Kampreferat
2021-10-22 • Serie – runde 11 • Kampnr 1389
Bergsøy
Herd
0-0
73'
🟨 Karl Oskar Fjørtoft
Referat
Forhåndsomtale
Bergsøy og Herd har ei lang historie som strekker seg tilbake til 1953. Den første kampen mellom laga var på Nørve Stadion, og dette var Bergsøy sin første kamp på gras nokon gong. Til tross for god innsats av Bergsøy sine spelarar Jon Ertesvåg og Ola Goksøyr vann Herd 5-0, og tap skulle det alltid bli mot Herd i dei tre første sesongane desse laga møttest. Den første sigeren til Bergsøy mot Herd kom i 1970 i Huldalen, og kampen var til og med på tippekupongen. Det blei 3-1 etter mål av Knut Teige, Kjartan Fagerlund og Asbjørn Myklebust, og spesielt Fagerlund fekk mykje skryt for prestasjonen.

«Banens beste var i særklasse Kjartan Fagerlund. Han er skarpskyttar, teknikar og har teft for å la ballen gjere arbeidet utan unødvendige trikserier».

Sidan den tid har Bergsøy hatt ganske godt tak på Herd på heimebane, og berre tapt 4 på dei siste 24 oppgjera. Gjennom 70-tallet var det Bergsøy som hadde kontrollen, og det toppa seg i 1977 med ein 7-0 siger på Bergsøy Stadion. Svein Inge Urke scora hattrick, mens Fred Frantzen og Jack Pettersen scora to mål kvar i ein kamp med god stemning på tribunene.

På 1980 tallet møttest klubbane berre i ein sesong, men frå 1990 og fram til i dag er det tydeleg statistikk på at Bergsøy som regel vinner i Fosnavåg, mens Herd som regel vinner i Ålesund. Herd har vunnet 3 ganger i Fosnavåg siste 20 åra, mens Bergsøy kun har vunnet en gang borte mot Herd i samme periode.

Statistikken viser at Bergsøy har vunnet 54% av kampane heime mot Herd, men denne gangen møter Bergsøy eit Herd-lag som ikkje har tapt for heile sesongen, og som jaktar opprykk. Det luktar ein hard kamp mot eit godt lag.

Statistikk: Bergsøy mot Herd på heimebane:
24 kampar – 13 sigerar – 4 uavgjort – 7 tap Målforskjell: 52-46 (BIL står først)

Bergsøy mot Herd på bortebane:
24 kampar – 4 sigerar – 3 uavgjort – 17 tap. Målforskjell: 20-63 (BIL står først)

Bergsøy mot Herd totalt:
48 kampar – 17 sigerar – 7 uavgjort – 24 tap. Målforskjell: 72-109 (BIL står først)

Kampen

Det var eit grusomt vær på stadion, med vind og regn. Og det skulle heller ikkje bli så mange mål som varma publikum denne gangen, men Bergsøy gjorde likevel ein ganske god kamp mot eit Herdlag som måtte vinne for å ha mulighet til å rykke opp ein divisjon. Frustrerte Herd-spelarar måtte imidlertid innsjå at Bergsøy spelte sin beste heimekamp for sesongen, og sjølv om heimelaget hadde muligheter å score så blei det ein mållaus kamp.

Bergsøytrenar Frank Sverre SKorpen var stolt over det spelarane presterte, og det var berre målet som mangla i ein ellers veldig godt gjennomført kamp. Med tanke på dei siste heimekampane der Bergsøy blant anna blei utspelte mot Hødd2 så var dette mange hakk opp i prestasjon. Dermed kan både spelarar og trenarar være fornøgde med sesongavsluttninga. Bergsøy viste god vilje og kjempa godt gjennom heile kampen.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
18
34%
Uavgjort
8
15,1%
Tap
27
50,9%
Mål
76–115
scoret–sluppe inn
Informasjon
  • 📅
    Dette er 53. kampen mot Herd.
  • Mestscorande i desse oppgjera:
    Bergsøy: Fred Frantzen (10 mål)
    Herd: Finn Erik Stavseng (4 mål).
Form siste 5 totalt
0–1
T
Sif/Hessa
2021-09-24
8–0
S
Norborg/Brattvåg2
2021-10-01
2–4
T
Hødd2
2021-10-08
3–0
S
Hareid
2021-10-15
0–0
U
Herd
2021-10-22
Form siste 5 vs Herd
0–3
T
Herd
2015-06-07
0–4
T
Herd
2015-09-26
3–1
S
Herd
2016-04-16
0–4
T
Herd
2016-08-08
0–0
U
Herd
2021-10-22
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11 · Innbyttarar: 3
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
0 stemmer
📍
Havila Stadion
👨‍⚖️
Kristoffer Nevstad
👥
🔗
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar