–3
T
Ørsta
1966-06-30
0–9
T
Skarbøvik
1966-08-13
5–0
S
Stordal
1966-08-21
1–3
T
Valder
1966-08-28
4–4
U
Rollon
1966-09-04
Form siste 5 vs Rollon
3–2
S
Rollon
1959-05-24
1–2
T
Rollon
1961-08-20
0–3
T
Rollon
1962-06-17
3–2
S
Rollon
1966-06-12
4–4
U
Rollon
1966-09-04
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11 · Innbyttarar: 0
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
🖼️ Alle bilde frå kampen (1)
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
5.0
1 stemmer
📍
Huldalen
👨‍⚖️
Ola Lillebø
👥
🔗
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar