Tødenes ny trener i Bergsøy
#
Tilbake i Bergsøy

- Sportsleg utval har i det siste jobba intensivt for å styrke trenarsida rundt A-laget herre. Det er derfor gledeleg å kunne opplyse om at vi no har fått nye trenarar inn i teamet, fortel dagleg leiar i Bergsøy IL fotball, Tom Beddari.

Per Rune Tødenes, som har hatt mange trenarverv i Hødd, overtek som hovudtrenar i Bergsøy etter at Rimantas Zvingilas avslutta si kontrakt med Bergsøy for litt sidan. Gullikk Kjellstadli blir hjelpetrenar.

Etter mykje intern uro etter seriekampen mot Stranda, som enda i tap 0-2 på heimebane, vart forholdet mellom Bergsøy og dåverande trenar Rimantas Zvingilas avslutta. Kjetil Paulsen overtok som hovudtrenar-vikar, og leidde Bergsøy i cupkamp mot Træff - ein kamp som enda i tap 4-0.

No er det derimot klart at tidlegare trenar i Hødd, Per Rune Tødenes, overtek Bergsøy-skuta - med Gullikk Kjellstadli på høgrehanda. Kaptein Kjetil Paulsen held fram som spelande hjelpetrenar. Alle avtalane varar ut 2011.

- Per Rune Tødenes, som skal fungere som hovudtrenar, har i mange år hatt forskjellige trenaroppgåver i Hødd. Dei siste åra som hovudtrenar for damelaget i 2.divisjon. Sjølv om han eigentleg hadde tenkt seg eitt friår, blei fristelsen for stor då moglegheita for å trene vårt A-lag dukka opp. Han ser på spelarstallen som svært spennande, og med stort potensiale, og er meget motivert for oppgåva, fortel Beddari.

Hjelpetrenar Gullikk Kjellstadli er ein kjend mann i Bergsøy.

- Gullikk Kjellstadli har etter eitt års pause valgt å trå til igjen for Bergsøy. Gullikk har lang trenarerfaring i Bergsøy, og var sist i 2009 hjelpetrenar under Lars Petter Rønnestad. Han kjenner spelargruppa godt, og vil bli ein viktig brikke i teamet, seier Bergsøy sin dagleg leiar. 



1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat