Idrettsverda
Sesongar, kampreferat, stallar, kamplister og statistikk – samla på éin plass.
Idrettsverda
Sesongar, kampreferat, stallar, kamplister og statistikk – samla på éin plass.
Kampreferat 2026/27
Bergsøy – Elverum · 2026-09-25 · serie


🤾 Spelarprestasjonar











🏟️ Bergsøy – spelarar i kampen
📊 Kampinformasjon og historikk
📊 Spelarhistorikk mot Elverum
| Namn | Kampar | Mål | Assist | Flest mål i éin kamp | Flest assist i éin kamp |
|---|---|---|---|---|---|
| Philip Molvær Haga | 1 | 6 | 0 | 6 | 0 |
| Petter Nygaard Eikrem | 1 | 4 | 1 | 4 | 1 |
| Kristoffer Weller Rosenkilde | 1 | 3 | 1 | 3 | 1 |
| Ruben Meder | 1 | 3 | 0 | 3 | 0 |
| Esben Høiris Bloch | 1 | 2 | 0 | 2 | 0 |
| Jakob Borge Sandbakk | 1 | 2 | 0 | 2 | 0 |
| Evaldas Grieze | 1 | 1 | 0 | 1 | 0 |
| Pauli Høj | 1 | 1 | 0 | 1 | 0 |
| Ovi Lützen | 1 | 0 | 5 | 0 | 5 |
| Baard Vassbotn | 1 | 0 | 1 | 0 | 1 |
| Emil Andreas Raknes | 1 | 0 | 0 | 0 | 0 |
| Iver Frantzen Pettersen | 1 | 0 | 0 | 0 | 0 |
| Sigvart Kval | 1 | 0 | 0 | 0 | 0 |
📈 Form
📝 Kampreferat
Denne kampen visste vi blei tøff for Bergsøy, men det var jo en historisk begivenhet berre å få møte regjerande norgesmeister på heimebane i ein Eliteseriekamp. Det blir jo ikkje større enn det. Egentlig.
Og Bergsøy kan være stolte av dei første 20 minutta der dei heldt følge med dei fysisk overlegne karane som berre om dagar skulle ut og spele i Europa. Ikkje berre at Elverum har nokre store tårn av spelarar, men dei har omtrent to slike lag å sette innpå. Så det er ikkje rart at Bergsøy går litt tomme idet Elverum omtrent byttar ut heile laget og kan fortsette i samme tempo.
Med langslagsspelarar i andre enden og rutinerte spelarar så må vi innrømme at det såg noko naturlig ut for Elverum sine spelarar å gå fram å score. Altså, det føltest ut som at dei slapp å anstrenge seg så veldig. Det seier seg sjølv at det ikkje er det samme for Bergsøy, eller for å seie det på en anna måte - vi ser det på draktene. Der Bergsøy i sist sesong kunne få ballen på streken og snu seg rundt og scåre så har dei i årets liga og i denne kampen eit fjell å passere på streken. Og at vi såg ei Bergsøydrakt bli oppreven i denne kampen er altså ikkje første gang denne sesongen.
Med andre ord, det brukast mykje krefter og melkesyre i Eliteserien - og vi har sett det endel kampar no at Bergsøy i dei fleste kampar merkar denne mjølkesyren godt. Mot Elverum varte den perioden kanskje litt lengre enn andre gangar, og vi frykta ei stund at det skulle bli pinlig stort resultat - men det ungjekk Bergsøy både med nokre redningar frå Kval som sto heile kampen, og nokre scoringar frammover.
Ein tung kamp der altså, og det ser vi på statistikken. Storscorar Petter hadde fire mål der to av dei var på straffe, mens assistkongen Kristoffer hadde berre ein assist denne kampen. Det var Phillip Haga som sto fram med mest mål denne kampen med 6 - det beste sidan Kolstadkampen i august, mens Ovi Lutsen sine 5 assist er hans beste assist-prestasjon i Bergsøydrakt nokongong.
Det betyr at Bergsøy har 0 poeng på 5 kampar, men dette var aldri kampen vi skulle ta poeng ifrå - så en må berre sjå vidare mot neste kamp.
📷 Relaterte bilde