For nokre år tilbake hadde vi reportasje om ein skottlandstur. Denne gangen var det en gjeng som var på Englandstur ei ukes tid, og det skulle bli fire Premier League kampar ut av det. Du kan også sjå en video fra turen om du trykker her.
Mandag 13.august var det avreise fra Vigra til London.
Det skulle bli en god treningsleir for gjengen på fem; Geir Ivan Torvik, Martin Ove Torvik, Frode Sund, Arild Kvalsund og Steffen Kvalsund.
En opplevelsestur i engelsk kultur og folkeliv. Allereie mandagskvelden var det duka for den første spennande opplevelsen; Fish'n chips.
(Bildet: Geir Ivan Torvik og Arild Kvalsund utforsker engelsk matkultur)
Før vi går vidare med reportasjen så må vi legge til at det blei tatt ganske mange bilder, men at det av forskjellige årsaker ikkje er alle bilda som kan bli publisert her. Nokre bilder kan også være sensurerte.
Tirsdagen: Tottenham - Everton
Dei første dagane var det London som måtte slite med Herøyværingane, og allereie tirsdagen var det duka for den første
Premier League kampen. Gjengen på fem var klare til kamp i god tid før avspark, og supa innpå med cola (bilde 1) i Tottenhams Colapub nerme stadion.
Spurs-supporterane Steffen og Martin Ove hadde draktene klare, etter først å ha tatt en taxitur med Tottenhamflagg ut gjennom vinduet, og var spente foran sitt første møte med Tottenhams heimebane White Hart Lane.
En flott stilrein og stor stadion, den finaste i løpet av uka etter mi meining - med to gigantiske tv-skjermar flott innebygd på kvar ende av bana.
Kampen i seg sjølv treng en ikkje nemne med så store ord, men stemninga sto i taket idet Tottenham scora 1-1 målet uti 1.omgang. Det var en dempar at Everton scora to mål til før pause,
og heimelaget klarte aldri å røyse seg etter den smellen.
Bildeinfo: 1: Turens Tottenhamsupporterar samla på Tottenhams sosiale møteplass nær stadion.
2: Heile gjengen samla inne på White Hart Lane.
3: Martin Ove jublar for Tottenhams 1-1 scoring.
4: Slik såg de ut frå vår plassering på tribunen.
Onsdagen: Fulham - Bolton
Onsdag var det duka for nok en kveldskamp, og på Craven Cottage var det ei intim stemning. Ikkje var det den største stadionen, og ikkje dei beste laga,
men Bolton var nok det beste av dei to tiltross for at Fulham vann 2-1. Daniel Braaten debuterte i Premier League dei siste 18 minutta av kampen, også det noko å få med seg.
Det var også her regnværet starta på turen, og neste morgen var friskheita borte fra kroppen.
Bildeinfo: 1: Tidligare dagen var vi på seightseeing, Trafalger Square..
2: Klare for kampen mellom Fulham og Bolton.
3: Slik såg det ut frå våre sitteplassar.
4: Enda et bilde frå sitteplassen.
Torsdag til fredag i England
Det blei også nokre dagar uten kampar i midtuka, og det blei ofte til Colatreff på kveldstid.
Fredagsmorgen var det avreise til Liverpool, ei reise på omtrent 3 timar med tog. Det var under colatreffet at det blei støta på tre andre Herøyværingar denne
fredagskvelden. Forøvrig blei det møtt på fleire nordmenn, og også isleningar var med i fellesskapet.
Det blei også hardt trent, og putekrigar samt snooker var ofte gode alternativ.
Bildeinfo: 1: På kvelden var det ofte alternativ trening med puter så soverommet..
2: Her har vi kome til Liverpool, og tek ei runde i området.
3: Ute på fredagskvelden møtte vi på andre Herøyværingar.
4: Det blei nokre kveldar med snooker på turen.
Laurdag: Wigan - Sunderland
Ei 50 pund med taxi frå Liverpool var Wigan og JJB Stadion. Vi forventa en krigekamp, men overvurderte Sunderland.
Wigan skulle vinne fortjent 3-0 mot et uvanlig svakt bortelag. Heimelaget fekk to straffer, og kunne raskt fått to til.
Emile Heskey var kampens store spelar, og fekk vise fram at han er ein god spelar. Sunderland kan ikkje spele slik om dei skal halde seg i divisjonen.
På stadion var det mange ledige plassar, og det var prega av at Wigan er ein fersk klubb i toppen. Fin stemning og grei kamp.
Bildeinfo: 1: God stemning på JJB stadion..
2: Tre av karane som var på kampen.
3: Vi sat igrunnen bra nærme actionen.
4: Her er bilde av dei fire som var med på kampen.
Søndag: Liverpool - Chelsea
Så var det tidlig opp til et nytt colatreff, og reise til Anfield. Først blei det å få stemning inn i kroppen
idet jubelen sto i taket da Manchester City slo Manchester United. Deretter var det spasertur inn til sittaplassane rett til venstre for The Kop.
Stemninga var god hos alle idet det blei spelt "Du vil aldri gå aleine" over høgtaleren, og bedre skulle den bli idet Torres sklei gjennom og sendte heimelaget i ledelsen.
Dommaren kom mykje i fokus etterkvart, og sidemannen min hadde ei rekke flotte nye gloser som vi kunne lære oss.
Kampen endte 1-1, et lite ran som satte en liten dempar på den gode stemninga. Men nok en flott kampopplevelse.
Bildeinfo: 1: Fin stemning idet City scora mot United..
2: Du vil aldri gå aleine.
3: Tre karar som var glade for den gode stemninga.
4: The Kop skapte god atmosfære under kampen.
5: Mange skjerf oppe idet alle sang "du vil aldri gå aleine".