Alle profilaneMenneska

Oversikt over kven spelaren er, historisk status, form og motstandarar.

Biografi Bergsøy-historia
Les også: Stjerneprofilen til Peter Sperre Den store historia →

    Peter Sperre spelte fotball i 10 sesongar for Bergsøy, med minst 75 kampar og 12 mål. Truleg scora han langt fleire mål enn det vi så langt har klart å registrere.

    Historia om Peter Sperre er også historia om ein av to bakarar hos Jens Hansen som blei viktige for Bergsøy, sjølv om ingen av dei opphavleg var frå Herøy. Begge skulle dessutan bli premierte for heilt andre ting enn baking. Peter Sperre fekk fleire medaljar for innsatsen sin under krigen.

    Peter Sperre

    Når vi skriv historia om fallskjermjeger og krigsveteran Peter Sperre, bakar i Fosnavåg og offensiv spelar på Bergsøy, er det verdt å tenkje over at mykje av denne dramatiske historia skjedde ikkje så lenge etter at Bergsøy Idrettslag blei danna. Det set ting litt i perspektiv og fortel noko om korleis forholda var i Noreg på den tida idrettslaget vårt var i startgropa.

    Peter Sperre (06.12.1923–12.11.2016)

    Han blei fødd 6. desember 1923 i Ålesund. Det er dermed ei fin anledning til å minnast ein person som mange i dagens Bergsøy kanskje ikkje veit så mykje om.

    Peter Sperre starta tidleg å spele fotball for Herd, og fekk 75 kampar for klubben. På juniorlagsbildet til Herd frå 1937 ser vi at han rekk dei andre spelarane omtrent opp til skuldrane.

    Mange år seinare forklarte Sperre at høgda nok hadde litt å seie for alt han skulle få oppleve. Han skulle ikkje vere dårlegare enn nokon andre berre på grunn av høgda, og han gav nok alltid litt ekstra. Dette har også Bergsøyspelarar sagt om Sperre: «Han gav seg aldri.»

    Sperre starta som bakar hos Jens Walderhaug i Ålesund i 1939, men snart kom krigen. Han fekk etter kvart vite at tyskarane hadde begynt å mistenkje at han leverte illegale aviser i Ålesund, og det beste var å rømme. Han var 17 år den 12. november 1941 då han blei med ein båt frå Borgundfjorden i retning Ulsteinvik.

    Det var ikkje ufarlig. «Skoten blir den som forlet landet» stod det tydeleg i avisene. Under dekk var det 30 unge gutar som gøymde seg. Det tok ikkje lang tid før ein tysk motorbåt stoppa dei i Hessafjorden, men heldigvis sjekka ikkje tyskarane lasta om bord.

    Utanfor Ulsteinvik gjekk dei om bord i båten Erkna, som drog vidare til Lerwick. Her var dei totalt 60 personar om bord. Turen over gjekk bra, men Sperre hadde ein plan om å kome tilbake til landet. Han hadde heller ikkje sagt noko til foreldra før han drog.

    Etter kvart blei han ein del av brigaden i Skottland, og trente mykje på fallskjermhopp i det norske Fallskjermkompaniet. Denne avdelinga var ein forløpar til det som i dag er norske spesialstyrkar. Sperre og dei andre blei øyremerkte for oppdrag i Noreg, men dei måtte vente lenge og utolmodig før dei endeleg fekk klarsignal om eit oppdrag i mars 1945.

    Operasjon Waxwing

    Oppdraget fekk namnet Operasjon Waxwing. Dei skulle sabotere og hindre tysk tilbaketrekking langs Nordlandsbanen.

    23. mars gjekk tre–fire fly endeleg frå England etter mange avlysingar på grunn av dårleg vêr. Det var ein spent gjeng på 12 fallskjermjegerar som endeleg var på veg. For dei fleste var det mange år sidan dei sist hadde vore i Noreg.

    På natta, etter midnatt, byrja dei å nærme seg. Snølandskapet kom fram i måneskinet, og karane kjende på spenninga i kroppen då fedrelandet endeleg var å sjå. Tysk luftvern byrja å skyte, men det var ufarlig i den høgda dei var i. Dei gjorde seg klare, og klokka fire var dei i 500–600 fots høgde på rett plass.

    Grønt lys – og hopp. Først karane og deretter pakkane frå flya. Totalt kom 85 fallskjermar ned over Orvatnet i Nord-Trøndelag. Det tok gjengen tre dagar å samle saman alt, og dei budde i ei blanding av snøholer og tomannstelt medan maten blei kokt på primus.

    Så venta dei på oppdraget og på forsterkningar. 9. april fekk dei beskjed om at forsterkningane ikkje ville kome. Dei var åleine.

    Tyskarane i Nord-Noreg mangla togskinner, og oppdraget blei å sprenge jernbanelinja. Det var ikkje ufarlig, og allereie tidleg var det ein i følgjet som døydde. Eit skot hadde gått gjennom lunga til sersjant Lund Siemensen, og livet stod ikkje til å redde.

    Då dei kom fram nord for Majavatnet, delte dei seg i to grupper. Den eine gruppa gjekk nordover og den andre sørover. Det blei plassert ut mange ladningar på ei rundt 200 meter lang strekning. Ei anna kjelde oppgir 600 meter.

    På avtalt tidspunkt blei ladningane detonerte for hand, og det tok ti minutt før smella var over. Tyskarane kom etter eit kvarter, men den mørke natta hjelpte sabotørane med å kome seg unna.

    Det blir fortalt at tyskarane skaut så vilt at tretoppane datt rundt dei, men den norske gjengen fekk eit forsprang etter ein 12 timar lang, uavbroten marsj. Små sprengladningar blei etterlatne i sporet, og då tyskarane byrja å oppleve tap, gav dei opp jakta. Det blei mange harde tak og lange dagar med tungt utstyr i skispora.

    Sperre blei etter kvart sendt på eit nytt oppdrag, denne gongen for å spore av eit tog nord for Grong 26. april 1945. Nye sprengladningar blei sette på plass, men denne gongen gjekk det ikkje heilt som planlagt.

    Ein dresin kom med to tyskarar og stoppa akkurat der ladninga med eksplosiv var plassert. Det blei bestemt at dei likevel skulle utløyse ladninga, og dresinen og dei to tyskarane blei sprengde i lufta.

    Dette var ikkje dei einaste dødsfalla korporal Sperre og troppa måtte forhalde seg til. Tre tyskarar fann ein gong teltleiren deira og blei tekne til fange. Den eine tyskaren hadde likevel gøymt ein pistol og skulle til å trekkje han fram. Sperre reagerte raskt og fyrte av heile magasinet sitt. Kulene sneia tyskaren slik at han fall om i sjokk. Fingeren til Sperre sat fast i avtrekkaren etter reaksjonen.

    Ei tid etter fekk dei beskjed frå London om at tyskarane skulle bli avretta. Sperre fortalde seinare at det nok var lettare for dei som sat i London å gi ein slik ordre enn det var for dei som måtte utføre han.

    Krigen i Noreg tok slutt kort tid etter desse hendingane.

    Etter krigen

    Det Peter Sperre opplevde under krigen skulle prege han vidare. Han gifta seg i 1948, fekk tre barn og heldt etter kvart fram med det yrket han hadde starta i før krigen: bakar.

    Slik kom han til Fosnavåg i 1953, og i april same året blei han speleklar for Bergsøy.

    I kampreferata frå 1950-talet er det omtrent berre Sigmund Paulsen, Jon Ertesvåg og Peter Sperre som stadig blir trekte fram. Det vitnar om at Sperre var ein viktig offensiv spelar for laget. Han spelte mykje både kant og indreløpar, og blei mellom anna omtalt som «løperrekkens dyktige strateg».

    I 1957 scora Sperre eitt av dei første hattricka vi har klart å registrere på Bergsøy sitt A-lag. Det gjorde han i ein kamp mot Sæbø, der Sverre Botn for øvrig scora fire mål.

    I januar 1958 opna Peter Sperre bakeriforretning i Jens Hansens hus, og tok imot bestillingar på kaker og brød. Han tok mellom anna imot bestillingar på kaker til konfirmasjonar og laga alle typar kaker til jul.

    Så seint som i 1961 blei det skrive at saknet etter Sperre på fotballbana var stort når han ikkje var med. Han beherska blant anna gras betre enn dei fleste av lagkameratane sine, og fekk ofte spelet til å gli i rotete kampar.

    Han spelte for Bergsøy heilt fram til august 1961. Den siste kampen blei mot den tidlegare klubben hans, Herd.

    Bakeriet gjekk seinare konkurs. I september 1962 selde Sperre huset sitt på Myklebust til politibetjent Wold, som hadde planar om å lage arrestrom i kjellaren. Slik enda historia om Peter Sperre si tid i Fosnavåg og Bergsøy.

    Sperre blei 92 år

    «Han viste mot, evne og vilje når vår nasjon ble angrepet. Det er egenskaper som fortjener den høyeste respekt», skreiv rittmeister Tomas Adam om Peter Sperre.

    På bildet under ser vi fallskjermjeger og krigsveteran Peter Sperre. Innfelt i den runde sirkelen ser vi Sperre frå eit lagbilde frå tida hans i Bergsøy. Nede i venstre hjørne har vi sett inn eit bilde av nokre av dei som deltok i Operasjon Waxwing, der vi ser Sperre med pipe i munnen.

Offisielle kamptal år for år, kampoversikt og registrerte kampar frå lagoppstillinga.

Målunivers: mål år for år, målsnitt, måltype, straffer, hattrick og scoringar mot lag/bane.

Bildearkiv knytt til spelaren.

Relaterte bilder
Bergsøy - Valder 3-1
1960
Lagbilde A-lag Slutten av 1950-tallet
1958
Bergsøy - Moltustranda 4-3
1955
Lagbilde A-lag 1954
1954
A-laget i 1954. Sverre Botn, Peder Worren, Jon Ertesvåg, Erik Løfoll, Sigmund Paulsen, Jon Stenersen, Ola Goksøyr ,Petter Sperre. Framme: Jan Winge, Kristian Østensen, Nils Pettersen
Lagbilde A-lag 1954
1954
August 1954.Bak fra venstre: Gunnar Roksvåg, Jon Stenersen, Sigmund Paulsen, Jan Vinge, Jon Ertesvåg, Peder Worren, Edmund Notøy, Sverre Botn (ståande ytterst til høgre) Framme fra venstre: Paul Brekke, Petter Sperre, Leif Pettersen, Ola Goksøyr, Kåre Arnesen
Bergsøy - Hareid 9-1
1953
Lagbilde A-lag 1953
1953
September 1953.Laget som tapte med æren i behold mot Herd. Klubbens første fotballkamp på gras. Bak fra venstre: Kristian Østensen, Jon Ertesvåg, Petter Sperre, Petter Homlong, Ola Goksøyr, Sverre Botn. Framme frå venstre: Sigmund Paulsen, Leif Pettersen, Nils P Nilsen, Jan Vinge, Peder Worren.
Spelarmerittar utval frå registrerte kampar, mål, assist og kortprofil

Viktige kampar

Karriereprofil
67 av 72 93%
Resultatprofil
Siger, uavgjort og tap i registrerte kampar.
60% Sigerprosent
40Sigrar
8Uavgjort
19Tap
🆚 Motstandararkomplett liste
20 motstandarar registrert
68Kampar 11Mål 0Assist 0Gule 0Raude
Sæbø S Sæbø
8 ⚽ 3 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Ørsta Ø Ørsta
2 ⚽ 3 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Moltustranda M Moltustranda
9 ⚽ 2 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
VRF V VRF
1 ⚽ 2 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Spjelkavik S Spjelkavik
2 ⚽ 1 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Hareid H Hareid
5 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Vartdal V Vartdal
5 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Blindheim B Blindheim
4 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Guard G Guard
4 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Heid H Heid
4 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Herd H Herd
4 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Stranda S Stranda
4 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Hovdebygda H Hovdebygda
3 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Hundeidvik H Hundeidvik
3 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Skarbøvik S Skarbøvik
3 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Tennfjord T Tennfjord
2 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Valder V Valder
2 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Emblem E Emblem
1 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Mauseidvåg M Mauseidvåg
1 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Rollon R Rollon
1 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Første lagoppstilling / mål
Kampnr 9:
Første mål:
Kampnr 51:
(Alder: 32 år 8 mnd)
Siste lagoppstilling / mål
Kampnr 113:
Siste mål:
Kampnr 108:
(Alder: 37 år 5 mnd)
Utmerkingar og roller
©️
0
Kampar som kaptein
2
Banens beste-prisar
🅰️
0
Assist registrert
🎩
1
Hattrick
🧤
0
Kampar som keeper
Kampkontroll
Offisielle kampar og registrerte lagoppstillingar samla utan målstatistikk.
📅
72
Kampar totalt
👥
67
Registrert frå lagoppstilling
🏟️
65
Seriekampar
🏆
0
Cupkampar
🎖️
2
KM + kvalik
Målkontroll
Her samlar vi alt som handlar om scoringar, fordeling og effektivitet.
11
Mål totalt
Snitt pr. kamp: 0,15
🏟️
11
Seriemål
Snitt pr. seriekamp: 0,17
🏆
0
Cupmål
Snitt pr. cupkamp: 0,00
🎖️
0
KM + kvalik-mål
Eige cup-/kvalikspor
Kampstatistikk
Kampar
67
Starta
67
Innbytter
0
Vunne
40
60%
Uavgjort
8
12%
Tapt
19
28%
Kampar år for år
K viser dei offisielle kampane som er brukte i totalen og adelskalenderen.
1
1953
14
1954
10
1955
9
1956
9
1957
8
1958
6
1959
7
1960
7
1961
1
1962
72Kampar totalt
14Beste kampår · 1954
10Sesongar med registrering
Mål år for år
Viser registrerte mål per sesong/år for spelaren.
1953
1954
1955
1956
3
1957
3
1958
4
1959
1960
1
1961
1962
11Mål totalt
4Beste målår · 1959
10Sesongar med registrering
Kampar og mål år for år
Kombinert oversikt for karrieren: grønt viser kampar, blått viser mål. Same sesonglogikk som kamp- og målgrafane.
KamparMål
1
1953
14
1954
10
1955
9
1956
93
1957
83
1958
64
1959
7
1960
71
1961
1
1962
72Kampar totalt
11Mål totalt
0,15Mål per kamp
11 Totalt mål
0 Spelemål/skudd 0%
0 Headingar 0%
0 Frispark 0%
0 Straffer 0%
0 Mål med hending 0%
Korleis og når måla kom
Alle mål frå kampdata. Type og tidspunkt blir fylt ut der hending er registrert.

Måltype

Ingen mål registrert for denne spelaren.

Tidspunkt i kampen

Ukjent
11
Målliste
Komplett frå kampdata. Hendingar legg til minutt, type, stilling og beskriving.
DatoKampResultatMin.TypeStillingBeskrivelse
1961-05-14 Bergsøy – Spjelkavik 2-2
1959-06-01 Bergsøy – Ørsta 3-3
1959-06-01 Bergsøy – Ørsta 3-3
1959-05-10 Bergsøy – VRF 4-3
1959-05-10 Bergsøy – VRF 4-3
1957-08-26 Bergsøy – Sæbø 9-0
1957-08-26 Bergsøy – Sæbø 9-0
1957-08-26 Bergsøy – Sæbø 9-0
1957-05-12 Moltustranda – Bergsøy 0-4
1957-05-12 Moltustranda – Bergsøy 0-4
1956-08-26 Bergsøy – Ørsta 3-2
Hattrick
Kampar der spelaren har scora tre eller fleire mål.
Assist
Registrerte målgivande pasningar frå kamp_hendelse.
0 registrerte assist
Ingen assist registrert for denne spelaren.
Mål mot motstandarar
Kven spelaren har scora mest mot.
Motstandar
Sæbø S Sæbø
⚽ 3 🅰️ 0 8
Ørsta Ø Ørsta
⚽ 3 🅰️ 0 2
Moltustranda M Moltustranda
⚽ 2 🅰️ 0 9
VRF V VRF
⚽ 2 🅰️ 0 1
Spjelkavik S Spjelkavik
⚽ 1 🅰️ 0 2
År for år – offisielle tal og lagoppstilling

K er offisielle kampar brukte i totalen. 👥 er kampar registrerte frå lagoppstilling i kampreferata.

År K 👥 🟨 🟥
1962 1 1 0 0 0
1961 7 1 1 0 0
1960 7 7 0 0 0
1959 6 6 4 0 0
1958 8 8 3 0 0
1957 9 9 3 0 0
1956 9 9 0 0 0
1955 10 10 0 0 0
1954 14 14 0 0 0
1953 1 2 0 0 0
Sum 72 67 11 0 0
Kamper (lagoppstilling)
🕒 👥 ℹ️
1961
08-13
Herd - Bergsøy 3-1
1960
08-14
Bergsøy - Mauseidvåg 6-3
1960
06-06
Bergsøy - Hovdebygda 2-4
1960
05-22
Moltustranda - Bergsøy 0-4
1960
05-15
Bergsøy - Valder 3-1
1959
08-30
Bergsøy - Guard 3-4
1959
08-23
Valder - Bergsøy 2-4
1959
08-16
Bergsøy - Moltustranda 5-0
1959
08-02
Hovdebygda - Bergsøy 2-2
1959
06-01
Bergsøy - Ørsta 3-3 ⚽ 2
1959
05-24
Bergsøy - Rollon 3-2
1959
05-10
Bergsøy - VRF 4-3 ⚽ 2
1958
10-05
Bergsøy - Skarbøvik 2-3
1958
08-30
Bergsøy - Herd 1-4
1958
08-17
Bergsøy - Spjelkavik 2-4
1958
06-15
Bergsøy - Stranda 2-1
1958
06-08
Stranda - Bergsøy 2-0
1957
09-22
Bergsøy - Blindheim 3-0
1957
09-08
Blindheim - Bergsøy 0-2
1957
09-01
Hundeidvik - Bergsøy 1-2
1957
08-26
Bergsøy - Sæbø 9-0 ⚽ 3
1957
08-18
Bergsøy - Hareid 6-1
1957
08-05
Moltustranda - Bergsøy 3-1
1957
05-30
Sæbø - Bergsøy 1-0
1957
05-26
Bergsøy - Blindheim 3-2
1957
05-19
Bergsøy - Hundeidvik 6-1
1957
05-12
Moltustranda - Bergsøy 0-4 ⚽ 2
1956
09-23
Bergsøy - Moltustranda 5-1
1956
09-09
Bergsøy - Sæbø 3-3
1956
09-02
Blindheim - Bergsøy 0-3
1956
08-26
Bergsøy - Ørsta 3-2 ⚽ 1
1956
08-19
Hundeidvik - Bergsøy 0-4
1956
06-03
Moltustranda - Bergsøy 2-7
1956
05-27
Bergsøy - Sæbø 6-4
1956
05-20
Skarbøvik - Bergsøy 9-1
1956
05-06
Bergsøy - Guard 9-4
1955
10-02
Bergsøy - Heid 6-0
1955
09-18
Heid - Bergsøy 2-7
1955
09-11
Bergsøy - Moltustranda 2-2
1955
08-28
Bergsøy - Skarbøvik 0-4
1955
08-14
Bergsøy - Hovdebygda 0-2
1955
05-29
Bergsøy - Vartdal 5-1
1955
05-22
Heid - Bergsøy 1-1
1955
05-15
Bergsøy - Moltustranda 4-3
1955
05-08
Hareid - Bergsøy 3-4
1954
09-26
Sæbø - Bergsøy 3-3
1954
09-12
Vartdal - Bergsøy 3-7
1954
08-29
Bergsøy - Heid 11-1
1954
08-22
Moltustranda - Bergsøy 2-3
1954
08-15
Bergsøy - Hareid 1-4
1954
08-08
Bergsøy - Sæbø 3-3
1954
05-30
Bergsøy - Herd 0-3
1954
05-23
Vartdal - Bergsøy 1-5
1954
05-16
Bergsøy - Tennfjord 1-3
1954
05-09
Bergsøy - Guard 1-2
1954
05-02
Sæbø - Bergsøy 5-4
1953
09-27
Bergsøy - Hareid 9-1
1953
09-20
Stranda - Bergsøy 0-0
1953
09-13
Bergsøy - Stranda 0-2
1953
09-06
Herd - Bergsøy 5-0
1953
08-30
Bergsøy - Vartdal 8-0
1953
08-23
Tennfjord - Bergsøy 1-3
1953
08-16
Guard - Bergsøy 0-5
1953
08-09
Bergsøy - Sæbø 5-3
1953
08-02
Hareid - Bergsøy 1-6
1953
05-31
Bergsøy - Emblem 4-0
1953
05-03
Bergsøy - Vartdal 6-0