BERGSØY

Idrettsverda

Sesongar, kampreferat, stallar, kamplister og statistikk – samla på éin plass.

Idrettsverda

Sesongar, kampreferat, stallar, kamplister og statistikk – samla på éin plass.

Fotball herrer

Kampreferat 1984

Os – Bergsøy · 1984-06-24 · Serie · runde 10

1984-06-24 • Serie – runde 10 • Kampnr 528
Os
Bergsøy
3-0
1-0 Odd Jarle Hjelle (15)
15'
2-0 Kjell Ove Lunde (64)
64'
3-0 Per Kristian Lyngbø (86)
86'
Referat
Topplaget Os blei for sterke, og Bergsøy hadde lite å stille opp med. Det kunne blitt mer begge veiar, og sluttresultatet kunne like godt blitt 6-3. Bergsøy prøvde seg med samme taktikken som fungerte bra borte mot Ny-Kronborg, men spelarane viste ikkje samme tæl og vilje til å markere - og Os dominerte kampen på midtbana. Særlig backane til Os kom ofte rundt Bergsøyforsvaret og skapte store problemer.

Allereie 15 minutt ut i kampen var det klart for 1-0 etter eit godt heimeangrep. Ballen blei slått tilbake til Odd Jarle Hjelle som dundra ballen via ein Bergsøyfot og i nettet heilt nede ved stolperota. Etter dette hadde Bergsøy to fine kontringsforsøk, og den største sjansen hadde Frode Wilhelmsen da han stakk igjennom et framspel fra Gullik Kjelstadli, men keeper redda situasjonen.

Like etter blei Frode på nytt frispelt av Henning Solem, men ballen gikk til side for mål. Tony Pettersen hadde også et fint forsøk, men fekk ikkje dreis på skotet. Dermed blei det 1-0 til pause.

Etter sidebytte kom Bergsøy meir frammover på bana, men i staden for utlikning auka heimelaget til 2-0. Keeper Jarl Remøy vart hardt pressa etter ein corner slik at han mista ballen i føtene på Os sin toppscårar Kjell Ove Lunde. Dette målet meinar vi burde blitt annulert for angrep på keeper, men dommaren meinte noko anna.

Bergsøy kjørte på offansivt for å ta igjen kampen, og Ivan Myklebust blei kjørt lengre fram i bana samtidig som Paul Kurt Nerland og Fred Frantzen kom inn på midtbana. Bergsøy tok no meir over, samtidig som Os fekk rom til å kontre. Eit skot frå Ivan Myklebust frå 4-5 meters hald blei redda på målstreken i denne perioden. Istaden stakk Per Kristian Lyngbø gjennom og ordna 3-0, og hadde også to store sjansar like etterpå til å auke ledelsen.

Alt i alt ein fortjent siger til heimelaget. Best på Bergsøy var midtstopparduoen Ivan Myklebust og Gullik Kjelstadli. Spissane Wilhelmsen og Solem fekk i denne kampen lite støtte frå midtbana - ei midtbane som mangla Trond Paulsen som sona på grunn av tre gule kort. Innbyttar Fred Frantzen var også blant lagets beste, og kåra til den beste av Sunnmørsposten.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
0
0%
Uavgjort
0
0%
Tap
1
100%
Mål
0–3
scoret–sluppe inn
Informasjon
  • 📅
    Dette er 1. kampen mot Os.
  • 📈
    6. tapet denne sesongen.
  • Mestscorande i desse oppgjera:
    Os: Kjell Ove Lunde (1 mål).
  • 🏅
    Banens beste: Fred Frantzen.
Form siste 5 totalt
1–4
T
Ålesund
1984-05-30
2–1
S
Skarbøvik
1984-06-03
4–1
S
Ny Krohnborg
1984-06-11
2–1
S
Halsnøy
1984-06-17
0–3
T
Os
1984-06-24
Form siste 5 vs Os
0–3
T
Os
1984-06-24
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11 · Innbyttarar: 1
Innbyttarar
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
2.0
1 stemmer
📍
Kuventre
👨‍⚖️
Jan Vallestad
👥
500
🔗
Banens beste
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar