Stjerneprofil Sigmund Paulsen
Han utmerka seg tidlig som et fotballtalent med god teknikk, og var med i fleire av kampane som Bergsøy hadde etter krigen før dei starta i serien 1952.
|
|
|
|
| År | Kampar | Mål |
|---|---|---|
| 1952/53 | 2+ | 1+ |
| 1953/54 | 14 | |
| 1954/55 | 6 | |
| 1955/56 | 13 | |
| 1956/57 | 6 | 1 |
| 1957/58 | 9 | |
| 1958/59 | 3 | |
| 1962 | 20 | 3 |
| 1963 | 9 | 4 |
| 1964 | 12 | 2 |
| 1965 | 14 | 13 |
| 1966 | 14 | 7 |
| 1967 | 10 | 2 |
| 1968 | 6 | |
| 1969 | 18 | |
| 1970 | 4 | |
| Totalt | 166 | 33+ |
I fleire år har historikk.com søkt i alle kjelder for å prøve å gjere statistikken til Bergsøy A-lag så god som mogleg, men det er dessverre vanskeleg å finne god målstatistikk frå 1950-talet. Sigmund sjølv meinte han scora bra mange mål dei første sesongane, og dette kunne sjølvsagt ført han langt opp på vår målscorarliste.
Vi kan nemne mål vi manglar i statistikken (pr. 2023):
1952/52: Manglar 38 målscorarar
1953/54: Manglar 47 målscorarar
1954/55: Manglar 42 målscorarar
1955/56: Manglar 42 målscorarar
1956/57: Manglar 24 målscorarar
1957/58: Manglar 30 målscorarar
1958/59: Manglar 11 målscorarar
Totalt er det faktisk 319 mål som manglar ein målscorar i Bergsøystatistikken, og alle desse er frå Sigmund Paulsen si epoke før 1969. Sjølv meiner han at han scora 15–18 mål kvar sesong dei første åra.
Tidleg talent
Han utmerka seg tidleg som eit fotballtalent med god teknikk, og var med i fleire av kampane som Bergsøy hadde før dei starta i serien. Han meiner sjølv at han spelte første kampen i 1946 uti Nørste Remøya på ei attleg der. Dei gjekk om bord i trefæringar og rodde ut for å spele kamp, og vann mot Remøya. Sigmund seier også at han ikkje hadde nokon spesiell favorittfot, han brukte begge bein. Ein spelar som med tekniske finessar og dribleseriar skapte publikumsvennleg fotball i Huldalen.Ifølgje «Idrett i havgapet» av Johs Wike tjuvtrente Sigmund og kompisane med papirballar i vaskekjellarane om vintrane i mangel på betre treningsforhold, og generasjonen som Sigmund tilhøyrde var det som kan kallast første juniorlaget til Bergsøy.
Egil Leikanger om Sigmund Paulsen:
«Sigmund er det eg må kalle eit fotballtalent. Han hadde teknikk og oversyn, var ein fotballspelar som visste kvar medspelarar og motspelarane sto. Han hadde blikk for spelet. Eg hugsar heilt på slutten av ein kamp på Stranda (29.08.1965), første kampen vi spelte på gras. Eg spelte keeper og slapp inn eitt mål. På slutten sa Sigmund at han måtte få ballen, og han var så nær at eg kasta den til han. Eg skal sverge på at ballen ikkje var i bakken før han nikka den i mål på den andre sida, og vi vann kampen. Han fór med den heilt solo over heile bana. (Bergsøy vann 2–1 etter to mål av Sigmund.) Det spesielle med Sigmund var også at han var god over lang periode, han var med lenge.»
«Noko av det første eg hugsar om fotball som gutonge er ein fotballkamp på Myklebust skule, like etter krigen. Der var nokre Måløytvillingar som var gode, og dei sa før kampen: ‘Pass på han der’, og det var han Sigmund som spelte for Fosnavåg. Han utmerka seg allereie den gongen.»
(Egil Leikanger.)
«Vi skulle ut på øyane og spele, så då var det å bruke Aktiv og andre fiskebåtar som fylte seg med folk. Vi måtte på båt om vi skulle ut på Moltu også. Det var eit veldig engasjert publikum i dei tidene, det var fullt oppi Huldalen og alle plassar.»
(Sigmund Paulsen.)
1952: Bergsøy sin første målscorar
I boka «Aktive fotballspillere» bind 2, utgitt 1953, står det skrive:«Sigmund Paulsen, notbøter, Fosnavåg. F. 24.06.1934. Indre høgre. Aktiv siden 1949.»
Han spelte ikkje lengst framme, men han var ein farleg målscorar, han Sigmund Paulsen. Det fekk han vist allereie i den første kampen Bergsøy spelte i serien.
Bergsøy debuterte i seriespel borte mot Brattvåg 3. august 1952, eit lag som blei rekna for å vere dei beste i divisjonen. Brattvåg vann 2–1, men Bergsøy spelte bra og burde kanskje ha vunne. Moglegens var det litt debutnervar idet heimelaget scora to mål før pause.
Bilde
Borte mot Brattvåg 1952
Bilde
Borte mot Brattvåg 1952
Bilde
Sigmund Paulsen, Ola Goksøyr, Sverre Botn
Bilde
Referat
Bilde
Prolog medlemsfest november 1952
Bilde
Seriemeister 1952/53
Bilde
To av lagets stjerner idet A-laget startar i serien
Etter pausen dominerte Bergsøy, men klarte berre å score eitt mål. Tidenes første målscorar for Bergsøy i seriefotball var 18-åringen Sigmund Paulsen som spelte sidehalf.
«Eg passa på returane. La meg inni 16-meteren og la meg klar når nokon skaut. Hadde ei 17–18 mål kvar sesong til å begynne med. Eg hadde ein tendens til å score, og var fast straffetakar.»
(Sigmund Paulsen.)
Vidare på 1950-talet
Fram til 1959 spelte han mest på høgre midtbane, medan han etter 1961 var mest i løparrekka som indre høgre. Ifølgje seg sjølv bytta han litt med Jon Ertesvåg og spelte sweeper nokre gongar.
Bilde
06.09.1953. Før Herd – Bergsøy 5–0. Arthur «Bassar» Frantsen (bak bordet) saman med sonen Geir. Sigmund Paulsen, Ola Goksøyr og Jon Ertesvåg.
Bilde
Lyslugga Sigmund Paulsen på jakt etter ballen i Huldalen. Johs Wike omtalar Sigmund som «kongen av Huldalsbana».
Avisene var ofte sparsomme når det gjaldt å skrive referat frå kampane, og det var svært sjeldan at det blei notert ned målscorarar. Derfor har vi ikkje god statistikk frå 1950-talet. Berre av og til skreiv avisene kven som var beste spelarane, og der kom Sigmund Paulsen og Jon Ertesvåg sine namn fram fleire gongar i tillegg til Peter Sperre. Om ein berre hadde lese avisene i tiåret 1950 så skulle ein nesten tru laget berre hadde tre spelarar.
Bilde
Referat
Bilde
Referat
Bilde
Referat
Bilde
Bilde frå 1954. Ein Bergsøyspelar kastar ballen, og det ser ut til å vere Sigmund Paulsen.
Tidleg aktiv som instruktør
Sigmund Paulsen var ikkje berre ein god spelar, han var tidleg ute med å kursast som trenar og instruktør. Allereie to år før fotballserien starta (1952), var Sigmund Paulsen oppmann for handballen i 1950 saman med Jan Vinge og Kåre Myklebust. Harald Solbakk var instruktør.Men det var ikkje berre i handballen han var tidleg ute. Midt i debutsesongen 1952/53 heldt klubben årsmøte, og då blei Jon Ertesvåg og Sigmund Paulsen instruktørar i fotball. Sigmund Paulsen var då – i tillegg til å spele og vere instruktør på A-laget – også instruktør for guttelaget saman med Sverre Botn. Allereie i 1954 dro Sigmund saman med Sverre Botn på trenarkurs leia av Ragnar Pedersen frå NFF.
Bilde
Kurs i 1954. Sigmund Paulsen på trenarkurs på Aksla stadion, han er nummer to frå venstre. Sverre Botn bakerst heilt til høgre.
Bilde
Kurs 1956
Bilde
1961: NFF melder at Sigmund Paulsen er godkjent som kontrollør av ferdighetsmerket. I søknaden skreiv Bergsøy at Paulsen hadde deltatt i eit av Sunnmøre Fotballkrets sine instruktørkurs.
I vår trenarstatistikk har vi notert Geir Grimstad i 1968 som den første A-trenaren ansatt av klubben, men i realiteten var det mange av dei interne spelarane – som Peder Worren og Sigmund Paulsen – som vi kan seie var dei aller første til å organisere og ha oppgåver som vi i dag tenkjer at trenarane gjer. Den tida blei dei kalla instruktørar. Til forskjell frå dagens trenarar tok dei ikkje ut laget, det var eit eige utval som gjorde det.
Dette utvalet var på plass også i Geir Grimstad si tid og òg ut på 1970-talet dei første åra, og dette betyr at heller ikkje Geir Grimstad hadde ansvar for uttak av lag i si tid – og at ansvaret dermed ikkje var så annleis enn det spelarane som Sigmund Paulsen hadde som instruktør og kursa i øvingar. Kort sagt: Det er ikkje mykje feil i å seie at Sigmund Paulsen var ein av dei aller første som med god samvittigheit kunne kalle seg trenar/instruktør for A-laget.
«Treningane var som regel å dele opp i to lag og spele mot kvarandre. Peder Worren hadde ansvaret for mykje av treningane første tida. Så var eg og nokre andre til Ålesund på Aksla og hadde kurs. Der var Ragnar Larsen, som var landslagstrenar (1948–1962), og skulle lære oss opp. Idet vi kom tilbake, hadde vi eit visst system med trening, med intervall og diverse. Demping med ball.»
(Sigmund Paulsen.)
Kneskade og operasjon i 1958
I ein kamp mot Rollon 10. august 1958 blir Sigmund Paulsen kneskada, og det verkar å ha vore ei skade som held han unna fotballbana i lengre tid. 29. september melder Bergsøy til fotballforbundet at Sigmund må operere for å lege skaden, og at denne operasjonen vil skje ein av dei neste dagane.Frå 1958 var Sigmund Paulsen og Sverre Botn oppmenn for rekrutteringslaga gutte- og junior. Dette året blei det også valt eit UK for desse laga, og der sat Arthur Frantzen, Peter Sperre og Kolbjørn Wickstrøm.
På årsmøtet i 1959 er fortsatt Sigmund Paulsen ein av instruktørane til A-laget, denne gongen saman med Jon Ertesvåg og Peter Sperre. Sigmund er, i tillegg til A-laget, også instruktør, oppmann og UK-medlem for både gutte- og juniorfotballen. UK (utvelgingskomité) besto av tre personar som tok ut laget, og det var Sigmund Paulsen, Harald Arnesen og Peder Worren. Som ei ekstra oppgåve var Sigmund også materialforvaltar for A-laget saman med Eystein Botn.
Det var også i desse tider at damelaget i handball trente mot spelarar på fotballaget for å bli meir robuste, og der var Sigmund Paulsen ein av dei som stilte opp saman med spelarar som Jon Ertesvåg, Jan Vinge, Ingvald Stenersen og fleire.
«Sigmund Paulsen og Jon Ertesvåg er dei to beste Bergsøy-spelarane i mi tid på laget», seier Ola Goksøyr
(Ola Goksøyr, ref. Vestlandsnytt 4.8.2005, som i eit anna intervju også nemner Kjartan Fagerlund som ein av dei viktigaste.)
1961: Comeback
I juli 1961 står det at Sigmund Paulsen har comeback i første serierunde mot VRF, og at ein håpar at beinet hans held slik at den gode spelaren kan vere med på alle haustkampane. Publikum svikta sjølvsagt ikkje heimelaget i sin 3. divisjonsdebut, og det var møtt opp eit rekordtal tilskodarar for å sjå ein jamn kamp mot eit av divisjonens beste lag. Sigmund var blant lagets beste spelarar saman med målscorarane Kolbjørn Wickstrøm og Sverre Botn.Bilde
Bilde
A-laget ca. 1964/65. Bak frå venstre: Harald Arnesen, Kolbjørn Wickstrøm, Kjartan Fagerlund, Kjell Almestad, Jon Helge Kvalsvik, Sverre Botn, Eldar Eilertsen. Framme: Gunnar Kjelstadli, Sigmund Paulsen, Roger M. Larsen, Kjell Karlsen og Odd Berge.
«Mens andre hoppa opp og headda ballen, så hoppa eg opp idet ballen var på veg ned og dempa den på hovudet. Der låg ballen på hovudet, medan eg sprang forbi eit par mann og skaut i mål. Eg laga to mål på den måten.»
(Sigmund Paulsen.)
1962–1968: Spelar og instruktør
I 1962 blei oppmannfunksjon og UK slått saman for gutte- og juniorlaga. Harald Arnesen var oppmann saman med Gunnar Kjelstadli, medan Sigmund Paulsen skulle ha ansvaret for uttak og utvikling av dei to laga. Bergsøy blei nummer to i juniorserien avdeling B på Sunnmøre, med mellom anna imponerande resultat som 6–3 over Hødd og 4–2 over Ålesund.Bergsøy Gutteklubb vann dette året klasse A i den populære Sunnmørscupen.
Bilde
Bergsøy guttelag 1962
Bak frå venstre: Audun Askimdal, Gustav Harsvik, Knut Teige, Jan Dypvik, Asbjørn Myklebust, Andreas Kvalsund og dommar Reidar Borch Walderhaug.
Framme frå venstre: Harald Thorseth, Nils Frantsen, Knut Igesund, Sigleif Karlsen, Tor Pettersen, Ronald Moen og Jan Harsvik.
Bilde
Bergsøy guttelag 1963.
Bak frå venstre: Geir Finn Goksøyr, Jan Dypvik, Knut Teige, Asbjørn Myklebust, Jan Torgersen, Eldar Eilertsen.
Framme frå venstre: Odd Berge, Nils Frantsen, Håkon Harsvik, Knut Igesund og Ronald Moen.
Bilde
Bergsøy guttelag 1964.
I november 1964 kjem Sigmund Paulsen inn i UK for A-laget saman med John Stenersen og Nic Rånes, og i 1965 er han i UK saman med Egil Leikanger og Nicolai Rånes.
Men det er fortsatt som fotballspelar på A-laget han herjar mest, og han scorar mål i alle sesongane frå 1963 til 1967. Aller mest effektiv var han i 1965-sesongen med minimum 13 fulltreffarar (av dei måla vi klarer å bekrefte). Vi manglar 13 mål å bekrefte i 1965-sesongen, men slik det ser ut var Sigmund Paulsen klar toppscorar denne sesongen.
1969: Spelar om opprykk
Fotballveteranen Sigmund Paulsen hadde vore med og vinne serien i 1952/53, og i 1969 var han 37 år og med for å hjelpe Bergsøy vinne serien igjen. Det var stor stas då Bergsøy vann kamp etter kamp utover i sesongspurten, og Sigmund spelte dei fleste kampane. I 3–1 sigeren mot Rollon var det Sigmund og Knut Igesund som var dei mest dominerande og rydda godt i forsvaret. Han spelte også i løparrekka i tillegg til å spele på backplass.
«Hausten eg kom til Bergsøy var eg med på ein del treningar, og det var ikkje flaumlys, men i alle fall ein lyskastar i telefonstolpen i Huldalen. Det blei nokså skumt utover. Når klokka byrja å nærme seg sju sa eg til han Sigmund at no har eg store problem med å sjå ballen fordi det blir så mørkt. Då sa Sigmund: ‘Essa, eg har ikkje sett ballen på ein time eg no’. Då snakka vi om ein spelar som spelte på intuisjon.»
(Bjørn Prytz.)
Bilde
Laget mot Sunndal som vinn 1–0. Bak frå venstre: Oskar Waage, Jon Peter Frøystad, Asbjørn Myklebust, Kjartan Fagerlund, Jostein Myklebust, Ronald Moen. Framme: Andreas Kvalsund, Eldar Eilertsen, Jan Karsten Myrhol, Knut Igesund, Sigmund Paulsen.
Bilde
Laget mot Sunndal som vinn 1–0.
Bilde
KM-finale mot Bryn. Sigmund Paulsen ser frå sidelinja.
Bilde
Dette ser ut som Sigmund Paulsen. Bildet er tatt etter kampen Bergsøy – Sunndal.
Bilde
Bilde frå kvalikkampen mot Bryn 1969.
Bilde
Vestlandsnytt september 1969.
«Dette er jammen artigaste fotballdagen eg har hatt på lenge», sa Sigmund Paulsen etter at Bergsøy sikra seriemeisterskapet med 4–3 mot Valder.
«Når Bryn protesterte mot å spele mot oss på grus, så får vi vise dei at vi kan tukte dei også på gras.»
(Sigmund Paulsen.)
1970: Den siste sesongen
Han hadde spelt sidan den aller første kampen i 1952, hjelpte klubben til opprykk i 1969 og enda med fire kampar i 1970-sesongen før han gav seg. Alle fire kampane Sigmund spelte denne sesongen kom han inn som innbytar.Siste kampen Sigmund spelte var mot Langevåg 6. september, 18 år, 1 månad og 3 dagar etter at han spelte sin første obligatoriske kamp. Så lenge varte altså hans spelande A-lagskarriere.
Bilde
Kampbilde 1970
Bilde
Kampbilde 1970, CFK scorar
«Eg spelte saman med han Sigmund i fleire år. Han var ein smart og teknisk god spelar som eg lærte mykje av. Ikkje minst som humørspreiar og med gode historier og godt lune for oss unggutane som kom opp på laget, så hadde vi mange artige opplevingar. Så han var ein fantastisk type.»
(Asbjørn Myklebust.)
1970: Den største veteranen
I det sesongen er over i 1970 toppar Sigmund Paulsen adelskalenderen til Bergsøy med 166 kampar. Han blei hylla med kraftige klappsalvar frå festlyden idet han tok imot den store pokalen som hadde stått sist på bordet og venta.Bilde
Sigmund Paulsen mottek pokal av klubbens formann K. Reite
Bilde
Sigmund Paulsen mottek pokal av klubbens formann K. Reite
Bilde
Sigmund toppar adelskalenderen etter 1970-sesongen
Han heldt fram både å spele fotball og å vere fotballtrenar i mange år til.
«Ja, denne pokalen er stor, men kan du tru eg får på 50-årsfesten når eg har spelt 300 kampar?»
(Sigmund Paulsen under 25-årsfesten.)
På tidleg 1970-tall
I 1971 er Sigmund Paulsen med i UK for A-laget saman med trenar Harald Barstad og Tore Johan Stenersen. Altså ein av dei tre som har ansvar for å ta ut laget som skal spele kampar. Vidare starta han å dømme fleire kampar som dommar, samtidig som han starta å bli aktiv i reservelagsserien.I 1974 scorar han eitt mål idet Bergsøy slår Hareid 4–2, og dei andre målscorarane var Jon Leine (2 mål) og Arve Løken (1 mål). Han er også med i showkampar, der blant anna Shocking Blue mot GEVO i Huldalen, der både Sigmund, Kjartan Fagerlund og Per Worren kom på scoringslista.
Suksess som juniortrenar
I 1975 hadde juniorlaget ein god sesong med Sigmund Paulsen som trenar. Laget tapte juniorkrinscup-finalen på straffesparkkonkurranse (6–5) mot Stranda etter 1–1 i ordinær tid. Bergsøy hadde fått ein god start då Sigfred Skorpen gjorde 1–0, men Stranda utlikna like etter. Juniorlaget enda på ein andreplass i serien bak Hødd.
I 1975 var Sigmund også ein del av ein tremannsjury som valde ut «Dagens Bilar» på heimekampane. Dei to andre var Gunnar Kjelstadli og Harald Arnesen. Om ein av dei ikkje kunne vere på kamp, var Åsmund Myklebust reserve.
I 1976 tek Sigmund Paulsen på seg trenarrolla som gutte- og juniortrenar igjen. Han blei ein suksesstrenar for Bergsøy sitt lovande juniorlag, som hadde slått ut Ålesund 5–4 på straffespark etter 1–1 i ordinær tid i NM. Dei slo også Langevåg 4–1 og Sunndal 2–1, og neste utfordring fekk dei ved å reise til Bergen og møte Brann. Med siger mot Brann ville laget gått til kvartfinale.
I 1978 gjekk Bergsøy sitt juniorlag til topps i juniorserien på Sunnmøre med Sigmund Paulsen som trenar.
1981: Trenar for Moltu
På folkemunne var Moltu kalla for Bergsøy 2 dette året. Også trenaren Sigmund Paulsen er tidlegare Bergsøymann. Laget gjekk ned frå 5. divisjon året før, og håpa å gå tilbake til 5. divisjon med ein god sesong dette året. Avgang frå Moltu hadde Rolv Bakke forlatt laget, men til gjengjeld hadde mange andre frå Bergsøy tatt turen.
Old boys
Sigmund er 57 år i 1991, og spelar på Old Boys.
I 1999 blei det også kjent at Sigmund Paulsen hadde ekstra flaks også med lottokupongen med sju rette tal, som sikra han 1,9 millionar kroner. Kupongen hadde han sjølvsagt kjøpt hos N. H. Lied, der det i tidlegare dagar ofte var samlingspunkt for A-spelarane for å sjå lagoppstillingane til UK dagane før kamp.