Tirsdagsnyheter
#
Det har vore ei rolig uke bak oss, om vi ser bort ifrå demonstrasjonane som har kome på grunn av laber oppdatering..

Vi er inne i mars månad, og kanskje vil også dette bli månaden då Bergsøy vil få på plass den etterlengta kunstgrasbana? Det nærmar seg også seriestart for A-laget, og treningskampsesongen har kome litt seint igang. Hareid ventar som motstandar på laurdag, og kanskje får A-laget også treningskamp imorgon (tirsdag)?

Overgongsrykta florerar, og det er no klart at Hødd no har fått på plass en ny Fosnavågar i stallen sin. Nettsida Hodd.no bekreftar no at Ingrid Myklebust er klar for spel for klubben, og at ho vil få ei sentral rolle for damelaget. Dei andre Fosnavågarane som no befinn seg oppe i Ulsteinvik har god suksess, og både Oddmund Vaagsholm og Joachim Magnussen scora i sist treningskamp mot Stryn. Ifølge Vikebladet spelte også Kjartan Paulsen denne kampen, noko som kom som ei overraskelse på dei fleste av oss.

Kunstgras-nyhetene

Ifølge den siste oppdateringa så blir det meldt at det er planlagt å starte dekke-legginga den 19.mars, altså om knappe to uker. Om værgudane er på vår side så har Bergsøy dermed ei kunstgrasbane klar til bruk i slutten av mars. Om en leser litt om Hareid si komande kunstgrasbane på Vikebladet si nettside så ser en at Hareid og Bergsøy har samme kunstgrasleverandør, nemlig Sport Surface fra Haugesund. Hareid har imidlertid valgt en annan type kunstgras enn det Bergsøy har valgt.


(Bildet: Måla som skal stå på Kunstgrasbana har kome på plass..)

I tillegg til måla så er det meldt at ball-nettinga som skal være rundt bana (hindra ballen i å flyge rundt atmosfæra) også har kome fram til bana. Ett nett blei imidlertid for kort, så det er venta at det må på plass to store nett til dette formålet. Godt var det også å sjå idag at det ser ut til å bli tatt seriøst at banefeltet i hjørnet opp mot badeland skal restaurerast. Dette området har vore det som har hatt størst belastning, og det har også vore dette området som har hatt størst problem med dreneringa av regn. På bildet (øverst på sida) ser vi at feltet har blitt arbeida med.

Anna sports-dill

Enkelte høyrde kanskje helikopter suse rundt om i lufta i helga som var, og forklaringa på dette er ganske enkelt den nye treningsmetoden Bergsøy har tatt i bruk. Under kan du sjå et bilde tatt sist Bergsøytrening. Laget er forventa å kome i god form til seriestart.


(Bildet: Spelarane skal kome i god form fram til seriestart..)

En imponerande dart-video kan du sjå her. Et flott basketballstunt kan du sjå her. For en kort og litt pinlig gymnastikkvideo så kan du følge denne linken. Vil du bli minna på kva lag som er best av Liverpool og Barcelona så kan du sjå denne linken. Om nokon huskar et år bak i tid så blei det laga en miniskifilm. Også i år har vi laga en miniskifilm frå Nerlandsøyfjellet, og filmen (under) blir dedikert til Storevarden og det flotte området der oppe.




1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat