Det er ikkje mykje vi veit om Bjørn Prytz før han dukkar opp i Ulsteinvik og Hødd, men etter det vi ser så var spensten i orden. I 1962 tok han juniorrekord i tresteg med lengda 13,66 meter.
I 1963 ser vi ein Bjørn Prytz som oppnår kretsens beste lengdesprang med ei lengde på 6,49 meter. Han kasta også spyd og vann ein klar juniorsiger i KM i femkamp på Molde Stadion dette året. Det står også at han blei den første tikampmeisteren i Romsdal, for idrettslaget Romsdalshorn.
I 1964 var han bestemann på Åndalsnes B som keeper i ein 0–0-kamp mot Isfjorden. Kor mange kampar Bjørn spelte på Åndalsnes før han kom til Hødd veit vi ikkje, men han utvikla seg nok til å bli ein god sisteskanse.
1967 – vegen til Hødd
Det var i 1967, framfor 1968-sesongen, at Bjørn Prytz kom frå Åndalsnes til Hødd. For å illustrere nivået: Kjetil Hasund hadde året før debutert på landslaget, og Hødd hadde hatt 7000 tilskodarar i 1. divisjon i kampen mot Sarpsborg.
Hødd hadde rykka ned frå 1. divisjon, og no var målet å rykke rett opp igjen. Bjørn skulle kjempe mot Einar Waage om keeperplassen på laget.
Det var eit relativt lokalt Hødd-lag, der Prytz og ein spelar med namn Holstad var dei to einaste «utanfrå». Prytz skulle spele for Hødd i to gode sesongar i 1968 og 1969.
Hødd 1968. Bak frå venstre: Jan Ulfstein, Bjørn Prytz, Severin Myklebust, Per Dimmen, Knut Ertesvåg, Otto Sundgot, Roar Breivik, Vidar Ulstein, Jon Vik, Odd Arne Seljeseth, Erling Holseker, Idar Vattøy og Tor Meinseth. Framme frå venstre: Jan Arild Roppen, Egil Åkervik, Kjetil Hasund, Reidar Vikebakk, Bjørn Seljeseth, Karsten Ulstein, Einar Warholm, Audun Wingsternes, Inge Gjerde, Jon Aage Sundal og Vinjar Vikanes. Foto: Osberget.
1968 – opprykk med Hødd
Året er 1968. Bjørn Prytz står i mål for Hødd, og medan Ålesund pressar hardt for å få mål ropar han:
«No er vi berre 12 minutt frå storserien!»
Prytz heldt nullen gjennom dei siste minutta. Det blei opprykk for Hødd og retur til 1. divisjon – det høgste nivået i norsk fotball.
Bjørn hadde spelt solid i mange kampar. I kampen mot MIF blei innsatsen hans vurdert som framifrå.
Bjørn Prytz opplever 1. divisjon i 1969 med Hødd. Dette bildet er frå 1968, etter ein viktig siger i kampen om opprykk. Bilde: utsnitt frå Osberget/Fenomenet Kjetil Hasund.Bjørn Prytz var ein av dei få spelarane utanfrå på eit rekordgodt Hødd-lag.
1969 – på øvste nivå
Bjørn Prytz blir avbilda medan han held Kjetil Hasund si viktige skotfot, og lykka er stor i Ulsteinvik etter at det blir klart at ingen kan ta igjen Hødd på tabellen. Opprykket er klart: Hødd er tilbake på det høgste nivået.
I 1969 blir Bjørn også lagkamerat med Jack Pettersen frå Bergsøy. Knut Teige hadde han då spelt saman med i eitt år i Hødd, etter Teige sin overgang frå Bergsøy 2. februar 1968.
Bjørn Prytz held fram med gode kampar i mål, og var kanskje Hødd sin beste i kampar mot Start og Viking. I august skreiv VG at Hødd hadde vore noko uheldige med at Prytz ikkje hadde vore heilt i slag, og at det hadde vore nokre keepertabbar.
Hødd 1969. Bjørn Prytz bak til venstre, og Knut Teige nummer to framme frå venstre. Over 5000 tilskodarar opplevde Hødd mot Strømsgodset i serien.
I kampen mot Lyn var Jack Pettersen involvert då ei scoring frå Kjetil Hasund blei annullert fordi dommaren meinte Jack stod i offside. Dette blei det store samtaleemnet, og mange var usamde i avgjerda. Hødd skulle likevel utlikne til 1–1 seint i kampen til stor jubel. Då sa Bjørn Prytz:
«De skulle ikkje ha hefta bort tida med gratulasjonar etter utlikningsmålet – tenk om det hadde kosta ei scoring til!»
Hødd var i den øvste divisjonen i 1966 og i åra 1969–1972, den gongen kalla 1. divisjon. Klubben feira også 50 år i 1969. Det blei det einaste året «Bergsøy-spelarane» Bjørn Prytz, Knut Teige og Jack Pettersen spelte saman for Hødd på øvste nivå.
Bjørn Prytz spelte 12 kampar denne sesongen. Knut Teige spelte alle 18 kampane, medan Jack Pettersen spelte 10. I tillegg kan vi nemne Svein Inge Urke, som spelte 15 kampar i 1971 og 21 kampar i 1972.
Knut Teige, Bjørn Prytz og Jack Pettersen. Dei spelte saman i Norges toppserie, 1. divisjon, i 1969. Deretter gjekk vegen tilbake til Bergsøy.
1970 – til Bergsøy
At Bergsøy skulle få tak i ein keeper og trenar rett frå det øvste nivået i Norge, samtidig som Knut Teige og Jack Pettersen også kom frå Hødd, må ha vore ein kraftig boost for Bergsøy-spelarane.
Men før dei tre var klare for Bergsøy – Bjørn og Knut i desember 1969 og Jack i april 1970 – var det spenning om laget skulle spele i 4. eller 3. divisjon. Etter seriemeisterskapet i 1969 blei det to kvalifiseringskampar for å avgjere kva to lag som skulle rykke opp.
Bergsøy vann 1–0 mot Sunndal i opprykkskvalifiseringa i 1969. Bjørn Prytz var på plass.
Bergsøy vann ein heldig 1–0-siger over Sunndal etter mål av Kjartan Fagerlund. Med 2–2 mot Bryn blei det endeleg avgjort: Bergsøy var klare for 3. divisjon.
Bergsøy spelte mot Bryn i ein omkamp for å avgjere fylkesmeisterskapet. Opprykket var då allereie klart.
Formann Knut Reite kunne fortelje at overgangane endeleg var på plass:
«Det har for så vidt vore klart ei stund at Bjørn Prytz og Knut Teige til neste år vil spele på Bergsøy, men visse formelle ting har ikkje vore i orden før no. Men no er alt klart.»
«Alle som kjenner desse to spelarane vil vite at det er to kjærkomne forsterkningar på Bergsøys lag. Når det gjeld Bjørn Prytz så er det oppretta kontrakt med han som lagets trenar.»
Bergsøy hadde som ny klubb i 3. divisjon fleire treningskampar enn dei fleste andre klubbane i fylket. Prytz hadde stått i mål for Hødd året før, men planen var i utgangspunktet å gi dei unge Bergsøy-keeperane sjansen.
Bergsøy var heldige som fekk tak i Bjørn Prytz.
Men heime mot Molde, i Bergsøy sin debut i 3. divisjon i 1970, var det likevel Bjørn Prytz som stod i mål. Det blei ein god debut både for Bergsøy og Prytz med 1–1. Molde opna scoringa allereie etter fire minutt, då Svein Kanestrøm lobba over Bergsøy-keeperen.
Bergshorn spelte før kampen. Ei fin markering av eit nytt kapittel i Bergsøy si historie.
Bergsøy klarte oppgåva med å halde seg i 3. divisjon i 1970. Bjørn Prytz spelte berre éin kamp til etter opningskampen mot Molde, den påfølgjande kampen mot Clausenenga. I neste kamp stod junioren Johannes Nørvåg mot Ørsta, og han stod 13 kampar dette året.
Harald Barstad tok over som Bergsøy-trenar framfor 1971-sesongen.
1971 – Volda-trenar
Etter éin sesong i Bergsøy tok Bjørn over Volda i 1971. Der starta han innandørstreningane allereie i november.
Vi veit også at Prytz hadde funne fram keeperhanskane igjen:
«Men dei greidde ikkje lure suverene Bjørn Prytz i Volda sitt mål.»
Det blei likevel ein skuffande sesong for voldingane, med berre 12 mål på 14 kampar. Klubben enda nest sist på tabellen og måtte i utgangspunktet stole på at avdelingsvinnaren rykka opp for sjølv å unngå nedrykk.
Rollon tapte opprykkskampen, og alle rekna med at Volda måtte ned ein divisjon. Denne gongen blei klubben redda av ei endring i divisjonssystemet. 4. divisjon blei utvida frå 10 til 12 lag, og Volda fekk halde fram i divisjonen.
Første Bergsøy-kamp på Bergsøy Stadion: Bergsøy mot Åndalsnes i 1972. Kampens dommar Robert Iversen, linjedommar og Bergsøy-supporter Bjørn Prytz og formann i byggenemnda Peder P. Worren. I 1976 finn vi også Prytz som dommar i ein kamp.
1973 – tilbake i Hødd som trenar
Einar Waage og Bjørn Prytz trente Hødd i 1973. Dei tok over styringa etter at Hødd hadde gått ned ein divisjon i 1972. Einar hadde nokre månaders erfaring som trenar på dette nivået, men begge blei skildra som relativt ferske.
Hødd skifta ein del trenarar rundt 1970, men felles for dei var at dei kjende miljøet godt – og fleire av dei var lærarar. Framfor sesongen, medan laget var inne i oppkøyringsfasen, meinte Prytz at laget var i framgang:
«At laget maktar å score fleire gonger betyr noko for oss.»
Nytt av året var også at kvar spelar skulle ha si eiga oppgåve på laget, noko dei var i ferd med å øve inn. Hødd enda på 6. plass i 2. divisjon, i avdeling med mellom andre Molde, Ålesund og Skarbøvik.
1974 – Bergsøy-trenar igjen
Sesongen 1974 blei svært spennande. Bergsøy kjempa hardt om opprykk, og eitt fattig mål skilde laget frå å gå til topps i 3. divisjon.
Til slutt enda fire lag på 24 poeng, og målskilnaden blei avgjerande. Både Bergsøy og Sunndal hadde 20 plussmål, men Sunndal gjekk forbi på fleire scora mål. Langevåg enda med 18 plussmål, medan Skarbøvik på fjerdeplass hadde sju.
Bergsøy i 1974. Bjørn Prytz var tilbake som trenar.
1975 – irriterande nær opprykk igjen
Aldri før hadde Bergsøy vore så nær opprykk til 2. divisjon som i 1974. Bjørn Prytz heldt fram som Bergsøy-trenar, og laget skulle kome svært nær også i 1975.
Fred Frantzen blei toppscorar med 17 mål og blei, som dei to føregåande åra, mestscorande i divisjonen. Bergsøy var laget som hadde flest serierundar på tabelltoppen, men Clausenenga sneik seg forbi.
Nok ein gong hadde Bergsøy like mange poeng som laget som rykka opp. Clausenenga hadde målskilnad 38–18, medan Bergsøy hadde 36–17.
Etter Sunndal–Bergsøy i 1974. Kampen enda med tap.
1978 – Hødd-trenar
Så var Bjørn Prytz tilbake i Hødd igjen som trenar. Det blei skrive at Prytz hadde vore ei stund borte frå miljøet då han kom tilbake. Sesongen blei ikkje nokon stor suksess, og Hødd var svært nær ved å rykke ned.
1979–1981 – tilbake til Bergsøy og opp på nivå to
Etter at Bjørn gav seg som Bergsøy-trenar etter 1975 hadde klubben halde fram med å kjempe i toppen av 3. divisjon, utan å klare å vinne serien.
I 1979 kom Bjørn tilbake og blei trenar saman med Asbjørn Myklebust. Denne sesongen handla meir om å overleve i divisjonen. Bergsøy enda to poeng over nedrykksstreken, og sesongen blir kanskje best hugsa for NM-innsatsen.
Bergsøy slo Rollon og Ørsta og kom seg til tredje runde i NM. Der venta Rosenborg på Bergsøy Stadion.
Eit stolt augeblikk i Bergsøy-historia: Rosenborg på besøk i tredje runde av NM i 1979. Kampen enda 1–3.
Kampen mot Rosenborg skulle vere eit forvarsel om at Bergsøy hadde fått smaken på større utfordringar. Sesongen 1980 blei ein suksess for trenarteamet Bjørn Prytz og Asbjørn Myklebust.
Bergsøy blei presentert i ein reportasje i Vi Menn som «det nye Hødd».
Det er mange kampar å minnast frå den store 1981-sesongen, då Bergsøy spelte på Norges nest høgste divisjonsnivå. For første gong reiste Bergsøy mellom anna til Nord-Norge for å møte lag som Bodø/Glimt og Tromsø.
Utfordringane var store. Prytz var likevel klar på kva som venta:
«Det er klart at 2. divisjon er langt hardare enn 3. divisjon, og vi må belage oss på 22 knallharde kampar. Men samstundes må vi sjå på komande sesong som ei interessant utfordring.»
Målet var å halde seg i divisjonen.
Bergsøy var gode på Bergsøy Stadion. Dei slo lag som Nessegutten og Kristiansund, og ikkje minst Tromsø 4–1 i ein kamp der Trond Paulsen scora tre mål.
Bergsøy spelte 2–2 borte mot Molde i ein kamp der Åge Hareide scora, og Bergsøy hadde leiinga til like før dommaren blåste av. Heime vann Bergsøy 2–0 mot Molde, med Fred Frantzen og Trond Paulsen som målscorarar.
Resultata på bortebane blei det svake punktet. Elleve bortekampar gav ni tap og to uavgjorde.
Til slutt måtte Bergsøy ha tre poeng heime mot Varegg dersom det skulle vere håp om å halde plassen. Det var Bergsøy-trenar Bjørn Prytz heilt klar på før kampstart.
Varegg fekk mål allereie etter 12 minutt, og kampen enda 1–1 etter mål av Jack Pettersen. Æra blei likevel halden i behald, og med 2–0 heime mot Mjølner viste laget noko av det som budde i dei. Då var nedrykket likevel eit faktum.
«Vi skal i alle fall gå ned med flagget til topps.»
Etter sesongen gav både Bjørn Prytz og Asbjørn Myklebust seg som trenarar for Bergsøy. FA-cupvinnaren Vic Halom blei ny Bergsøy-trenar framfor 1982-sesongen.
Fleire periodar som Bergsøy-trenar
1985, 1990 og 1991
Bjørn Prytz kom fleire gonger tilbake som trenar for Bergsøy. I 1991 danna han trenarduo med Kjartan Paulsen.
«Målsettingen er å kunne kjempe i toppen.»
Det var ikkje før den sjuande heimekampen at Bergsøy klarte å vinne på eige gras. Laget gjekk også på nokre storsmellar, mellom anna 1–9 heime mot Langevåg og 1–6 borte mot Valder.
I august 1991 blei det skrive at Prytz hadde slutta som trenar for A-laget, og at han berre skulle fungere som keepertrenar i haustsesongen. Bergsøy berga til slutt plassen med to poengs margin til nedrykksstreken.
1989 – Volda-trenar igjen
Saman med Audun Grimstad var Bjørn Prytz klar for å bli Volda-trenar nok ein gong. Han hadde 22 spelarar til rådvelde.
Året før, i 1988, meiner vi at han var trenar for Haddal.
1995 – Åram
I 1995 fekk evigunge Oddvin Kragset avløysing som spelande trenar i Åram. Bjørn Prytz blei ny Åram-trenar.
Åram rykka ned i 1996, og då Bjørn seinare tok vegen tilbake til Bergsøy hadde han med seg spelaren Lars Petter Rønnestad. Rønnestad har sidan hatt fleire roller i klubben.
1997 – tilbake i Bergsøy
Tom Beddari hadde hatt laget gjennom nokre gode år, og i 1997 kom Bjørn inn i trenarteamet etter opphaldet sitt i Åram. Dei tok laget til ein komfortabel 6. plass på tabellen.
Laget hadde hatt to gode sesongar bak seg, men var blitt noko svekka fordi fleire spelarar anten trappa ned eller skifta klubb. Dei yngre spelarane viste seg fram som verdige 3. divisjonsspelarar.
Etter sesongen gav Tom Beddari seg som trenar etter tre gode år, medan Bjørn Prytz tok fatt på ei ny utfordring: Bergsøy sitt juniorlag.
Alltid tilbake til Bergsøy
Det er ikkje få kampar Bjørn Prytz har vore med på, og det er imponerande kor mange gonger han har vore med og trent A-laget til Bergsøy. Det vitnar om ein godt likt trenar og person.
Slik opplevde vi det også, vi som fekk Bjørn Prytz som juniortrenar i 1997 – Bergsøy sitt 1981-kull. På mang ein bortekamp sette trubaduren Prytz i gang tonen inne i ein Djupvik-buss med «Mors lille Ole».
Og sidan har han halde fram med å synge – og til og med laga CD saman med Fred Frantzen.
Bjørn Prytz har vore innom mange klubbar, men har alltid funne vegen tilbake til Bergsøy. Her saman med fleire andre profiler frå Bergsøy-miljøet.
Offisielle kamptal år for år, kampoversikt og registrerte kampar frå lagoppstillinga.
Målunivers: mål år for år, målsnitt, måltype, straffer, hattrick og scoringar mot lag/bane.
Bildearkiv knytt til spelaren.
Relaterte bilder
Lagbilde A-lag 1997
1997
Bak fra venstre: Nils Roger Paulsen, Kristian Berge, Ronny Pål Kvalsvik, Frank Sverre Skorpen, Arve Helsem leine, Sigmund Nymark (Oppmann), Lasse Myrhol, Preben Hestad, StefanHansen, Bjarne Leikanger (Materialforvalter). Jon Robert Moen, Vegard Sævik, Tom Beddari (Trenar).
Framme: Lennart Garnes, Oddmund Vågsholm, Karl Bjarte Vike, Rune Frantsen, Erlend Eide Vike, Trond Bø, Kjetil Strøm Kvalsvik, Lars Ove Almestad, Jarl Åge Vågsholm, Lars Petter Rønnestad, Bjørn Prytz (Trenar).
Lagbilde A-lag 1991
1991
Frispark 1981
1981
Lagbilde A-lag 1980
1980
Clausenenga - Bergsøy 3-1
1970
Bergsøy - Molde 1-1
1970
Bergsøy - Molde 1-1
1970
Bergsøy - Molde 1-1
1970
Lagbilde A-lag 1970
1970
A-laget i 1970.
Bak fra venstre: Knut Teige, Asbjørn Myklebust, Jack Pettersen, Sveinung Frøystad, Oskar Waage, Kjartan Fagerlund.
Framme fra venstre: Jostein Myklebust, Odd Berge, Ronald Moen, Bjørn Prytz, Knut Igesund, Andreas Kvalsund