Alle profilaneMenneska

Oversikt over kven spelaren er, historisk status, form og motstandarar.

Biografi Bergsøy-historia
Les også: Stjerneprofilen til Sigmund Paulsen Den store historia →

Sigmund Paulsen

Han utmerka seg tidleg som eit fotballtalent med god teknikk, og var med i fleire av kampane som Bergsøy hadde etter krigen før dei starta i serien 1952. Men i tillegg til å bli Bergsøy sin første målscorar og den første storscoraren til laget, tok han også på seg instruktøroppgåver. Han har vore oppmann, materialforvaltar og fleire år i UK. Johs Wike omtalar Sigmund som «kongen av Huldalsbana».

Sigmund Paulsen har lang arbeidserfaring frå Fosnavåg Notbøteri. Han har tatt både den lille og store havhesten, var livreddar og symjeinstruktør, og var på fleire kurs.

Statistikken – fotball
ÅrKamparMål
1952/532+1+
1953/5414
1954/556
1955/5613
1956/5761
1957/589
1958/593
1962203
196394
1964122
19651413
1966147
1967102
19686
196918
19704
Totalt16633+

I fleire år har historikk.com søkt i alle kjelder for å prøve å gjere statistikken til Bergsøy A-lag så god som mogleg, men det er dessverre vanskeleg å finne god målstatistikk frå 1950-talet.

Sigmund sjølv meinte han scora bra mange mål dei første sesongane, og dette kunne sjølvsagt ført han langt opp på vår målscorarliste. 

Vi kan nemne mål vi manglar i statistikken (pr. 2023):

1952/53: Manglar 38 målscorarar

1953/54: Manglar 47 målscorarar

1954/55: Manglar 42 målscorarar

1955/56: Manglar 42 målscorarar

1956/57: Manglar 24 målscorarar

1957/58: Manglar 30 målscorarar

1958/59: Manglar 11 målscorarar

Totalt er det faktisk 319 mål som manglar ein målscorar i Bergsøystatistikken, og alle desse er frå Sigmund Paulsen si epoke før 1969. 

Sjølv meiner han at han scora 15–18 mål kvar sesong dei første åra. 

Tidleg talent

Han utmerka seg tidleg som eit fotballtalent med god teknikk, og var med i fleire av kampane som Bergsøy hadde før dei starta i serien.  

Han meiner sjølv at han spelte første kampen i 1946 uti Nørste Remøya på ei attleg der. Dei gjekk om bord i trefæringar og rodde ut for å spele kamp, og vann mot Remøya.

Sigmund seier også at han ikkje hadde nokon spesiell favorittfot, han brukte begge bein. Ein spelar som med tekniske finessar og dribleseriar skapte publikumsvennleg fotball i Huldalen.

Ifølgje «Idrett i havgapet» av Johs Wike tjuvtrente Sigmund og kompisane med papirballar i vaskekjellarane om vintrane i mangel på betre treningsforhold, og generasjonen som Sigmund tilhøyrde var det som kan kallast første juniorlaget til Bergsøy.

Egil Leikanger om Sigmund Paulsen:

«Sigmund er det eg må kalle eit fotballtalent. Han hadde teknikk og oversyn, var ein fotballspelar som visste kvar medspelarar og motspelarane sto. Han hadde blikk for spelet.

Eg hugsar heilt på slutten av ein kamp på Stranda (29.08.1965), første kampen vi spelte på gras. Eg spelte keeper og slapp inn eitt mål. På slutten sa Sigmund at han måtte få ballen, og han var så nær at eg kasta den til han. 

Eg skal sverge på at ballen ikkje var i bakken før han nikka den i mål på den andre sida, og vi vann kampen. Han fór med den heilt solo over heile bana. (Bergsøy vann 2–1 etter to mål av Sigmund.) 

Det spesielle med Sigmund var også at han var god over lang periode, han var med lenge.»

«Noko av det første eg hugsar om fotball som gutonge er ein fotballkamp på Myklebust skule, like etter krigen. Der var nokre Måløytvillingar som var gode, og dei sa før kampen: ‘Pass på han der’, og det var han Sigmund som spelte for Fosnavåg. Han utmerka seg allereie den gongen.»

(Egil Leikanger.)

I 2007 mimra Sverre Tollås og Harald Lied om åra etter krigen, og at ungdommen dreiv med gøyme og leite i området rundt Holmsild. Dei valde gjerne to lag på hausten når det var mørkt ute,

og det eine laget skulle gøyme seg og det andre skulle leite. Gøymeplassane var like mange som talet på sjøbuer, men Sigmund Paulsen fann dei aldri under ei bu. Han var nemlig ein meister i å klatre lyktestolpar, minnast dei.

(Ref: Vestlandsnytt 16.11.2007)

«Vi skulle ut på øyane og spele, så då var det å bruke Aktiv og andre fiskebåtar som fylte seg med folk. Vi måtte på båt om vi skulle ut på Moltu også. 

    Det var eit veldig engasjert publikum i dei tidene, det var fullt oppi Huldalen og alle plassar.»

(Sigmund Paulsen.)

1952: Bergsøy sin første målscorar

I boka «Aktive fotballspillere» bind 2, utgitt 1953, står det skrive:

«Sigmund Paulsen, notbøter, Fosnavåg. F. 24.06.1934. Indre høgre. Aktiv siden 1949.»

Han spelte ikkje lengst framme, men han var ein farleg målscorar, han Sigmund Paulsen. Det fekk han vist allereie i den første kampen Bergsøy spelte i serien. 

Laget som slo Vartdal i lagets tredje kamp, Bergsøy sin første bortesiger i seriesystemet. /pp  Petter J. Pettersen, Jan Vinge, Erik Løfoll, Sigmund Paulsen, Knut Nilsen, Jon Ertesvåg, Peder Worren, Kristian Østensen, Ola Goksøyr, Harald Djupvik, Sverre Botn og Leiv Tronstad. /pp  Framme frå venstre: Nils V. Pettersen, Nils P. Nilsen og Leif K. Pettersen.
Laget som slo Vartdal i lagets tredje kamp, Bergsøy sin første bortesiger i seriesystemet. 

  Petter J. Pettersen, Jan Vinge, Erik Løfoll, Sigmund Paulsen, Knut Nilsen, Jon Ertesvåg, Peder Worren, Kristian Østensen, Ola Goksøyr, Harald Djupvik, Sverre Botn og Leiv Tronstad. 

  Framme frå venstre: Nils V. Pettersen, Nils P. Nilsen og Leif K. Pettersen.

Bergsøy debuterte i seriespel borte mot Brattvåg 3. august 1952, eit lag som blei rekna for å vere dei beste i divisjonen. 

Brattvåg vann 2–1, men Bergsøy spelte bra og burde kanskje ha vunne. 

Moglegens var det litt debutnervar idet heimelaget scora to mål før pause. 

Borte mot Brattvåg 1952
Borte mot Brattvåg 1952
Borte mot Brattvåg 1952
Borte mot Brattvåg 1952
Sigmund Paulsen, Ola Goksøyr, Sverre Botn
Sigmund Paulsen, Ola Goksøyr, Sverre Botn
Referat
Referat
Prolog medlemsfest november 1952
Prolog medlemsfest november 1952
Seriemeister 1952/53
Seriemeister 1952/53
To av lagets stjerner idet A-laget startar i serien
To av lagets stjerner idet A-laget startar i serien

Etter pausen dominerte Bergsøy, men klarte berre å score eitt mål. 

Tidenes første målscorar for Bergsøy i seriefotball var 18-åringen Sigmund Paulsen som spelte sidehalf. 

«Eg passa på returane. La meg inni 16-meteren og la meg klar når nokon skaut. Hadde ei 17–18 mål kvar sesong til å begynne med. 

    Eg hadde ein tendens til å score, og var fast straffetakar.»

(Sigmund Paulsen.)

Seinare i oktober 1952 spelte Bergsøy sitt juniorlag treningskamp mot Hødd og tapte 3–1 i ein fartsfylt kamp. Referent PIT skreiv at det som vanleg var Sigmund Paulsen som var den store strategen på heimelaget.

Vidare på 1950-talet

Fram til 1959 spelte han mest på høgre midtbane, medan han etter 1961 var mest i løparrekka som indre høgre.

Ifølgje seg sjølv bytta han litt med Jon Ertesvåg og spelte sweeper nokre gongar. 

September 1953. Laget som tapte med æra i behold mot Herd. Klubbens første fotballkamp på gras. /pp  Bak frå venstre: Kristian Østensen, Jon Ertesvåg, Petter Sperre, Petter Homlong, Ola Goksøyr, Sverre Botn. /pp  Framme frå venstre: Sigmund Paulsen, Leif Pettersen, Nils P. Nilsen, Jan Vinge, Peder Worren.
September 1953. Laget som tapte med æra i behold mot Herd. Klubbens første fotballkamp på gras. 

  Bak frå venstre: Kristian Østensen, Jon Ertesvåg, Petter Sperre, Petter Homlong, Ola Goksøyr, Sverre Botn. 

  Framme frå venstre: Sigmund Paulsen, Leif Pettersen, Nils P. Nilsen, Jan Vinge, Peder Worren.

06.09.1953. Før Herd – Bergsøy 5–0. Arthur «Bassar» Frantsen (bak bordet) saman med sonen Geir. Sigmund Paulsen, Ola Goksøyr og Jon Ertesvåg.
06.09.1953. Før Herd – Bergsøy 5–0. Arthur «Bassar» Frantsen (bak bordet) saman med sonen Geir. Sigmund Paulsen, Ola Goksøyr og Jon Ertesvåg.
Lyslugga Sigmund Paulsen på jakt etter ballen i Huldalen. Johs Wike omtalar Sigmund som «kongen av Huldalsbana».
Lyslugga Sigmund Paulsen på jakt etter ballen i Huldalen. Johs Wike omtalar Sigmund som «kongen av Huldalsbana».

Avisene var ofte sparsomme når det gjaldt å skrive referat frå kampane, og det var svært sjeldan at det blei notert ned målscorarar. Derfor har vi ikkje god statistikk frå 1950-talet.

Berre av og til skreiv avisene kven som var beste spelarane, og der kom Sigmund Paulsen og Jon Ertesvåg sine namn fram fleire gongar i tillegg til Peter Sperre. Om ein berre hadde lese avisene i tiåret 1950 så skulle ein nesten tru laget berre hadde tre spelarar.  

Referat
Referat
Referat
Referat
Referat
Referat
Bilde frå 1954. Ein Bergsøyspelar kastar ballen, og det ser ut til å vere Sigmund Paulsen.
Bilde frå 1954. Ein Bergsøyspelar kastar ballen, og det ser ut til å vere Sigmund Paulsen.

Tidleg aktiv som instruktør

Sigmund Paulsen var ikkje berre ein god spelar, han var tidleg ute med å kursast som trenar og instruktør.

Allereie to år før fotballserien starta (1952), var Sigmund Paulsen oppmann for handballen i 1950 saman med Jan Vinge og Kåre Myklebust. 

Harald Solbakk var instruktør. 

Men det var ikkje berre i handballen han var tidleg ute. Midt i debutsesongen 1952/53 heldt klubben årsmøte, og då blei Jon Ertesvåg og Sigmund Paulsen instruktørar i fotball. 

Sigmund Paulsen var då – i tillegg til å spele og vere instruktør på A-laget – også instruktør for guttelaget saman med Sverre Botn. 

Allereie i 1954 dro Sigmund saman med Sverre Botn på trenarkurs leia av Ragnar Pedersen frå NFF. 

Kurs i 1954. Sigmund Paulsen på trenarkurs på Aksla stadion, han er nummer to frå venstre. Sverre Botn bakerst heilt til høgre.
Kurs i 1954. Sigmund Paulsen på trenarkurs på Aksla stadion, han er nummer to frå venstre. Sverre Botn bakerst heilt til høgre.
Kurs 1956
Kurs 1956
1961: NFF melder at Sigmund Paulsen er godkjent som kontrollør av ferdighetsmerket. I søknaden skreiv Bergsøy at Paulsen hadde deltatt i eit av Sunnmøre Fotballkrets sine instruktørkurs.
1961: NFF melder at Sigmund Paulsen er godkjent som kontrollør av ferdighetsmerket. I søknaden skreiv Bergsøy at Paulsen hadde deltatt i eit av Sunnmøre Fotballkrets sine instruktørkurs.

I vår trenarstatistikk har vi notert Geir Grimstad i 1968 som den første A-trenaren ansatt av klubben, men i realiteten var det mange av dei interne spelarane – som Peder Worren og Sigmund Paulsen – som vi

kan seie var dei aller første til å organisere og ha oppgåver som vi i dag tenkjer at trenarane gjer. Den tida blei dei kalla instruktørar. Til forskjell frå dagens trenarar tok dei ikkje ut laget, det var eit eige utval som gjorde det.

Dette utvalet var på plass også i Geir Grimstad si tid og òg ut på 1970-talet dei første åra, og dette betyr at heller ikkje Geir Grimstad hadde ansvar for uttak av lag i si tid – og at ansvaret dermed ikkje var så annleis enn det spelarane som Sigmund Paulsen hadde som instruktør og kursa i øvingar.

Kort sagt: Det er ikkje mykje feil i å seie at Sigmund Paulsen var ein av dei aller første som med god samvittigheit kunne kalle seg trenar/instruktør for A-laget.

«Treningane var som regel å dele opp i to lag og spele mot kvarandre. Peder Worren hadde ansvaret for mykje av treningane første tida. Så var eg og nokre andre til Ålesund på Aksla

    og hadde kurs. Der var Ragnar Larsen, som var landslagstrenar (1948–1962), og skulle lære oss opp. Idet vi kom tilbake, hadde vi eit visst system med trening, med intervall og diverse. Demping med ball.»

(Sigmund Paulsen.)

Kneskade og operasjon i 1958

I ein kamp mot Rollon 10. august 1958 blir Sigmund Paulsen kneskada, og det verkar å ha vore ei skade som held han unna fotballbana i lengre tid. 

29. september melder Bergsøy til fotballforbundet at Sigmund må operere for å lege skaden, og at denne operasjonen vil skje ein av dei neste dagane. 

Frå 1958 var Sigmund Paulsen og Sverre Botn oppmenn for rekrutteringslaga gutte- og junior. 

Dette året blei det også valt eit UK for desse laga, og der sat Arthur Frantzen, Peter Sperre og Kolbjørn Wickstrøm.

På årsmøtet i 1959 er fortsatt Sigmund Paulsen ein av instruktørane til A-laget, denne gongen saman med Jon Ertesvåg og Peter Sperre. Sigmund er, i tillegg til A-laget, også instruktør, oppmann og UK-medlem for både gutte- og juniorfotballen.

UK (utvelgingskomité) besto av tre personar som tok ut laget, og det var Sigmund Paulsen, Harald Arnesen og Peder Worren. Som ei ekstra oppgåve var Sigmund også materialforvaltar for A-laget saman med Eystein Botn.

Det var også i desse tider at damelaget i handball trente mot spelarar på fotballaget for å bli meir robuste, og der var Sigmund Paulsen ein av dei som stilte opp saman med spelarar som Jon Ertesvåg, Jan Vinge, Ingvald Stenersen og fleire.

(1960: Oppmann for juniorlaget i 1960.)
(1960: Oppmann for juniorlaget i 1960.)
«Sigmund Paulsen og Jon Ertesvåg er dei to beste Bergsøy-spelarane i mi tid på laget», seier Ola Goksøyr

(Ola Goksøyr, ref. Vestlandsnytt 4.8.2005, som i eit anna intervju også nemner Kjartan Fagerlund som ein av dei viktigaste.)

1961: Comeback

I juli 1961 står det at Sigmund Paulsen har comeback i første serierunde mot VRF, og at ein håpar at beinet hans held slik at den gode spelaren kan vere med på alle haustkampane.

Publikum svikta sjølvsagt ikkje heimelaget i sin 3. divisjonsdebut, og det var møtt opp eit rekordtal tilskodarar for å sjå ein jamn kamp mot eit av divisjonens beste lag. 

Sigmund var blant lagets beste spelarar saman med målscorarane Kolbjørn Wickstrøm og Sverre Botn. 

A-laget ca. 1964/65. /pp      Bak frå venstre: Harald Arnesen, Kolbjørn Wickstrøm, Kjartan Fagerlund, Kjell Almestad, Jon Helge Kvalsvik, Sverre Botn, Eldar Eilertsen. /pp      Framme: Gunnar Kjelstadli, Sigmund Paulsen, Roger M. Larsen, Kjell Karlsen og Odd Berge.
A-laget ca. 1964/65. 

      Bak frå venstre: Harald Arnesen, Kolbjørn Wickstrøm, Kjartan Fagerlund, Kjell Almestad, Jon Helge Kvalsvik, Sverre Botn, Eldar Eilertsen. 

      Framme: Gunnar Kjelstadli, Sigmund Paulsen, Roger M. Larsen, Kjell Karlsen og Odd Berge.

«Mens andre hoppa opp og headda ballen, så hoppa eg opp idet ballen var på veg ned og dempa den på hovudet. Der låg ballen på hovudet, medan eg sprang forbi eit par mann og skaut i mål. Eg laga to mål på den måten.»

(Sigmund Paulsen.)

1962–1968: Spelar og instruktør

I 1962 blei oppmannfunksjon og UK slått saman for gutte- og juniorlaga. Harald Arnesen var oppmann saman med Gunnar Kjelstadli, medan Sigmund Paulsen skulle ha ansvaret for uttak og utvikling av dei to laga.

Bergsøy blei nummer to i juniorserien avdeling B på Sunnmøre, med mellom anna imponerande resultat som 6–3 over Hødd og 4–2 over Ålesund. 

Bergsøy Gutteklubb vann dette året klasse A i den populære Sunnmørscupen. 

Bergsøy guttelag 1962 Bak frå venstre: Audun Askimdal, Gustav Harsvik, Knut Teige, Jan Dypvik, Asbjørn Myklebust, Andreas Kvalsund og dommar Reidar Borch Walderhaug. /pp      Framme frå venstre: Harald Thorseth, Nils Frantsen, Knut Igesund, Sigleif Karlsen, Tor Pettersen, Ronald Moen og Jan Harsvik.
Bergsøy guttelag 1962 Bak frå venstre: Audun Askimdal, Gustav Harsvik, Knut Teige, Jan Dypvik, Asbjørn Myklebust, Andreas Kvalsund og dommar Reidar Borch Walderhaug. 

      Framme frå venstre: Harald Thorseth, Nils Frantsen, Knut Igesund, Sigleif Karlsen, Tor Pettersen, Ronald Moen og Jan Harsvik.

Bergsøy guttelag 1963. Bak frå venstre: Geir Finn Goksøyr, Jan Dypvik, Knut Teige, Asbjørn Myklebust, Jan Torgersen, Eldar Eilertsen. /pp      Framme frå venstre: Odd Berge, Nils Frantsen, Håkon Harsvik, Knut Igesund og Ronald Moen.
Bergsøy guttelag 1963. Bak frå venstre: Geir Finn Goksøyr, Jan Dypvik, Knut Teige, Asbjørn Myklebust, Jan Torgersen, Eldar Eilertsen. 

      Framme frå venstre: Odd Berge, Nils Frantsen, Håkon Harsvik, Knut Igesund og Ronald Moen.

Bergsøy guttelag 1964.
Bergsøy guttelag 1964.

I november 1964 kjem Sigmund Paulsen inn i UK for A-laget saman med John Stenersen og Nic Rånes, og i 1965 er han i UK saman med Egil Leikanger og Nicolai Rånes.

Men det er fortsatt som fotballspelar på A-laget han herjar mest, og han scorar mål i alle sesongane frå 1963 til 1967. Aller mest effektiv var han i 1965-sesongen med minimum 13 fulltreffarar (av dei måla vi klarer å bekrefte).

Vi manglar 13 mål å bekrefte i 1965-sesongen, men slik det ser ut var Sigmund Paulsen klar toppscorar denne sesongen.

(Bildet: Sigmund Paulsen scorar 2 og Knut Teige 1 mål mot Rollon i 1966. Bergsøy vinn 3–2 på bortebane.)
(Bildet: Sigmund Paulsen scorar 2 og Knut Teige 1 mål mot Rollon i 1966. Bergsøy vinn 3–2 på bortebane.)

1969: Spelar om opprykk

Fotballveteranen Sigmund Paulsen hadde vore med og vinne serien i 1952/53, og i 1969 var han 37 år og med for å hjelpe Bergsøy vinne serien igjen.

Det var stor stas då Bergsøy vann kamp etter kamp utover i sesongspurten, og Sigmund spelte dei fleste kampane. I 3–1 sigeren mot Rollon var det Sigmund og Knut Igesund som var dei mest dominerande og rydda godt i forsvaret. 

Han spelte også i løparrekka i tillegg til å spele på backplass.  

«Hausten eg kom til Bergsøy var eg med på ein del treningar, og det var ikkje flaumlys, men i alle fall ein lyskastar i telefonstolpen i Huldalen. Det blei nokså skumt utover. Når klokka byrja å nærme seg sju sa eg til han Sigmund at 

    no har eg store problem med å sjå ballen fordi det blir så mørkt. Då sa Sigmund: ‘Essa, eg har ikkje sett ballen på ein time eg no’. Då snakka vi om ein spelar som spelte på intuisjon.»

(Bjørn Prytz.)

Sigmund rakk også å spele i alle dei tre første NM-kampane klubben hadde i 1969. Dette var første året at Bergsøy kvalifiserte seg til NM-kampar.

Laget mot Sunndal som vinn 1–0./pp      Bak frå venstre: Oskar Waage, Jon Peter Frøystad, Asbjørn Myklebust, Kjartan Fagerlund, Jostein Myklebust, Ronald Moen./pp      Framme: Andreas Kvalsund, Eldar Eilertsen, Jan Karsten Myrhol, Knut Igesund, Sigmund Paulsen.
Laget mot Sunndal som vinn 1–0.

      Bak frå venstre: Oskar Waage, Jon Peter Frøystad, Asbjørn Myklebust, Kjartan Fagerlund, Jostein Myklebust, Ronald Moen.

      Framme: Andreas Kvalsund, Eldar Eilertsen, Jan Karsten Myrhol, Knut Igesund, Sigmund Paulsen.

Laget mot Sunndal som vinn 1–0.
Laget mot Sunndal som vinn 1–0.
KM-finale mot Bryn. Sigmund Paulsen ser frå sidelinja.
KM-finale mot Bryn. Sigmund Paulsen ser frå sidelinja.
Dette ser ut som Sigmund Paulsen. Bildet er tatt etter kampen Bergsøy – Sunndal.
Dette ser ut som Sigmund Paulsen. Bildet er tatt etter kampen Bergsøy – Sunndal.
Bilde frå kvalikkampen mot Bryn 1969.
Bilde frå kvalikkampen mot Bryn 1969.
Vestlandsnytt september 1969.
Vestlandsnytt september 1969.
«Dette er jammen artigaste fotballdagen eg har hatt på lenge», sa Sigmund Paulsen etter at Bergsøy sikra seriemeisterskapet med 4–3 mot Valder. «Når Bryn protesterte mot å spele mot oss på grus, så får vi vise dei at vi kan tukte dei også på gras.»

(Sigmund Paulsen.)

1970: Den siste sesongen

Han hadde spelt sidan den aller første kampen i 1952, hjelpte klubben til opprykk i 1969 og enda med fire kampar i 1970-sesongen før han gav seg.

Alle fire kampane Sigmund spelte denne sesongen kom han inn som innbytar.

Siste kampen Sigmund spelte var mot Langevåg 6. september, 18 år, 1 månad og 3 dagar etter at han spelte sin første obligatoriske kamp.

Så lenge varte altså hans spelande A-lagskarriere. 

Kampbilde 1970
Kampbilde 1970
Kampbilde 1970, CFK scorar
Kampbilde 1970, CFK scorar
«Eg spelte saman med han Sigmund i fleire år. Han var ein smart og teknisk god spelar som eg lærte mykje av. Ikkje minst som humørspreiar og med gode historier og godt lune for oss unggutane som kom opp på laget, så hadde vi mange artige opplevingar. 

    Så han var ein fantastisk type.»

(Asbjørn Myklebust.)

1970: Den største veteranen

I det sesongen er over i 1970 toppar Sigmund Paulsen adelskalenderen til Bergsøy med 166 kampar. 

Han blei hylla med kraftige klappsalvar frå festlyden idet han tok imot den store pokalen som hadde stått sist på bordet og venta.

Sigmund Paulsen mottek pokal av klubbens formann K. Reite
Sigmund Paulsen mottek pokal av klubbens formann K. Reite
Sigmund Paulsen mottek pokal av klubbens formann K. Reite
Sigmund Paulsen mottek pokal av klubbens formann K. Reite
Sigmund toppar adelskalenderen etter 1970-sesongen
Sigmund toppar adelskalenderen etter 1970-sesongen

Han heldt fram både å spele fotball og å vere fotballtrenar i mange år til. 

«Ja, denne pokalen er stor, men kan du tru eg får på 50-årsfesten når eg har spelt 300 kampar?»

(Sigmund Paulsen under 25-årsfesten.)

Tidleg på 1970-talet

I 1971 er Sigmund Paulsen med i UK for A-laget saman med trenar Harald Barstad og Tore Johan Stenersen. Altså ein av dei tre som har ansvar for å ta ut laget som skal spele kampar.

Vidare starta han å dømme fleire kampar som dommar, samtidig som han starta å bli aktiv i reservelagsserien.

I 1974 scorar han eitt mål idet Bergsøy slår Hareid 4–2, og dei andre målscorarane var Jon Leine (2 mål) og Arve Løken (1 mål). Han er også med i showkampar, der blant anna Shocking Blue mot GEVO i Huldalen, der både Sigmund, Kjartan Fagerlund og Per Worren kom på scoringslista.

Shocking Blue i 1973. /pp  Framme (frå venstre): Fred Frantzen, Sigmund Paulsen, Harald Thorseth, Mathias Pettersen og Einar Harsvik. /pp  Bak: Sindre Notø, Ståle Myklebust, Jack Pettersen, Martin Pettersen, Asbjørn Myklebust og Roger Huldal. /pp  Bilde av Osvald Ristesund.
Shocking Blue i 1973. 

  Framme (frå venstre): Fred Frantzen, Sigmund Paulsen, Harald Thorseth, Mathias Pettersen og Einar Harsvik. 

  Bak: Sindre Notø, Ståle Myklebust, Jack Pettersen, Martin Pettersen, Asbjørn Myklebust og Roger Huldal. 

  Bilde av Osvald Ristesund.

Suksess som juniortrenar

Bak frå venstre: trenar Sigmund Paulsen, Robert Brekke, Ole Løfoll, Sigfred Skorpen, Paul Nilsen, Hugo Brathaug, Leif Tarberg, Frank Rødal. /pp  Framme frå venstre: John Magne Johannesen, Martin Fyrmyr, Jan Harald Nerland, Kjetil Goksøyr, Jens Morten Dahlstrøm og Svein Harald Erntsen.
Bak frå venstre: trenar Sigmund Paulsen, Robert Brekke, Ole Løfoll, Sigfred Skorpen, Paul Nilsen, Hugo Brathaug, Leif Tarberg, Frank Rødal. 

  Framme frå venstre: John Magne Johannesen, Martin Fyrmyr, Jan Harald Nerland, Kjetil Goksøyr, Jens Morten Dahlstrøm og Svein Harald Erntsen.

I 1975 hadde juniorlaget ein god sesong med Sigmund Paulsen som trenar. Laget tapte juniorkrinscup-finalen på straffesparkkonkurranse (6–5) mot Stranda etter 1–1 i ordinær tid.

Bergsøy hadde fått ein god start då Sigfred Skorpen gjorde 1–0, men Stranda utlikna like etter. Juniorlaget enda på ein andreplass i serien bak Hødd.

1975. /pp  Bak frå venstre: trenar Sigmund Paulsen, Kåre Igesund, Jan Leine, Sigfred Skorpen, Kjartan Paulsen, Trond Paulsen. /pp  Framme frå venstre: John Johannesen, Jens Morten Dahlstrøm, Odd Egil Igesund, Johnny Pettersen, Jan Harald Nerland, Leif Tarberg og Egil Vike.
1975. 

  Bak frå venstre: trenar Sigmund Paulsen, Kåre Igesund, Jan Leine, Sigfred Skorpen, Kjartan Paulsen, Trond Paulsen. 

  Framme frå venstre: John Johannesen, Jens Morten Dahlstrøm, Odd Egil Igesund, Johnny Pettersen, Jan Harald Nerland, Leif Tarberg og Egil Vike.

I 1975 var Sigmund også ein del av ein tremannsjury som valde ut «Dagens Bilar» på heimekampane. Dei to andre var Gunnar Kjelstadli og Harald Arnesen. Om ein av dei ikkje kunne vere på kamp, var Åsmund Myklebust reserve.

I 1976 tek Sigmund Paulsen på seg trenarrolla som gutte- og juniortrenar igjen. 

Han blei ein suksesstrenar for Bergsøy sitt lovande juniorlag, som hadde slått ut Ålesund 5–4 på straffespark etter 1–1 i ordinær tid i NM. Dei slo også Langevåg 4–1 og Sunndal 2–1, og neste utfordring fekk dei ved å reise til Bergen og møte Brann.

Med siger mot Brann ville laget gått til kvartfinale. 

1976: Bergsøy mot Brann i juniorcup. /pp  Bak frå venstre: Sigmund Paulsen (trenar), Sigfrid Skorpen, Kåre Igesund, Leif Tarberg, Jan Harald Nerland, Trond Paulsen, Ståle Voldsund, Hugo Brathaug og Robert Hjelmeseth./pp  Framme frå venstre: Anders Almestad, Geir Egil Olsen, Trond Hasfjord, Bodvar Kleiven, Eivind Møller, Frode Wilhelmsen, Malvin Berge og Arnvid Husøy.
1976: Bergsøy mot Brann i juniorcup. 

  Bak frå venstre: Sigmund Paulsen (trenar), Sigfrid Skorpen, Kåre Igesund, Leif Tarberg, Jan Harald Nerland, Trond Paulsen, Ståle Voldsund, Hugo Brathaug og Robert Hjelmeseth.

  Framme frå venstre: Anders Almestad, Geir Egil Olsen, Trond Hasfjord, Bodvar Kleiven, Eivind Møller, Frode Wilhelmsen, Malvin Berge og Arnvid Husøy.

I 1978 gjekk Bergsøy sitt juniorlag til topps i juniorserien på Sunnmøre med Sigmund Paulsen som trenar.

1981: Trenar for Moltu

På folkemunne var Moltu kalla for Bergsøy 2 dette året. Også trenaren Sigmund Paulsen er tidlegare Bergsøymann.

Laget gjekk ned frå 5. divisjon året før, og håpa å gå tilbake til 5. divisjon med ein god sesong dette året. Avgang frå Moltu hadde Rolv Bakke forlatt laget, men til gjengjeld hadde mange andre frå Bergsøy tatt turen.

Moltu 1981./pp  Framme frå venstre: Egil Vike, Jostein Løvøy, Stig Giske, Harald Thorseth, Kåre Igesund, Geir Vangen og Henning Moltubakk. /pp  Bak frå venstre: trenar Sigmund Paulsen, Paul Jostein Vike, Ståle Voldsund, Trond Myking, Noralf Lillestøl, Lennart Lillestøl, Dag Harald Igesund og Arthur Lillestøl.
Moltu 1981.

  Framme frå venstre: Egil Vike, Jostein Løvøy, Stig Giske, Harald Thorseth, Kåre Igesund, Geir Vangen og Henning Moltubakk. 

  Bak frå venstre: trenar Sigmund Paulsen, Paul Jostein Vike, Ståle Voldsund, Trond Myking, Noralf Lillestøl, Lennart Lillestøl, Dag Harald Igesund og Arthur Lillestøl.

Old boys

Sigmund er 57 år i 1991, og spelar på Old Boys. 

Bilde frå 1991, Bergsøy Old Boys med mange kjente ansikt. /pp  Bak frå venstre: Per Worren, Sveinung Frøystad, Kjartan Fagerlund, Knut Teige, Åsmund Myklebust, Harald Arnesen og Sigmund Paulsen./pp  Framme frå venstre: dommar Bjørn Riise, Ronald Moen, Oskar Waage, Jan Karsten Myrhol, Gunnar Kjelstadli og Eldar Eilertsen.
Bilde frå 1991, Bergsøy Old Boys med mange kjente ansikt. 

  Bak frå venstre: Per Worren, Sveinung Frøystad, Kjartan Fagerlund, Knut Teige, Åsmund Myklebust, Harald Arnesen og Sigmund Paulsen.

  Framme frå venstre: dommar Bjørn Riise, Ronald Moen, Oskar Waage, Jan Karsten Myrhol, Gunnar Kjelstadli og Eldar Eilertsen.

I 1999 blei det også kjent at Sigmund Paulsen hadde ekstra flaks også med lottokupongen med sju rette tal, som sikra han 1,9 millionar kroner. 

Kupongen hadde han sjølvsagt kjøpt hos N. H. Lied, der det i tidlegare dagar ofte var samlingspunkt for A-spelarane for å sjå lagoppstillingane til UK dagane før kamp.

Offisielle kamptal år for år, kampoversikt og registrerte kampar frå lagoppstillinga.

Målunivers: mål år for år, målsnitt, måltype, straffer, hattrick og scoringar mot lag/bane.

Bildearkiv knytt til spelaren.

Relaterte bilder
Guttelag 1974
1974
Bak fra venstre Sigmund Paulsen, Robert brekke, Ove Løfoll, "Siggen" Skorpen, Paul Nilsen, Hugo Brathaug, Leif Tarberg, Frank Rødal. Framme fra venstre: John Magne Johannesen, Kapten Martin Fyrmyr, Jan Harald nerland, Kjetil goksøyr, Jens Morten Dahlstrøm, Svein Harald Erntsen.
Shocking Blue 1973
1973
Fred Frantzen, Sigmund Paulsen, Harald Thorseth, Mathias Pettersen, Einar HArsvik. Sindre Notø, Ståle Myklebust, Jack Pettersen, Martin Pettersen, ASbjørn Myklebust, Roger Huldal.
Bergsøy - Clausenenga 0-1
1970
Bergsøy - Clausenenga 0-1
1970
Bergsøy - Bryn 1-3
1969
Sigmund må gå i vannet for å hente ballen
Bergsøy - Bryn 1-3
1969
Sunndal - Bergsøy 0-1
1969
Valder - Bergsøy 3-4
1969
Med ryggen mot Valdervollgranitten Lrdag. Først etterpå fikk de vite at uavgjort hadde holdt. Det er tydelig at de er besluttsomme før dysten, de 15. Samme tæl må til mot Sunndal og angrepssterke Bryn om det skal bli opprykk. Myrhol, Kvalsund, Kjelstadli, Igesund, Paulsen ,Våge, Moen , Frøystad, Myklebust, Vorren, Frantzen , Nørvåg, og John Johansen
Lagbilde A-lag 1969
1969
A-laget i 1969: Bak fra venstre Oskar Waage, Jon Peter Frøystad, Asbjørn Myklebust, Kjartan Fagerlund, Jostein Myklebust, Ronald Moen. Framme: Andreas Kvalsund, Eldar Eilertsen, Jan Karsten Myrhol, Knut Igesund, Sigmund Paulsen.
Rollon - Bergsøy 2-3
1966
Lagbilde A-lag 1965
1965
Kan være 1964
Lagbilde A-lag 1963
1963
Lagbilde A-lag 1957/58
1957
A-laget i 1957/1958. Spelarane er. Knestående frå v. Asmund Myklebust , Edmund Notøy, Edmund Wiik, Frank Frantsen, Ingvald Stenersen. Stående frå v. Petter Homlong, Sigmund Paulsen, Jon Ertesvåg, Egil Myrene, Sverre Botn, Jon Frøystad.
Moltu - Bergsøy 2-3
1954
Lagbilde A-lag 1954
1954
A-laget i 1954. Sverre Botn, Peder Worren, Jon Ertesvåg, Erik Løfoll, Sigmund Paulsen, Jon Stenersen, Ola Goksøyr ,Petter Sperre. Framme: Jan Winge, Kristian Østensen, Nils Pettersen
Lagbilde A-lag 1954
1954
August 1954.Bak fra venstre: Gunnar Roksvåg, Jon Stenersen, Sigmund Paulsen, Jan Vinge, Jon Ertesvåg, Peder Worren, Edmund Notøy, Sverre Botn (ståande ytterst til høgre) Framme fra venstre: Paul Brekke, Petter Sperre, Leif Pettersen, Ola Goksøyr, Kåre Arnesen
Bergsøy - Hareid 9-1
1953
Bergsøy - Hareid 9-1
1953
Herd - Bergsøy 5-0
1953
Lagbilde A-lag 1953
1953
September 1953.Laget som tapte med æren i behold mot Herd. Klubbens første fotballkamp på gras. Bak fra venstre: Kristian Østensen, Jon Ertesvåg, Petter Sperre, Petter Homlong, Ola Goksøyr, Sverre Botn. Framme frå venstre: Sigmund Paulsen, Leif Pettersen, Nils P Nilsen, Jan Vinge, Peder Worren.
Viser 1–20 av 25
← Forrige Neste →
Spelarmerittar utval frå registrerte kampar, mål, assist og kortprofil

Viktige kampar

Karriereprofil
156 av 166 94%
Resultatprofil
Siger, uavgjort og tap i registrerte kampar.
47% Sigerprosent
73Sigrar
19Uavgjort
64Tap
🆚 Motstandararkomplett liste
33 motstandarar registrert
159Kampar 37Mål 0Assist 0Gule 0Raude
Brattvåg B Brattvåg
8 ⚽ 7 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Stranda S Stranda
11 ⚽ 6 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Stordal S Stordal
7 ⚽ 6 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Volda V Volda
12 ⚽ 3 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Ørsta Ø Ørsta
11 ⚽ 3 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Rollon R Rollon
8 ⚽ 2 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Skarbøvik S Skarbøvik
8 ⚽ 2 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Spjelkavik S Spjelkavik
6 ⚽ 2 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Mauseidvåg M Mauseidvåg
4 ⚽ 2 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Emblem E Emblem
2 ⚽ 2 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Sykkylven S Sykkylven
8 ⚽ 1 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Blindheim B Blindheim
5 ⚽ 1 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Sæbø S Sæbø
9 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Hareid H Hareid
7 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Moltustranda M Moltustranda
6 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Herd H Herd
5 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Hovdebygda H Hovdebygda
5 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Valder V Valder
5 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Aksla A Aksla
4 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Guard G Guard
4 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Heid H Heid
4 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Vartdal V Vartdal
4 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Vigra V Vigra
3 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Hundeidvik H Hundeidvik
2 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Tennfjord T Tennfjord
2 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
VRF V VRF
2 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Bryn B Bryn
1 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Clausenengen C Clausenengen
1 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Eid E Eid
1 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Langevåg L Langevåg
1 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Molde M Molde
1 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Sunndal S Sunndal
1 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Tornado T Tornado
1 ⚽ 0 🅰️ 0 🟨 0 🟥 0
Første lagoppstilling / mål
Kampnr 1:
Første mål:
Kampnr 1:
(Alder: 18 år 1 mnd)
Siste lagoppstilling / mål
Kampnr 250:
Siste mål:
Kampnr 202:
(Alder: 33 år 2 mnd)
Utmerkingar og roller
©️
0
Kampar som kaptein
6
Banens beste-prisar
🅰️
0
Assist registrert
🎩
2
Hattrick
🧤
0
Kampar som keeper
Kampkontroll
Offisielle kampar og registrerte lagoppstillingar samla utan målstatistikk.
📅
166
Kampar totalt
👥
156
Registrert frå lagoppstilling
🏟️
149
Seriekampar
🏆
3
Cupkampar
🎖️
4
KM + kvalik
Målkontroll
Her samlar vi alt som handlar om scoringar, fordeling og effektivitet.
37
Mål totalt
Snitt pr. kamp: 0,22
🏟️
37
Seriemål
Snitt pr. seriekamp: 0,25
🏆
0
Cupmål
Snitt pr. cupkamp: 0,00
🎖️
0
KM + kvalik-mål
Eige cup-/kvalikspor
Kampstatistikk
Kampar
156
Starta
150
Innbytter
6
Vunne
73
47%
Uavgjort
19
12%
Tapt
64
41%
Kampar år for år
K viser dei offisielle kampane som er brukte i totalen og adelskalenderen.
2
1953
14
1954
6
1955
13
1956
6
1957
9
1958
3
1959
20
1962
9
1963
12
1964
14
1965
14
1966
10
1967
6
1968
18
1969
5
1970
161Kampar totalt
20Beste kampår · 1962
16Sesongar med registrering
Mål år for år
Viser registrerte mål per sesong/år for spelaren.
1
1953
1954
1955
1956
1
1957
1958
1959
4
1962
4
1963
2
1964
13
1965
9
1966
3
1967
1968
1969
1970
37Mål totalt
13Beste målår · 1965
16Sesongar med registrering
Kampar og mål år for år
Kombinert oversikt for karrieren: grønt viser kampar, blått viser mål. Same sesonglogikk som kamp- og målgrafane.
KamparMål
21
1953
14
1954
6
1955
13
1956
61
1957
9
1958
3
1959
204
1962
94
1963
122
1964
1413
1965
149
1966
103
1967
6
1968
18
1969
5
1970
161Kampar totalt
37Mål totalt
0,23Mål per kamp
37 Totalt mål
0 Spelemål/skudd 0%
0 Headingar 0%
0 Frispark 0%
0 Straffer 0%
0 Mål med hending 0%
Korleis og når måla kom
Alle mål frå kampdata. Type og tidspunkt blir fylt ut der hending er registrert.

Måltype

Ingen mål registrert for denne spelaren.

Tidspunkt i kampen

Ukjent
37
Målliste
Komplett frå kampdata. Hendingar legg til minutt, type, stilling og beskriving.
DatoKampResultatMin.TypeStillingBeskrivelse
1967-09-17 Bergsøy – Ørsta 2-4
1967-09-10 Stranda – Bergsøy 0-2
1967-09-03 Blindheim – Bergsøy 0-3
1966-09-18 Bergsøy – Sykkylven 11-0
1966-08-21 Bergsøy – Stordal 5-0
1966-08-21 Bergsøy – Stordal 5-0
1966-06-20 Bergsøy – Spjelkavik 2-4
1966-06-12 Rollon – Bergsøy 2-3
1966-06-12 Rollon – Bergsøy 2-3
1966-05-21 Stordal – Bergsøy 0-3
1966-05-21 Stordal – Bergsøy 0-3
1966-05-05 Bergsøy – Ørsta 2-5
1965-08-29 Stranda – Bergsøy 1-2
1965-08-29 Stranda – Bergsøy 1-2
1965-08-15 Brattvåg – Bergsøy 3-1
1965-08-08 Bergsøy – Skarbøvik 2-1
1965-08-08 Bergsøy – Skarbøvik 2-1
1965-06-20 Bergsøy – Brattvåg 4-3
1965-06-20 Bergsøy – Brattvåg 4-3
1965-06-20 Bergsøy – Brattvåg 4-3
1965-06-07 Bergsøy – Stranda 5-2
1965-06-07 Bergsøy – Stranda 5-2
1965-06-07 Bergsøy – Stranda 5-2
1965-05-23 Mauseidvåg – Bergsøy 0-2
1965-05-16 Bergsøy – Volda 4-1
1964-06-28 Bergsøy – Mauseidvåg 2-3
1964-05-31 Stordal – Bergsøy 3-1
1963-09-15 Bergsøy – Brattvåg 3-1
1963-06-09 Volda – Bergsøy 4-2
1963-05-12 Bergsøy – Emblem 6-3
1963-05-12 Bergsøy – Emblem 6-3
1962-09-09 Spjelkavik – Bergsøy 5-1
1962-08-19 Brattvåg – Bergsøy 2-2
1962-08-05 Volda – Bergsøy 5-2
1961-08-27 Stordal – Bergsøy 1-2
1956-08-26 Bergsøy – Ørsta 3-2
1952-08-03 Brattvåg – Bergsøy 2-1
Hattrick
Kampar der spelaren har scora tre eller fleire mål.
Assist
Registrerte målgivande pasningar frå kamp_hendelse.
0 registrerte assist
Ingen assist registrert for denne spelaren.
Mål mot motstandarar
Kven spelaren har scora mest mot.
Motstandar
Brattvåg B Brattvåg
⚽ 7 🅰️ 0 8
Stranda S Stranda
⚽ 6 🅰️ 0 11
Stordal S Stordal
⚽ 6 🅰️ 0 7
Volda V Volda
⚽ 3 🅰️ 0 12
Ørsta Ø Ørsta
⚽ 3 🅰️ 0 11
Rollon R Rollon
⚽ 2 🅰️ 0 8
Skarbøvik S Skarbøvik
⚽ 2 🅰️ 0 8
Spjelkavik S Spjelkavik
⚽ 2 🅰️ 0 6
Mauseidvåg M Mauseidvåg
⚽ 2 🅰️ 0 4
Emblem E Emblem
⚽ 2 🅰️ 0 2
Sykkylven S Sykkylven
⚽ 1 🅰️ 0 8
Blindheim B Blindheim
⚽ 1 🅰️ 0 5
År for år – offisielle tal og lagoppstilling

K er offisielle kampar brukte i totalen. 👥 er kampar registrerte frå lagoppstilling i kampreferata.

År K 👥 🟨 🟥
1970 5 4 0 0 0
1969 18 18 0 0 0
1968 6 6 0 0 0
1967 10 10 3 0 0
1966 14 14 9 0 0
1965 14 14 13 0 0
1964 12 12 2 0 0
1963 9 10 4 0 0
1962 20 15 4 0 0
1959 3 3 0 0 0
1958 9 9 0 0 0
1957 6 6 1 0 0
1956 13 12 0 0 0
1955 6 6 0 0 0
1954 14 14 0 0 0
1953 2 3 1 0 0
Sum 161 156 37 0 0
Kamper (lagoppstilling)
🕒 👥 ℹ️
1970
09-06
Langevåg - Bergsøy 2-1
1970
08-23
Ørsta - Bergsøy 0-1
1970
08-16
Bergsøy - Clausenengen 0-1
1970
08-09
Molde - Bergsøy 3-1
1969
10-26
Bergsøy - Bryn 1-3
1969
10-05
Sunndal - Bergsøy 0-1
1969
09-14
Valder - Bergsøy 3-4
1969
09-07
Bergsøy - Stranda 8-1
1969
08-30
Bergsøy - Volda 1-0
1969
08-24
Bergsøy - Rollon 3-1
1969
08-17
Vigra - Bergsøy 1-2
1969
08-09
Sykkylven - Bergsøy 2-1
1969
08-03
Bergsøy - Spjelkavik 1-0
1969
06-20
Bergsøy - Valder 2-2
1969
06-15
Stranda - Bergsøy 0-3
1969
06-07
Rollon - Bergsøy 2-0
1969
06-04
Herd - Bergsøy 2-1
1969
05-25
Bergsøy - Sykkylven 3-0
1969
05-18
Bergsøy - Tornado 3-1
1969
05-15
Spjelkavik - Bergsøy 3-0
1969
05-10
Volda - Bergsøy 1-1
1969
05-03
Eid - Bergsøy 1-7
1968
09-22
Sykkylven - Bergsøy 1-3
1968
08-24
Bergsøy - Volda 4-2
1968
08-18
Stranda - Bergsøy 0-1
1968
08-11
Bergsøy - Rollon 1-2
1968
08-04
Ørsta - Bergsøy 5-0
1968
05-25
Volda - Bergsøy 1-0
1967
09-17
Bergsøy - Ørsta 2-4 ⚽ 1
1967
09-10
Stranda - Bergsøy 0-2 ⚽ 1
1967
09-03
Blindheim - Bergsøy 0-3 ⚽ 1
1967
08-26
Bergsøy - Rollon 3-2
1967
08-20
Skarbøvik - Bergsøy 10-1
1967
06-25
Ørsta - Bergsøy 3-2
1967
06-18
Bergsøy - Stranda 4-0
1967
06-04
Bergsøy - Blindheim 2-1
1967
05-21
Bergsøy - Skarbøvik 2-4
1967
04-30
Bergsøy - Valder 5-1
1966
09-18
Bergsøy - Sykkylven 11-0 ⚽ 1
1966
09-11
Spjelkavik - Bergsøy 3-1
1966
09-04
Bergsøy - Rollon 4-4
1966
08-28
Valder - Bergsøy 3-1
1966
08-21
Bergsøy - Stordal 5-0 ⚽ 2
1966
08-13
Skarbøvik - Bergsøy 9-0
1966
06-30
Ørsta - Bergsøy 3-0
1966
06-27
Sykkylven - Bergsøy 1-2
1966
06-20
Bergsøy - Spjelkavik 2-4 ⚽ 1
1966
06-12
Rollon - Bergsøy 2-3 ⚽ 2
1966
06-04
Bergsøy - Valder 1-1
1966
05-21
Stordal - Bergsøy 0-3 ⚽ 2
1966
05-15
Bergsøy - Skarbøvik 4-0
1966
05-05
Bergsøy - Ørsta 2-5 ⚽ 1
1965
09-26
Vigra - Bergsøy 5-4
1965
09-19
Volda - Bergsøy 5-1
1965
09-12
Bergsøy - Mauseidvåg 2-0
1965
08-29
Stranda - Bergsøy 1-2 ⚽ 2
1965
08-21
Bergsøy - Aksla 2-3
1965
08-15
Brattvåg - Bergsøy 3-1 ⚽ 1
1965
08-08
Bergsøy - Skarbøvik 2-1 ⚽ 2
1965
06-27
Skarbøvik - Bergsøy 3-3
1965
06-20
Bergsøy - Brattvåg 4-3 ⚽ 3
1965
06-13
Aksla - Bergsøy 3-3
1965
06-07
Bergsøy - Stranda 5-2 ⚽ 3
1965
05-23
Mauseidvåg - Bergsøy 0-2 ⚽ 1
1965
05-16
Bergsøy - Volda 4-1 ⚽ 1
1965
05-09
Bergsøy - Vigra 2-2
1964
09-27
Mauseidvåg - Bergsøy 4-2
1964
09-06
Blindheim - Bergsøy 6-2
1964
08-30
Bergsøy - Stordal 2-0
1964
08-22
Hareid - Bergsøy 3-1
1964
08-02
Bergsøy - Volda 2-1
1964
06-28
Bergsøy - Mauseidvåg 2-3 ⚽ 1
1964
06-21
Emblem - Bergsøy 1-5
1964
06-14
Bergsøy - Blindheim 1-1
1964
05-31
Stordal - Bergsøy 3-1 ⚽ 1
1964
05-24
Bergsøy - Hareid 2-0
1964
05-16
Brattvåg - Bergsøy 3-3
1964
05-10
Volda - Bergsøy 7-2
1963
09-15
Bergsøy - Brattvåg 3-1 ⚽ 1
1963
09-08
Bergsøy - Volda 1-1
1963
09-01
Hovdebygda - Bergsøy 2-1
1963
08-25
Bergsøy - Stordal 1-1
1963
08-04
Bergsøy - Sykkylven 0-1
1963
06-23
Bergsøy - Aksla 0-1
1963
06-16
Brattvåg - Bergsøy 1-1
1963
06-09
Volda - Bergsøy 4-2 ⚽ 1
1963
05-23
Bergsøy - Hovdebygda 5-1
1963
05-12
Bergsøy - Emblem 6-3 ⚽ 2
1962
09-02
Bergsøy - Sykkylven 3-2
1962
06-24
Bergsøy - Stordal 3-1
1962
05-27
Ørsta - Bergsøy 2-0
1962
05-20
VRF - Bergsøy 9-1
1962
05-13
Sykkylven - Bergsøy 9-0
1962
04-29
Bergsøy - Spjelkavik 0-6
1961
10-01
Hovdebygda - Bergsøy 4-0
1961
09-24
Bergsøy - Brattvåg 3-3
1961
09-10
Aksla - Bergsøy 8-1
1961
09-02
Bergsøy - Volda 0-2
1961
08-27
Stordal - Bergsøy 1-2 ⚽ 1
1961
08-20
Bergsøy - Rollon 1-2
1961
08-13
Herd - Bergsøy 3-1
1961
08-06
Bergsøy - Ørsta 0-0
1961
07-30
Bergsøy - VRF 3-4
1959
05-07
Herd - Bergsøy 3-0
1958
08-10
Rollon - Bergsøy 6-3
1958
08-03
Ørsta - Bergsøy 2-1
1958
06-15
Bergsøy - Stranda 2-1
1958
06-08
Stranda - Bergsøy 2-0
1958
05-25
Bergsøy - Hundeidvik 4-0
1958
05-15
Sæbø - Bergsøy 2-5
1958
05-11
Hareid - Bergsøy 1-6
1958
05-04
Bergsøy - Moltustranda 3-1
1957
08-26
Bergsøy - Sæbø 9-0
1957
08-18
Bergsøy - Hareid 6-1
1957
08-05
Moltustranda - Bergsøy 3-1
1956
09-23
Bergsøy - Moltustranda 5-1
1956
09-09
Bergsøy - Sæbø 3-3
1956
09-02
Blindheim - Bergsøy 0-3
1956
08-26
Bergsøy - Ørsta 3-2 ⚽ 1
1956
08-19
Hundeidvik - Bergsøy 0-4
1956
08-05
Ørsta - Bergsøy 3-0
1956
06-03
Moltustranda - Bergsøy 2-7
1956
05-27
Bergsøy - Sæbø 6-4
1956
05-20
Skarbøvik - Bergsøy 9-1
1956
05-13
Hovdebygda - Bergsøy 2-1
1956
05-06
Bergsøy - Guard 9-4
1955
10-02
Bergsøy - Heid 6-0
1955
09-18
Heid - Bergsøy 2-7
1955
09-11
Bergsøy - Moltustranda 2-2
1955
09-04
Sæbø - Bergsøy 5-2
1955
08-28
Bergsøy - Skarbøvik 0-4
1955
08-21
Guard - Bergsøy 0-1
1955
08-14
Bergsøy - Hovdebygda 0-2
1954
09-26
Sæbø - Bergsøy 3-3
1954
09-12
Vartdal - Bergsøy 3-7
1954
08-29
Bergsøy - Heid 11-1
1954
08-22
Moltustranda - Bergsøy 2-3
1954
08-15
Bergsøy - Hareid 1-4
1954
08-08
Bergsøy - Sæbø 3-3
1954
05-30
Bergsøy - Herd 0-3
1954
05-23
Vartdal - Bergsøy 1-5
1954
05-16
Bergsøy - Tennfjord 1-3
1954
05-09
Bergsøy - Guard 1-2
1954
05-02
Sæbø - Bergsøy 5-4
1953
09-27
Bergsøy - Hareid 9-1
1953
09-20
Stranda - Bergsøy 0-0
1953
09-13
Bergsøy - Stranda 0-2
1953
09-06
Herd - Bergsøy 5-0
1953
08-30
Bergsøy - Vartdal 8-0
1953
08-23
Tennfjord - Bergsøy 1-3
1953
08-16
Guard - Bergsøy 0-5
1953
08-09
Bergsøy - Sæbø 5-3
1953
08-02
Hareid - Bergsøy 1-6
1953
05-03
Bergsøy - Vartdal 6-0
1952
10-05
Heid - Bergsøy 1-4
1952
08-03
Brattvåg - Bergsøy 2-1 ⚽ 1