Kampreferat
1983-07-31 • Serie – runde 12 • Kampnr 507
Bergsøy
Kristiansund
1-0
1-0 Fred Frantzen (27) Assist: Trond Paulsen Skudd
27'
Fred Frantzen 🟨
Referat
Bergsøy var tydelig sugne på å komme igang etter ein måneds fotballferie, og gode kombinasjonar gjorde at det virka som at ei scoring låg i lufta lenge på Bergsøy Stadion. KFK kom imidlertid meir med etterkvart, og fryta var at Bergsøy mista sjansen til siger då dei ikkje hadde klart å utnytte overtaket i starten av kampen.

Bergsøy skulle likevel få sitt mål i det som kanskje var dagens finaste angrep. Trond Paulsen la ein lur ball til Fred Frantzen som i ønskeposisjon plasserte ballen kloss i hjørnet. KFK gikk hardt ut etter målet, og kapteinen Asbjørn Brendskag fekk med seg laget frammover. Der møtte dei på Bergsøy sitt forsvar, og Bergsøy satsa på kontringar idet dei braut bortelagets angrep. Etter 35 minutter kom eit slik angrep, då Fred Frantzen opna heile KFK forsvaret med ein ball til Trond Paulsen som imidlertid blei litt for lang.

Heilt mot slutten av omgangen kom imidlertid Trond Paulsen så nærme scoring som mulig. Han gikk først ned for telling etter duell med keeper, men klarte ikkje å få ballen over målstreken idet han kom seg opp på beina igjen. Den andre omgangen starta med ei kanonade mot Bergsøy sitt mål. Det var skudd i stanga og redning på strek. I samme periode fekk Trond paulsen ein lang ball til høgresida og la vidare til Henning Solem som kom forbi heile forsvaret men mista kontrollen på ballen.

Bergsøy kunne raskt avgjort kampen med litt mer uttelling på kontringane. 15 minutt før slutt trudde dei fleste at det var 1-1 idet keeper Arnvid Husøy glei på det glatte underlaget. Han fekk imidlertid ei hånd på ballen tilslutt. Like før slutt fekk KFK nok ein god sjanse til å utlikne, men igjen blei det redda på streken. Bergsøy kan nok takke mykje Ivan Myklebust som var ein god skanse i forsvaret denne gangen. Elles kan vi trekke fram keeper Arnvid Husøy som ikkje var utteken på laget, men som steppa inn da Martin Pettersen framleis var prega av skaden som han har hatt lenge. Husøy var kald og rolig og heldt buret reint.

Tre stjerner til Ivan Myklebust, 2 til Arnvid Husøy, 1 til Rolf Inge Henriksen.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
5
31,3%
Uavgjort
4
25%
Tap
7
43,8%
Mål
12–19
scoret–sluppe inn
Informasjon
  • 📅
    Dette er 16. kampen mot Kristiansund.
  • 📈
    5. sigeren denne sesongen.
  • Mestscorande i desse oppgjera:
    Bergsøy: Fred Frantzen (6 mål)
    Kristiansund: Dagfinn Henriksen (5 mål).
  • 🏅
    Banens beste: Ivan Myklebust.
Form siste 5 totalt
1–1
U
Hareid
1983-06-04
1–0
S
Langevåg
1983-06-11
3–3
U
Ørsta
1983-06-18
1–2
T
Sunndal
1983-06-25
1–0
S
Kristiansund
1983-07-31
Form siste 5 vs Kristiansund
1–2
T
Kristiansund
1979-09-23
2–0
S
Kristiansund
1981-06-13
0–5
T
Kristiansund
1981-09-20
0–1
T
Kristiansund
1983-04-24
1–0
S
Kristiansund
1983-07-31
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11 · Innbyttarar: 0
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
0 stemmer
📍
Bergsøy Stadion
👨‍⚖️
Lars Kåre Rogne
👥
200
🔗
Banens beste
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar
Kristiansund – lagoppstilling
Roger Philips, Bjørn Fiske, Bjørn Holten, Rolf Inge Henriksen, Asbjørn Brendskag, Alf Dahl, Arnfinn Isaksen, Kjell Otto Hoel, Dagfinn Henriksen, Jan Åge Wiik, Arnt Hansen, Kjell Wiik