Svein Inge Urke (06.06.1954–11.05.2008) var ein av dei mest talentfulle fotballspelarane frå distriktet. Han spelte på landets øvste nivå for Hødd, fekk seks U19-landskampar for Noreg og kom seinare til Bergsøy, der han blei toppscorar i 1977.
Midtvegs i 1978 gjekk han vidare til Start, som same året blei norsk seriemester.
I 2012 blei Svein Inge Urke kåra til den 16. beste Hødd-spelaren gjennom tidene i ei uoffisiell kåring gjennomført av Arne Flatin.
Statistikk som fotballspelar
Karriereoversikt
År
Klubb/lag
Kampar
Mål / merknad
1971
Noreg G19
4
1 mål
1972
Noreg G19
2
–
1971–1976
Hødd
145
20 mål totalt. Toppscorar for Hødd i 1975 med 5 mål.
1976
Bergsøy
9
3 mål
1977
Bergsøy
17
Toppscorar med 8 mål
1978
Bergsøy
–
1 mål registrert
1978–1979
Start
23
Kampar i den norske toppserien
1979
Start
1 europacupkamp
Mot Strasbourg 03.10.1979
Seinare
Aksla
–
–
Hødd og landslaget
Svein Inge Urke var ein talentfull spelar, og det blei oppdaga tidleg. Fleire meinte han var ein av dei mest talentfulle spelarane Hødd hadde sett. Han starta Hødd-karrieren allereie som 16-åring i 1971. Med blendande teknikk og målteft var han eit aktivum frå første stund.
Prestasjonen blir ikkje mindre av at Hødd då spelte i 1. divisjon, landets øvste divisjon. Det var også på denne tida han kom inn på juniorlandslaget saman med Åge Hareide. Dei var om lag like gamle og spelte seg inn på A-laget omtrent samtidig.
I 1971 fekk han debuten med flagget på brystet for U19-landslaget i ein kamp mot Danmark. Han starta kampen med draktnummer 8, men Danmark vann 2–1.
Det skulle bli fem landskampar til i 1971 og 1972. Totalt blei det seks U19-landskampar og eitt mål. Målet kom i hans andre landskamp, mot Sveits, i ein kamp Sveits vann 4–1. På landslaget spelte han blant andre saman med Åge Hareide.
I 1972 viste han også nervar av stål då han på Lerkendal gjekk fram og tok straffespark 17 minutt før full tid. Urke scora, og Hødd vann 1–0.
Same året rykte Hødd ned, og klubben kom ikkje tilbake til toppdivisjonen før i 1995. I 1973 hadde Svein Inge Urke Bjørn Prytz som trenar i Hødd.
Svein Inge Urke spelte sin siste sesong i Hødd-trøya i 1976, før han gjekk til Bergsøy. I perioden 1971–1976 spelte han 145 kampar for Hødd.
Svein Inge Urke som Bergsøy-spelar
Bergsøy kjempa i toppen av 3. divisjon i åra Svein Inge Urke spelte for klubben. I 1976 blei det andreplass bak Skarbøvik. I 1977 blei det tredjeplass bak Kristiansund og Ørsta, og i 1978 enda Bergsøy på 4. plass i ein jamn divisjon der Ålesund blei best.
Mange hugsar kanskje at Fred Frantzen i 1977 scora eitt av dei raskaste Bergsøy-måla gjennom tidene heime mot Bud. Men kanskje ikkje at Svein Inge Urke scora to mål i den same kampen.
Det var også Svein Inge Urke som blei Bergsøy sin toppscorar med åtte mål denne sesongen. Ifølgje kampreferata tok han ofte både cornerar og straffespark.
Bergsøy-troppa i 1977. Bak frå venstre: Knut Teige, Eldar Zahl, Kjartan Paulsen, Asbjørn Myklebust, Knut Igesund, Fred Frantzen, Sveinung Frøystad, Leif Tarberg og trenar Hans Gisle Holstad. Framme: Rune Vike, Jack Pettersen, John Magne Johannesen, Bjørn Myklebust, Johs Nørvåg, Svein Inge Urke, Paul Kurt Nerland og Agnar Vike.
Fem av dei åtte måla hans i 1977 kom i to kampar: to mål mot Bud og deretter hattrick mot Herd, som blei slått 7–0.
Svein Inge Urke stupheadar inn eit mål for Bergsøy mot Herd i 1977. Bergsøy vann 7–0.
Før 1978-sesongen blei han presentert slik:
«Svein Inge Urke (24 år, elektriker). 3. sesongen hos BIL. Fleire krets- og landskampar for Hødd.»
Bergsøy-troppa i 1978.
Svein Inge Urke er ikkje den som har spelt lengst for Bergsøy, men han var ein spelar som gjennom karrieren fekk eit stort namn.
I 1978 scora han også mot sin gamle klubb Hødd i ein treningskamp Bergsøy tapte 4–3. Då hadde han også rukke å servere Svein Arne Møller med ei pasning som førte til det som blei omtalt som kanskje årets mål:
«Han låg tilbaketrekt ved corner. Svein Inge Urke oppdaga posisjonen hans og la corneren utover. Svein smelte til frå 20 meter på halvspretten. Og for ein smell! Keeper Aasen ante ikkje kvar ballen hadde hamna. Det suste i underkant av tverrliggaren, tok med seg litt lakkmaling og spratt i maskene. Det var saftige saker.»
Svein Inge Urke tok ofte straffespark. Her har han sendt av garde eit straffespark for Bergsøy borte mot Skarbøvik, men bommar. SIF vann 1–0.
I 1976 spelte han 9 kampar for Bergsøy og scora 3 mål.
I 1977 blei det 17 kampar og 8 mål, og han blei toppscorar i klubben.
I 1978 spelte han fram til sesongpausen. Han var blant dei beste i fleire kampar og scora også i sin siste Bergsøy-kamp, ein 4–3-siger borte mot Rollon.
Frå Bergsøy til IK Start
Midtvegs i 1978-sesongen reiste Svein Inge Urke til Kristiansand for å spele for Start.
Start var ikkje kven som helst i 1978 og 1979. Klubben spelte i 1. divisjon, den øvste serien i Noreg, og i 1978 var Start landets beste lag.
Dei tok seriegull framfor Lillestrøm og Viking. Som følgje av seriegullet skulle Start ut i Europacupen for serievinnarar, der dei møtte franske Strasbourg.
3. oktober 1979 kom Svein Inge Urke inn for Start i bortekampen mot Strasbourg. Kampen enda 4–0 til det franske laget.
I 1979 tok Start bronse bak Viking og Moss, men framfor lag som Lillestrøm, Rosenborg og Vålerenga. Blant spelarane på Start var Svein Mathisen.
Hans Gisle Holstad og Svein Inge Urke i 1978.
Helge Skuseth var i Start på same tid som Svein Inge Urke og fortalde:
«Da jeg tok gull med Start for første gang i 1978 var det en fantastisk følelse. Hele det fotballgale Kristiansand sto på hodet og vi vinket til publikum fra Hotell Caledonien.»
Svein Inge Urke spelte ni kampar for Start i 1978.
Totalt noterte han seg for 23 kampar for IK Start i den norske toppserien i 1978 og 1979, midt i ein av dei store periodane i klubben si historie. Seriegullet i 1978 var Start sitt første, og klubben vann serien igjen i 1980.
I 2012 blei Svein Inge Urke kåra til den 16. beste Hødd-spelaren gjennom tidene i ei uoffisiell kåring gjennomført av Arne Flatin.
Offisielle kamptal år for år, kampoversikt og registrerte kampar frå lagoppstillinga.
Målunivers: mål år for år, målsnitt, måltype, straffer, hattrick og scoringar mot lag/bane.
Bildearkiv knytt til spelaren.
Relaterte bilder
Lagbilde A-lag 1977
1977
Hans Gisle Holstad, Johs Nørvåg, Knut Igesund, Knut Teige, Fred Frantzen, Asbjørn Myklebust, Svein Inge Urke, Agnar Vike.
Framme: Kjartan Paulsen, John Johannessen, Sveinung Frøystad, Paul Kurt Nerland, Rune Vike, Jack Pettersen, Kjartan Fagerlund, Ronald Moen.
A-laget 1976
1976
Ca 1976/1977.
Stående fra venstre: Sveinung Frøystad, Leif Tarberg, Kåre Igesund, Kjartan Paulsen, Knut Igesund, Fred Frantzen, Knut Teige og trenar Hans Gisle Holstad (kisse).
På kne fra venstre: Asbjørn Myklebust, Elda Zahl, keeper lånt av Karlsruhe (tysk Bundesliga). Keeperen vår var skadet. Jack Pettersen, Egil Vike og Svein Inge Yrke. Trulig treningskamp mot Karlsruhe i Ålborg- tapte 7-3. Asbjørn Myklebust ordnet kampen.