Stjerneprofil Ola Goksøyr
Ola var ein av støttespelarane på Bergsøy det første tiåret i klubbens historie tiltross for at han måtte ta båt frå Runde til trening og kamp.
|
|
|
|
Avisutklipp og bilder
Guide på Runde
Som oppvaksen på Goksøyra starta Ola tidleg å klatre i fuglefjellet, og visste etter kvart nøyaktig kvar alle dei forskjellige fugleartane hekka. Dette var kunnskap han seinare skulle få god nytte av som aktiv guide på Runde gjennom 40 år. Fleire har vore turguidar på Runde gjennom tida, men Ola Goksøyr, Jakob Runde og Georg Runde var dei første i tralten. Ola starta i midten av 1950-åra og fortsette heilt til etter 1992-sesongen, der sesongen med hardkjøret var frå mai til ut august, kanskje med 3–4 turar per dag.
(Frå reportasje i Tidens Krav 19. september 1981)
Fyrste tida rodde han turistane i ein færing og guida trass noko språkvanskar. Etter kvart utvikla det seg, Ola lærte både engelsk og tysk samtidig som færingen blei til ei snekke. Språk var sjølvsagt viktig å kunne når nysgjerrige turistar ville spørje både om Akerendam, Rundeskattar og mynten frå Rundeskatten som Ola hadde hengande rundt halsen. Ola var lommekjent i kvar ei krå av Rundabranden, og tok turistane med inn i den store grotta med snekka si – til stor oppleving for alle.
Ei terne prøvde seg ein gong å hekke i livbøya om bord i båten til Ola Goksøyr, men ettersom båten var i dagleg bruk måtte egget fjernast.
(Bildet: Frå Tidens Krav 19. september 1981. Bildet viser Ola Goksøyr om bord i båten i lag med turistar.)
Fleire skildra dei guida turane som ein fantastisk oppleving. Tusenvis av fuglestruper skalv i lufta, og svermar av fuglar dansa. Stemma til Ola Goksøyr som undervegs forklarte alt det fantastiske var ei stemme som like mykje høyrdest heime i området som fuglane gjorde.
To av kjendissane han tok med på guida tur var Rune Bratseth og Jan Åge Fjørtoft, som begge tidlegare hadde vore landslagskapteinar i fotball. Idet han starta turen slo Ola fast at: «Her om bord er det eg som er kapteinen!» (ref. Per Moltu).
(Bildet: På 1960-talet var Ola Goksøyr i Tyskland og studerte tysk, noko som sjølvsagt var til god hjelp som turistguide.
Ola fekk då kontakt med professor Fritz Steiniger som var direktør i eit museum i Hannover, og han gav i 1972 ut boka «Reise nach Runde».
På framsida av boka er det bilete av Ola Goksøyr.)
Fotball på Goksøyra
Rundt konfirmasjonsalderen starta gutane på Goksøyra å stable på plass eit fotballag, og Ola var kaptein på laget. Fotballsentrum var denne tida skuleplassen ved Myklebust skule, og tidleg i leiken var det ein kamp idet eit samansett lag av spelarar frå Runde og Goksøyra spelte mot Fosnavåg. Ola Goksøyr fortel:
«Eg var sjefen for Rundegjengen. Vi syntest vi hadde nådd eit slikt høgt fotballnivå på Runde at vi var modne for større oppgåver enn å spele mot kvarandre. Vi hadde høyrt at det skulle vere eit bra lag i Fosnavåg, og at sjefen deira var ein Peder Worren. Eg ringte han og avtala kamp. Vi møtte opp på skuleplassen med ei optimistisk innstilling og ei klar formeining om at vi skulle ta rotta på fosnavågarane. Men vi kom raskt ned på jorda. Runde/Goksøyra fekk seg ein skikkeleg baksmell. Vi tapte heile 2–12.»
«Tre mann! Som jeg personlig synes kommer svært høyt: Brødrene Kåre og Øystein Botn, sammen med Ola Goksøyr.»
(Pit nemner dei han meiner var dei tre viktigaste i BIL sine første 32 år)
Ola fortel vidare:
«No var vi kanskje ikkje så dårlege som resultatet kan tyde på. Frå Runde kom glimrande spelarar som tvillingbrørne Per og Inge Ervik, for ikkje å snakke om Hans Ottesen. Øystein Østensen Goksøyr var eit stortalent. Eg trur vi hadde like godt mannskap som fosnavågarane, men på Runde brukte vi å spele på gras. Vi var så visst ikkje eit grusbane-lag. Skuleplassen ved Myklebust skule var så hard at teknikken vår ikkje kom til sin rett. Dessutan var ballen vi nytta så knallhard at vi fekk problem. Det var slik ein voldsom og merkeleg sprett i han. Om Peder Worren & Co hadde pumpa ballen ekstra hard for at han skulle sprette slik han gjorde, eller gjort anna lureri, veit eg ikkje. Men i ettertid har eg aldri sett ein ball oppføre seg slik som denne. For oss unge rundeværingane så var dette eit mysterium. Det var ein slukøra gjeng som seinare på dag fór ut Holmefjorden med kurs for heimleg farvatn.»
Bergsøyspelaren Ola Goksøyr
Etter kampen mellom Goksøyr/Runde og Fosnavåg kom Peder Worren og ville prate med Ola Goksøyr.
«Han sa at han hadde lagt merke til at eg hadde scora begge måla til Runde/Goksøyra. Peder meinte eg hadde potensial som fotballspelar,
og at eg derfor kunne verte ein bra mann for fotballaget i Fosnavåg, eller kanskje var det Bergsøy Idrettslag han hadde i tankane.
Det vart i alle fall oppretta kontakt imellom oss, og frå 1945 til 1965 var eg fast inventar på fotballaget til Bergsøy.
Eg fekk spele både i dei grøne og dei raude og kvite draktene dei åra eg var med i klubben. Det var ei utruleg rik tid for meg.
I Bergsøy Idrettslag vart eg frå fyrste dag godt motteken. For meg som budde ute i Goksøyra var det stort å kome inn i dette miljøet.
Eg vart kjent med mykje folk og fekk mange gode vener. Somme av dei er mine beste vener den dag i dag», fortel Ola Goksøyr.
(Bildet: Frå Bergsøy sin 25-årsfest i 1969. Åsmund Myklebust og Ola Goksøyr får sølvpokal for passerte 100 kampar.
Gunnar Kjelstadli og Sverre Botn for 125 kampar og Sigmund Paulsen for 150 kampar.)
I Vestlandsnytt har det stått at Ola Goksøyr har spelt 275 kampar for Bergsøy, men dette får vi ikkje til å stemme. Frå den første kampen i 1952 og ut 1963-sesongen er det likevel ikkje mange kampane Ola står over. Opptellinga på denne tidlege Bergsøy-perioden viser 137 kampar. Vi har ikkje statistikk for 1964, medan han ikkje er oppført med nokon kampar i årsrapporten for 1965.
Ola hadde det ikkje alltid like lett å kome til kamp, og spesielt til bortekamp var det ofte travelt. Idet Bergsøy kom tilbake til Fosnavåg var det fortsatt lenge til Ola kom seg heim, for då måtte han nytte snekka si for å kome seg vidare til Runde hamn. Så sykla han derifrå til Goksøyra. I dårleg ver var foreldra ofte bekymra heime medan dei venta.
(Bergsøy sin første seriespel-sesong i 1952)
Friidrettsmannen Ola Goksøyr
Ola var tidleg aktiv også som friidrettsutøvar, og var med i fleire konkurransar. På det første friidrettsstemnet som Bergsøy arrangerte i 1957 var Ola Goksøyr med som deltakar og sprang 1500 meter. Han vann framfor Dagfinn Nupen frå Ørsta. Og med åra blei det stadig fleire løp og premiar for si deltaking.
(Bildet: Resultat 5000 meter i 1955, Ola sprang på 17.07.06)
Ola sleit ut mange joggesko, noko premieskapet vitnar om. 10 kilometer annakvar dag var gjerne treninga. 18 gongar per år deltok han i løpet «Snipsørvatnet rundt» på Hareid, og beste tida hans vi har notert var 52:26 minutt. Han var vidare med i Geiranger halvmaraton 5–6 gongar.
Imponerande var det då han blei klappa i mål under løpet «Grimstadvatnet rundt» for 50. gong på rad i desember 1997. Men han gav seg ikkje med det. I 2000 passerte friidrettsentusiasten 60 gongar deltaking på dette løpet, og totalt blei det om lag 80 gongar. I klasse 75–79 år hadde Ola også lenge klasserekorden på halvmaraton i «Nordvest Maraton».
I 1982 kom Rundebrua, og Ola hadde eit veddemål om at om det ein gong skulle kome bru til Runde så skulle han gå til Fosnavåg og tilbake. Dette gjorde han, og gjennomførte dei 42 kilometerane i god stil. Dette blei opphavet til Rundemarsjen som lenge var populær turmarsj.
At Ola var ein stor idrettsmann, understrekast med at han også var med i «Fakkelstafetten» til OL i Lillehammer i 1994. Fakkelen gjekk landet rundt frå 27. november 1993 til 12. februar 1994, og på strekninga frå Ørsta til Ålesund var Ola Goksøyr ein av dei som sprang langs vegane med fakkelen. Ola tok imot fakkelen etter at ferja kom til Eiksund med elden ein tysdag føremiddag, og han og John Langeland la i veg den første etappen mot Ulsteinvik.
«Plasseringa i løpa er ikkje det viktige. Det viktige er gleda ved å delta.»
(Ola Goksøyr var med i friidrettsmiljøet i Bergsøy frå ung alder)
Nokre resultat vi har funne fram:
5000 meter: 17.38,2 minutt (1957)
3000 meter: 9.55,6 minutt (1957)
10 000 meter: 47.17,5 minutt
Nordvestmaraton halvmaraton: 1.37.58 minutt (1992)
Siger KM terrengløp i 1992 (aldersgruppe 65–69 år)
Geiranger halvmaraton: 2.53.25 minutt (aldersgruppe 70–74 år i 1998)
Bergsøyløpet 5 km: 33.45 minutt (aldersgruppe 75–79 i 2003)
Avrunding
Vestlandsnytt 2002:
Etter at han pensjonerte seg som turguide var Ola fortsatt svært aktiv både med båt og som turistførar til fjells. Om han ikkje guida, spelte fotball eller sprang maraton, så hadde han interesser i båt, fjell og foto. Han viste fram eigne gode bilete av Runde ved fleire tilstelningar. Stjernekikkert brukte han flittig. Han drog i lag med turkameraten Per Pareliussen på dei fleste fjelltoppar på Sunnmøre, og dei var begge i ei årrekkje friidrettstrenarar i Bergsøy. Faktisk var Ola lengre aktiv som friidrettsutøvar enn han var fotballspelar i Bergsøy IL.
Ola blei buande på Goksøyr heile livet. 6. april 2012 døydde han, nær 87 år gammal.
Referansar
Artiklar av Harald Thorseth og Per Moltu
Avisutklipp, avisartiklar og anna Bergsøymateriale, mellom anna frå vårt eige
Mathias-arkiv.
Sogebok, kyrkjebok (Digitalarkivet)
Bøkene: «Fakkelstafetten» (1995), «Runde: fugleøya på 62 grader N»
Google