Tilbake

Stjerneprofil Peter Sperre

Han spelte fotball i 10 sesonger på Bergsøy, med minst 75 kampar og 12 mål. Trulig veldig mange fleire mål enn vi har klart å registrere.

Profil: Peter Sperre

Han spelte fotball i 10 sesonger på Bergsøy, med minst 75 kampar og 12 mål. Trulig veldig mange fleire mål enn vi har klart å registrere.

Dette er også historien om en av to bakarar hos Jens Hansen vi har planar om å presantere i vår julekalender. Felles for dei begge var at ingen av dei var frå Herøy, men begge kom til å bli viktige for Bergsøy – og begge blei premiert mykje for heilt andre ting enn bakinga si. Peter Sperre fekk fleire medaljar for sin innsats under krigen.

Peter Sperre

Idet vi skriv historien om fallskjermjeger og krigsveteranen Peter Sperre, bakar i Fosnavåg og offansiv spelar på Bergsøy – så kan en tenke over at det meste av denne dramatiske historia skjedde ikkje så lenge etter at Bergsøy Idrettslag blei danna. Det setter ting litt i perspektiv på korleis forholda var i Norge den tida idet idrettslaget vårt var i startgropa.

Peter Sperre (06.12.1923 - 12.11.2016)

Har blei født 6.desember 1923 i Ålesund, og ville dermed akkurat passert 100 år i desse tider om han fortsatt hadde levd. Det er dermed ei fin anledning til å minnast ein som mange i dagens Bergsøy kanskje ikkje veit så mykje om.

Peter Sperre starta tidleg å spele fotball for Herd, og fekk 75 kampar for klubben. På juniorlagsbildet til Herd i 1937 ser vi at han rekk dei andre spelarane omtrent opp til skuldrane. (Legg bildet i kommentarfeltet)

Mange år seinare forklarer Sperre at høgda nok hadde litt å seie for alt han skulle få oppleve. Han skulle ikkje være dårlegare enn nokon andre berre på grunn av høgda, og han gav nok alltid litt ekstra. Dette har også Bergsøyspelarar sagt om Sperre: «Han gav seg aldri».

Sperre starta å bake hos Jens Walderhaug i Ålesund i 1939, men snart kjem krigen. Han får etter kvart vite at tyskerane har begynt å mistenke at han leverte illegale aviser i Ålesund, og det beste var å rømme. Han var 17 år den 12.november 1941 idet han blei med ein båt frå Borgundfjorden i retning Ulsteinvik.

Det var ikkje ufarlig: «Skoten blir den som forlet landet» sto det tydelig i avisene. Under dekk var det 30 unge gutar som gøymde seg. Det tok ikkje lang tid før en tysk motorbåt stoppa dei i Hessafjorden, men heldigvis sjekka ikkje tyskerane lasta om bord.

Utanfor Ulsteinvik gjekk dei ombord i båten Erkna som dro vidare til Lerwick. Her var dei totalt 60 ombord. Turen over gjekk bra, men Sperre hadde ein plan om å kome tilbake til landet. Han hadde ikkje sagt noko til foreldra heller før han dro.

Etter kvart blir han en del av brigaden i Skottland, og trener mykje på hopp i fallskjerm i det norske Fallskjermkompaniet der borte. Denne troppa var en forløpar til det som i dag er spesialstyrken av kommandosoldatar. Sperre og hans gjeng blei øyremerka oppdrag i Norge, men dei måtte vente lenge og utålmodig før dei endelig fekk klarsignal om eit oppdrag i mars 1945.

Operasjon Waxwing

Dei fekk namnet «Operasjon Waxwing». Dei skulle sabotere og hindre tysk tilbaketrekking langs Nordlandsbana.

23.mars går tre til fire fly endelig frå england etter mange avlysingar grunna dårleg vær. Det var ein spent gjeng på 12 fallskjermjegarar som endelig var på vei – for dei fleste var det mange år sidan dei sist var i Norge. På natta etter midnatt starta dei å nærme seg. Snølandskapet kom fram i måneskinnet og karane følte på spenninga i kroppen idet federlandet endelig var å sjå. Tyske luftvern starta å skyte, men det var ufarlig i den høyden dei var i. Dei gjorde seg klar, og klokken fire var dei i 500–600 fots høgde på rett plass.

Grønt lys og hopp, først karane og deretter pakkane i flya – totalt 85 fallskjermar over Orvatnet i Nord-Trøndelag. Det tok gjengen tre dager å samle samen alt, og dei budde i en blanding av snøhuler og tomannstelt mens maten blei kokt på primus. Så venta dei på oppdraget og forsterkningar. 9.april får dei beskjed om at forsterkningane ikkje ville kome; dei var aleine.

Tyskerne i Nord-norge mangla togskinner, og oppdraget blei å sprenge. Det var ikkje ufarlig, og allerede tidlig var det en i følget som døde. Det hadde gått av et skudd som gikk igjennom lungen til sersjant Lund Siemensen, og livet var ikkje til å redde.

Da dei kom fram nord for Majavatnet delte dei seg i to grupper. Den eine gruppen gikk nordover og den andre sørover, og det blei plassert ut mange ladninger på et 200 meter langt strekke. Ei anna kilde seier 600 meter. På avtalt tid blei dei detonert for hånd, og det tok ti minutt før smella var over. Tyskerne kom etter et kvarter, men den mørke natta hjalp sabotørane å stikke av.

Det blir nemnt at tyskerane skaut så villt at tretoppane datt rundt dei, men den norske gjengen fekk et forsprang etter en 12 timers uavbrutt marsj. Små sprengladninger ble etterlatt i sporet, og idet tyskerne starta å oppleve tap så gav dei opp. Det var mange harde tak i mange lange dager med tungt utstyr i skispora.

Sperre blei etterkvart sendt på eit nytt oppdrag, denne gangen for å spore av et tog nord for Grong 26.april 1945. Nye sprengladninger blei satt på plass, men denne gangen gjekk det ikkje heilt som planlagt. Ein dresin (slik manuell sak som en kjører på togbanene) kom med to tyskarar og stoppa akkurat der ladninga med eksplosiver var. Det blei bestemt at dei likevel skulle trekke av, og dresinen og tyskerane blei sprengt i lufta.

Dette var ikkje einaste dødsfall korporal Sperre og troppa måtte oppleve. Tre tyskarar fann teltleiren deira ein gong, men blei tatt til fange. Den eine tyskaren hadde likevel gøymt en pistol og skulle til å trekke fram denne, men da var Sperre rask i reaksjonen og brente av heile magasinet sitt. Kulene sneia tyskeren slik at han datt om i sjokk. Fingeren til Sperre satt fast i avtrekkaren av reaksjonen.

Ei tid etter fekk dei beskjed frå London om at tyskerane skulle bli henretta. Dette omtalte Sperre seinare at det nok var lettare for dei som satt i London å gi denne ordren enn det var for dei som måtte utføre den. Krigen tok slutt i Norge kort tid etter desse hendelsane.

Etter krigen

Det Peter opplevde under krigen skulle prege han vidare, men han gifta seg i 1948, fekk tre barn, og fortsatte etterkvart som han hadde starta før krigen: bakar. Slik var det han kom til Fosnavåg i 1953, og blir speleklar for Bergsøy i april.

På 1950-tallet er det omtrent berre Sigmund Paulsen, Jon Ertesvåg og Peter Sperre som blir nemnt i kampreferata. Det vitna om at Sperre var ein viktig offansiv spelar for laget. Han spelte mykje både kant og indreløpar. «Løperrekkens dyktige strateg».

I 1957 scorar Sperre ein av dei første hattrickane vi har klart å registrere på Bergsøy sitt A-lag. Dette gjorde han i ein kamp mot Sæbø, der forøvrig Sverre Botn scora 4 mål.

Januar 1958 åpner Peter Sperre bakeriforretning i Jens Hansens hus, og mottek bestillinger på kake og brød. Han tek imot bestillinger på kake til konfirmasjonar, og laga alle typer kaker til jul.

Så seint som i 1961 blir det skreve at savnet av Sperre på fotballbana var stort når han ikkje var med. Han beherska blant anna gras bedre enn dei fleste av sine lagkameratar, og han fekk ofte spelet til å gli i rotete kampar. Han spelte for Bergsøy heilt fram til august 1961, der den siste kampen var mot sin tidligare klubb Herd.

Bakeriet går konkurs. I september 1962 selger Sperre huset sitt på Myklebust til politibetjent Wold som hadde plan om å lage arrestrom i kjellaren. Og slik ender historien om Sperre si tid i Fosnavåg og Bergsøy.

Sperre blei 94 år.

«Han viste mot, evne og vilje når vår nasjon ble angrepet. Det er egenskaper som fortjener den høyeste respekt», skrev Rittmester Tomas Adam om Peter Sperre.

På vedlagt bilde ser vi fallskjermjeger og krigsveteran Sperre. Innfelt i rund sirkel ser vi Sperre fra et lagbilde fra si tid i Bergsøy, og nede i venstre hjørnet har vi satt inn et bilde av nokre av dei som deltok i operasjon Waxwing – der vi ser Sperre med pipe i munnen.

Peter Sperre – fallskjermjeger og Bergsøy-spelar