Alle profilaneMenneska

Oversikt over kven spelaren er, historisk status, form og motstandarar.

Biografi Bergsøy-historia
Les også: Stjerneprofilen til Jarl Åge Vågsholm Den store historia →

Jarl Åge Vågsholm

    Jarl Åge Vågsholm
        For Bergsøy spelte Jarl Åge Vågsholm 175 kampar i 13 strake sesongar frå 1993 til 2005.
        Med sine 58 mål for Bergsøy er Jarl Åge nummer 10 på Bergsøy si målscorarliste gjennom tidene.
        Han var ei duracellkanin, energisk og med stålkondisjon, flink til å kome til målsjansar og dyktig på å avslutte på volley.

Dei første fotballåra

    Vi dykker inn i Jarl Åge Vågsholm si Bergsøykarriære og startar på miniputtnivå.
    Miniputtane til Bergsøy tok sølv under "Mini Hødd" turneringa i 1983 der 30 lag var med og deltok. I finalen blei det tap 4-2 mot Spjelkavik.
Bergsøy miniputtar klasse 1974 i 1983
   
      Bilde frå 1983, Bergsøy miniputtar klasse 1974.
      Bak frå venstre Eivind Nerland, Magnus Sverdrup, Jarl Åge Vågsholm, Håkon Andre Harsvik, Marvin Kopperstad.
      Framme frå venstre Arild Kvalsund, Erling Sundal, Frank Djupvik, Jon Robert Moen. Lagleiar E Sverdrup.
    To år seinare var Jarl Åge blant dei Bergsøykarane som tok NFF sitt ferdighetsmerke.
    Dei blir målt ferdigheiter i sjonglering, dribling, føring av ball, mottak og heading samt korte og lange pasningar.
    For Bergsøy hadde Kjartan Fagerlund og Jarle Digernes drive med ferdighetsmerke ei tid for miniputtane,
    og desse blei då dei yngste som nokon gong hadde klart dette i Bergsøy.
Dei yngste med ferdighetsmerke i Bergsøy i 1985
   
      Bilde frå 1985. Dei yngste som nokon gong hadde tatt ferdighetsmerke i Bergsøy.
      Bak frå venstre Ronny pål Kvalsvik, Vidar Myklebust, Stian Elvesæter og Rune Frantsen.
      Framme frå venstre Vegard Fagerlund, Morten Digernes, Jarl Åge Vågsholm og Tom Erik Broks.
    Dei neste åra scorar Jarl Åge Vågsholm mange mål på dei aldersbestemte laga til Bergsøy.

Til Vålerenga på tur

    På sommaren 1989 blei Jarl Åge Vågsholm og Lasse Myrhol heldige spelarar som fekk oppleve ein fotballtur til Oslo.
Jarl Åge Vågsholm og Lasse Myrhol framfor lagkameratane i 1989
   
      Bilde frå 1989. Jarl Åge Vågsholm og Lasse Myrhol ligg fremst framfor alle lagkameratane sine.
    Smågutespelarane blei uttrekt til å reise til Oslo for å besauke tidlegare Bergsøyspelar Marvin Arnesen i Vålerenga.
    Smågutetrenar Ivan Myklebust er ein nær venn av Marvin, og såleis kom ein fram til eit spesielt tilbod som må seiast å være draumen for unge fotballspelarar.
    «Jarl Åge og Lasse skal såleis besauke Vålerenga og få et innblikk i korleis ein storklubb fungerer, og dei får trene ilag med Vålerenga sitt smågutelag i tillegg til Tusenfrydpark og andre spennande omvisningar.
    Avslutningsvis får dei vere med på kampen Vålerenga mot Mjølner på Bislett der dei får vere med på taktikkmøte før kampen».

Fotball og handball 1989–1991

    I 1989 scorar han også fleire mål på Bergsøy sitt handballag gutar 14, noko som gjer at Jarl Åge Vågsholm i 1990 blir tatt ut til talentsamlinga LUM (Lokale utviklingsmiljø)
    i Sulahallen som einaste spelar frå Bergsøy.
    På Gutar 14 i handballen var han som på fotballbana ein god målscorar. Blant anna blei han toppscorar med 5 mål mot Brattvåg i eit 17-14 tap,
    der også Eldar Lillerovde scora 4 mål for Bergsøy. Også andre spelarar på laget som Gard Berge, fekk også etterkvart gode Bergsøykarrierar innanfor handballen.
    I ein kamp mot Spjelkavik som endte 17-17 blei Gard toppscorar for Gutar16, mens Jarl Åge Vågsholm og Andre Voldsund fekk skryt av trenaren Solveig Grønbech
    for å vise kva som budde i dei. I ein kamp i 1991 scorar Jarl Åge Vågsholm på ein flygar mot Volda lagt opp av Jarl Sandnes.
Guttelag som slo VRF 1-0 i 1990
     
Bilde frå 1990. Bergsøy sitt guttelag slo VRF med 1-0. Jarl Åge Vågsholm framme nummer to fra høgre.
Lagbilde, ukjent årstall
Bilde ukjent årstall
Lagbilde, ukjent årstall
     
Bilde ukjent årstall
    Samtidig sjonglerte Jarl Åge både handballen og fotballen, og då Bergsøy sitt guttelag i fotball skulle møte topplaget Ørsta i juni 1990 blei det storsiger 5-0.
    Jarl Åge Vågsholm scora heile fire av måla. I september var det klart for storkamp i Huldalen då Bergsøy sitt smågutelag skulle møte vinnaren av Norway Cup VRF.
    Og det blei seier til heimelaget. Arild Kvalsund scora vinnarmålet, mens Jarl Åge Vågsholm var nærme på å auke til 2-0. Bergsøy hadde eit godt lag.

Dana Cup 1990

    Bergsøy sitt guttelag i fotball gjorde det sterkt i Dana-Cup. Dei var faktisk det første laget i Bergsøy som representerte klubben i ei internasjonal turnering utanfor landets grenser.
    20.juli kjørte bussen sørover med 43 personar ombord der 21 var spelarar alle ikledd heilt nye overtrekksdrakter.
Bergsøy sitt guttelag i Dana Cup 1990
   
      Bilde frå 1990. Dana Cup.
    I gruppespelet blei dei nummer to etter å ha tapt ein kamp mot Balzers frå Liechtenstein med 3-1.
    Dette laget viste seg å vere betre enn Bergsøy, og Jarl Åge sitt mål blei berre eit trøystemål.
    I neste kamp mot Skeid blei det andre bollar, og ein 3-0 siger etter mål av Erling Sundal, Tor Arne Voldsund og Geir Sandnes.
    Så blei det også kamp mot New Jersey frå USA der ein uavgjort var nok til å gå til A-sluttspel. Det blei ein ny 3-0 siger etter mål av Arild Kvalsund,
    Jarl Åge Vågsholm og Geir Sandnes.
    Det vesttyske laget Buckenberg slo Bergsøy ut med 4-1 i neste kamp, der trøystemålet blei scora av Geir Sandnes på straffespark. Dermed var Bergsøy sin første historiske deltaking i Dana-Cup over.

Handball 1992/93

    Jarl Åge Vågsholm var ikkje ferdig med handballen enda. I 1992 var det duka for lokaloppgjer i 3.divisjon mellom Spjelkavik og Bergsøy.
    Det var venta at Nils Christian Nørvåg og Igor Terzic skulle være nøkkelpersonar for kvart sitt lag. Sannsynligvis skulle Bergsøy sette unge
    Jarl Åge Vågsholm som frimerke på Igor Terzic på same måte som laget hadde gjort mot Jaroslaw Tkaczyk på Rørvik.
    Bergsøy vann kampen 29-27 i det som skulle bli Gard Berge sitt gjennombrudd i Bergsøytrøya med 8 mål.
Handballkamp med Roald Johansen og Jarl Åge Vågsholm i 1992
   
      Bilde frå 1992 på handballbana, Roald Johansen og Jarl Åge Vågsholm.
    Bergsøy endte på 7.plass i 3.divisjon Handball Herrer sesongen 1992/93, og Jarl Åge Vågsholm spelte då ilag med Gard Berge, Jørn Remøy,
    Tor Sindre Steinsvik, Stig Vestnes og Adolf Espeseth for å nemne nokre.

A-lagsdebuten i 1993

    Debuten hans kom under Tor Meinseth si trenarperiode –
    der han som juniorspelar kom inn for Lasse Myrhol og var eit friskt pust i andre omgang. Han var også nær ved å score i debuten sin,
    men ballen spratt ned på målstreken, og ingen var der for å ta returen.
 
   «Jarl Åge har tidlegare vist seg som ein måltjuv - og i denne omgangen rakk han å bevise at dette er en kar Bergsøy vil få mykje glede av i framtida. Rask og løpsvillig og en evne til å finne dei rette posisjonane framfor mål."
(Vestlandsnytt etter Jarl Åge sin debut)
    Han scora tre mål på A-laget i sin debutsesong. Det første målet kom
    24.juni 1993 heime mot Vigra i ein 2-0 siger.
    Vestlandsnytt skreiv då at det var Jarl Åge Vågsholm sitt første mål i A-lagssamanheng, men at det heilt sikkert ikkje blir det siste.
    Det skulle dei få heilt rett i. Seinare i sesongen får Jarl Åge Vågsholm skryt for hardt spissarbeid på topp ilag med Nils Roger Paulsen i ein kamp mot Spjelkavik.
    «Årets funn, Rune Frantsen spelte nok en solid kamp på høgre back. Elles er det gledelig at unge Jarl Åge Vågsholm ser ut til å ha funne seg til rette, og er en typisk goal getter, og scoret også sitt første mål i A-lagssamanheng."
(Bergsøylegende Olaf Brathaug etter Vigrakampen)
    Etter 13 kampar i 1993 er Jarl Åge Vågsholm fast på A-laget frå 1994 sesongen og spelar dei 10 første kampane, og vi finn han ikkje på bana igjen
    før han kjem inn halvskada i sesongens siste kamp.
Bergsøy A-lagsstallen 1994
   
      Bergsøy A-lags stallen 1994.

Jubelsesongen 1995

    I 1995 finn vi Jarl Åge Vågsholm og Bergsøy i storform.
    Målscorarevna viste seg på topp der han scora 16 mål på 19 kampar og var dermed sterkt delaktig til at laget presterte opprykk til 3.divisjon.
    Dette er det meste ein spelar i Bergsøy har scora utan å bli toppscorar eit år, i og med at Arild Kvalsund scora 23 mål dette året.
    Jarl Åge hadde formtoppen ei god periode der han scora seks kampar på rad, totalt ni mål.
    Under ein av desse kampane der han scora to mål skreiv Bergsøys æresmedlem Olaf Brathaug slik i Pravda:
    «Han gav aldri opp. Hans siste kom ut av innsats. på vill flukt etter ballen. Forsvareren var først. Men Flis slengte frem sin gulltå like foran stolperota. Og pang blei det mål. Det minnet om en viss herr Teige sin tå i forne tider. Kjør på Flis. Du har farten som skal til."
(Bergsøylegende Olaf Brathaug)
    Sesongen endte med stor jubel, og Jarl Åge avslutta sesongen sterkt med scoringar også i dei tre siste kampane. Først for å sikre opprykket borte mot Harøy,
    deretter scora han to mål i siste heimekamp for å sikre at Tom Beddari måtte ta barten slik han hadde lova.
    Jarl Åge Vågsholm og Lasse Myrhol sikra deretter kretsmesterskapet med to mål kvar borte mot Hasundgot i ein 4-1 siger siste serierunde.
    Brathaug omtalte Jarl Åge som ein levande rev etter kampen. Ein som gøymer seg men som dukkar opp i umulige situasjonar og lagar mål i vanskelige posisjonar.
Opprykk til 3.divisjon i 1995
   
      Opprykk til 3.divisjon i 1995.
      Bak frå venstre: Fredrik Remøy, Kåre Arne Kvalsund, Nils Roger Paulsen, Torbjørn Leikanger, Arild Kvalsund, Lasse Myrhol,
      Arve Leine, Ronny Pål Kvalsvik, Erlend Eide Vike og trenar Tom Beddari.
      Framme: Vegard Fiksdal, Rune Frantsen, Frank Kopperstad Skorpen, Tony Pettersen, Jarl Åge Vågsholm, Lars Ove Almestad,
      Olav Elias Torset, Lennart Garnes, Kristian Berge. Fremst: keeper Trond Bø.

1996–1998 – langtidsskade

    I 1996 var Jarl Åge ein del i militæret, men det blei 13 kampar likevel. Sesongane 1997 og 1998 blei derimot verre med, med to kampar i kvar sesong i vår statistikk.
    Preben Hestad og Jarl Åge Vågsholm fungerte bra saman på topp i treningskampane og scora jamnt og trutt i 1997,
    og dette fortsatte også da det blei alvor 16.april 1997 i årets første cupkamp mot Hareid.
    Bergsøy vann 4-1 mot Hareid der Jarl Åge Vågsholm og Preben Hestad scora to mål kvar.
    Men så fekk Jarl Åge eit skadeavbrekk, og blei sårt sakna i lengre tid. Til kampen mot Spjelkavik håpte trenarduoen Beddari/Prytz at hans løpskapasitet og vilje kunne være tilbake på plass.
    Men Jarl Åge Vågsholm si skade såg ikkje ut til å betre seg med det første, og Arild Kvalsund blei henta frå Ørsta for å dekke eit spissproblem i Bergsøy
    etter at også Lasse Myrhol hadde fått seg ein lyskestrekk.
Lagbilde 1996
     
Lagbilde 1996
Lagbilde 1997
     
Lagbilde 1997
    Det som starta så bra med mål på bana, endte med ein sesong utanfor sidelinja - og også før sesongstart 1998 var Jarl Åge omtala som uaktuell på grunn av langtidsskade.
    Det blei med to innhopp heilt mot slutten av denne sesongen på A-laget, og elles mest spel for Bergsøy2.

1999–2001 – tilbake som viktig brikke

    Dette snur seg i dei neste sesongane der han igjen vil bli ein viktig brikke for laget. Jarl Åge spelar 25 kampar i 1999 og 21 kampar i 2000.
Lagbilde 1999
Lagbilde 1999
Lagbilde 2000
Lagbilde 2000
Lagbilde 2001
     
Lagbilde 2001. Bak frå venstre: Trenar Jørn Manussen, Frank Sverre Skorpen, Roy Igesund, Frode Myrhol, Martin Molnberg, Arve Leine, Geir Sandnes, Jan Åge Torgersen, Børge Remøy og Arvid Kvalsund (Oppmann) Framme: Steffen kvalsund, Anders Per Vågsholm, Marvin Kopperstad, Knut Erik Håheim, Morten Reite, Tommy Ingebrigtsen, Christoffer Nilsen, Jarl Åge Vågsholm, Karl Bjarte Vike og Pål Andre Nerland.
    Sesongen 2000 starta med at Jarl Åge sendte Bergsøy i leiinga på Beckham-vis mot Skarbøvik i cupen, eit skot frå 25 meter som suste i hjørnet.
    Men Bergsøy tapte 3-1, og laget fortsatte med fleire dårlege resultat i starten og låg nest sist etter 11 runder og berre to sigerar.
    Jarl Åge hadde fleire viktige mål som var med på å halde Bergsøy over nedrykksstreken idet sesongen var over, totalt 8 mål.

Den ubesigra 2002-sesongen

    Jarl Åge opplevde opprykk i 1995 og var nærme på å klare det igjen i 2002. Det blei 22 seriekampar utan tap og eit seriomeisterskap i 3.divisjon der han scora 6 mål i løpet av sesongen. Ørsta er eit lag Bergsøy ofte har slitt mot, men Jarl Åge sine to mål mot Ørsta i seriens andre kamp var med på å sette standarden og flyten for resten av sesongen.
Bergsøy slår Ellingsøy 6-1 i 2002
     
Bergsøy slår Ellingsøy med 6-1 i 2002 sesongen. Jarl Åge scorar allereie etter 5 minutt. Frå venstre Rune Frantsen, Roy Igesund, Frank Skorpen og Jarl Åge Vågsholm
Bergsøy slår Hareid 4-2 i 2002
     
Bergsøy slår Hareid med 4-2 etter mål av Frank Sverre og Jarl Åge, samt godt keeperspel av Martin Løset
Feiring etter 2002-sesongen
   
      Bak frå venstre: Raymond Leine, Kristian Berge, Rune Frantsen, Frode Myrhol, Roy Igesund, Martin Molnberg,
      Mons Arne Kvalsvik, Trond Paulsen, Arve Leine, Jarl Åge Vågsholm, Anders Per Vågsholm, Steffen Kvalsund og Gudmund Hopen.
      Framme: Karl Bjarte Vike, Martin Løseth, Børge Remøy, Christoffer Nilsen, Anders Helsem Hoff, Knut Erik Håheim,
      Lars Conradi Andersen, Vegard Sævik, Frank Sverre Skorpen, Arild Kvalsund og Arvid Kvalsund.

2003–2005

    Jarl Åge Vågsholm var mykje skada i 2003 sesongen, og det blei med berre ein kamp. Men han blei ein viktig brikke i laget i 2004 og 2005 sesongane.
Brattvåg - Bergsøy 2-4 i 2004
     
2004. Brattvåg - Bergsøy 2-4. Jarl Åge Vågsholm spelte en god andre omgang og punkterte kampen med eit flott langskot som gjekk rett i krysset.
Bergsøy mot Godøy i 2004
     
2004. Målscorarane Jarl Åge og Anders Vaagen etter 2-1 mot Godøy
   
Bergsøy - Skarbøvik 5-3 i 2004
     
2004. Bergsøy slo Skarbøvik med 5-3 på Bergsøy Stadion. Jarl Åge Vågsholm scora det siste og avgjerande målet for å punktere kampen.
    2004 hadde fleire oppturar og gode resultat, mens 2005 sesongen blei ein tyngre sesong med kampen mot nedrykk.
    Jarl Åge sine energiske løp på kanten skulle bli viktig for å halde energien og håpet om ståplass.
    Med to mål heime mot Sykkylven og to mål heime mot Volda var han sterkt delaktig i å snu dei dårlege resultata og få Bergsøy til å berge plassen i 3.divisjon.
To mål mot Sykkylven i 2005
     
2005. Jarl Åge har scora to mål heime mot Sykkylven. Frå venstre Jarl Åge, Anders Hoff, Frank Skorpen og Christoffer Nilsen.
Siger mot Volda i 2005
     
2005. Våt kamp og vått bilde etter siger mot Volda. Frå venstre Marvin Kopperstad, Gustav Pettersen. Jarl Åge Vågsholm, Preben Hestad.

Den siste Bergsøykampen

    Det siste Jarl Åge Vågsholm gjorde i Bergsøydrakta på A-laget var å vere med på å sikre 3.divisjonskontrakta heime mot Stranda foran 106 tilskuarar i Huldalen 24.september 2005.
 
    Jarl Åge Vågsholm mot Stranda i 2005
   
      Jarl Åge Vågsholm mot Stranda i 2005 i sin siste Bergsøykamp.
    Jarl Åge Wågsholm fekk raudt kort og marsjordre mot slutten av den andre omgangen.
    Litt spesielt der altså, at det siste Jarl Åge gjorde i ei Bergsøydrakt var å bli utvist.
    Han var ueinig i eit Stranda-kast, men la likevel ballen rett ned på linja medan ordet "Homlepong" kom ut av lungene.
    Ronald Moen på sidelinja kunne etter kampen stadfeste av ballen aldri var ute av spel.
    Dommaren likte oppførselen dårleg, og forveksla homlepong med det meir aggressive horepong. Dermed direkte raudt kort til den normalt svært så avbalanserte venstrevingen.
    Litt ros må vi gi til dommaren sidan han etter kampen vedtok at han nok misoppfatta situasjonen, og det raude kortet blei omgjort til et gult.
Bergsøy sikrar plassen i 3.divisjon 2005
   
      Bergsøy sikrar plassen i 3.divisjon 2005 sesongen, og dette er det siste vi ser av Jarl Åge Vågsholm i Bergsøy på A-laget.
      Bak frå venstre: Tom Beddari, Kurt Åge Hauge, Gustav Pettersen, Magne Havnen, Steffen Moltu, Arve Leine,
      Steffen Kvalsund, Mons Arne Kvalsvik, Frank Skorpen, Lars Conradi Andersen, Christoffer Nilsen og Jarl Åge Vågsholm.
      Framme frå venstre: Kjell Alfred Otterlei, Per Ståle Nykrem, Arve Kvalsvik, Toni Sandanger, Preben Hestad,
      Mats Inge Teige, Marvin Kopperstad, Kjetil Paulsen.

Tjørvåg frå 2006

    Frå sesongen 2006 blei Jarl Åge Vågsholm å finne i Tjørvågdrakta som spelande trenar.
    Og i Tjørvåg har han vore sidan og gjort ein kjempejobb der. Jarl Åge Vågsholm er årets grasrottrenar på Sunnmøre i 2022. Vi gratulerer.
Tjørvåglaget 2008
   
      Tjørvåglaget 2008

Offisielle kamptal år for år, kampoversikt og registrerte kampar frå lagoppstillinga.

Målunivers: mål år for år, målsnitt, måltype, straffer, hattrick og scoringar mot lag/bane.

Bildearkiv knytt til spelaren.

Relaterte bilder
Født ca 1975
Lagbilde A-lag 1995
1995
Bak fra venstre: Geir Sandnes, Arild Kvalsund, Torbjørn Leikanger, Toni Pettersen, Ronny Pål Kvalsvik, Lasse Myrhol, Arve Leine, Tom Beddari, Kåre Arne Kvalsund. Framme: Jarl Åge Vågsholm, Knut Erik Håheim, Vegard Fiksdal, Frank Sverre Skorpen, Kristian Berge, Rune Frantsen. Fremst: Keeper Roger Wollan
Spelarmerittar utval frå registrerte kampar, mål, assist og kortprofil

Viktige kampar

Karriereprofil
162 av 176 92%
Resultatprofil
Siger, uavgjort og tap i registrerte kampar.
49% Sigerprosent
80Sigrar
21Uavgjort
61Tap
🆚 Motstandararkomplett liste
31 motstandarar registrert
166Kampar 57Mål 13Assist 5Gule 0Raude
Ha/No HN Ha/No
9 ⚽ 6 🅰️ 2 🟨 1 🟥 0
Volda V Volda
6 ⚽ 4 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Hasundgot H Hasundgot
4 ⚽ 4 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Sunnylven S Sunnylven
3 ⚽ 4 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Brattvåg B Brattvåg
9 ⚽ 3 🅰️ 2 🟨 0 🟥 0
Ellingsøy E Ellingsøy
8 ⚽ 3 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Hareid H Hareid
8 ⚽ 3 🅰️ 0 🟨 1 🟥 0
Vartdal V Vartdal
7 ⚽ 3 🅰️ 1 🟨 0 🟥 0
Vigra V Vigra
7 ⚽ 3 🅰️ 2 🟨 0 🟥 0
Skodje S Skodje
4 ⚽ 3 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Godøy G Godøy
3 ⚽ 3 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Spjelkavik S Spjelkavik
10 ⚽ 2 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Langevåg L Langevåg
8 ⚽ 2 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Ørsta Ø Ørsta
6 ⚽ 2 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Skarbøvik S Skarbøvik
4 ⚽ 2 🅰️ 1 🟨 0 🟥 0
Hovdebygda H Hovdebygda
3 ⚽ 2 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Ålesund2 Å Ålesund2
10 ⚽ 1 🅰️ 3 🟨 0 🟥 0
Valder V Valder
6 ⚽ 1 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Åram/Vankam ÅV Åram/Vankam
5 ⚽ 1 🅰️ 0 🟨 1 🟥 0
Hødd2 H Hødd2
5 ⚽ 1 🅰️ 0 🟨 1 🟥 0
Sykkylven S Sykkylven
4 ⚽ 1 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Harøy H Harøy
3 ⚽ 1 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Hundeidvik H Hundeidvik
3 ⚽ 1 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Hessa H Hessa
2 ⚽ 1 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
VRF V VRF
10 ⚽ 0 🅰️ 1 🟨 0 🟥 0
Stranda S Stranda
8 ⚽ 0 🅰️ 1 🟨 1 🟥 0
Fjørtoft F Fjørtoft
3 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Aksla A Aksla
2 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Blindheim B Blindheim
2 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Herd H Herd
2 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Stordal S Stordal
2 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Første lagoppstilling / mål
Kampnr 727:
Første mål:
Kampnr 734:
(Alder: 18 år 2 mnd)
Siste lagoppstilling / mål
Kampnr 1025:
Siste mål:
Kampnr 1021:
(Alder: 30 år 4 mnd)
Utmerkingar og roller
©️
2
Kampar som kaptein
5
Banens beste-prisar
🅰️
13
Assist registrert
🎩
1
Hattrick
🧤
0
Kampar som keeper
Kampkontroll
Offisielle kampar og registrerte lagoppstillingar samla utan målstatistikk.
📅
176
Kampar totalt
👥
162
Registrert frå lagoppstilling
🏟️
157
Seriekampar
🏆
5
Cupkampar
🎖️
0
KM + kvalik
Målkontroll
Her samlar vi alt som handlar om scoringar, fordeling og effektivitet.
57
Mål totalt
Snitt pr. kamp: 0,32
🏟️
54
Seriemål
Snitt pr. seriekamp: 0,34
🏆
3
Cupmål
Snitt pr. cupkamp: 0,60
🎖️
0
KM + kvalik-mål
Eige cup-/kvalikspor
Kampstatistikk
Kampar
162
Starta
133
Innbytter
29
Vunne
80
49%
Uavgjort
21
13%
Tapt
61
38%
Kampar år for år
K viser dei offisielle kampane som er brukte i totalen og adelskalenderen.
13
1993
11
1994
19
1995
13
1996
3
1997
2
1998
25
1999
21
2000
10
2001
18
2002
1
2003
19
2004
21
2005
176Kampar totalt
25Beste kampår · 1999
13Sesongar med registrering
Mål år for år
Viser registrerte mål per sesong/år for spelaren.
3
1993
1994
16
1995
3
1996
2
1997
1998
7
1999
9
2000
4
2001
6
2002
2003
3
2004
4
2005
57Mål totalt
16Beste målår · 1995
13Sesongar med registrering
Kampar og mål år for år
Kombinert oversikt for karrieren: grønt viser kampar, blått viser mål. Same sesonglogikk som kamp- og målgrafane.
KamparMål
133
1993
11
1994
1916
1995
133
1996
32
1997
2
1998
257
1999
219
2000
104
2001
186
2002
1
2003
193
2004
214
2005
176Kampar totalt
57Mål totalt
0,32Mål per kamp
57 Totalt mål
22 Spelemål/skudd 39%
2 Headingar 4%
1 Frispark 2%
0 Straffer 0%
25 Mål med hending 44%
Korleis og når måla kom
Alle mål frå kampdata. Type og tidspunkt blir fylt ut der hending er registrert.

Måltype

Spelemål/skudd2239%
Heading24%
Frispark12%

Tidspunkt i kampen

0–15
6
16–30
1
31–45
6
46–60
4
61–75
3
76–90+
5
Ukjent
32
Målliste
Komplett frå kampdata. Hendingar legg til minutt, type, stilling og beskriving.
DatoKampResultatMin.TypeStillingBeskrivelse
2005-08-30 Bergsøy – Volda 3-1
2005-08-30 Bergsøy – Volda 3-1
2005-07-01 Bergsøy – Sykkylven 4-3
2005-06-17 Bergsøy – Spjelkavik 1-2
2004-09-03 Bergsøy – Skarbøvik 5-3
2004-08-31 Brattvåg – Bergsøy 2-4
2004-08-27 Bergsøy – Godøy 2-1
2002-08-31 Bergsøy – Hareid 4-2 54 Spelemål/skudd 3-1 Snappar ballen og rundar keeper — dribla_keeper
2002-08-17 Ha/No – Bergsøy 2-3 89 Spelemål/skudd 2-3 Klabb og babb — skudd
2002-08-10 Bergsøy – Ellingsøy 6-1 5 Spelemål/skudd 1-0 Satte inn returen — skudd
2002-05-20 Bergsøy – Ha/No 6-0 24 Spelemål/skudd 1-0 Klabb og babb i feltet — moljespel · 7 m
2002-05-03 Bergsøy – Ørsta 3-1 80 Spelemål/skudd 3-1
2002-05-03 Bergsøy – Ørsta 3-1 1 Spelemål/skudd 1-0 skudd
2001-06-26 Brattvåg – Bergsøy 4-3 74 Frispark 2-2 Var på plass etter en frisparksituasjon — skudd
2001-06-22 Bergsøy – Vigra 3-1 65 Spelemål/skudd 3-0 Satte inn eit innlegg — skudd
2001-06-12 Bergsøy – Volda 6-1 88 Spelemål/skudd 6-1 Et fint angrep — skudd
2001-06-12 Bergsøy – Volda 6-1 57 Spelemål/skudd 3-0 Satte inn ein retur — skudd · 10 m
2000-09-17 Ellingsøy – Bergsøy 3-3 68 Spelemål/skudd 2-2 Jarl Åge satte inn returen — skudd
2000-09-01 Ålesund2 – Bergsøy 2-5 40 Heading 1-2 Frank nikka ballen på sølvfat til hodet til Jarl Åge — heading
2000-08-26 Ha/No – Bergsøy 6-5 8 Spelemål/skudd 0-2 Auka i ein frisk offansiv — skudd
2000-08-18 Bergsøy – Vigra 4-3 45 Spelemål/skudd 2-3 Breisida ballen imål — skudd
2000-07-15 Bergsøy – Hødd2 3-1 48 Spelemål/skudd 2-0 Satte inn returen frå 6 meter — skudd · 6 m
2000-07-08 Sunnylven – Bergsøy 2-5 38 Spelemål/skudd 1-2 Sette ballen i ope mål — skudd
2000-06-30 Brattvåg – Bergsøy 3-1 39 Spelemål/skudd 2-1 Volley kontant i nettet — volley
2000-05-27 Bergsøy – Ha/No 4-4 79 Spelemål/skudd 4-4 Satte ballen beherska i nettet — skudd
2000-04-26 Bergsøy – Skarbøvik 1-3 35 Spelemål/skudd 1-0 Dempa på brøstet og plasserte på volley i hjørnet frå 18 meter — volley · 18 m
1999-09-25 Bergsøy – Hasundgot 2-1
1999-08-31 Skodje – Bergsøy 2-8
1999-08-31 Skodje – Bergsøy 2-8
1999-08-31 Skodje – Bergsøy 2-8
1999-07-07 Bergsøy – Ha/No 5-1
1999-07-03 Bergsøy – Åram/Vankam 5-2
1999-06-26 Bergsøy – Langevåg 2-0
1997-04-16 Bergsøy – Hareid 4-1
1997-04-16 Bergsøy – Hareid 4-1
1996-09-21 Langevåg – Bergsøy 4-1 2 Heading 0-1 Headding etter corner — heading
1996-08-17 Bergsøy – Valder 4-0
1996-08-04 Bergsøy – Vartdal 4-0
1995-09-30 Hasundgot – Bergsøy 1-4
1995-09-30 Hasundgot – Bergsøy 1-4
1995-09-23 Bergsøy – Hovdebygda 6-1
1995-09-23 Bergsøy – Hovdebygda 6-1
1995-09-16 Harøy – Bergsøy 3-5 1 Spelemål/skudd 0-1 lobb
1995-08-17 Bergsøy – Ellingsøy 3-1 85 Spelemål/skudd 3-1 skudd
1995-08-17 Vartdal – Bergsøy 1-5 37 Spelemål/skudd 0-4 lobb · 25 m
1995-08-17 Vartdal – Bergsøy 1-5 15 Spelemål/skudd 0-1 skudd · 7 m
1995-08-12 Bergsøy – Godøy 6-1
1995-08-12 Bergsøy – Godøy 6-1
1995-08-05 Sunnylven – Bergsøy 1-7
1995-08-05 Sunnylven – Bergsøy 1-7
1995-07-06 Bergsøy – Hessa 6-0
1995-06-29 Bergsøy – Hasundgot 1-1
1995-05-25 Hundeidvik – Bergsøy 0-6
1995-04-29 Bergsøy – Sunnylven 4-0 60 Spelemål/skudd 3-0 skudd
1993-08-26 Bergsøy – Spjelkavik 1-2
1993-08-21 Ha/No – Bergsøy 7-2
1993-06-24 Bergsøy – Vigra 2-0
Mål mot motstandarar
Kven spelaren har scora mest mot.
Motstandar
Ha/No HN Ha/No
⚽ 6 🅰️ 2 9
Volda V Volda
⚽ 4 🅰️ 0 6
Hasundgot H Hasundgot
⚽ 4 🅰️ 0 4
Sunnylven S Sunnylven
⚽ 4 🅰️ 0 3
Brattvåg B Brattvåg
⚽ 3 🅰️ 2 9
Ellingsøy E Ellingsøy
⚽ 3 🅰️ 0 8
Hareid H Hareid
⚽ 3 🅰️ 0 8
Vartdal V Vartdal
⚽ 3 🅰️ 1 7
Vigra V Vigra
⚽ 3 🅰️ 2 7
Skodje S Skodje
⚽ 3 🅰️ 0 4
Godøy G Godøy
⚽ 3 🅰️ 0 3
Spjelkavik S Spjelkavik
⚽ 2 🅰️ 0 10
År for år – offisielle tal og lagoppstilling

K er offisielle kampar brukte i totalen. 👥 er kampar registrerte frå lagoppstilling i kampreferata.

År K 👥 🟨 🟥
2005 21 21 4 1 0
2004 19 19 3 0 0
2003 1 1 0 0 0
2002 18 17 6 1 0
2001 10 10 4 0 0
2000 21 21 9 1 0
1999 25 13 7 1 0
1998 2 2 0 0 0
1997 3 3 2 1 0
1996 13 12 3 0 0
1995 19 19 16 0 0
1994 11 11 0 0 0
1993 13 13 3 0 0
Sum 176 162 57 5 0
Kamper (lagoppstilling)
🕒 👥 ℹ️
2005
09-24
Bergsøy - Stranda 3-1 🟨 1
2005
09-17
Spjelkavik - Bergsøy 2-3
2005
09-09
Bergsøy - Ørsta 2-2
2005
09-02
Skarbøvik - Bergsøy 2-1
2005
08-30
Bergsøy - Volda 3-1 ⚽ 2
2005
08-26
Valder - Bergsøy 2-0
2005
08-19
Bergsøy - Blindheim 6-4
2005
08-12
Ålesund2 - Bergsøy 8-0
2005
08-06
Langevåg - Bergsøy 3-2
2005
07-01
Bergsøy - Sykkylven 4-3 ⚽ 1
2005
06-24
Hareid - Bergsøy 4-0
2005
06-21
Stranda - Bergsøy 2-2
2005
06-17
Bergsøy - Spjelkavik 1-2 ⚽ 1
2005
06-11
Ørsta - Bergsøy 3-2
2005
05-27
Bergsøy - Valder 3-5
2005
05-20
Blindheim - Bergsøy 4-2
2005
05-13
Bergsøy - Ålesund2 1-6
2005
05-07
Bergsøy - Langevåg 3-4
2005
04-30
Sykkylven - Bergsøy 5-1
2005
04-22
Bergsøy - Hareid 2-3
2005
04-15
Valder - Bergsøy 3-0
2004
09-25
Langevåg - Bergsøy 0-1
2004
09-18
Bergsøy - Valder 2-5
2004
09-10
Hødd2 - Bergsøy 3-4
2004
09-03
Bergsøy - Skarbøvik 5-3 ⚽ 1
2004
08-31
Brattvåg - Bergsøy 2-4 ⚽ 1
2004
08-27
Bergsøy - Godøy 2-1 ⚽ 1
2004
08-17
Bergsøy - Sykkylven 1-3
2004
08-13
Ålesund2 - Bergsøy 2-3
2004
08-06
Bergsøy - Ørsta 4-4
2004
06-18
Valder - Bergsøy 4-0
2004
06-11
Bergsøy - Hødd2 8-1
2004
06-08
Skarbøvik - Bergsøy 1-1
2004
06-04
Bergsøy - Brattvåg 3-0
2004
05-29
Godøy - Bergsøy 3-1
2004
05-21
Bergsøy - Hareid 0-3
2004
05-16
Sykkylven - Bergsøy 3-3
2004
05-07
Bergsøy - Ålesund2 2-3
2004
04-30
Ørsta - Bergsøy 2-1
2004
04-23
Bergsøy - Spjelkavik 2-0
2003
05-10
Bergsøy - Hareid 4-0
2002
09-06
Stordal - Bergsøy 2-3
2002
08-31
Bergsøy - Hareid 4-2 ⚽ 1
2002
08-27
Brattvåg - Bergsøy 1-2
2002
08-24
Bergsøy - VRF 2-1
2002
08-17
Ha/No - Bergsøy 2-3 ⚽ 1
2002
08-10
Bergsøy - Ellingsøy 6-1 ⚽ 1
2002
07-06
Ørsta - Bergsøy 3-4
2002
07-02
Bergsøy - Vigra 3-2
2002
06-28
Volda - Bergsøy 1-1
2002
06-08
Bergsøy - Stordal 2-0
2002
06-04
Hareid - Bergsøy 0-1
2002
05-25
VRF - Bergsøy 2-2
2002
05-20
Bergsøy - Ha/No 6-0 ⚽ 1 🟨 1
2002
05-11
Ellingsøy - Bergsøy 0-4
2002
05-03
Bergsøy - Ørsta 3-1 ⚽ 2
2002
04-27
Vigra - Bergsøy 2-4
2002
04-21
VRF - Bergsøy 2-1
2001
09-22
Bergsøy - Brattvåg 3-2
2001
09-04
Volda - Bergsøy 6-2
2001
08-25
Stranda - Bergsøy 1-2
2001
08-14
Bergsøy - Åram/Vankam 3-0
2001
08-04
Bergsøy - Ha/No 2-0
2001
06-26
Brattvåg - Bergsøy 4-3 ⚽ 1
2001
06-22
Bergsøy - Vigra 3-1 ⚽ 1
2001
06-15
Ålesund2 - Bergsøy 1-2
2001
06-12
Bergsøy - Volda 6-1 ⚽ 2
2001
04-27
Bergsøy - VRF 2-0
2000
09-23
Bergsøy - Brattvåg 1-4
2000
09-17
Ellingsøy - Bergsøy 3-3 ⚽ 1
2000
09-08
Bergsøy - Volda 3-3
2000
09-01
Ålesund2 - Bergsøy 2-5 ⚽ 1
2000
08-29
Bergsøy - VRF 1-2
2000
08-26
Ha/No - Bergsøy 6-5 ⚽ 1
2000
08-18
Bergsøy - Vigra 4-3 ⚽ 1
2000
08-15
Åram/Vankam - Bergsøy 1-0 🟨 1
2000
08-12
Bergsøy - Langevåg 1-3
2000
07-15
Bergsøy - Hødd2 3-1 ⚽ 1
2000
07-08
Sunnylven - Bergsøy 2-5 ⚽ 1
2000
06-30
Brattvåg - Bergsøy 3-1 ⚽ 1
2000
06-24
Bergsøy - Ellingsøy 4-3
2000
06-12
Volda - Bergsøy 2-2
2000
06-09
Bergsøy - Ålesund2 1-2
2000
06-03
VRF - Bergsøy 6-1
2000
05-27
Bergsøy - Ha/No 4-4 ⚽ 1
2000
05-19
Vigra - Bergsøy 3-1
2000
05-13
Bergsøy - Åram/Vankam 0-2
2000
05-08
Langevåg - Bergsøy 7-0
2000
04-26
Bergsøy - Skarbøvik 1-3 ⚽ 1
1999
09-25
Bergsøy - Hasundgot 2-1 ⚽ 1
1999
08-31
Skodje - Bergsøy 2-8 ⚽ 3
1999
07-03
Bergsøy - Åram/Vankam 5-2 ⚽ 1
1999
06-26
Bergsøy - Langevåg 2-0 ⚽ 1
1999
06-18
Ålesund2 - Bergsøy 1-0
1999
06-11
Bergsøy - Brattvåg 4-0
1999
06-08
Stranda - Bergsøy 3-0
1999
06-04
Bergsøy - Skodje 5-0
1999
05-21
Hødd2 - Bergsøy 0-1 🟨 1
1999
05-15
Bergsøy - Spjelkavik 0-2
1999
05-08
Ellingsøy - Bergsøy 3-1
1999
05-02
Bergsøy - VRF 2-1
1999
04-10
Åram/Vankam - Bergsøy 4-3
1998
09-12
Spjelkavik - Bergsøy 6-1
1998
08-28
Stranda - Bergsøy 2-1
1997
05-09
Bergsøy - Spjelkavik 5-1
1997
04-25
Bergsøy - Ålesund2 1-2
1997
04-16
Bergsøy - Hareid 4-1 ⚽ 2 🟨 1
1996
09-14
Bergsøy - Aksla 2-2
1996
08-30
Bergsøy - Hareid 0-1
1996
08-24
VRF - Bergsøy 1-1
1996
08-20
Stranda - Bergsøy 1-2
1996
08-17
Bergsøy - Valder 4-0 ⚽ 1
1996
08-10
Spjelkavik - Bergsøy 0-4
1996
08-04
Bergsøy - Vartdal 4-0 ⚽ 1
1996
07-06
Hødd2 - Bergsøy 2-0
1996
06-29
Bergsøy - Langevåg 4-2
1996
05-25
Bergsøy - Stranda 1-0
1996
05-11
Bergsøy - Spjelkavik 4-1
1996
05-04
Vartdal - Bergsøy 3-0
1995
09-30
Hasundgot - Bergsøy 1-4 ⚽ 2
1995
09-23
Bergsøy - Hovdebygda 6-1 ⚽ 2
1995
09-16
Harøy - Bergsøy 3-5 ⚽ 1
1995
09-07
Bergsøy - Skodje 0-1
1995
09-02
Stranda - Bergsøy 0-1
1995
08-24
Bergsøy - Hundeidvik 3-0
1995
08-17
Bergsøy - Ellingsøy 3-1 ⚽ 1
1995
08-17
Vartdal - Bergsøy 1-5 ⚽ 2
1995
08-12
Bergsøy - Godøy 6-1 ⚽ 2
1995
08-05
Sunnylven - Bergsøy 1-7 ⚽ 2
1995
07-06
Bergsøy - Hessa 6-0 ⚽ 1
1995
06-29
Bergsøy - Hasundgot 1-1 ⚽ 1
1995
06-22
Hovdebygda - Bergsøy 1-3
1995
06-08
Skodje - Bergsøy 1-3
1995
05-25
Hundeidvik - Bergsøy 0-6 ⚽ 1
1995
05-18
Ellingsøy - Bergsøy 0-1
1995
05-11
Bergsøy - Vartdal 2-3
1995
04-29
Bergsøy - Sunnylven 4-0 ⚽ 1
1995
04-20
Hessa - Bergsøy 1-1
1994
10-01
Ha/No - Bergsøy 6-2
1994
06-19
Fjørtoft - Bergsøy 3-3
1994
06-09
Bergsøy - Vigra 5-4
1994
06-02
Hundeidvik - Bergsøy 4-1
1994
05-29
Harøy - Bergsøy 1-1
1994
05-26
Bergsøy - Hovdebygda 4-1
1994
05-19
Herd - Bergsøy 1-1
1994
05-12
Bergsøy - Ellingsøy 1-2
1994
05-05
VRF - Bergsøy 1-0
1994
04-28
Bergsøy - Hasundgot 2-0
1994
04-23
Vartdal - Bergsøy 5-2
1993
09-19
Bergsøy - Fjørtoft 1-1
1993
09-12
VRF - Bergsøy 3-3
1993
09-02
Bergsøy - Aksla 0-6
1993
08-26
Bergsøy - Spjelkavik 1-2 ⚽ 1
1993
08-21
Ha/No - Bergsøy 7-2 ⚽ 1
1993
08-12
Vartdal - Bergsøy 3-3
1993
07-01
Herd - Bergsøy 5-0
1993
06-24
Bergsøy - Vigra 2-0 ⚽ 1
1993
06-19
Fjørtoft - Bergsøy 4-3
1993
06-03
Spjelkavik - Bergsøy 3-1
1993
05-29
Bergsøy - Ha/No 4-3
1993
05-20
Harøy - Bergsøy 3-0
1993
05-13
Bergsøy - Vartdal 1-0