Tom Beddari tek over skuta
#
For ett år sidan gav Tom Beddari seg som Bergsøytrenar. Iår blir han å sjå tilbake på trenarbenken, med håp om å få Bergsøy tilbake til 3.divisjon

Tom Beddari har vore Bergsøytrenar fleire sesongar. Inne på vår Trenar-oversikt kan du sjå at Tom trente Bergsøy sitt A-lag sesongane 1994-1997 (blant anna opprykk frå 4.divisjon til 3.divisjon), og no sist frå 2004-2005. Merittane i 2004 og 2005 var 3.plass (2004) og 10.plass (2005) i 3.divisjon.

I annledning trenarens innmarsj og den komande sesongs forberedelsar så er det spelarmøte kl 1930 på klubbhuset torsdag.

En kan seie at Bergsøy gjer et trygt valg no som Tom Beddari kjem tilbake til skuta. Klubben og laget veit kva dei får ved Tom Beddari som styrmann (kaptein?). Tom tenker fotball, og er engasjert i det han driv på med. Entusiasme ønsker vi.


(Bildet: Tom Beddari takkar for seg i avskjedstale etter sesongen 2005. No er han tilbake)


Både Tom Beddari og spelarane har utfordringar i vente. Laget har fått mange nye fjes sidan Tom var trenar, og mykje har skjedd på berre eitt år. Endel ting er positive, som framveksten av juniortalent. Andre ting kan rettast på. Både trenar og spelarar har nok forskjellige ønsker for sesongen 2007, og torsdag kl 1930 på klubbhuset vil det bli holdt spelarmøte. Det einaste vi har fått vite er at Tom Beddari vil starte med treningane frå og med neste uke. Også Rollon har no fått på plass trenar, og Stig Monsen (ex-Hødd) vil trene ålesundsklubben den komande sesongen.

Sjå nedanfor; fjorårets romjulsturnering i en 5 minutters video. Om nokon lurer så er musikken denne gang henta frå gruppene Byz, H2K og Lunaspace.




1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat