Tung tirsdag for Bergsøy
#
Mange såg fram til starten av kunstgraslegginga som skulle skje tirsdagsmorgenen, men dette blei ikkje godkjent av dei nederlandske kunstgrasekspertane..

Tirsdagens tilbakesteg for kunstgrasbana var hard å svelge for fleire. Grunnarbeidet blei ikkje godkjent til kunstgraslegging på grunn av for laust toppdekke.

Etter at tirsdagens nedtur blei kjent så har det kome fleire reaksjonar i vår opne gjestebok. Gode innlegg av Mathias Pettersen og Bjørn Otterlei forklarer oss litt av kva som både har skjedd og kva som vil skje vidare.

"Ein ting er iallefall heilt klart, det var ein forferdelg dag. Ikkje berre for dei som har stått på for saka i åresvis, men og for dei aktive i alle aldrar som går og ventar på bana. Det har vore arbeidd med saka utover heile ettermiddagen for å finna ei løysing på saka. Slik det ser ut no så vert det lagt eit nytt lag på 2 cm. med elvesand på toppen. Dette vert så avretta med høvel med laser slik at vi får ei ny avretting på bana. Sanden er alt bestilt og er venta til Herøy i løpet av helga. Vi vonar såleis at dette arbeidet kan vera gjort rett over helga". (Mathias Pettersen)


(Bildet: Det var knytt stor spenning til tirsdagsmorgenen, og legginga av kunstgraset.)

"Det har vore tett dialog mellom kunstgrasleverandør og etrepenør (og byggherre) angående dette helt siden i fjor høst. En svært nedbørsrik høst og vinter har også gjort sitt til at underlaget har forandret karrakter. Dette er ikkje heile forklaringa, men eg vil ikkje gå nærmare inn på det her. Som Mathias seir er det Herøy Kommune som er byggherre og som må fronte dette mot entrepenør og andre. Entrepenør har imidlertid forholdt seg konstruktivt til den tabba som det viste seg å bli å velge den sandtype han fikk råd om, og legg stor innsats i å rette opp feilen så raskt som råd". (Bjørn Otterlei)


(Bildet: Hollendarane var skeptiske til det lause underlaget, og krevde at det måtte leggast et nytt gruslag.)

"Vi skulle definitivt vore meir avventande med å proklamere når vi trudde bana skulle være ferdig. Dette skapte forventninger og seinare skuffelser for mange. Til slutt må eg få sagt at det fortsatt gjenstår mykje dugnadsarbeid før anlegget er ferdig. Fangnett skal opp, innbytteskur skal lagast, "brakka" skal på plass og ombyggast, feste for reklameskilt skal opp o.sv. Håper vi får til mange dugnader framover med godt oppmøte og at vi kan ha det trivelig og sosialt i lag".(Bjørn Otterlei)

Bjørn Otterlei oppmodar også folk til å være med i arrangementskommite for opninga, eller andre til å kome med forslag til gode idear. Det er ikkje kvart år vi opnar ny kunstgrasbane for klubben, så dette må vi feire med gode rammer!

Forslag til opningsseremoni?

Å sleppe laust duer, å spele korpsmusikk, å leige inn Vassendgutane, eller å ordne med stort fyrverkeri? Det er mange idear en kan sleppe laust, for idet åpningsdagen kjem så må det være mulig å ha det litt artig. Kanskje kan en invitere Sputnik. Eller skal Old Boys spele mot Damelaget eller Dufte?


(Bildet: Det var bra med liv under kampen mellom Dufte og Tufte. Mange hadde nok sett at kampen heller var en del av åpninga av kunstgraset, men så var det dette med tillskuerplass da..)

Kom med gode forslag! Kanskje har du laga ei King Kong-statue som du ønsker skal avdukast på åpningsseremonien? Det er bedre med for mange forslag, enn ingen i det heile.

Meir kunstgras nyheter

Du har kanskje sett at det er ei blå og kvit brakke ved sidan av Kulturhuset? Denne skal snart bli plassert nærmare kunstgraset, og vil fungere som kiosk til kampane. Det vil også bli to toalett inne i brakka, slik at publikum slepp å gå inn i garderobene for å gjære det hellige. Vårt manipulasjonsbilde nedanfor forklarer korleis det ser ut no, og korleis det trulig vil sjå ut etterkvart.


(Bildet: Den velkjente blå brakka vil kome på plass ved kunstgraset snart.)

Over til noko som er meir rykter for øyeblikket, men som kan sjå ut til å bli en suksess. Det er klart at den nye kunstgrasbana vil trekke til seg fleire hundre tillskodarar, og dermed er et nytt bilettsystem på trappene. Kvifor skal en kome heilt ifrå Åram eller andre plassar berre for å finne ut at det er utsolgt med billettar? Kanskje allereie den komande sesongen kan en unngå dette, ved å ta i bruk et billettbestilling-program her på Bergsoy.com. Nedanfor kan en sjå et lite utkast av korleis dette kan kome til å sjå ut.


(Bildet: Om dette blir tatt i bruk så kan en kanskje snart bestille Bergsøybilettar over nettet, så slepp en å stå lenge i kø eller oppleve at det er utsolgt for bilettar når en møter opp til kamp..)



Anna smånytt

Bergsøy A-lag skal muligens spele treningskamp mot Hødd2 på laurdag. Meir om kva som vil skje får vi sikkert vite på fredagstreninga. På treninga vil det også bli tatt lagbilde, så alle må møte opp med Begrsøydress. Les meir om det på A-lagets side. 



1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat