Bergsøy proffane
Vi tek et lite blikk på kva nokre Bergsøyspelarar har prestert i andre klubbar.
Bergsøy har hatt mange gode spelarar i klubben, der enkelte også har forsøkt seg i andre klubbar i høgare nivå. Vi skal sjå litt på nokre av dei.
Og vi kan starte med mannen i nyhetssaka over, nemlig Asbjørn Myklebust.
Asbjørn Myklebust
Statistikk| År | Lag | Info |
|---|---|---|
| 1972 | VFC Berliner Fussballklubb | |
| 1973 | BFC Preussen | Tysk 2.divisjon |
| 1976 | Brann SK |
Asbjørn Myklebust reiste i 1971 til Tyskland og det blei etterkvart spel for amatørklubben VfB Hermsdorf. Med 25 mål på 17 kampar blei det større utfordringar då han i juni 1973 han signerte for proffklubben BFC Preussen som spelte i 2.divisjon i Vest-Berlin. Asbjørn blei omtalt som amatørenes Gert Muller på grunn av sin store scoringsevne da han var toppscorar i amatørenes 3.divisjon.
I august 1973 debuterte han som proffspelar og scora vinnarmålet i ein 1-0 siger. Et venstrebeinsskudd stang inn. Men allereie i oktober skjer det uheldige da akilles-scena rauk.
Dermed blei sesongen spolert.
Ei tid var det rykter om at også Hertha BSC (tysk 1.divisjon) snuste på den gode angriparen.
I 1975 spelte Asbjørn omskulert til forsvarer og spelte bra for Bergsøy og var med på Sunnmørspostens lag dette året ilag med Johs Nørvåg og Knut Teige. I desember 1975 blei det meldt at Asbjørn skulle signere for Brann, norges nest beste klubb på dette tidspunktet. Det blei nokre kampar der, deiblant en kamp mot Os, og Asbjørn var også tilknytta klubben som fysioterapeut.
Jack Pettersen
Jack var ein viktig spelar for Bergsøy i over 20 år med 250 kampar frå 1968 til 1989, men han fekk prøve seg ei periode også i Hødd (1969) og Viking (1976). I tillegg spelte han 2 kampar for U18 landslaget.
Statistikk
| År | Lag | Info |
|---|---|---|
| 1969 | Hødd | 22 kampar |
| 1969 | U18-landsslag | 2 kampar |
| 1976 | Viking | 8 kampar |
Han spelte 22 kampar og scora 2 mål for Hødd. 10 av kampane for Hødd var på øverste nivå (Toppserien). Det var blant anna å spele foran 7500 tilskuerar mot Viking.
I september 1969 blir Jack tatt ut til U18-landslaget si tropp som skal spele kamp mot Danmark. Kampen endte 1-1 og Jack var nære på å score mål. I oktober er han med mot Øst-Tyskland i en kamp som ender 0-0. Igjen var Jack nære på å score, men headdinga gjekk rett på keeper. Det er små marginar i fotball, og med scoringar kunne det kanskje blitt fleire kampar?
I november 1975 startar spekulasjonane; Vil Jack Pettersen melde overgang til Viking? Viking var Norges beste lag, og hadde vunnet den øverste divisjonen tre år på rad. Seriegull 1972, 1973, og 1974. 28.januar i 1976 melder Stavanger Aftenblad at Jack blir lagets nye medlem. Han spelar 8 kampar og scorar 2 mål for Viking før han returnerer til Bergsøy.
Les meir om Jack Pettersen på hans spelarprofilside.
Oddmund Vaagsholm
Han var toppscorar i Bergsøy sesongane 1998 og 1999 med 10 mål kvar sesong. Deretter blei det fotball i divisjonar lengre oppover i systemet for teknikaren Oddmund.
Statistikk
| År | Lag | Info |
|---|---|---|
| 1999 | Lyn | Utlån til Fossum |
| 2000-2001 | Fossum | 29 mål i 2001 |
| 2002 | Follo | 14 mål |
| 2004 | Follo | 19 mål |
| 2006 | Hødd | 25 kampar, 3 mål |
| 2007 | Hødd | 33 kampar, 14 mål |
Oddmund dro til Lyn som snart fekk eit samarbeid med 2.divisjonsklubben Fossum, og Oddmund starta å trene der. I Mars 2000 blei det klart at Oddmund var ein av to spelarar frå Lyn som skulle spele fast for Fossum dette året. Fossum hadde sine supporterar, deriblant fotballpresident Per Omdal og U21-landslagstrenar Per Mathias Høgmo, som skulle heie på laget. Og ein av dei beste var (omtalt september 2001) målmaskinen Oddmund i spissen.
Det blei 29 mål i 3.divisjon for Fossum, og i oktober 2001 var 20 åringen Oddmund ei stund på ønskelista til Bærum, men som seinare signaliserte at dei ville ha ein fysisk sterkare spiss. Oddmund trente med Bærum, Frigg og Follo og gikk då til Follo i november 2001. Follo var nyopprykka, og Oddmund fortsatte å score mål. I serieåpninga april 2002 scora han hattrick i debuten for sin nye klubb da Follo vann 3-0 borte mot Stabæk2. Han blei raskt ein publikumsyndling og scora mange mål også dei neste kampane. Han endte med 14 mål denne sesongen. I 2003 signaliserte Oddmund at han ville legge opp, men han var tilbake for Follo i 2004 der han i juni var lagets toppscorar med 6 mål. Laget låg då på 2.plass i 2.divisjon.
I september 2004 begynte det å gå rykter om at han kunne gå til Hødd. Også Strømtsgodset og Haugesund var intressert i Follo-toppscoraren som scora 19 mål (og Follo sin toppscorar gjennom tidene med 34 mål fram til 2008). Strømsgodset fann etterkvart ut at Oddmund blei for dyr. I 2005 satte ei kneskade Oddmund ut av drift lenge, før han i 2006 blir en del av Høddstallen i en alder av 25 år.
29.mai 2010 spelte Oddmund (spelande trenar) kamp for det norske forfatterlandslaget mot Tyskland som var regjerande europamester i forfatterfotball. Oddmund dunka inn det eine målet. Tyskland vann 3-2. - "Vågsholm spelte tidligere for Hødd og er selve juvelen i det norske landslaget", opplyste Endre Ruset som var kunstnerisk rådgivar for Litteraturfestivalen. Oddmund spelte og scora også i ein 3-1 kamp mot Gøteborg i 2010.
Marvin Arnesen
Den mest meritterte spelaren som har kome frå Bergsøy, med kamper for Molde, Vålerenga og Ham-Kam. Han spelte A-kampar for Bergsøy i 1982 før han dro i millitæret og spelte fotball for Harstad. Kom tilbake og spelte litt for Bergsøy i 1984 før det blei overgang til Molde og karriæra tok av.
Statistikk
| År | Lag | Info |
|---|---|---|
| 1985-1987 | Molde | 59 kampar, 5 mål |
| 1988 | Vålerenga | 25 kampar, 2 mål |
| 1989 | Vålerenga | 27 kampar, 5 mål |
| 1990 | Vålerenga | 19 kampar, 1 mål |
| 1991-1992 | Ham Kam | 30 kampar, 5 mål |
Han fekk tilnamnet "Propell" under sin tid i Molde fordi han var så ernergisk på midtbanen ilag med Kjetil Rekdal. I 1987 blei det sølv i eliteseria for Molde.
Det blei deretter Vålerenga i tre år. Her spelte han blant anna med Lars Bohinen og Henning Berg.
Marvin gjekk så til Ham-Kam i 1991 og opplevde opprykk til Eliteserien. I Ham Kam spelte han blant andre ilag med Ståle Solbakken. Marvin redda Ham Kam frå nedrykk frå Eliteserien i sitt siste spark på ballen i siste serierunde i 1992, og la då opp på øverste nivå.
Han var seinare spelande trenar for både Nordstrand og Grorud.
Les mer om Marvin på hans spelarprofilside her.
Geir Sandnes
Han spelte 121 kampar og scora 23 mål for Bergsøy, men har prestert godt også for klubbar høgare opp i divisjonssystemet. Han kunne spelt eliteseriefotball med Ålesund, men endte opp hos svogeren i 3.divisjonsklubben Sparta Sarpsborg då han blei kjæreste med trenarens søster. Hos Ålesund hadde han ei 3 års kontrakt med det nyopprykka eliteserielaget.
Statistikk
| År | Lag | Info |
|---|---|---|
| 1996 | Brightnorth | I england |
| 1997 | Ørsta | |
| USA | ||
| 2000 | Oppsal | 4.divisjon: 15 mål på 12 kampar |
| 2000 | Ålesund FK | |
| 2000 | Oppsal | Utlån frå ÅFK |
| 2002 | Hareid | |
| 2002-2006 | Sparta Sarpsborg | Signerte i november 2002 |
| 2006 | Sarpsborg FK | Klar frå 1.juli 2006 |
| 2007 | Navestad | 4.divisjon |
Han var i Hødd som 19 åring men kom ikkje med på laget. I mars 1996 står det i avisa at Geir signerer "Proff-kontrakt" med Brightnorth som er ein klubb 2 miles utanfor Wolverhampton. Han blei tilbydd 40-50 pund i uka for å spele der.
I Januar 1997 blir det klart at Geir Sandnes går til 2.divisjonsklubben Ørsta. Geir imponerte stort allereie frå dei første kampane i ny drakt, og ressigerte fleire av måla dei første kampane. Litt småskader skjer før han får ei alvorlig strekkskade i juli 1997, men allereie i august er han igjen omtalt som lagets mest dominerande spelar i en kamp mot Volda. Tiltross for å være ein av Ørsta sine beste spelarar i 2.divisjon ville han tilbake til Bergsøy til 1998 sesongen.
I august 2000 kom Geir tilbake igjen til Bergsøy etter å ha hatt litt "omflakkande tilvære" dei siste to-tre åra, sto det i Vestlandsnytt. Han hadde spelt også i USA, samt at han hadde vore inom Oppsal. Etter fem kampar for Bergsøy blei han kåra til bestemann på bana i fire av kampane.
I desember 2000 var Geir høgaktuell for Ålesund som hadde Ivar Morten Nordmark som trenar, og snart var Geir ein del av ÅFK sin 22manns-tropp ilag med Frank Mathiesen, Amund Skiri, Erling Ytterland, Paulo Dos Santos, Thor Hogne Aarøy og resten av gjengen. Geir slit imidlertid med kronisk beinhinnebetennelse og får lite speletid. I april 2001 står det i avisa at Ålesund seier opp kontrakta med Tom Gøran Jønsson og Geir Sandnes som begge har slitt med skader. Men på bakgrunn av videre overganger virker det ikkje som at det skjer. Geir var då lånt ut til Oppsal, men var tilbake i Bergsøy i mai 2001.
I 2002 skreiv Geir under for Hareid, som først ikkje fekk benytte han grunna kluss med leigeavtale frå ÅFK. I november 2022 skriver GEir kontrakt med Sparta, som er glade for å få ein spelar frå det nyopprykka Ålesundslaget.
Geir får gode sesonger hos Sparta. I oktober 2003 var det klart at Sparta klarte opprykk til 2.divisjon, og Geir blir avbilda i avisa Sarpsborg Arbeiderblad idet han blir dynka i sjampagne. Det blei en storsiger mot Notodden i kvalifiseringskampen der Geir også scora eitt av måla. I sparta får han kallenamnet "Svela", og han spelte inderløpar eller ving og var ofte blant lagets beste spelarar.
Det viser seg igjen på at han i august 2004 blir tatt ut på "Sunnmøres beste bortelag", som var et lag tatt ut av spelarar som har reist ut frå sunnmøre for å spele fotball. Laget var:
keeper Lars Ivar Moldskred (Molde), Forsvar: Lars Kristian Eriksen (Lyn), Egil Ulfstein (Brann), Fredrik Klock (Brann), Trond Olsen (Bærum), Geir Sandnes (Sparta), Karl Oskar Fjørtoft (Hammarby), Bjørn Helge Riise (Brussel) og John Arne Riise (Liverpool). Spisser: Arild Sundgot (Lillestrøm) og Ole Bjørn Sundgot (Lyn). På benken var blant andre Oddmund Vaagsholm (Follo) og Lasse Myrhol (Fana).
I Januar 2005 skrives det at Svela legger opp. Årsaken var arbeid på oljeplattform i Stord som ikkje var forenelig med å spele i 2.divisjon. I februar lykkast det imidlertid klubben å ordne Geir andre jobbmuligheter slik at han kan fortsette med fotballen. Han storspelar igjen til tider. Blant anna i juli 2005 er det ei to siders gladsak i SA med overskrifta "Velkommen tilbake Svela" og "Gjett om Spartatrenar Kai Andersen er glad for at Geir Svela" Sandnes er friskmeldt. I kampen mot Kvik Halden hadde han et fantastisk forarbeid med hælspark til det eine målet.
I 2006 er Geir tilbake fra skade. Han bommar på et avgjerande straffespark som gjer at klubben ryk ut av NM, og i juni 2006 ryktast det at han er på vei til ny klubb. Ny klubb ryktast å være SFK (Naboklubben Sarpsborg FK), og snart bekreftast det at han blir speleklar der ifrå juli 2006. Han debuterer med seier og mål i en kamp mot Tollnes. I april 2007 byttar Geir klubb til Navestad, men spelar også for Bergsøy frå juni til september 2007 før han er tilbake i Navestad igjen.
Hødd-spelarane
Vi tek med litt generelt nokre av dei som har spelt litt på Hødd.Utklipp
Kjartan Fagerlund i Hødd i 1966. Kjetil Hasund til venstre, Harald Johansen, Svein Rødland og Eivind Høydal mens Kjartan Fagerlund står heilt til høgre.
Utklipp
Jack Pettersen og Knut Teige i Hødd i 1969
Utklipp
Bjørn Prytz i Hødd
Utklipp
Kjetil Paulsen og Joachim Magnussen på Bergsøy Stadion
Utklipp
Kjetil Paulsen og Daniel Kvalsvik. I juni 2010 spelte Bergsøy mot Hødd2 og Kjetil Paulsen og Daniel Kvalsvik var på kvart sitt lag. Ikkje lenge tidligare hadde det vore omvendt. Kjetil kom tilbake til Bergsøy etter to år i Hødd.
Utklipp
Anders Vaagen i Hødd-drakta
Utklipp
Steffen Moltu. Bildet av Olav Olsen
Utklipp
Rune Frantsen i Hødd-drakta
Utklipp
Både Magnus Myklebust (hattrick) og Lars Ivar Moldskred (mål på utspel) scora i en 7-0 siger mot Lørenskog
Utklipp
Oddmund Vaagsholm til høgre ilag med Erik Sandal og Helge Edinsen (til venstre)
Utklipp
Franjo Tepuric spelte på Hødd før han kom til Bergsøy
Utklipp
Joachim Magnussen, Mads Andre Værnes og Anders Vaagen
Statistikk - Diverse BIL-spelarar i Hødd.
| År | Lag | Info |
|---|---|---|
| 1951-63 | Hødd | Jon Ertesvåg spelte på Hødd både før og etter han var i Bergsøy. |
| 1965/1966 | Hødd | Kjartan Fagerlund 2 kampar |
| 1969 | Hødd | Knut Teige 18 kampar 2 mål Jack Pettersen 10 kampar Bjørn Prytz 12 kampar |
| 1988 | Hødd | Frode Wilhelmsen |
| 2000 | Hødd | Rune Frantsen 24 kampar 1 mål Lars Ivar Moldskred 14 kampar 1 mål |
| 2001 | Hødd | Rune Frantsen 29 kampar 1 mål Lars Ivar Moldskred 41 kampar |
| 2002 | Hødd | Lars Ivar Moldskred 43 kampar 1 mål Magnus Myklebust 44 kampar 14 mål |
| 2003 | Hødd | Lars Ivar Moldskred 42 kampar Magnus Myklebust 31 kampar 5 mål |
| 2004 | Hødd | Lars Ivar Moldskred 28 kampar 1 mål Magnus Myklebust 28 kampar 17 mål |
| 2005 | Hødd | Anders Vaagen 41 kampar 15 mål Thomas Sætre Hauge 5 kampar |
| 2006 | Hødd | Anders Vaagen 32 kampar 7 mål Oddmund Vaagsholm 25 kampar 3 mål Joachim Magnussen 17 kampar 2 mål Andreas Kurseth 10 kampar 1 mål Ole Magnus Melchior 4 kampar 1 mål Thomas Sætre Hauge 1 kamp |
| 2007 | Hødd | Anders Vaagen 24 kampar 6 mål Joachim Magnussen 25 kampar 19 mål Kjetil Paulsen 29 kampar Eirik Heltne 1 kamp Thomas Sætre Hauge 1 kamp 1 mål Oddmund Vaagsholm 33 kampar 14 mål Thomas Sætre Hauge 1 kamp |
| 2008 | Hødd | Anders Vaagen 31 kampar 2 mål Kjetil Paulsen 29 kampar og 2 mål. Joachim Magnussen 35 kampar 9 mål |
| 2009 | Hødd | Anders Vaagen 37 kampar 6 mål Kjetil Paulsen 11 kampar og 1 mål Joachim Magnussen 35 kampar 22 mål. |
| 2010 | Hødd | Daniel Kvalsvik |
| 2011-2016 | Hødd | Steffen Moltu 175 kampar 13 mål |
| 2013 | Hødd | Franjo Tepuric 14 kampar 2 mål |
| 2014 | Hødd | Franjo Tepuric 12 kampar 1 mål |
Utklipp
Hødd-stallen 2007 besto blant anna av Kjetil Paulsen, Anders Vaagen, Oddmund Vaagsholm, Joachim Magnussen og Lars Petter Rønnestad (hjelpetrenar).
Lars Ivar Moldskred
Denne gode keeperen kom frå Tjørvåg til Bergsøy i november 1997 og viste seg snart å halde eit høgt nivå. Han blei kåra til Årets Bergsøyspelar i 1998 før han tok veien vidare opp i systemet. På hausten i 1999 starta ting å skje, Lars Ivar imponerte keepertrenar Ola By Riise under et treningsopphold i Rosenborg.
Statistikk
| År | Lag | Info |
|---|---|---|
| 2000-2004 | Hødd | 142 kampar 1 mål |
| 2004-2007 | Molde | 22 kampar |
| 2007-2009 | Lillestrøm | 8 kampar |
| 2009-2010 | Strømtsgodset | 26 kampar |
| 2010 | KR Reykjavik | 25 kampar |
I oktober 1999 signerte Lars Ivar Moldskred og Rune Frantsen under for Hødd. I juli 2000 vil Hødd sin førstekeeper Vagn Scheide Mork prøve seg i Molde etter en liten strid med Hallstein Saunes. Vagn hadde spelt 10 strake kampar med kun 6 baklengs, men blei likevel bytta ut til fordel for Lars Ivar Moldskred i buret. No overtok Lars Ivar plassen i mål.
Spelet varierte, og han fekk skyld i nokre baklengs etter uheldig feltarbeid i kamp mot Løvham. I ein viktig kvalifiseringskamp til 1.divisjon var det spenning om korleis Lars Ivar skulle tackle presset i kampen mot Stålkameratane. Men unggutten infridde og spelte en veldig bra kamp som endte 1-1. Lars Ivar blir meir og meir varm i Høddrakta. I juni 2001 skjer høgdepunktet. Rosenborg kjem på besøk i cupen. Lars Ivar reddar straffespark frå både Frode Johnsen og Christer George og Hødd går vidare med 4-1 etter straffesparkkonkurranse.
Lars Ivar kan sjå tilbake på ei innholdsrik fotballkarriære på høgt nivå i fleire klubbar. I januar 2004 meldte Molde si interesse, og samtidig var han nesten klar for eliteserieklubben Lyn. Ifølge Sportsdirektøren var det berre det formelle som sto igjen. I februar melder Ålesund at dei også ønsker å kjøpe Lars Ivar, men snart blir det klart at 25-åringen bestemmer seg for at Molde blir hans neste klubb. I mars 2004 var han lånt ut frå Molde til Hødd og spelte kamp for sin gamle klubb mot sin nye klubb. I juli 2004 blei han henta tilbake til Molde, han debuterte mot Lillestrøm i en treningskamp.
I juli 2004 debuterer Lars Ivar Moldskred for Molde mot Brann. Bortelaget brann vinner 3-2 i Molde, men keeper Lars Ivar Moldskred får 5 på børsen med følgende notat: "Sikre utspill. Autoritær i stilen og flink til å rope. vant publikum i sin hjemmedebut." På Moldelaget var blant andre også Petter Rudi, Magne Hoseth og Arild Stavrum. Han får konkurranse om keeperplassen med landslagskeeper Eddie Gustafsson. I november er Lars Ivar glad for at Molde klarte å fornye kontrakta i Eliteserien, men ikkje fornøgd med speletid på førstelaget.
I 2005 har Lars Ivar konkurranse om plassen med Knut Lillebakk. En tabbe mot Bodø/Glimt like før full tid var sur å svelge i mai, da ballen landa i beina på Runar Berg som enkelt kunne trille ballen i mål. Moldetrenar Bo Johansson seier at Lars Ivar har vore stabil for Molde, og at det sjølvsagt er tungt når slikt skjer. Lars Ivar er førstevalget i Molde, og det er han også vidare i sesongen. I juli varta han opp med den eine feberredninga etter den andre i en kamp mot Brann. I august skjer det at Ole Martin Årst enkelt setter inn vinnarmålet etter det som såg ut til å være eit ufarlig innlegg. Dette var sjølvsagt surt for Moldskred, som dermed blei vraka til fordel for Knut Dørum Lillebakk foran kvartfinalen i cupen.
Foran cupfinalen i 2005 mot Lillestrøm var det stor mediediskusjon om det var Moldskred eller Lillebakk som skulle vkte buret i finalen. Moldskred var i kjempeform for andrelaget. Det var Knut Dørum Lillebakk som sto finalen og blei keeperhelt med nokre store redningar. Molde vann cupfinalen.
I 2007 ryktast det at en skadeprega Lars Ivar Moldskred kan lånast ut til Løvham, seinare ryktast det at ny klubb kan bli KBK. Han spelar også en kamp for KBK mot Ålesund for å teste ut forholda. Skjebnen gjorde så at U-landslagskeeper Jan Kjetil Larsen i Molde blei skada, og han håpar å etablere seg meir med speletid for Molde. I august er Moldskred på utlån til Lillestrøm. Han takka nei til et kontraktstilbud fra Molde på sommaren, og framtida var usikker.
I november 2007 sat han igjen på benken da laget sitt vann NM-finale, denne gang da Lillestrøm slo haugesund. Det blei Lillestrøm vidare nokre år. I 2008 omtalast han som humørsprederen i Lillestrøm-troppa tiltross for at han er bak Otto Fredrikson i mål. "Om han må inn for Otto vil han få publikum til å sette hjertet i halsen når han har ballen i beina", står det i Romerrikes Blad i mars 2008. "Men viktig i troppa og kan gjere god innsats om han må trå til".
I august 2008 spelar Lars Ivar Moldskred sin første kamp i europacupen mot Ståle Solbakkens FCK (København). Han hadde tidligare våre på benken for Molde. FCK vann 3-1. Allereie etter 4 minutter såg det ut til at Lars Ivar måtte gi seg, med smerter i kneet, men han klarte å fullføre.
I desember 2008 blir Lars Ivar kobla til adeccoligaklubben Nybergsund, men i februar 2009 ønsker han seg til Strømtsgodset og trente med dei på La Manga. I mars 2009 blir Moldskred klar for Godset. Lars Ivar trivdest i Godset og ville forlenge kontrakta i oktober, men i november får han beskjeden om at kontrakta ikkje blir forlenga. Lars Ivar fryktar at fotballen på toppnivå er over. I januar 2010 trenar han med Odd og blir igjen koblka mot Nybergsund før han trenar litt med Kongsvinger. I mars 2010 var han på La Manga for fjerde gang den vinteren, på jakt etter ny klubb.
I april 2010 blir det klart at Moldskred flyttar til Island. 31åringen skreiv kontrakt med KR Reykjavik ut september.
Margot (Roksvåg) Ramstad
Ho starta på Bergsøy sitt damelag i handball som 13 åring i 1954, og ho var et stort friidrettstalent. I 1960 blei det skrevet av Bergsøyformann Finn Voldnes at Margot var primus motor i handballaget, som ofte var med kretslag og at hun var av dei største talent på Sunnmøre. Dei siste åra hadde ho også vore formann for handballgruppa Snart gjekk veien til Nannestad og det blei fotballen og høgare nivå.
Statistikk
| År | Lag | Info |
|---|---|---|
| 1971 | Ull/Kisa | Scora 28 av lagets 37 mål som 31 åring og 3 barnsmor. |
| 1972 | Ull/Kisa | Seriemester i kamp mot 19 lag. Scora 37 av lagets 48 seriemål, samt begge mål i semifinale og seiersmål i finale og øvrige NM mål. Totalt 42 av lagets 53 mål. |
| 1973 | Ull/Kisa | Scora 28 av lagets 32 mål etter halvspelt serie |
| 1974 | Ull/Kisa | 2.plass |
| 1975 | Ull/Kisa | Ull/KIsa slo Fenstad med 18-0 i en kamp og Margot scora 9 mål. Scoringsrekord. |
| 1976 | Ull/Kisa | |
| 1978 | Nannestad | Kretsmester |
| 1978 | Norge A-landslag | 2 landskampar |
Margot var en banebrytar. Spelte fotball til passerte 40 år i 1980. Ho var første dame i Norge som tok B-trener kurs i 1973, og da Norge fekk damelandslag i fotball for første gang i 1978, var Margot med i troppa og spelte. Det blei to landskamper (mot Danmark og Finland), cupfinaler på Bislett og utallige mål av det store idrettstalentet.
Uoffisiell kretsmester med Ull/Kisa 3 gangar, og offisiell kretsmester med nannestad 1 gang.
Sjølv om ho var et stort handball og friidrettstalent i Fosnavåg på 1950-tallet så var det for prestasjonane på fotballbana på 1970-tallet som virkelig tok henne til nye høgder. Det nemnast at ho starta å spele fotball på guttelag i alder av 15. Ho var en dominerande spelar for Ull/Kisa alt i 1971, og det står at "hun viste forbløffende egenskaper som fotballspiller". Margot scora ganske mange mål etterkvart. Ho scora 28 av lagets 37 mål i 1971 sesongen og hadde ingen planar om å legge opp før ho går med stokk.
I juni 1972 vinner Ull/Kisa 6-0 mot Fenstad og alle måla var signert Margot. Ho hadde då scora 18 mål på 3 kampar. Når sesongen er ferdig har ho scora totalt 42 mål av lagets 53 mål denne sesongen. Ull/Kisa blei kretsmesterar og vann finale med 1-0. Det var sjølvsagt Margot som scora. Samtidig som ho blei en viktig profil for damefotballen kjempa ho også utanfor bana, og blei avbilda med landslagsspelar Per Pettersen om at damene også kan bli fotballtrenarar. Snart var Margot Ramstad og Grete Einarsrud landets to einaste kvinnelige fotballtrenarar.
I 1973 var Ull/Kisa igjen i NM finale, men BUL blei for sterke og vann 5-1. Margot kom på 2.plass av storscorarane i NM med sine 8 mål. Etter halvspelt serie i 1973 hadde Ull/Kisa scora 32 mål og Margot scora 28 av dei.
Da Nannestad slår Kløfta med 8-0 i 1978 så er det Margot som står for 5 av måla. Det er ikkje rart at ho var aktuell for landslaget. Damelandslaget starta nemlig opp i 1978 og skulle ha sine aller første kampar i turneringa "Nordisk mesterskap" mot Finland, Sverige og Danmark. Margot var med i en alder av 37 år og spelte i to av kampane.
Per Arve "Pelle" Kvalsund
Pelle Kvalsund spelte mange år med Eliteseriespel i handball. Fem sesonger i Bergen der tre var for Fyllingen og to for Norrøna. Så sesongen i Stavanger. Ei imponerande reise på toppnivået.
I september 1992 får Pelle strålande kritikk etter sin debut for 2.divisjonslaget Fyllingen. Motstander var Skien som vann Eliteserien året før. Pelle stortrivst etterkvart i Bergen som andrekeeper idet Fyllingen tek opprykk til 1.divisjon. Han spelte i 21 av 22 kampar.
I mai 1997 kjem et fristande tilbud frå Stavanger. Stavanger IF sine toppambisjonar frista meir enn Norrøna sin nedrykkskamp. Sesongen går opp og ned, og Pelle vurderer å legge opp etter sesongen. Da blir han overtalt til å kome tilbake til Norrøna av sine gamle lagkamerater.
I juni 1998 vinner Pelle og Norrøna over Fyllingen, hans tidligare klubb, og Pelle får mykje av æra idet han skapte mange gode konringar. Så storspelar han igjen idet Norrøna slår hans andre tidligare klubb Stavanger IF med 25-24. Pelle blei kåra til banens beste med 20 redningar.
Statistikk
| År | Lag | Info |
|---|---|---|
| 1992/93 | Fyllingen | Spelte 21 av 22 kampar. NM Finale mot Sandefjord i desember 1993 |
| 1994/95 | Fyllingen | |
| 1995/96 | Norrøna | Til Norrøna mai 1995 |
| 1996/97 | Norrøna | |
| 1997/1998 | Stavanger | Til Stavanger i mai 1997 |
| 1998/1999 | Norrøna | Til Norrøna mai/juni 1998 |
Nils Christian Nørvåg
Idet Nils blir 18 år er det fleire som meinar han snart er moden for større oppgaver. Han har god skotarm og lure innspel og styrer kampane. I mai 1990 er han aktuell for ungdomslandslaget og var i Stavanger på landslagssamling.
Nils Christian prøver lykken i 1.divisjon med laget Tindlund, og går dit i august 1990. I januar 1991 får han debuten mot Stavanger IF som blei rekna å være landets nest beste lag bak sandefjord. Nils scora eitt mål etter at han overtok plassen til Petr Bartonss som bakspelar.
Det blir imidlertid mest reservespel for Tindlund på Nils Christian. Han hadde også vore endel småskada og fekk ikkje vist alt han var god for. Karriæra i Tindlund endte med 5 kampar, og etter eitt år var han tilbake i Bergsøydrakta.
Statistikk
| År | Lag | Info |
|---|---|---|
| 1990 | Tindlund | 5 kampar |
Kine Kvalsund
God for Bergsøy i fleire sesongar og kaptein på laget. I 2013 er ho 20 år og annonserar at ambisjonen er å spele handball på elitenivå. Snart kjem gjennombruddet på venstrekanten i sin nye klubb Volda. Fram mot desember 2014 har Kine bøtta inn mål og var også ein av lagets to straffeskyttarar. Ni til ti treningssøkter i uka lønnar seg.
I 2017 var Kine kaptein for laget, og når en oppsummerar i 2023 har ho spelt 212 kampar, scora 585 mål og spelt for klubben i 11 år. Ho spelte for Volda i både 3.divisjon, 2.divisjon, 1.divisjon og Eliteserie.
Draumen om Eliteseriespel for Volda blei oppfyllt sesongen 2022/23, men fortsatt var ikkje karriæra over. Da Volda rykkte ned i 2023 tok eventyret ei ny vending: Ho melder seg inn i Larvik Håndballklubb. Ho blir en viktig spelar allereie i sin første sesong da laget tek 4.plass i den øverste divisjonen.
Statistikk
| År | Lag | Info |
|---|---|---|
| 2012 - 2023 | Volda | 212 kampar, 585 mål |
| 2023/24 | Larvik | Kine melde overgang til Larvik håndballklubb i mai 2023. Ho spelar 38 kampar og scorar 69 mål |
| 2024/25 - | Larvik |
Svein Inge Urke
I 1976 kjem stortalentet Svein Inge Urke til Bergsøy frå Hødd. Stortalentet hadde spelt 7 juniorlandskampar for Hødd i sin tid, han hadde også scora vinnarmålet 1-0 då Hødd slo Rosenborg på Lerkendal.Han blei toppscorar i Bergsøy sesongen 1977 med 8 mål. Han spelar også kampar for Bergsøy i 1979 sesongen, men melder ovargang til Start i juli 1978. I august 1978 debuterer han for Start mot Aab i ei turnering, og får vist fram blikk for spelet og teknikk. Urke som tidligare haded spelt for Hødd i toppserien debuterte for Start i Eliteserien i september 1978 mot Skeid. På Startlaget var også Svein Mathisen og Helge Skuseth, og Start blei Norges beste lag i 1978: Seriemester i Eliteserien.
Statistikk
| År | Lag | Info |
|---|---|---|
| 1978-1979 | Start | 23 kampar, 1 kamp i Champions League mot Strasbourg. |
I november 1979 melder Urke seg inn i klubben Vigør. Han har spelt fleire kampar for Start, men er også lei av å sitte på benk i fleire kampar. Han spelte seinare for Aksla før han melde overgang til Haddal og 5.divisjon i 1984.
Joachim Goksøyr Magnussen
Han spelte 3 kampar for Bergsøy i 2003, men satsa og lykkast på høgare nivå deretter. Han scora 35 seriemål, 5 cupmål og 12 mål i treningskampar for Hødd i perioden 2006-2009. En stor, sterk spiss med god fart og driv, slik blei han beskrevet av Hønefoss då han kom dit frå Hødd i 2010.
Statistikk
| År | Lag | Info |
|---|---|---|
| 2006 | Hødd | 17 kampar, 2 mål |
| 2007 | Hødd | 25 kampar, 19 mål |
| 2008 | Hødd | 35 kampar, 9 mål |
| 2009 | Hødd | 35 kampar, 22 mål |
| 2006-2010 | Hødd | 144 kampar, 77 mål |
| 2011-2012 | Hønefoss | 40 seriekampar, 2 cupkampar, 6 mål |
| 2013-2016 | Hødd | 96 kampar, 10 mål |
Det nemnast av Viking snuste på Joachim på høsten 2009.
I november 2010 signerte Joachim Magnussen for Hønefoss. Han gjekk gratis som ein ettertrakta bosmannspelar. Det første året spelte han 27 kampar i førstedivisjon med Hønefoss. Det blei opprykk til Eliteserien der han spelte 13 kampar.
I januar 2013 var det klart at Joachim gjekk tilbake til Hødd.
Joa gjorde comeback i Bergsøy i 2017 og spelte 4 kampar (2 mål) den sesongen. I 2018 spelte han 2 kampar og scora 1 mål, og i 2019 blei det 1 kamp.
Martin Håheim Elveseter
Talentet dro frå Bergsøy til Hødd sommaren 2021 før han spelte A-kampar, men utviklinga gjekk raskt. I 2023 blei det tre oboskampar og to kampar frå start i NM, men mest spel for 3.divisjonsklubben der det blei 10 mål på 22 kampar.2024 blei eit begivenhetsrikt år. Han satte sitt namn på kartet med et kjempemål mot Molde i cupen i mai, idet Molde vann 3-1 på Høddvoll. Seinare blei det i august meldt at Odd hadde lagt inn bud for å kjøpe han, men 18 åringen signerte for Eliteserieklubben Sarpsborg 08 (for ein rekordsum), og samme måned blei han tatt ut til U19-landslaget.
Han fekk sin landslagsdebut 05.09.2024 mot Portugal i september 2024 da han kom inn etter 57 minutt. Fire minutt før full tid noterte han seg med assist som førte til at Norge vann 2-1. Seinare i september så debuterte han 21.09.2024 for Sarpsborg i Eliteserien i den 23.serierunden borte mot Strømsgodset (2-1 tap), då han spelte siste 6 minutta. I oktober blei han kåra til årets unge spelar i 2.divisjon for Hødd. I november (18.11.12024) spelte han ein ny landskamp for Norge da han fekk ein halvtime mot Chile.
Statistikk
| År | Lag | Info |
|---|---|---|
| 2021 | Hødd | 2 kampar |
| 2022 | Hødd | 6 kampar 3 mål |
| 2023 | Hødd | 5 kampar 1 mål |
| 2024 | Hødd | 19 kampar 7 mål |
| 2024 | Sarpsborg 08 | 2 kampar i eliteserien |
| 2024 | U-19 landslaget | 2 kampar |