Alle profilaneMenneska

Oversikt over kven spelaren er, historisk status, form og motstandarar.

Biografi Bergsøy-historia
Les også: Stjerneprofilen til Ola Goksøyr Den store historia →

Æresmedlem i Bergsøy IL

09.08.1925 blei det født eit tvillingpar på fylkessjukehuset i Molde. Ein gut som fekk namnet Ole Elias, og ei jente med namn Maren Oluffa.

        Foreldre var Olav Olsen Goksøyr og Teodora Martinusdatter (fødd Runde) som busette seg på Goksøyr bruksnummer 1.

        Trass namnet i kyrkjebok og sogebøker fortset vi å skrive Ola Goksøyr vidare i teksta.

Ola var ein av støttespelarane på Bergsøy det første tiåret i klubbens historie trass i at han måtte ta båt frå Runde til trening og kamp.

        I mai 1961 fekk han overrekt blomster av styremedlem Petter K. Pettersen for 250 Bergsøykampar ifølgje

        denne artikkelen frå SA.

  Avisutklipp og bilder

Ola spelte A-kampar
Ola spelte A-kampar
Foto: Per Moltu
Foto: Per Moltu
Foto: Harald Thorseth
Foto: Harald Thorseth
Foreldre
Foreldre

Kampreferat Ola 1960-talet
Kampref Ola 1960-talet
Første friidrettsstemne
Første friidrettsstemne
Tidleg Bergsøylag
Tidleg Bergsøylag

  Guide på Runde

    Som oppvaksen på Goksøyra starta Ola tidleg å klatre i fuglefjellet, og visste etter kvart nøyaktig kvar alle dei forskjellige fugleartane hekka.

    Dette var kunnskap han seinare skulle få god nytte av som aktiv guide på Runde gjennom 40 år. Fleire har vore turguidar på Runde gjennom tida,

    men Ola Goksøyr, Jakob Runde og Georg Runde var dei første i tralten.

    Ola starta i midten av 1950-åra og fortsette heilt til etter 1992-sesongen, der sesongen med hardkjøret var frå mai til ut august,

    kanskje med 3–4 turar per dag.

«Som vanlig ble vi møtt av Ola Goksøyr da vi kom i land fra ferja, med smilende ansikt, hvit lue og rød busserull tok han imot oss.»

Frå reportasje i Tidens Krav 19. september 1981

    Fyrste tida rodde han turistane i ein færing og guida trass noko språkvanskar.

    Etter kvart utvikla det seg, Ola lærte både engelsk og tysk samtidig som færingen blei til ei snekke.

    Språk var sjølvsagt viktig å kunne når nysgjerrige turistar ville spørje både om Akerendam, Rundeskattar og mynten frå Rundeskatten som Ola hadde hengande rundt halsen.

    Ola var lommekjent i kvar ei krå av Rundabranden, og tok turistane med inn i den store grotta med snekka si – til stor oppleving for alle.

    Ei terne prøvde seg ein gong å hekke i livbøya om bord i båten til Ola Goksøyr, men ettersom båten var i dagleg bruk måtte egget fjernast.

Ola som guide i båt
(Bildet: Frå Tidens Krav 19. september 1981. Bildet viser Ola Goksøyr om bord i båten i lag med turistar.)

    Fleire skildra dei guida turane som ein fantastisk oppleving. Tusenvis av fuglestruper skalv i lufta, og svermar av fuglar dansa.

    Stemma til Ola Goksøyr som undervegs forklarte alt det fantastiske var ei stemme som like mykje høyrdest heime i området som fuglane gjorde.

    To av kjendissane han tok med på guida tur var Rune Bratseth og Jan Åge Fjørtoft, som begge tidlegare hadde vore landslagskapteinar i fotball.

    Idet han starta turen slo Ola fast at: «Her om bord er det eg som er kapteinen!» (ref. Per Moltu).

Ola på framsida av bok
(Bildet: På 1960-talet var Ola Goksøyr i Tyskland og studerte tysk, noko som sjølvsagt var til god hjelp som turistguide.

    Ola fekk då kontakt med professor Fritz Steiniger som var direktør i eit museum i Hannover, og han gav i 1972 ut boka «Reise nach Runde».

    På framsida av boka er det bilete av Ola Goksøyr.)

«Møter man en brunbarket og værbitt kar – tettbygd og spenstig som en tyveåring, og kjapp i replikken – kan man være sikker på at det er fuglemannen Ola Goksøyr. Det er ingen overdrivelse at han lever og ånder for fuglene.»

  Fotball på Goksøyra

    Rundt konfirmasjonsalderen starta gutane på Goksøyra å stable på plass eit fotballag, og Ola var kaptein på laget.

    Fotballsentrum var denne tida skuleplassen ved Myklebust skule, og tidleg i leiken var det ein kamp idet eit samansett lag av spelarar frå Runde og Goksøyra spelte mot Fosnavåg.

    Ola Goksøyr fortel:

    «Eg var sjefen for Rundegjengen. Vi syntest vi hadde nådd eit slikt høgt fotballnivå på Runde at vi var modne for større oppgåver enn å spele mot kvarandre.

    Vi hadde høyrt at det skulle vere eit bra lag i Fosnavåg, og at sjefen deira var ein Peder Worren. Eg ringte han og avtala kamp.

    Vi møtte opp på skuleplassen med ei optimistisk innstilling og ei klar formeining om at vi skulle ta rotta på fosnavågarane.

    Men vi kom raskt ned på jorda. Runde/Goksøyra fekk seg ein skikkeleg baksmell. Vi tapte heile 2–12.»

«Tre mann! Som jeg personlig synes kommer svært høyt: Brødrene Kåre og Øystein Botn, sammen med Ola Goksøyr.»

Pit nemner dei han meiner var dei tre viktigaste i BIL sine første 32 år

    Ola fortel vidare:

    «No var vi kanskje ikkje så dårlege som resultatet kan tyde på. Frå Runde kom glimrande spelarar som tvillingbrørne Per og Inge Ervik, for ikkje å snakke om Hans Ottesen.

    Øystein Østensen Goksøyr var eit stortalent. Eg trur vi hadde like godt mannskap som fosnavågarane, men på Runde brukte vi å spele på gras.

    Vi var så visst ikkje eit grusbane-lag. Skuleplassen ved Myklebust skule var så hard at teknikken vår ikkje kom til sin rett.

    Dessutan var ballen vi nytta så knallhard at vi fekk problem. Det var slik ein voldsom og merkeleg sprett i han.

    Om Peder Worren & Co hadde pumpa ballen ekstra hard for at han skulle sprette slik han gjorde, eller gjort anna lureri, veit eg ikkje.

    Men i ettertid har eg aldri sett ein ball oppføre seg slik som denne. For oss unge rundeværingane så var dette eit mysterium.

    Det var ein slukøra gjeng som seinare på dag fór ut Holmefjorden med kurs for heimleg farvatn.»

  Bergsøyspelaren Ola Goksøyr

    Etter kampen mellom Goksøyr/Runde og Fosnavåg kom Peder Worren og ville prate med Ola Goksøyr.

    «Han sa at han hadde lagt merke til at eg hadde scora begge måla til Runde/Goksøyra. Peder meinte eg hadde potensial som fotballspelar,

    og at eg derfor kunne verte ein bra mann for fotballaget i Fosnavåg, eller kanskje var det Bergsøy Idrettslag han hadde i tankane.

    Det vart i alle fall oppretta kontakt imellom oss, og frå 1945 til 1965 var eg fast inventar på fotballaget til Bergsøy.

    Eg fekk spele både i dei grøne og dei raude og kvite draktene dei åra eg var med i klubben. Det var ei utruleg rik tid for meg.

    I Bergsøy Idrettslag vart eg frå fyrste dag godt motteken. For meg som budde ute i Goksøyra var det stort å kome inn i dette miljøet.

    Eg vart kjent med mykje folk og fekk mange gode vener. Somme av dei er mine beste vener den dag i dag», fortel Ola Goksøyr.

Jubileumsfest 1969
(Bildet: Frå Bergsøy sin 25-årsfest i 1969. Åsmund Myklebust og Ola Goksøyr får sølvpokal for passerte 100 kampar.

    Gunnar Kjelstadli og Sverre Botn for 125 kampar og Sigmund Paulsen for 150 kampar.)

    I Vestlandsnytt har det stått at Ola Goksøyr har spelt 275 kampar for Bergsøy, men dette får vi ikkje til å stemme.

    Frå den første kampen i 1952 og ut 1963-sesongen er det likevel ikkje mange kampane Ola står over. Opptellinga på denne tidlege Bergsøy-perioden viser 137 kampar.

    Vi har ikkje statistikk for 1964, medan han ikkje er oppført med nokon kampar i årsrapporten for 1965.

    Ola hadde det ikkje alltid like lett å kome til kamp, og spesielt til bortekamp var det ofte travelt.

    Idet Bergsøy kom tilbake til Fosnavåg var det fortsatt lenge til Ola kom seg heim, for då måtte han nytte snekka si for å kome seg vidare til Runde hamn.

    Så sykla han derifrå til Goksøyra. I dårleg ver var foreldra ofte bekymra heime medan dei venta.

«Det mest benytta lag i denne perioden var Finn Voldnes, Nils V. Pettersen, Leif Pettersen, Sigmund Paulsen, Jon Ertesvåg, Peder P. Worren, Petter J. Pettersen, Erik Løfoll, Knut Nilsen, Ola Goksøyr og Sverre Botn.»

Bergsøy sin første seriespel-sesong i 1952

  Friidrettsmannen Ola Goksøyr

    Ola var tidleg aktiv også som friidrettsutøvar, og var med i fleire konkurransar.

    På det første friidrettsstemnet som Bergsøy arrangerte i 1957 var Ola Goksøyr med som deltakar og sprang 1500 meter.

    Han vann framfor Dagfinn Nupen frå Ørsta.

    Og med åra blei det stadig fleire løp og premiar for si deltaking.

Resultat 5000 m 1955
(Bildet: Resultat 5000 meter i 1955, Ola sprang på 17.07.06)

    Ola sleit ut mange joggesko, noko premieskapet vitnar om. 10 kilometer annakvar dag var gjerne treninga.

    18 gongar per år deltok han i løpet «Snipsørvatnet rundt» på Hareid, og beste tida hans vi har notert var 52:26 minutt.

    Han var vidare med i Geiranger halvmaraton 5–6 gongar.

    Imponerande var det då han blei klappa i mål under løpet «Grimstadvatnet rundt» for 50. gong på rad i desember 1997.

    Men han gav seg ikkje med det. I 2000 passerte friidrettsentusiasten 60 gongar deltaking på dette løpet, og totalt blei det om lag 80 gongar.

    I klasse 75–79 år hadde Ola også lenge klasserekorden på halvmaraton i «Nordvest Maraton».

    I 1982 kom Rundebrua, og Ola hadde eit veddemål om at om det ein gong skulle kome bru til Runde så skulle han gå til Fosnavåg og tilbake.

    Dette gjorde han, og gjennomførte dei 42 kilometerane i god stil. Dette blei opphavet til Rundemarsjen som lenge var populær turmarsj.

    At Ola var ein stor idrettsmann, understrekast med at han også var med i «Fakkelstafetten» til OL i Lillehammer i 1994.

    Fakkelen gjekk landet rundt frå 27. november 1993 til 12. februar 1994, og på strekninga frå Ørsta til Ålesund var Ola Goksøyr ein av dei som sprang langs vegane med fakkelen.

    Ola tok imot fakkelen etter at ferja kom til Eiksund med elden ein tysdag føremiddag, og han og John Langeland la i veg den første etappen mot Ulsteinvik.

«Plasseringa i løpa er ikkje det viktige. Det viktige er gleda ved å delta.»

Ola Goksøyr var med i friidrettsmiljøet i Bergsøy frå ung alder

Nokre resultat vi har funne fram:

  • 5000 meter: 17.38,2 minutt (1957)
  • 3000 meter: 9.55,6 minutt (1957)
  • 10 000 meter: 47.17,5 minutt
  • Nordvestmaraton halvmaraton: 1.37.58 minutt (1992)
  • Siger KM terrengløp i 1992 (aldersgruppe 65–69 år)
  • Geiranger halvmaraton: 2.53.25 minutt (aldersgruppe 70–74 år i 1998)
  • Bergsøyløpet 5 km: 33.45 minutt (aldersgruppe 75–79 i 2003)

  Avrunding

Vestlandsnytt 2002
Vestlandsnytt 2002

    Etter at han pensjonerte seg som turguide var Ola fortsatt svært aktiv både med båt og som turistførar til fjells.

    Om han ikkje guida, spelte fotball eller sprang maraton, så hadde han interesser i båt, fjell og foto.

    Han viste fram eigne gode bilete av Runde ved fleire tilstelningar. Stjernekikkert brukte han flittig.

    Han drog i lag med turkameraten Per Pareliussen på dei fleste fjelltoppar på Sunnmøre, og dei var begge i ei årrekkje friidrettstrenarar i Bergsøy.

    Faktisk var Ola lengre aktiv som friidrettsutøvar enn han var fotballspelar i Bergsøy IL.

    Ola blei buande på Goksøyr heile livet. 6. april 2012 døydde han, nær 87 år gammal.

Referansar

  • Artiklar av Harald Thorseth og Per Moltu
  • Avisutklipp, avisartiklar og anna Bergsøymateriale, mellom anna frå vårt eige
  • Mathias-arkiv
  • .
  • Sogebok, kyrkjebok (Digitalarkivet)
  • Bøkene: «Fakkelstafetten» (1995), «Runde: fugleøya på 62 grader N»
  • Google

Offisielle kamptal år for år, kampoversikt og registrerte kampar frå lagoppstillinga.

Målunivers: mål år for år, målsnitt, måltype, straffer, hattrick og scoringar mot lag/bane.

Bildearkiv knytt til spelaren.

Relaterte bilder
Bergsøy - Valder 3-1
1960
Lagbilde A-lag Slutten av 1950-tallet
1958
Bergsøy - Moltustranda 4-3
1955
Lagbilde A-lag 1954
1954
A-laget i 1954. Sverre Botn, Peder Worren, Jon Ertesvåg, Erik Løfoll, Sigmund Paulsen, Jon Stenersen, Ola Goksøyr ,Petter Sperre. Framme: Jan Winge, Kristian Østensen, Nils Pettersen
Lagbilde A-lag 1954
1954
August 1954.Bak fra venstre: Gunnar Roksvåg, Jon Stenersen, Sigmund Paulsen, Jan Vinge, Jon Ertesvåg, Peder Worren, Edmund Notøy, Sverre Botn (ståande ytterst til høgre) Framme fra venstre: Paul Brekke, Petter Sperre, Leif Pettersen, Ola Goksøyr, Kåre Arnesen
Bergsøy - Hareid 9-1
1953
Herd - Bergsøy 5-0
1953
Herd - Bergsøy 5-0
1953
Lagbilde A-lag 1953
1953
September 1953.Laget som tapte med æren i behold mot Herd. Klubbens første fotballkamp på gras. Bak fra venstre: Kristian Østensen, Jon Ertesvåg, Petter Sperre, Petter Homlong, Ola Goksøyr, Sverre Botn. Framme frå venstre: Sigmund Paulsen, Leif Pettersen, Nils P Nilsen, Jan Vinge, Peder Worren.
Bergsøy - Vartdal 8-0
1953
Lagbilde A-lag 1953
1953
August 1953. Petter Pettersen, Jan Vinge, Sigmund Paulsen, Petter Sperre, Jon Ertesvåg, Peder Worren, Ola Goksøyr, Sverre Botn. Kneståande frå venstre: Nils Pettersen, Leif Pettersen, Edmund Notøy. 1952/53
Bergsøy - Emblem 4-0
1953
Seriemester 1952/53
Lagbilde A-lag 1952/53
1952
17.08.1952: Laget som slo Vartdal i lagets tredje kamp, Bergsøy sin første bortesiger i seriesystemet. Petter J Pettersen, Jan Vinge, Erik Løfoll, Sigmund Paulsen, Knut Nilsen, Jon Ertesvåg, Peder Worren, Kristian Østensen, Ola Goksøyr, Harald Djupvik, Sverre Botn og Leiv Tronstad. Framme fra venstre: Nils V Pettersen, Nils P Nilsen og Leif K Pettersen.
Spelarmerittar utval frå registrerte kampar, mål, assist og kortprofil

Viktige kampar

Karriereprofil
84 av 93 90%
Resultatprofil
Siger, uavgjort og tap i registrerte kampar.
50% Sigerprosent
42Sigrar
11Uavgjort
31Tap
🆚 Motstandararkomplett liste
26 motstandarar registrert
86Kampar 10Mål 1Assist 0Gule 0Raude
Hessa H Hessa
1 ⚽ 4 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Tennfjord T Tennfjord
3 ⚽ 2 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Hareid H Hareid
7 ⚽ 1 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Hovdebygda H Hovdebygda
6 ⚽ 1 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Stranda S Stranda
4 ⚽ 1 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Sykkylven S Sykkylven
2 ⚽ 1 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Moltustranda M Moltustranda
8 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Sæbø S Sæbø
7 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Vartdal V Vartdal
6 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Herd H Herd
5 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Guard G Guard
4 ⚽ 0 🅰️ 1 🟨 0 🟥 0
Heid H Heid
4 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Blindheim B Blindheim
3 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Ørsta Ø Ørsta
3 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Rollon R Rollon
3 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Valder V Valder
3 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
VRF V VRF
3 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Brattvåg B Brattvåg
2 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Mauseidvåg M Mauseidvåg
2 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Skarbøvik S Skarbøvik
2 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Spjelkavik S Spjelkavik
2 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Stordal S Stordal
2 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Aksla A Aksla
1 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Emblem E Emblem
1 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Hundeidvik H Hundeidvik
1 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Volda V Volda
1 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Første lagoppstilling / mål
Kampnr 1:
Første mål:
Kampnr 4:
(Alder: 27 år)
Siste lagoppstilling / mål
Kampnr 160:
Siste mål:
Kampnr 133:
(Alder: 37 år 8 mnd)
Utmerkingar og roller
©️
0
Kampar som kaptein
1
Banens beste-prisar
🅰️
1
Assist registrert
🎩
1
Hattrick
🧤
0
Kampar som keeper
Kampkontroll
Offisielle kampar og registrerte lagoppstillingar samla utan målstatistikk.
📅
93
Kampar totalt
👥
84
Registrert frå lagoppstilling
🏟️
84
Seriekampar
🏆
0
Cupkampar
🎖️
0
KM + kvalik
Målkontroll
Her samlar vi alt som handlar om scoringar, fordeling og effektivitet.
10
Mål totalt
Snitt pr. kamp: 0,11
🏟️
10
Seriemål
Snitt pr. seriekamp: 0,12
🏆
0
Cupmål
Snitt pr. cupkamp: 0,00
🎖️
0
KM + kvalik-mål
Eige cup-/kvalikspor
Kampstatistikk
Kampar
84
Starta
83
Innbytter
1
Vunne
42
50%
Uavgjort
11
13%
Tapt
31
37%
Kampar år for år
K viser dei offisielle kampane som er brukte i totalen og adelskalenderen.
3
1953
14
1954
9
1955
7
1956
3
1957
5
1958
14
1959
9
1960
11
1961
14
1962
1
1963
3
1964
93Kampar totalt
14Beste kampår · 1954
12Sesongar med registrering
Mål år for år
Viser registrerte mål per sesong/år for spelaren.
6
1953
1954
1955
1956
1957
1958
1
1959
1960
1
1961
1
1962
1
1963
1964
10Mål totalt
6Beste målår · 1953
12Sesongar med registrering
Kampar og mål år for år
Kombinert oversikt for karrieren: grønt viser kampar, blått viser mål. Same sesonglogikk som kamp- og målgrafane.
KamparMål
36
1953
14
1954
9
1955
7
1956
3
1957
5
1958
141
1959
9
1960
111
1961
141
1962
11
1963
3
1964
93Kampar totalt
10Mål totalt
0,11Mål per kamp
10 Totalt mål
0 Spelemål/skudd 0%
0 Headingar 0%
0 Frispark 0%
0 Straffer 0%
0 Mål med hending 0%
Korleis og når måla kom
Alle mål frå kampdata. Type og tidspunkt blir fylt ut der hending er registrert.

Måltype

Ingen mål registrert for denne spelaren.

Tidspunkt i kampen

Ukjent
10
Målliste
Komplett frå kampdata. Hendingar legg til minutt, type, stilling og beskriving.
DatoKampResultatMin.TypeStillingBeskrivelse
1963-05-05 Sykkylven – Bergsøy 8-2
1962-08-26 Bergsøy – Hovdebygda 2-0
1960-08-28 Bergsøy – Hareid 6-0
1958-09-21 Bergsøy – Stranda 2-1
1952-09-14 Bergsøy – Hessa 7-0
1952-09-14 Bergsøy – Hessa 7-0
1952-09-14 Bergsøy – Hessa 7-0
1952-09-14 Bergsøy – Hessa 7-0
1952-08-24 Bergsøy – Tennfjord 3-1
1952-08-24 Bergsøy – Tennfjord 3-1
Hattrick
Kampar der spelaren har scora tre eller fleire mål.
Assist
Registrerte målgivande pasningar frå kamp_hendelse.
Mål mot motstandarar
Kven spelaren har scora mest mot.
Motstandar
Hessa H Hessa
⚽ 4 🅰️ 0 1
Tennfjord T Tennfjord
⚽ 2 🅰️ 0 3
Hareid H Hareid
⚽ 1 🅰️ 0 7
Hovdebygda H Hovdebygda
⚽ 1 🅰️ 0 6
Stranda S Stranda
⚽ 1 🅰️ 0 4
Sykkylven S Sykkylven
⚽ 1 🅰️ 0 2
År for år – offisielle tal og lagoppstilling

K er offisielle kampar brukte i totalen. 👥 er kampar registrerte frå lagoppstilling i kampreferata.

År K 👥 🟨 🟥
1964 3 3 0 0 0
1963 1 1 1 0 0
1962 14 11 1 0 0
1961 11 4 1 0 0
1960 9 8 0 0 0
1959 14 14 1 0 0
1958 5 5 0 0 0
1957 3 3 0 0 0
1956 7 7 0 0 0
1955 9 9 0 0 0
1954 14 14 0 0 0
1953 3 5 6 0 0
Sum 93 84 10 0 0
Kamper (lagoppstilling)
🕒 👥 ℹ️
1964
09-27
Mauseidvåg - Bergsøy 4-2
1964
09-13
Bergsøy - Emblem 2-2
1964
09-06
Blindheim - Bergsøy 6-2
1963
05-05
Sykkylven - Bergsøy 8-2 ⚽ 1
1962
09-02
Bergsøy - Sykkylven 3-2
1962
06-24
Bergsøy - Stordal 3-1
1961
10-01
Hovdebygda - Bergsøy 4-0
1961
09-24
Bergsøy - Brattvåg 3-3
1961
09-10
Aksla - Bergsøy 8-1
1961
09-02
Bergsøy - Volda 0-2
1961
08-27
Stordal - Bergsøy 1-2
1961
08-20
Bergsøy - Rollon 1-2
1961
08-13
Herd - Bergsøy 3-1
1961
08-06
Bergsøy - Ørsta 0-0
1961
07-30
Bergsøy - VRF 3-4
1960
09-11
Sæbø - Bergsøy 0-4
1960
08-28
Bergsøy - Hareid 6-0 ⚽ 1
1960
08-14
Bergsøy - Mauseidvåg 6-3
1960
08-07
Valder - Bergsøy 2-4
1960
06-06
Bergsøy - Hovdebygda 2-4
1960
05-22
Moltustranda - Bergsøy 0-4
1960
05-15
Bergsøy - Valder 3-1
1959
09-06
Hareid - Bergsøy 6-3
1959
08-30
Bergsøy - Guard 3-4
1959
08-23
Valder - Bergsøy 2-4
1959
08-16
Bergsøy - Moltustranda 5-0
1959
08-02
Hovdebygda - Bergsøy 2-2
1959
06-01
Bergsøy - Ørsta 3-3
1959
05-24
Bergsøy - Rollon 3-2
1959
05-19
Spjelkavik - Bergsøy 9-2
1959
05-10
Bergsøy - VRF 4-3
1959
05-07
Herd - Bergsøy 3-0
1958
10-05
Bergsøy - Skarbøvik 2-3
1958
09-28
Stranda - Bergsøy 1-1
1958
09-21
Bergsøy - Stranda 2-1 ⚽ 1
1958
09-07
Skarbøvik - Bergsøy 7-2
1958
08-30
Bergsøy - Herd 1-4
1958
08-24
VRF - Bergsøy 4-0
1958
08-17
Bergsøy - Spjelkavik 2-4
1958
08-10
Rollon - Bergsøy 6-3
1958
08-03
Ørsta - Bergsøy 2-1
1957
09-22
Bergsøy - Blindheim 3-0
1957
09-08
Blindheim - Bergsøy 0-2
1957
09-01
Hundeidvik - Bergsøy 1-2
1957
08-26
Bergsøy - Sæbø 9-0
1957
08-18
Bergsøy - Hareid 6-1
1957
05-12
Moltustranda - Bergsøy 0-4
1956
09-23
Bergsøy - Moltustranda 5-1
1956
09-09
Bergsøy - Sæbø 3-3
1956
06-03
Moltustranda - Bergsøy 2-7
1956
05-27
Bergsøy - Sæbø 6-4
1956
05-13
Hovdebygda - Bergsøy 2-1
1955
10-02
Bergsøy - Heid 6-0
1955
09-18
Heid - Bergsøy 2-7
1955
09-11
Bergsøy - Moltustranda 2-2
1955
08-14
Bergsøy - Hovdebygda 0-2
1955
05-29
Bergsøy - Vartdal 5-1
1955
05-22
Heid - Bergsøy 1-1
1955
05-15
Bergsøy - Moltustranda 4-3
1955
05-08
Hareid - Bergsøy 3-4
1954
09-12
Vartdal - Bergsøy 3-7
1954
08-29
Bergsøy - Heid 11-1
1954
08-22
Moltustranda - Bergsøy 2-3
1954
08-15
Bergsøy - Hareid 1-4
1954
08-08
Bergsøy - Sæbø 3-3
1954
05-30
Bergsøy - Herd 0-3
1954
05-23
Vartdal - Bergsøy 1-5
1954
05-16
Bergsøy - Tennfjord 1-3
1954
05-09
Bergsøy - Guard 1-2
1954
05-02
Sæbø - Bergsøy 5-4
1953
09-27
Bergsøy - Hareid 9-1
1953
09-20
Stranda - Bergsøy 0-0
1953
09-13
Bergsøy - Stranda 0-2
1953
09-06
Herd - Bergsøy 5-0
1953
08-30
Bergsøy - Vartdal 8-0
1953
08-23
Tennfjord - Bergsøy 1-3
1953
08-16
Guard - Bergsøy 0-5
1953
08-09
Bergsøy - Sæbø 5-3
1953
08-02
Hareid - Bergsøy 1-6
1953
05-03
Bergsøy - Vartdal 6-0
1952
09-14
Bergsøy - Hessa 7-0 ⚽ 4
1952
08-24
Bergsøy - Tennfjord 3-1 ⚽ 2
1952
08-17
Vartdal - Bergsøy 1-3
1952
08-03
Brattvåg - Bergsøy 2-1