Kamp mot Stranda på søndag
#
Nye Bergsøy skal ut i ny kamp

Benken har forandra seg mykje det siste året. For ikkje å snakke om resten av laget.

Bildet ovanfor er tatt under kampen mot FK Sykkylven på omtrent ett år sidan. Litt utanfor bildet var også Sverre Moltu, mens Marvin Kopperstad, Jarl Åge Wågsholm, Lars Conradi Andersen, Curt Åge Hauge, Per Ståle Nykrem, Børge Remøy, og Frank Sverre Skorpen var med og spelte. Tilsammen 13 stykker som var med for ett år sidan, som ikkje var med sist helg mot Hareid. Men poenget er ikkje å svartmale situasjonen. Vi håpar å fortsatt få sjå enkelte av desse i Bergsøydrakta etterkvart. Børge Remøy, Mats Inge Teige, Marvin Kopperstad og Roy Igesund er alle tidvis opptatte, men kan være flotte forsterkningar å ha når tilgjengelige. Kvar Per Ståle Nykrem skal spele til neste år er heller ikkje heilt avklara.

Kampen mot Hareid sist var et fint spark tilbake mot alle som meinte at Bergsøy vil rykke rett ned på bakgrunn av "spelarflukten", og vi fekk sjå fleire juniorar spele godt og trygt på et uvant nivå. Det lovar bra for fortsettelsen, og vi håpar at den gode spelesmessige framgongen fortsett mot Stranda. For Stranda skal på si side være rekna for å være et dårligare lag enn Hareid, og Strandingane gjekk på et 3-2 tap mot Nordborg for ei stund tilbake. Når det er sagt så har det alltid vore ganske jamne kampar mellom Bergsøy og Stranda dei siste åra.


(Bildet: Bergsøyspelarar leikeslost ofte i garderobene, og er like gode vennar rett etterpå. Her er ei lita klynge med 4 sprelske karar samla i en tett gruppeklem.)

Lag treng ikkje nødvendigvis store stjerner for å lykkast, og like viktig er det å ha god lagmoral. Bergsøy har en fin og ung gjeng som er villige til å kjempe for kvarandre, og om en klarer å kjempe like godt som vi fekk sjå mot Hareid så skal Stranda være en overkomelig motstandar. Bergsoy.com vil være på plass søndag :)

Vi tippar (håper) Bergsøy vinner 2-1.









1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat