Tilbake

Bergsøysupportere

Historisk oversikt over det å være BIL-supporter

Bergsøy Supportere

Bergsøy-supportere

Det skal være gøy å halde på med idrett, men det blir straks meir gøy til meir engasjement ein klarer å få til. Til fleire som står på sidelinja og heiar, til artigare blir det for alle.

Bergsøy har alltid hatt supporterar, men korleis supporterane har sett ut og oppført seg har nok forandra seg ein heil del sidan klubben starta. Kampane gikk til tider på søndagar, og tilskodarane var ganske så fint kledde til kampane i Huldalen. Men engasjementet var det ikkje noko å seie på, og det kom mange spreke kommentarar frå sidelinja.

For å forklare patriotisma var det foreksempel nemnt at idet naboklubben Heid skulle ha samling ein kveld på Høgtun så var det engasjert 3–4 politimenn for å passe på at det ikkje skulle kome Fosnavågarar (Bergsøy) som laga bruduljer. I kampane mellom Heid og Bergsøy sto tilskodarane på kvar si side av bana, og ropte forskjellig til kvarandre.

Bergsøy-supportere på 1950-tallet
Bergsøysupporterar på tribuna i Huldalen på 1950-tallet.

For å få samhold og klubbfølelse blei det etterkvart viktig å profilere seg og vise kven ein tilhører. Då må ein ha eit klubbsymbol, og i starten var klubben mest kjent som BIL. Forfattar av «Idrett i havgapet», Johs Wike, har sagt han gløymer ikkje då han såg Leif Pettersen stå med ei rar stang med vimpelen BIL på. Det må være denne stanga (bildet under) han meinar.

BIL-flagg og supportergjeng
Ein Bergsøy-gjeng med BIL-flagg.

Frå enkle «BIL»-skilt eller flagg, til å lage eit felles design som supporterane kunne dele, var ei utvikling som gjekk gjennom fleire år på same måte som det tok tid før klubbfargane var endeleg på plass. Mens Bergsøy sitt fotballag spelte i grøne drakter og blå shortsar, var handballaget også i ei periode med gule drakter. Logoen på draktene gjennom 1960-tallet var ganske enkel, gjerne med raude striper delt midt på eller ut på sidene.

Dagens Bergsøy-logo slik vi kjenner den blei tegna av Nils H. Lied i 1975, og er meir avansert. Dette er fortsatt det viktigaste klubbsymbolet for supporterane i dag, ilag med dei kvite og raude fargane.

Men det tok tid før logoen kom på sjølve draktene. Damelaget hadde Bergsøy-logoen på lagbilde frå 1995, og artig her å sjå at dette ikkje gjeld alle draktene på lagbildet. I fotballen finn vi Bergsøy-logoen på overtrekksdraktene i 1980, men ikkje på sjølve fotballdrakta før 2009. Sidan den tid har logoen vore på plass. På bildet under ser vi litt av utviklinga til Bergsøy-logoen.

Bergsøy-logo i utvikling. Ei tid spelte herrelaget i handball med berre teksta «BIL» på draktene.

Utviklinga av Bergsøy-logoen

BIL-LOGOER

Tidlege Bergsøy-logoar i farge

Tidlige Bergsøy-logoar i farge.

BIL-FLAGG

Flaggskisse for Bergsøy IL

Flaggskisse. På slutten av 1960-tallet fekk Eivind Rødal eit tilbod frå ein flaggfabrikk om å lage vimpel til idrettslaget, med skrifta Bergsøy I.L. Stoffet skulle være av beste kvalitet i «supreme nylonforsterket».

Men ein treng ikkje avansert supporterutstyr for å være ein god tilhenger. Flagg, vimplar eller plakatar klarte supporterane godt å lage sjølv. Engasjementet viser seg kanskje best på bildet frå 1971 der det ser ut som publikum storma bana i glede i ein 2–1-siger mot Skarbøvik.

Bilde

Supportere 1970

Supportere 1970.

BIL-Supportere

Supportere stormer bana 1971

Bergsøy mot SIF i 1971. Supportere stormer bana i glede.

BIL-Supportere

Supportere på haug ved Åndalsnes-bana

Bergsøysupporterne fekk skryt borte mot Åndalsnes i 1974. På den einaste haugen ved bana krydde det av BIL-supporterar og plakatar.

Klubben hadde supporterar, og engasjementet blei stadig bedre utover på 1970-tallet då Bergsøy spelte i 3. divisjon. Så kjem vi til 1975, og då blir det tatt nokre grep i å organisere supporterklubb på ein skikkeleg måte.

1975: Bergsøy Supporterklubb

I 1975 blei det for første gang alvor rundt det å skape ein supporterklubb for Bergsøy. Aktive fotballspelarar med Asbjørn Myklebust som ein av initiativtakarane kalla inn til samrådingsmøte på Fosnaklubben, som var eit hyggelig lokale i Sigurd Moens forretningsbygg i Strandgata. Lokalet hadde ikkje vore i bruk på ei stund, og eigaren Frank Van Betten kunne tenke seg å leige bort eller selje.

Litt av tanken var også her, at ein ved arrangement kunne skaffe inntekter til fotballgruppa. Ved å filme fotballkampar til A-laget kunne ein vise desse i lokala. Å kjøpe eit videokamera blei dermed ei av dei første sakene til supporterklubben som blei ein realitet i oktober 1975.

Avisutklipp

Vestlandsnytt 17. oktober 1975

Vestlandsnytt 17. oktober 1975.

Avisutklipp

Vestlandsnytt 24. oktober 1975

Vestlandsnytt 24. oktober 1975.

BIL-VIMPEL 1975

Peder Worren med modernisert BIL-vimpel

Peder Worren med modernisert BIL-vimpel, logo teikna av Nils H. Lied.

Det blei stor interesse for supporterklubb, og Kjell Vike blei vald som formann. 1. juli 1976 kalla supporterklubben inn til årsmøte, og på nyttårsafta 1976 arrangerte Bergsøy Supporterklubb stordans på Herøy Kulturhus med Galaxy band.

1980: Ny Bergsøy Supporterklubb

Plakat for Bergsøy Supporterklubb
Bergsøy Supporterklubb.

Den første Bergsøy Supporterklubb må ha dødd noko ut, for vi finn ikkje meir om supporterklubb åra mellom 1976 og 1980. Den 2. mai 1980 kunne formann Kjell Sævik opplyse om at Bergsøy skulle selge skjerf i klubbens fargar til 30 kroner stykket, og caps til 10 kroner stykket. Entusiasme på tribuna må ha gitt resultat også på bana, for 1980-sesongen skulle vise seg å bli Bergsøy-historiens høgdepunkt med opprykk til 2. divisjon.

Med opprykk og entusiasme samla supporterane seg igjen, og i desember 1980 blei det tatt nye initiativ til å danne ein ny supporterklubb. Klubben sitt formål var enkelt og greitt å støtte Bergsøy i tjukt og tynt, men blant måla til klubben var (som den første klubben hadde hatt) å få på plass videoutstyr for å filme alle klubbens bortekampar. Vidare skulle «handelsminister» Sindre Notøy vere konsulent til stemmebruk på kampane, og dei skulle ruste seg godt opp til seriestart.

Utklipp

Supporterklubb skipa 11. desember 1980

Supporterklubb skipa torsdag 11. desember 1980.

BIL-Supportere

Børge og Lena som Bergsøy-supportere

Bergsøy-supportere Børge Hansen og søster Lena.

BIL-Supportere

Kjell Sævik og Bjørn Prytz

Fotballformann Kjell Sævik og trenar Bjørn Prytz, 1980.

I 1981 kalla Bergsøy Supporterklubb inn til supporterfest på Bergshall laurdag 16. mai, med middag og kåring av «dagens spelar». Tidlegare på dagen spelte Bergsøy 2. divisjonskamp mot Bodø/Glimt. Bergsøy Supporterklubb arrangerte også arrangement på Kulturhuset i 1981, med blant anna gruppene «Free at last» og «Six-Pence» med dansemusikk.

I juli 1981 arrangerte også Bergsøy Supporterklubb supporterbuss til bortekamp mot Sunndal, og dette gjorde dei også i 1982 blant anna til bortekamp mot Kristiansund. Kva som skjedde med Bergsøy Supporterklubb vidare etter 1982 veit vi ikkje. Supportergjeng i raude og kvite fargar med caps og skjerf døde ut.

Bergsøy Supporterklubb 1

Skipa 1975

Ein supporterklubb for heile Bergsøy IL, og på arrangement skal ein skaffe inntekter til idrettslaget.

Formann: Kjell Vike
Nestformann: Inger Pettersen
Kasserer: Jens Hansen
Sekretær: Sigurd Teige
Styremedlemmer: Tor Igesund, Gudmund Hopen, Mathias Pettersen
Varamenn: Hans Leine og Aud Nilsen

Bergsøy Supporterklubb 2

Skipa 1980

Denne klubben fekk ei sammensetning på følgande:

President Jonny Pettersen
Visepresident Torleif Torgersen
Finansminister Helge Pettersen
Førstesekretær Bodvar Kleiven
Handelsminister Sindre Notøy
Samferdselsminister Kåre Kleppe
Ministrar utan portefølje: Kurt Lied, Hildegunn Igesund og Endre Igesund.

Ei mørkeperiode for publikum?

Mens det på 1970-tallet og i 1980/81 var rekordantall med tilskodarar på Bergsøykampar, så var det minkande på tribuna etterkvart. Sju av klubbens topp 10 beste publikumsoppmøte kom i åra mellom 1979 og 1981, med publikumsantall på over 1200. Under mi eiga Bergsøytid rundt perioden 1998–2008 var vi heldige om det var over 100 personar på tribuna. Det store høgdepunktet når det gjaldt publikumsinteresse kom då Bergsøy skulle spele kvalifisering til opprykk til 2. divisjon i 2002 – då kom det 490 betalande til Bergsøy Stadion.

Med entusiasme kjem handling, og det var denne tida Bergsoy.com blei laga. Seinare kontakta vi leverandørar for å høyre kostnadar på å produsere Bergsøyskjerf, men ting skulle ikkje eksplodere før det på nytt blei tatt initiativ til ein ny supporterklubb i Bergsøy mange år seinare.

2018: Mannskapet

– No har vi fått oss organisasjonsnummer og då er det offisielt, sa May Helen Hermansen til Vestlandsnytt 11. mai 2018. Supporterklubben blei starta i april. Fleire remedier med logo på har det også blitt, og supporterklubben tenker å selge fleire saker med Bergsøy-logo på under kampane framover: caps, pledd, flagg og skjerf samt t-skjorte. Draumen er kanskje til og med ein buss.

Tanken var at det skulle bli meir sosialt på tribuna, og på Facebook hadde gruppa allereie over 500 medlemmar i 2018. I 2022 har dette antallet passert 650 medlemmar.

Og entusiasmen på tribuna skapte nye store øyeblikk på bana, då Bergsøy seinare dette året slo ut sjølvaste Ålesund i cupen. Igjen hadde Bergsøy fått på plass over 1000 personar på tribuna, og i neste cupkamp mot Kristiansund kom det over 1200 menneske. Glede og entusiasme på tribuna skaper også meir glede på bana og for klubben, og alle er vinnarar.

Supportere på Havila Stadion
Bilde av Regine Sandhaug.

Supporterklubben:

▫️ Vi ønskar å vær den 12. mann på bana og støtte Bergsøy både på heime- og bortebane
▫️ Vi bryr oss om BERGSØY ❤️
▫️ Fast plass på Havila stadion (framfor speakerbuda)
▫️ Vi ønskar å være ein engasjert og sosial gjeng


Årets supportere og ildsjeler

Prisar
År Årets supporter / ildsjel Info
2024 Årets supporter 2024
Årets supporter:
Mikael Makipera Vike

Årets Ildsjel:
Runar Olsen
Fotball

Årets supporter har kun gått glipp av 1 A-lag herrekamp denne sesongen. Han har reist Sunnmøre rundt og alltid stilt med godt humør! 🤩 Årets supporter har stilt opp om det skulle være noko, blant anna dommarsjef under årets HAV CUP! Han er også lagleiar rundt årets G16-lag og vi har med andre ord sett mykje av Årets supporter både på heime- og bortebane!

Årets ildsjel er primus motor for det meste som skjer rundt om på stadion, frå dugnader til vedlikehald og draktansvarlig! Han har fleire verv i klubben og har gjennom fleire år vore lagleiar for vårt A-lag herrer 🤩 Årets ildsjel møter alltid med ein spøk på lur og har bidrege til auka dugnadsånd i klubben! 😄 Vi er ekstremt heldige som har han i klubben og som saman med fleire andre legg til rette for at ungdommen vår har så gode fasilitetar som mulig!

I tillegg fekk Ingrid Beate Smådal Hide og Magnus Myklebust takk for sine gode innsats gjennom eit vanskeleg administrativt år, samt at Steffen Kvalsund fekk blomster under årets fotballavslutning som takk for sin frivillige innsats.

Handball

2019 Årets supportere 2019
Kjell Myklebust og Arnulf Haugen
Årets Ildsjel:
Familien Smådal Hide
Fotball

Det blei to personar denne gangen som stakk av som årets supporterar, det blei Kjell Myklebust og Arnulf Haugen. Arnulf Haugen vann også denne prisen i 2010. I tillegg blei det denne gangen familien Smådal Hide som vart årets eldsjeler.

Handball

Renate Roseth blei kåra til årets publikummar.
2018 Årets supporter 2018
Supporterklubben Mannskapet
Årets Ildsjel:
Sigurd Helsem Sævik
Det var supporterklubben Mannskapet som blei årets supportere dette året, og Årets Ildsjel blei Sigurd Helsem Sævik for sitt arbeid med å realisere Fiskarhallen.
2017 Stig Vestnes
Årets eldsjel handball: Stig Vestnes
For handballgruppa blei Stig Vestnes årets eldsjel. Han har vore spelar, trenar for 4.-divisjonslaget og også tatt på seg å vere trenar for Bergsøy United. Årets publikummar for handball blei Helen Sævik.
2016 Ingrid Beate Smådal Hide
Ingrid Beate Smådal Hide
Ingrid Beate fekk pris både som årets eldsjel og årets supporter fordi ho alltid stiller opp med eit smil. Ho er på dei fleste kampane til alle lag, og held mange oppdatert over Facebook. Ho har vore garderobevakt, kampvert og trenar samtidig som ho har vore spelar.

– «Det er kjekt å vinne eldsjelprisen i en alder av 17 år. Eg er stolt over å vinne denne prisen som fyrste jente.»
2015 Oddbjørn Emil Åkerøy
Oddbjørn Åkerøy
Oddbjørn Emil Åkerøy tok imot velfortent heider etter å ha brukt mykje av si fritid på Bergsøy.
2014 Arild Nerland
Arild Nerland
Arild Nerland er å finne på stadionområdet nesten kvar einaste dag året igjennom. Med fire søner som er aktive i aldersbestemt fotball har han teke utallige turar Kvalsvik–Havila Stadion. I tillegg til å følge opp sønene er han ein ja-mann, og har kome inn på anleggssida i klubben og syter for at ting er på stell når A-laget skal spele sine kampar.
2013 Ronald Moen
Ronald Moen
Fotball

Ronald Moen har vore fast på treningane på både aldersbestemte lag og A-laget, og vist ei levande interesse og engasjement rundt det som føregår i klubben.

Handball

For handballgruppa blei Mats Utseth Stave årets eldsjel og Morten Digernes årets publikummar.
2012 Arild Smådal
Arild Smådal
Han har sett dei fleste kampane til A-laga, og er ein ivrig supporter når barnebarna er i sving enten det er trening eller kamp. Han blir oftare observert på sykkel enn i bil, og svingar ofte innom stadion for å sjå om det er noko som skjer der. Firmaet hans har også bidratt til å hjelpe til med småreparasjonar på fotballaga sine fotballmål.
2011 Ludvig «Lulle» Hansen
Ludvig «Lulle» Hansen
Fotball

Hansen var ein gjest på stadion i alle år, og fråværet på kampane kunne tellast på ei hand. Han fekk også med seg mange bortekampar. Heilt sidan han busette seg i Fosnavåg blei han ein stor BIL-patriot, og på eit tidspunkt var han også leiar i fotballgruppa. Han hadde alltid med seg eigen stol og var alltid nær plassert kiosken.

Les mer om Ludvig

Handball

Bjørn Ove Endresen tok prisen som årets eldsjel sesongen 2010/2011.
2010 Arnulf Haugen
Årets publikummer:
Arnulf Haugen
Årets publikummer blei Arnulf Haugen. Han har fylgt laget både under heime- og bortekampar. Det har ikkje betydd noko forskjell om kampen har vore på Stranda eller i Ålesund, for Arnulf har vore der.
2009 Johannes Bakke
Johannes Bakke
Lenge sidan sist denne kåringa blei utført, men Johannes Bakke har vore supporter gjennom kanskje 40 år og fortener denne prisen. Han var også ein ivrig supporter i Bergsøy si storheitstid, og hans draum er at laget kjem tilbake til gamle høgder. Johannes frydar seg over at barna og ungdommen får utfalde seg gjennom meiningsfulle fritidstilbod.
2003 Paul Bø
Paul Bø
Trufast gjest på BIL sine kampar for 20–30 år sidan og har vore fast gjest på «eksperthaugen». Kjent som svært engasjert og aldri redd for å gi uttrykk for sine meiningar på godt og vondt.
2002 Trond Myklebust
Trond Myklebust
2001 «Lulle» og «Kalla» Hansen
«Lulle» og «Kalla» Hansen
Større bilde
Dei var stamgjestar både på aldersbestemte kampar og på seniorlaget enten det var i Huldalen eller på stadion. Ekteparet var alltid på plass og fekk fortjent blomar frå fotballformann Endre Igesund.
1999 Rolf Sivertsen
Årets publikummar handball: Rolf Sivertsen.
Årets goodwillpris gikk til Tore Djupvik.
Handball

Det var ikkje uventa at det blei Rolf Sivertsen som blei årets publikummar. Vaktmesteren stiller alltid positivt opp når noko må ordnast, og på vakta er han alltid interessert i korleis det går på handballbana.

Ein ny pris blei også utdelt, ein «Goodwill-pris». Han er ein aktiv spelar og veldig positiv når det skal gjerast eit tak. Dessutan er det han som fører bussen når BIL skal på bortekamp.
1997 Bergsøy-logo
Årets publikummar handball: Arnulf Haugen
1991 Handball
Handball
Handball

Familien Kjell Nørvåg og Marvin Skuggen fekk publikumspris, mens årets supporterpris gikk til Otto Ristesund.
1990 Handball
Handball
Handball

Søndag 1. april 1990 fekk Leidulf Håheim prisen som årets BIL-supporter under handballfesten i Herøyhallen. Dette var første gang handballen hadde slik kåring.

Diverse bilder

Bilde

Bilde av Regine Sandhaug

Bilde av Regine Sandhaug.

Utklipp

Utklipp 1975

1975.

Utklipp

Utklipp 1975

1975.

Avisutklipp

Vestlandsnytt 16. mai 1981

Vestlandsnytt 16. mai 1981.

Utklipp

Årets handball-supporter Renate Roseth

2019: Årets handball-supporter Renate Roseth.

Utklipp

Årets ildsjeler Familien Hide 2019

2019: Årets ildsjeler Familien Hide.

Utklipp

Årets supportere 2019

2019: Årets supportere Kjell Myklebust og Arnulf Haugen.

Utklipp

Årets supportere 2018 – Mannskapet

2018: Årets supportere Mannskapet – bilde: Bjørnar Sævik.

Utklipp

Årets ildsjel 2018

2018: Årets ildsjel Sigurd Helsem Sævik – bilde: Bjørnar Sævik.

Utklipp

Årets supporter og ildsjel 2016

2016: Årets supporter og ildsjel Ingrid Beate Smådal Hide.

Utklipp

Årets supporter 2015 Oddbjørn Emil Åkerøy

2015: Årets supporter Oddbjørn Emil Åkerøy.

Utklipp

Årets supporter 2014 Arild Nerland

2014: Årets supporter Arild Nerland.

Utklipp

Årets supporter 2013 Ronald Moen

2013: Årets supporter Ronald Moen.

Utklipp

Årets supporter 2012 Arild Smådal

2012: Årets supporter Arild Smådal.

Utklipp

Årets supporter 2011 Ludvig Holberg Hansen

2011: Årets supporter Ludvig Holberg Hansen.

Utklipp

Årets publikummer Handball 2010: Arnulf Haugen

2010: Årets publikummer handball: Arnulf Haugen.

Utklipp

Årets supporter 2009 Johannes Bakke

2009: Årets supporter Johannes Bakke.

Utklipp

Mannskapet

Mannskapet.

Utklipp

Mannskapet

Mannskapet.

Maskot Bulle

Maskot Bulle

Mannskapets maskot «Bulle».

Maskot Rambo

Maskoten Rambo

Maskoten «Rambo» til Bergsøy fotball heimeside (2002–2009).