Nok engang har Bergsoy.com gått gjennom ei stor designforandring.
Vi sa det sist gang, at det ikkje kom til å skje igjen, men det har likevel skjedd. Denne gangen utnyttar vi heile breidda av nettlesaren, noko
som gir oss sjansen til å kome med meir informasjon, bedre og større bilder, meir dramatiske overskrifter, samt at heimesida blir meir oversiktlig.
Det einaste negative er at det vil ta lang tid før innholdet på heimesida blir tilbake på det nivået det var, dette på grunn av at reportasjene og dei mange hundre kampreferata må
tilpassast det nye deisgnet - og det tek tid.
Dei aller fleste sidene har gått gjennom gode forandringar, og meir er på vei. Spelarprofilane må også lagast på nytt. Det er rettogslett en heilt ny start for bergsoy.com, og det tillet vi oss å gjære
fordi det forhåpentligvis vil bli verdt det på sikt. Designet er no ganske så likt renac.org sine sider, men forhåpentligvis vil vi klare å utvikle sida bort ifrå den heilt tydelige sammenligninga.
Utgangspunktet er ganske bra, og det er ei fin utfordring. En ny topp må vi også få oss, ettersom den noværande ikkje viser at en har kome til Bergsøy Fotball Heimeside.
Når det er sagt, så er det ikkje sikkert at heimesida skal fortsette med det namnet - så en får bærre vente å sjå. Det er ikkje en skremande tanke at heimesida kan omfatte meir innen Bergsøy enn berre fotballen,
men da må det sjølvsagt fleire initiativ til for at det skal fungere.
- Steffen H Kvalsund
Webmaster.