Klart for sluttspurt.
#
Det nærmar seg nok ei spennande serieavsluttning, og Bergsøy vil mest trulig rykke opp om dei vinn resten av kampane.

Dei to neste kampane vil trulig være ganske så avgjærande for om Bergsøy vil være i 4.divisjon eller i 3.divisjon til neste år. Bergsøy kan med seier over Herd og Stranda kome opp på en av opprykksplassane for første gang, eller vil med tap i kampane fortsatt være ett av tetlaga som dei siste to sesongane berre nesten har kjempa om opprykket.

Slik var det ifjor. Bergsøy var med i teten nesten heile sesongen, men var aldri nummer 1 eller 2 på tabellen. Heller ikkje iår har Bergsøy innehatt en av opprykksplassane, og grunnen til det er at laget har gått på nokre smellar idet sjansen til tetplass har bytt seg.


(Bildet: 17 kampar er spelt, og det nærmar seg dei siste avgjærande rundene..)

Fem tap er kanskje ikkje mykje, men om en skal kjempe om opprykk så kan det være meir enn nok. Tapa mot Gursken og Vigra er nok dei to som svid mest for laget, men no er det dei fem neste kampane som teller. OG: Bergsøy møter Herd, Stranda, Ørsta, Hano, Sunnylven. Inga lett rekke med lag å møte, men skal en rykke opp så må en iallfall ikkje tape. Sjølv med seier i dei resterande kampane så er opprykk ikkje sikkert, men tross alt meget trulig.

Bergsøy si kampliste 2008.

Seier. Uavgjort. Tap.

Bergsøy - Ørskog 3-3 : Tidivs uheldige, henta oppigjen ett poeng.
Gursken/Larsnes - Bergsøy 1-2: Greie 3 poeng, men sleit siste kvarteret.
Bergsøy - Åram 5-0 : Hadde et godt tak på Åram som laget slo 13-0 i vinter.
Norborg - Bergsøy 2-0: Mangla litt spelarar, og leid litt på grunn av det.
Bergsøy - Vigra 4-1: En veldig bra gjennomført heimekamp av Bergsøy.
Bergsøy - Vartdal 3-1: .
Herd - Bergsøy 0-1: Sesongens hardaste kjempa seier, flott resultat.
Bergsøy - Stranda 1-5: Datt raskt ned på jorda etter seieren mot Herd.
Ha/No - Bergsøy 2-2:
Bergsøy - Sunnylven 2-0: Seieren sat lenge inne i en litt slapp kamp.
Ørsta - Bergsøy 4-0: Heimelaget var veldig effektive
Ørskog - Bergsøy 1-2:
Bergsøy - Gursken/Larsnes 1-2: Nok det suraste tapet i sesongen.
Åram - Bergsøy 2-4: Mats Inge Teige ordna seieren nesten på egenhånd.
Bergsøy - Norborg 8-2: En kanonkamp med mange mål av et sprudlande heimelag.
Vigra - Bergsøy 4-1: Og nok en gang datt laget ned på jorda etter en veldig sterk seier.
Vartdal - Bergsøy 1-4: Viktig av laget å sprette tilbake på vinnarsporet.
Bergsøy - Herd:
Stranda - Bergsøy:
Bergsøy - Hano:
Sunnylven - Bergsøy:
Bergsøy - Ørsta:


"Berg og Dalbane"-Bergsøy sidan 2002.

Vi oppsummerar sidan 2002, året då Bergsøy med seier mot Averøyskameratane ville rykke opp til 2.divisjon.

2002: 22 kampar, 18 seire, 4 uavgjort, 0 tap.
Alt ifrå cupkampen såg en at dette laget var et som aldri gav opp. Borte mot VRF var alltid vanskelige kampar, men Bergsøy var gode og tapte oppsiktsvekkande nok på et utspel (!) som gjekk imål i den andre ekstraomgangen. Saken fekk en notis i VG.

I serien hadde Bergsøy en flott flyt gjennom heile året, og tapte aldri en kamp. Seriepremiæren mot Vigra står som et døme på lagets mentalitet. Vigra leda 2-0 til pause. Etter tordentale i pausen av Børge Remøy (!), gjekk laget på bana og vann 4-2. Også heime på BIL stadion leda Vigra 2-0 til pause, men Bergsøy vann 3-2 tilslutt. I kvalikken mot Averøy blei det andre takter. Over 500 møtte opp på Bergsøy Stadion, men Bergsøy skuffa og spelte 1-1. Borte tapte Bergsøy 5-0.

(Bildet: Kaptein Arve Helsem Leine måtte konkludere med at Bergsøy var nærme opprykk til 2.divisjon, men at Averøykameratane blei for sterke tilslutt)


2003: 22 kampar, 7 seire, 4 uavgjort, 11 tap.
Om det var god flyt i 2002 så var det dårlig flyt i 2003. Laget kunne spelt mot Ålesund i cuppen, men tapte heime mot Ha/No 0-3 i den andre kvalifiserande runda. Og vidare fortsatte det med 1-2 tap heime mot Sykkylven i serieopninga. 4-0 heime mot Hareid, og 2-0 borte mot Ørsta vitnar om at laget presterte godt i enkeltkampar, men det var berre såvidt at det holdt til å berge plassen. Idet Rune Frantsen scora seiersmålet heime på Huldalsgrusen mot Stordal (1-0) i siste serierunde så var det klart: Begrsøy holdt seg i 3.divisjon.

(Bildet: Johnny Moltubakk var som en reddande engel den siste halvdelen av 2003 sesongen, og var veldig god.)


2004: 22 kampar, 11 seire, 4 uavgjort, 7 tap.
Ujamnt lenge, men tilslutt fann laget flyten og var bortimot uovervinnelige. Offansiv slagkraft med Anders Vaagen i spissen som blei toppscorar med 16 mål. Bergsøy endte på 3.plass berre poenget bak 2.plassen, men divisjonen var jamn og det var berre 6 poeng ned til 8.plassen.

(Bildet: Laget i 2004 gjorde ein god figur i 3.divisjon.)


2005: 22 kampar, 6 seire, 2 uavgjort, 14 tap.
Som for to år tidligare var laget berre marginar frå nedrykk. Det var ustabilt, gode sigrar mot sterke lag, men skuffande tap mot antatt svakare lag. 75 baklengs denne sesongen var ny klubbrekord. Laget berga plassen i den aller siste kampen, heime mot Stranda (ganske likt som for to år tidligare - då mot Stordal). Til pause var laget i 4.divisjon, men til fulltid var laget berga etter en 3-1 seier.

(Bildet: Laget i 2005 berga plassen i årets siste seriekamp.)


2006: 22 kampar, 5 seire, 4 uavgjort, 13 tap.
Laget berga plassen såvidt i 2005, men mista en stor del av laget foran 2006 sesongen. Jarl-Åge Waagsholm, Per Ståle Nykrem, Frank Sverre Skorpen og fleire valgte andre klubbar. Det blei for tynnt, og for mange tap. Laget som i 1995 rykkte opp til 3.divisjon måtte 11 år seinare gå tilbake til 4.divisjon.

(Bildet: Spelte tidvis bra, men rakna ofte på slutten av kampane.)


2007: 22 kampar, 12 seire, 2 uavgjort, 8 tap.
Det stemmer kanskje at nivået var høgre på enkelte lag. 8 tap var for mykje for opprykk. Rollon og Godøy vart hakket for sterke for resten, og Bergsøy klarte aldri å kome seg opp på en av opprykksplassane. Med Geir Sandnes på laget var det imidlertid ikkje langt ifrå, men med 9 poeng tilslutt opp til opprykk så må vi godta at Rollon og Godøy var bedre.

(Bildet: Var lenge med å kjempa om opprykk, men Godøy og Rollon blei for sterke tilslutt.)


2008: Bergsøy har 5 tap til no. Det bør ikkje bli meir enn 1 tap til på dei 5 siste, om en skal rykke opp. Trur vi. 


1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat