Det var 25.januar vi hadde nyheta om at nettstolpane blei skada, men idag har dette blitt ordna på gjennom god dugnadsånd.
Netta har i lengre tid vore på halv åtte etter at det var stom i januar, men no vil dei gjære det som var meint; nemlig å stå loddrett opp ifrå bakken og hindre at ballane flyg ditt kråkene bor.
Vi har nokre bilder under, trykk på bilda for å sjå dei i større størrelse.
A-laget hadde stein-dugnad på laurdag
Fleire dugnadar har det også vore, og A-laget hadde ein dugnad sist laurdag. Det var steinplukking og steinkasting
for Go-Cart klubben som held til på Leikongeidet. Fleire kjente det godt i armane etter denne dugnaden. Under har vi fått tak i et kjempestort bilde frå dugnaden.
Seriestart torsdag kl 1900 mot Ørskog på Bergsøy kunstgras
To av dei nye som forsterka laget, Knut Erik Håheim og
Steffen Ulbæk er uaktuelle til torsdagens seriestart (kl 1900 mot Ørskog på BIL KGB). Uaktuelle er også Gustav Pettersen og Dag Gøran Brandal grunna suspansjon, så vi håper vi får utnytta
lagets store breidde og at dette vil slå positivt ut. Ørskog er et godt lag!
Mykje kan tyde på at Daniel Jøsok vil få sin første obligatoriske A-kamp på sentral midtbane, 1991-modellen har kome inn i A-lagets grupper som et skudd denne Pre-season og tilfører laget blant anna god agressivitet og vilje.
Det kan laget trenge mot Ørskog. Det er viktig å kome godt ut av startgropa om en skal klare ambisjonane om opprykk.
Ørskog si heimeside har lagt ut dei spelarane som dei seier vil starte mot Bergsøy
i en 5-4-1 formasjon. Laget er ifølge Norborg.com svært aggressive, fysiske og gode på kontringar. Vi kjenner laget litt frå ifjor, og beskrivelsane kan nok stemme også på årets lag.
Tillsvarande kamp ifjor endte 1-1.
Norborg.com tippar Bergsøy vinn 4.divisjon
Vi las i vestlandsnytt at Åram meinte BIL kunne gå igjennom 4.divisjon utan å tape. Vi tenkte for oss sjølv at det var da voldsomt optimistisk, sjølv om
det ikkje er så altfor mange år sidan Bergsøy gjekk igjennom en heil sesong i 3.divisjon utan å tape (2002). Idag er det norborg.com som er optimistiske på Bergsøy
sine vegne, og meinar vi kjem på 1.plass foran Stranda og Ørsta.
Vi takkar Norborg.com for at dei har tru på oss. Denne gangen klarte vi ikkje å halde oss, vi "måtte stjele" det Norborg skreiv for å vise det til våre lesere. Dette slik at vi har det bevart, så får heller Norborg.com stjele frå oss seinare.
Støtt likevel gjerne Norborg.com si gode heimeside med en tur ditt om du vil, linken er Norborg.com.
Der kan du blant anna lese kva dei skriv om dei andre laga Bergsøy vil møte iår.