Sommaroppdatering.
#
Ettersom det har gått nokre dager (uker?) sidan sist oppdatering så får vi klaske til med ei lita sommaroppdatering.

Bergsøy sitt A-lag ligg på 4.plass på tabellen i 4.divisjon, men berre tre poeng bak Stranda som ligg på opprykksplassen.

Det var eit lite oppvaskmøte på A-treninga uka før den siste kampen. Spelarane var usikre på seg sjølv etter endel stygge tap (Stranda 1-5, Ørsta 0-4) og det var mumling innad i laget om at Bergsøy ikkje var sterke nok til å klare opprykk dette året heller. Ser en på tabellen, og tenker en litt tilbake på 1-0 seieren borte mot topplaget Herd, så ser en at slike negative tankar ikkje har noko føre seg. Bergsøy har møtt topplaga borte (Herd, Ørsta, Norborg) og har alle muligheter til å ta mange viktige poeng på heimebane etter ferien som kan føre Bergsøy opp på ein av dei to opprykksplassane.

Torsdag 7.august startar alvoret igjen for Bergsøy, heime mot Gursken/Larsnes. Før den tid vil laget ha hatt eit treningsopphold i Danmark, medan dei som ikkje vil kunne være med på den turen har sitt eige treningsopplegg heime. Reisedatoar og opplegg finnast på A-lagets side.

Andre lokale nyheter.

* På Juniorlagets side blir spelarar oppmerksom på at det er trening mandag 14.juli kl 1800.

* Spjelkavik etterlyser 10stk oransje markeringsvestar som er forsvunne.

* Det er mange overgangsrykter i den engelske fotballen, på denne sida finnes oversikt over dei mest "bekrefta rykta".

Vinnere av Sandecup 2008.

Sandecuppen er eit av årets høgdepunkt for dei fotballsparkande troféjegerane på Sunnmøre, og årets cup blei ikkje noko unntak. Det var litt krise kort tid før avspark idet Bergsøy ikkje kunne stille lag, men Toni Sandanger henta spelarar på bygda og endte opp med å vinne heile turneringa. Bergsøy/Moltu slo Kvamsøy med 4-3 i finalen for herrer mens Bergsøy damer tapte si finale 5-1 mot Åram.


(Bildet: Toni Sandanger, flankert av mange gode Bergsøytalent, viser stolt fram pokalen)

Bergsøylag har ikkje så veldig lang tradisjon under Sandecup, men har sidan 2002 vunne turneringa fleire gongar. Vi oppsummerer:

* 2002: Bergsøy vann sandecuppen. Frank Sverre Skorpen var kaptein og heva pokalen til jubel. Bilder her.
* 2003: Bergsøy vann sandecuppen. Stolt webmaster var kaptein og blei båren på gullstol. Bilder finn du her.
* 2004: Bergsøy vann sandecuppen. Kaptein Pål Andre Nerland heva pokalen. Bilder finn du her.
* 2005: Bergsøy var dårlige. Bilder finn du her.
* 2006: Larsnes/Gursken spelte mot Larsnes/Gursken i finalen.
* 2007: Vi huskar ikkje så kort tilbake i tid.
* 2008: Bergsøy vann sandecuppen. Tilbake på trona!


Hai skaper problemer for Hødd.

Dei fleste har no fått med seg at det finnast hai i Ulsteinvik, men dei færraste har fått med seg korleis eller kvifor. Haien var etter våre opplysningar på vei til Høddvoll for å få med seg kampen mellom Hødd og Ålesund, opplysningar vi har fått ifrå ein fugl som sat på ei bilantenne inne i Volda. Opplysningane skaper nok uro i Høddleiren, som frå før er plaga av nedrykksspøkelset.


(Bildet: Kaotiske tilstandar på Høddvoll med haier og nedrykksspøkelse)

Beroligande nok har det blitt opplyst at haien trulig var vegeterianer, men spørsmålet som dukkar opp er om det no vil strøyme til med hai til Ulsteinvik. Våre opplysningar seier at haien sikkert har kome til vårt lokalområde via eit rør inne i Eiksundtunellen, og derifrå haika til Ulsteinvik. Vi oppfordrar alle som kjører inne i Eiksundtunellen om å ikkje ta på ukjende haikere.



På desse tider i Bergsøyhistoria.

Bergsoy.com er ikkje historielause, og det er alltid noko å feire i Bergsøy. For litt over eit år sidan, 24.juni 2007, var det storstilt åpning av Bergsøy si nye kunstgrasbane. Åge Hareide var på plass.



For omtrent nøyaktig to år sidan, ca 13.juli 2006, såg vi Fred Frantzen spele fotball på Color Line Stadion mot mange Liverpoollegender. Ein artig kamp som du kan lese mykje om i vår reportasje frå den gong.



I 2005 på desse tider gjekk det mange rykter om at Mons Arne Kvalsvik var på vei frå Bergsøy til Rosenborg. Agent Pål Martin Kvalsvik hadde ordna til ein gullkanta avtale for Mons Arne, som i desse tider storspelte i Bergsøydrakta. Du kan lese meir om dette ryktet i denne reportasja.



Ikkje heilt edru fotballdommer.

Ja, da har vi fått sett det også. Vi har ofte hatt mistanke om at enkelte dommarar kanskje har hatt anna enn sportsdrikke med seg til Stadion, og no var det endelig nokon som klarte å filme en lettare brisen dommar.




1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat